Jøto gnr. 117 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Jøto gnr. 117 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Jøto var husmannsplass under Tolleivsgarden frå gamalt. Då Jøto vart frådelt 1776 fylgde med all åkeren i søre jordet, engeteigen Hallebråt, ein heimstøl eller slåtte (Beithovdstølen), heimstøl Slåtta og langstøl på Torsbu og ei liten slåtte kalla Rudningen.
    Ved oppdelinga av Arnegard Noss i 1830-åra kjøpte bonden i Jøto fylgjande: langstølen Torsbu med ei bu og to for-luer (den eine vart bruka som fjøs); den tilgrensande slåttemyra Torsbu-myrane; slåttelendet Grashallene på Torsbu; Hallebråt-åkeren med tilhøyrande reiner; eit fjøs og ein stall med trev. Dessutan fylgde hamnerett til dei dyra som kunne fødast på gardparten og 5/8 laupsbol andel i fem skogteigar i Nasalia.
    Husmannsplass: Jøte-bakkane.
    Areal 1865: 14 mål dyrka jord, 18 mål naturleg eng, 30 mål utslått. Avling 13 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 80 mål, anna areal 93 mål, produktiv skog 366 mål, anna utmark 140 mål. Medrekna er òg Arnegård-Noss (gnr. 121/4). Leigd jord 25 da og beite 50 da. Buskap 10 mjølkekyr, 9 ungdyr, 2 hestar, 10 vinterfôra sauer, 10 revetisper.
    Våningshus bygt 1968, driftsbygning 1957, påbygd 1991. Oppe i det gamle tunet står eit gamal fjøs og eit loft. Hallingstugu vart selt og har kome til Gol.
    Stølar. Heimstølen Jøteslåtta. Tidlegare heimstøl Beithovdstølen vart frådelt i 1878 og ligg no til nordre Brenno. Langstøl på Torsbu med stølsbu, fjøs og løe.
    NB. Teikning av Jøto 1930 av Guttorm Moen i Kleppo-slekta side 106.

{6060} År: 1760c

Tomas Anderson Vangen Noss 1700.-
Foreldre: Anders ... ... og ...
Gm Gunhild Torsdtr. Helling Noss 1710c-1784
Foreldre: Tor Eilevson Helling og Ågot Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Anders Tomasson Vangen Dokk Hago 1735-1814
Gm Margit Persdtr. Sundrehagen. Gm Birgit Persdtr. Sundrehagen. Sjå Dokklien, gnr. 110/46 og nordre Hago, gnr. 110/6.
2. Embrik Tomasson Vangen 1740c-
Nemnt i 1745, død ung eller utflytta.

Tomas og Gunhild vart bøtelagde for ekte legemål i 1734. Så gifta dei seg.
    Tomas var stevnevitne på tinget i åra fra 1735 til 1758. Dei budde også på Vangen ei tid. Tomas var husmann i Jøto under Tolleivsgarden i manntalet 1762.
    Gunhild Torsdtr. Jøto var fadder i 1765. Gunhild var enkje 1773. Då ho var død i 1784 overtok Elling Knutson frå Tolleivsgarden.

{6061} År: 1783

Elling Knutson Noss Jøto 04.04. 1763-
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.

Elling var ugift. I 1783 fekk Elling skøyte på Jøto for 120 rd og kår til foreldra.
    Med Jøto fylgde all åker i søre jordet; engeteigen Hallebråt med noko skog; heimstølen Beithogg-stølen med skog; heimstølen Slåtta med hus; langstølen Torsbu med hus; ei liten slåtte kalla Rudningen. (1206) s 221b
    Dessutan fylgde det med ei gamal stugu frå Tolleivsgarden. Den skal vera frå omlag 1600. Stugu vart ombygd til loftstugu kring 1800.
    I 1784 makeskifta Elling Hallebråt og 30 rd med faren og fekk att teigen "Kiuchen" ved Bergaåkeren og ei bu med loft. (1206) s 243b
    Elling er truleg død i 1790-åra. I 1797 selde broren Tolleiv bruket til Eirik Olson.

{6062} År: 1797

Ambjørg Knutsdtr. Noss Huus Jøto 19.02. 1758-1833
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
Gm Eirik Olson Veslegarden Huus Jøto 1742-1815
Foreldre: Ola ... Veslegarden og ... ... ... .

Ambjørg og Eirik hadde ingen barn. Eirik overtok Jøto 1797 som brukeleg pant hjå broren til Ambjørg, Tolleiv Knutson Noss.
    Eirik Olson sitt opphav er noko uvisst. Eirik står ikkje i manntalet 1762 for Ål. Det gjer heller ikkje systera hans, Dordei Olsdatter 1749-1830, som var gift med Halvor Person Sehl. Systerdatter var Birgit Olsdtr. Belluteigen som fekk ei ku hjå avdøde (Dordei) for pleie under sjukdom omlag 1830.
    Eirik vart kalla Eirik Olson Veslegarden då han og Ambjørg kjøpte nordre Huus i 1783. Eirik er ikkje frå Veslegard i Leveld eller Veslegard (myljo Sudndalen) i Hol.
    Etter testamente frå 1796 avtala Ambjørg og Eirik at den lengstlevande skulle arve den andre.
    Eirik døydde i 1815. Skiftet vart ikkje halde før 1833, då arva barna etter systera Dordei tilsaman 80 spd.
    Ambjørg vart attgift 1817 med enkjemann Aslak Larsson Holto, sjå Holto, gnr. 94/6.

