Jøtebakken gnr. 117 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Jøtebakken gnr. 117 bnr. 5a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Jøtebakkane eller Jøtebakko var ein husmannsplass under Jøto i Nasagardane. Plassen var busett frå 1849, og nedlagt før 1875.
    Jøtebakko låg på ei flat oppe i bakkane, like oppunder noverande veg til Døveskulen. Tuftene viser ikkje.

{6068} År: 1830c


I 1830-åra var Anders Olson søre Kvinnegard (1777-1839) og Haldis Sevatsdtr. Tune i Jøtebakko.
    Anders og Haldis hadde ikkje heimel til noko bruk, dei flytta mykje. Sjå meir om familien deira på myljo Tune, gnr. 124/8.

{6069} År: 1849

Nils Syverson Kitilsbråten Rudningen 30.05. 1829-1919
Foreldre: Syver Olson Smedsplassen (Kitilsbråten) og Birgit Eilevsdtr. Sataøyen.
Gm Borghild Andersdtr. Tune Jøtebakko 26.03. 1819-1867
Foreldre: Anders Olson Kvinnegard Ellingsgard Tune og Haldis Sevatsdtr. Tune.
Gm Birgit Nilsdtr. Tveitemoen Jøtebakko 01.02. 1819-1882s
Foreldre: Nils Toreson Granhagen Tveitemoen og Gunhild Larsdtr. Helling.
Gm Guro Holgesdtr. Langeland Rudningen 18.11. 1839-1917
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr.Tveito.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Nilsdtr. Jøtebakko Noss 11.05. 1849-1928
G 1868 m Botolv Larsson Stave Noss 1833-1919. Sjå Stave, gnr. 114/12. Til Am. Botolv var pionergardbrukar ved Waukon, MN frå 1881. Så tok dei seg land ved Gary, MN i 1884. Botolv selde Noss-farmen til brorsonen Per Larsson i 1893.
2. Haldis Nilsdtr. Jøtebakko 19.11. 1851-1864
3. Syver Nilsson Jøtebakko Moen 02.10. 1854-1907
G 1877 m Marte Olsdtr. Arnegardshagen. Jeger-Sjugurd. Sjå Jegermoen, gnr. 36/7 og Lie, gnr. 98/4.
4. Anders Nilsson Jøtebakko 20.09. 1858-1915c
Gm ... ... . Barn: ........... . Reist til Am. i 1869. Anders var død før 1919, det heitte då at han 'etterlater seg en del barn.'
5. Anne Nilsdtr. Jøtebakko Bergh 25.02. 1862-
Gm (Carl) Martin Knute Bergh, Bergen 1849-.... . Barn: Marie 1883- (født i Kr.ania); Hans 1885- ; Borghild/Bella 1889- gm ... ... (... barn); Minnie 1891- ; Nels1893- ; Martha 1895- ; Elmer 1898- ; Severt ....- ; Theodore 1900- ; Ella 1904- .
    Martin og Anne reiste til Am. i 1887. Dei skreiv seg Berg eller Bergh. Anne sin utflyttings-attest vart funnen i Nes menigheit, Gary, Norman Co, MN. Anne og Martin flytta frå Gary til Garnes i Red Lake Co mellom 1895 og 1898.
    I 1901 budde Anne i Red Lake Reservation, MN. (Oppl. v/Charlotte Sagmoen-Brown, Tofield, Alberta, Canada)

Nils og Borghild gifte seg i 1849. Borghild var ute på tenest i unge år, ho vart konfirmert i Fluberg omlag 1839. (1009)
    Nils var husmann i Jøtebakkane. Han dreiv som tømmermann i 1865.
    Nils vart attgift 1868 med Birgit Nilsdtr. Tveitemoen. Ingen barn. Birgit hadde sonen Lars Knutson f. 1848 med Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes. Sjå Tveitemoen.
    Nils vart attgift 1885 med Guro Holgesdtr. Langeland og flytta til småbruket søre Rudningane, gnr. 120/10. Sjå der.