Nos, Larsgarden gnr. 118 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nos, Larsgarden gnr. 118 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Larsgarden er hovudbølet i tidlegare Torkjellsgard Noss. Opphavleg hadde denne garden 20 laupsbol og skatta som halvgard. Sjå innleiinga under Noss. Namnet Larsgarden var offisielt i bruk før 1838 etter at det hadde vore fleire bønder med namnet Lars.
    Larsgarden grensar mot Haugegarden i aust, Knutsgarden i nord, Ivarsgarden i vest og Tjødndalen og Skottebøl i sør.
    Frådelingar: Tveito bnr. 2 (1835); Røyse bnr. 3 saman med plassen Trydalane bnr. 6 (1871); Brenno bnr. 4 (1873).
    Areal 1865: dyrka jord, naturleg eng utslått. Avling 38 1/2 tunne bygg og 35 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 34 mål, anna areal 11 mål, produktiv skog 213 mål, bjørkeskog 581 mål. Buskap 12 fôringsdyr.
    Stugu skal vera frå 1700-talet, ombygd og påbygd 1970 og 2002, kårhus 1957, nytt fjøs 1964, ombygt 2002, loft 1836. Kårstugu bygd 1931 står no som hytte på Nyset.
    Ved utskiftinga av innmarka 1903-1908 vart tunet i Larsgarden flytta omlag 150 m austover.
    Stølar. Heimstøl på Nyset (veg 1975) og langstøl på Mjåvasstølen. Tidlegare har også Endrestølen inne i Nasalia og Bjønnsend i Hol vore brukt av Torkjellsgard Noss. I 1753 selde Ola Syverson på Torkjellsgard Noss stølen Bjønnsend i Hol til Eivind Sveinson Nedremyr.

{6081} År: 1763

Ola Knutson Noss Aslaksgard 1719-1783
Foreldre: Knut Olson Aslaksgard Noss og Guri Larsdtr. Holto.
Gm Guri Larsdtr. Noss Noss Aslaksgard 1733-1812
Foreldre: Lars Torsteinson Noss og Guri Syversdtr. Arnegard Noss.
*Barn
1. Knut Olson Noss Aslaksgard Noss-eie 18.03. 1764-1815
Knut var ugift dagarbeidar i 1801. Død som K. O. Noss-eie i 1815.
2. Lars Olson Noss Aslaksgard 19.07. 1772-1808
Lars var dagarbeidar i 1801. Han var sjukleg, gravlagt på fattigkassa i 1808.
3. Lukris Olsdtr. Noss Aslaksgard 17.03. 1776-
Lukris var dagarbeidar i 1801. Truleg flytta ho ut av bygda.

Ola og Guri gifte seg 1763. Ola Knutson kjøpte farsgarden hennar Guri, Torkjellsgard Noss på auksjon i 1763. Prisen var 1222 rd.
    Ola selde Torkjellsgard Noss til broren Lars i 1765.
    I 1778 delte Ola frå 3/4 av garden Aslaksgard og selde dette til Knut Larsson Tune for 1400 rd. Sjølv held Ola attende den gardparten som vart Oppigard Noss (1/4 parten), sjå gnr. 120/6.