{6063} År: 1822

Elling Tolleivson Noss Jøto 17.11. 1793-
Foreldre: Tolleiv Knutson Tolleivsgarden Noss og Margit Knutsdtr. Leksvol.
Gm Anne Olsdtr. Løengen Toresgard Jøto 27.06. 1802-1846
Foreldre: Ola Olson Løengen (Hol) Toresgard og Borghild Olsdtr. ... .
*Barn
1. Tolleiv Ellingson Jøto 27.06. 1830-1897
G 1857 m Ragnhild Olsdtr. Holterudningen. Sjå neste hushald.
2. Ola Ellingson Jøto Noss Tveito 24.08. 1833-1895
G 1861 m enkje Sigrid Eilevsdtr. Tveito, gnr. 118/2.
3. Margit Ellingsdtr. Jøto Noss Haugegarden 06.02. 1836-1920
G 1859 m Tolleiv Olson Noss Haugegarden, gnr. 119/1.
4. Knut Ellingson Jøto Granhagen? 22.09. 1838-
5. Elling Ellingson Jøto Holterudningen 09.05. 1841-1893
G 1890 m Birgit Tolleivsdtr. Dengerud. Sjå Holterudningen, gnr. 94/2.
6. Borghild Ellingsdtr. Jøto Sindrol 31.05. 1844-1873
G 1865 m Ola Tomasson Sindrol 1838- . Barn: Torand 1868- til Am. 1874, gm Ivar Pålson Grøt; Tomas 1870-1873.
    Ola hadde bruket Kyrudalen under Sindrol i Hol. Då Borghild døydde i 1873, selde Ola garden og reiste til Amerika saman med dattera Borghild. (Hol III s 481)

Elling og Anne gifte seg i 1830. Elling overtok garden i 1822 og gav kår til enkja etter Eirik Olson.
    I 1824 let Elling telemarkingen Tomas Lurås rosemåle framskåpet i loftstugu på garden. (Stugu kom til Ål Bygdamuseum i 1941.)
    Elling selde garden til sonen Tolleiv i 1870 for 700 spd.

{6064} År: 1870

Tolleiv Ellingson Jøto 27.06. 1830-1897
Foreldre: Elling Tolleivson Noss Jøto og Anne Olsdtr. Låengen (Hol).
Gm Ragnhild Olsdtr. Holterudningen Jøto 09.05. 1827-1895
Foreldre: Ola Nilsson Holto Sletto Holterudningen og Ingeborg Olsdtr. Dokken (Sudndalen).
*Barn
1. Elling Tolleivson Jøto 13.05. 1858-1935
Ug. Sjå neste hushald.
2. Anne Tolleivsdtr. Jøto 09.08. 1861-1863
Anne døydde 2 år gamal.
3. Ola Tolleivson Jøto 07.01. 1864-1864
4. Anne Tolleivsdtr. Jøto 15.07. 1866-1924
G 1894 m Torstein Ivarson Kleppo i Hol 1862-1926. Barn: Ivar 1894- målar på Notodden, gm Guri L. Vesleslåtta (3 barn); Ragnhild 1895- pelsdyr-røktar, ug., ein son: Arnfinn 1924- ; Ingebjørg 1898- til Am., gm Tomas Wathne (ingen barn); Tolleiv 1900- rutebil-køyring, gm Birgit Larsgard (3 barn); Kristi 1901- gm Eirik Knutson Villandseie (2 barn); Erling 1907- pelsdyroppdrettar på Tynset, gm Borghild Kristina Hagen (2 barn); Anne 1908- til Nesbyen, gm Sigurd Kristiansen (1 son).
5. Ola Tolleivson Jøto 02.11. 1870-
Ola var i Kr.ania i 1897. Til Am. i 1903: Wisconsin. Slaktar.

Tolleiv og Ragnhild gifte seg i 1857. Tolleiv overtok garden i 1870.
    Tolleiv vitna i rettssaka mot presten Kjelstrup.
    'Jeg undertegnede, Tollef Ellingsen Jøto, kan bevidne med min saligheds ed, at medens jeg som sagesløs mand reiste på alfarveien i tusmørket, kom Hr. Kjelstrup efter mig og gikk mig forbi; men da min hest gikk hurtig og syntes at hindre ham i at komme forbi så fort han vilde, så gikk han tilbage uden den gang at have talt et ord til mig, og slog mig på hovudet med en stok og udtalte: "E kan sjøne dæ æ nasinga!"
    Jøto 28de september 1861. Tollef E. Jøto.

{6065} År: 1897c

Elling Tolleivson Jøto Noss 13.05. 1858-1935
Foreldre: Tolleiv Ellingson Jøto og Ragnhild Olsdtr. Holterudningen.

Elling var ugift. Elling overtok garden utan skøyte då faren gjekk bort i 1897.
    Elling bygde vasshjul på båe stølane så han fekk trekk-kraft til slipestein og kinne. Elling prata om åkrebruk: 'Åkeren mognast så fint når det er månelys og lite dragvind!'
    Ein laurdagskveld hadde Elling vorte knivrispa av nokre kampglade ungkarar. Elling beklaga seg til mor deira etterpå, men ho svara at han behøvde ikkje syte. "Me sko te himmelen alle mine!"
    Då kom det turt frå Elling: "Det va greitt å veta. Då ska kji e dit!"
    "Du kunna vorte flink du, hadde du berre øvd!" sa Elling Jøto til ein spelemann.
    Elling sat med garden utan heimel til 1929. Då fekk han auksjonsskøyte for kr. 8000.