{6082} År: 1765

Lars Knutson Noss Aslaksgard Noss 1723-1793
Foreldre: Knut Olson Aslaksgard Noss og Guri Larsdtr. Holto.
Gm Ambjørg Larsdtr. Rime Noss 1732-1773s
Foreldre: Lars Eirikson Rime og 2.g Sissel Torsteinsdtr. Stave.
Gm Anne Knutsdtr. Tolleivsgarden Noss 31.03. 1755-1822
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Larsson Noss 12.09. 1751-
I 1769 vart Knut tiltala for å ha teke livet av jenta Gunvor Klausdtr. Noss. Ho vart funnen nedkasta i ei 9 alen djup hole ovanfor Strandagardane. (Gunvor-holu.)
    Etter gravferda gjekk det rykte om at Gunvor skulle ha vore med barn og at Knut var faren. Liket vart oppgrave, - det viste seg merke på halsen og eit nesten fullbore barn.
    Knut fortalde at han stod i åkeren og staura den laurdagen Gunvor vart borte. Han blånekta for skuldingane og vitna at han hadde bede henne om å vera med å skjera korn frå neste veke. Knut hevda at han hadde vore på Mjåvasstølen heile helga.
    Knut prøvde å få skulda over på Kari-guten og Birgits-Halvor,- fekk noko småfant til å fortelja dei hadde sett Birgits-Halvor "oven-på henne" både nordi berga og på grinde-festen fyrst på sumaren.
    Etter avhøyr av 46 vitne kom det fram at Knut hadde vitja jentene på fjøshimlingen hjå Nils Noss ein kveld for to år sidan. Knut ville "ha fang" hjå Gunvor, dvs. ligge på armen hennar. Ho svara at det høvde ikkje, ho hadde ikkje lin-plagg på seg, men låg naken.
    "Då får eg ta eit nakent fang", sa Knut og så la han seg i senga. Kva som så foregjekk kunne ikkje dei andre jentene fortelja, men Knut vart tungpusta etterkvart. Og han gjorde fleire vitjingar hjå Gunvor seinare. (1368) s 1
    Retten fann ikkje noko direkte fellande på Knut, men grunna ei noko vaklande forklaring vart Knut idømd 6 års straffarbeid på Christiania Tukthus.
    Knut anka saka og vart frikjent i Høgsterett i 1770. (1289) s 44, (1368) s 6
    Men det vart meir vanskar for Knut. Han drap Per Eirikson Granhagen med kårde i ei likferd på Noss ved pins 1771. Dei to kom i slagsmål, mor hans prøvde å halde Knut. Men Knut reiv seg laus, gjekk bort i loftet etter ein kårde og gjekk laus på Per.
    Per vart liggande att på ein åker og døydde 8 dagar seinare. Knut rømde på skogen nokre dagar. Knut vart dømt til festningsarbeid på livstid 1776. Men faren anka til overetten på staden. (1374) s 5
2. Guri Larsdtr. Noss Strand 21.10. 1753-1824
Gm Asle Olson Aslegarden Strand, gnr. 123/2.
3. Gro Larsdtr. Noss Strand 10.03. 1756-1830
G 1776 m Tolleiv Halvorson Strand. Sjå Sjå Urdehagen, gnr. 123/50c.
4. Lars Larsson Noss 22.10. 1758-1809
Gm Birgit Knutsdtr. Leksvol. Sjå neste hushald.
5. Ola Larsson Noss 11.01. 1761-1818
Gm Birgit Johannesdtr. Noss f. 1734. (Enkja etter Ivar Olson Ulshagen Tune Ivarsgarden Noss.) Ingen barn. Dei vart skilde.
    Ola vart truleg attgift med Anne Olsdtr. Kvinnegard f. 1774-1860. (Død på Noss.) Dei budde på Noss i 1801.
    Ola døydde som inderst på garden. Ola hadde gjeve allt lausøyret til Ola Knutson Noss i vitners nærvær. Dette vart godteke av arvingane.
6. Torstein Larsson Noss Helling 20.10. 1763-
Gm ... .... Barn: .... ...
    Torstein var i Sverige i 1798 og i 1833 og 1859. Der var han gift fanejunker og gjekk under namnet Torstein Helling. (Sk. 1.03.1859.)
7. Sissel Larsdtr. Noss Haugegarden 13.04. 1766-____
Gm Tolleiv Olson Haugegarden Noss, gnr. 119/1.
8. Knut Larsson Noss Sundbrei 26.12. 1768-
G 1791 m Margit Øysteinsdtr. Devegge, Nes 1768- . Sjå år 1789 og Sundbrei.
9. Lukris Larsdtr. Noss 15.09. 1771-1834
Barn m/Ola Eirikson Noss Perplassen: Eirik 1791- sjå barnebarn.
    G 1800 m husmann Ola Knutson Knutsgarden Noss. Sjå gnr. 120/1 år 1778.
*Barn i andre ekteskap
1. Ambjørg Larsdtr. Noss 01.10. 1780-1781c
2. Ambjørg Larsdtr. Noss Turkarstad 10.04. 1785-1833
G 1830 m Lars Person Turkarstad, gnr. 91/2.
3. Torand Larsdtr. Noss Arnegard 06.07. 1788-1878
G 1817 m Gunnar Hermundson Stakegard Arnegard, gnr. 91/8.
*Barnebarn
1. Eirik Olson Noss 31.07. 1791-1801f
Foreldre: Ola Eirikson Perplassen Isungset med Lukris Larsdtr. Noss.

Lars og Ambjørg fekk 9 barn. Lars vart attgift med Anne Knutsdtr. Jørgensgard Noss og hadde tre barn med henne. Anne fekk eit sylvbelte i morgongåve hjå Lars. Beltet vart selt på auksjon då Lars var død.
    I 1763 kjøpte Lars halve garden hjå broren Ola for 455 rd. Lars makeskifta 1765 halve Knutsgarden, stølen Torsbu og 745 rd med broren Ola og fekk Torkjellsgard Noss og halve Mjåvasstølen.
    Det var gardsyn på Torkjellsgard Noss 1766. Husa var: nordre stugu; søre stugu - gamal; loft med bu under; eit fjøs; låvehus; saue-stall med trev; to heste-stallar med trev; eit gamalt eldhus; ei smie - til ved; ei gamal bu med kjellar. I Trydalen stod ei gamal stugu og ei lu. På Endrestølen: bu; fehus og lu. På Nyset: bu; fjøs; tre luer; ein gamal saustall; ei forfallen stølsbu. På Mjåvasstølen var ei gamal stølsbu. Stølane var utan gjerde og slåttene tilgrodde med brisk. (1194) s 80b
    Takst over halve Torkjellsgard Noss i 1782 var 650 rd. Husa var i god stand.
    På skiftet etter Lars i 1793 var det 973 rd å dele. Sonen Knut hadde kjøpt 5 laupsbol i halve garden Noss. Dessutan var det ein åker på 1 mål i Jørgensgard Noss som Anne hadde hatt med seg. Enkja Anne overtok garden for 380 rd etter at barna frå fyrste kullet fyrst ville selja dei attverande 5 laupsbol på auksjon.

{6083} År: 1785

Lars Larsson Noss 22.10. 1758-1809
Foreldre: Lars Knutson Noss Torkjellsgard og Ambjørg Larsdtr. Rime.
Gm Birgit Knutsdtr. Leksvol Noss 14.09. 1755-1821
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Gunhild Larsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Ambjørg Larsdtr. Noss Sundbrei 15.11. 1789-
Gm Svein Knutson Skottebøl Tjønndalen Sundbrei 1786-1841.
    Til Am. med ungane i 1857. Busett i Zumbrota.
2. Lars Larsson Noss 10.03. 1793-1869
G 1820 m Ambjørg Persdtr. Håheim. Sjå neste hushald.
3. Knut Larsson Noss 07.02. 1796-1814
Ugift. Knut var sjukleg.
4. Ola Larsson Noss Tjønndalen 14.04. 1799-1886
G 1831 m Ambjørg Tolleivsdtr. Haugegarden Noss. Sjå Tjønndalen, gnr. 123/32.

Lars Larsson overtok halve garden ved skøyte i 1785 saman med plassen Tveito for 450 rd. Den andre halvparten skulle han overta då faren var død. Lars løyste ut broren Knut i 1795 og stemora Anne Knutsdatter i 1807. Stølen Nyset hadde han tileigna seg ved makeskifte med ... i 1804.
    Lars var plaga av tjuvar, og så rigga han til ei børse med snoravtrekk i stolphuset. Ein morgon sumaren 1793 vart Torgeir Tangeviken funnen død i eldhuset i Larsgarden. Torgeir hadde prøvd seg på stolphuset om natta og fått heile ladningen i seg. Saka kom for retten, men Lars vart frikjend for noko ansvar for dødsfallet.
    Det var 4816 rd å dele etter Lars. Han hadde m.a. ein kakkelomn av jarn. Av eiga framgår at han hadde mykje pengar på utlån.
    Birgit vart attgift 1811 med Sevat Sevatson Thon Noss (1787-1827). Ingen barn. Sevat var truleg ute i krigen 1807-14 som 'S.S. Ulshagen'. Han vart dimmitert grunna skade i høgre arm. Sevat vart attgift med Ågot Persdtr. Håheim i 1824.
    På skiftet etter Birgit i 1822 ville både sonen Lars og Sevat ha den halve garden - dei ordna det slik at Lars overførte garden Håheim til Sevat mot å få Noss. Det heitte at kakkelomnen skulle fylgja garden.

{6084} År: 1789

Knut Larsson Noss Sundbrei 26.12. 1768-
Foreldre: Lars Knutson Noss Torkjellsgard og Ambjørg Larsdtr. Rime.

Knut Larsson kjøpte 1/4 av garden og dessutan eit mål åker "Trolden" hjå foreldra for 270 rd i 1789.
    I 1792 fekk han skøyte på garden, Urdeteigen, Hagaåkeren og 1 mål av Trollåkeren hjå faren for 550 rd. Broren Lars protesterte på skøytet i 1793. (1221) s 424
    Knut Larsson selde garden 1795 til broren Lars og flytta på Sundbrei. Der var han gardmann i 1801, men ein ser ikkje at han hadde skøyte. Knut var noko av ei slåss-kjempe, dei kalla han Nos'en på Sundbrei. Sjå meir om familien hans der.

{6085} År: 1814

Lars Larsson Noss 10.03. 1793-1869
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss og Birgit Knutsdtr. Leksvol.
Gm Ambjørg Persdtr. Håheim Noss 10.09. 1797-1873
Foreldre: Per Olson Arnegard Håheim og Gunvor Larsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Lars Larsson Noss 20.01. 1822-1867.
G 1852 m Rønnaug Olsdtr. Bakka Strand. Sjå neste hushald.
2. Per Larsson Noss 03.04. 1825-
Per reiste til Am. 1849. Ukjent lagnad. I 1874 hadde ikkje familien høyrt frå han på 20 år.
3. Ola Larsson Noss 08.11. 1827-1898
G 1877 m enkje Ingebjørg Eilevsdtr. Skomakarmoen. Sjå nordre Rudningane, gnr. 120/3.
4. Knut Larsson Noss Naas 13.01. 1830-1921
G 1863 m Guri Olsdtr. Strand (Bakka) 1835-1918. Sjå Brenno, bnr. 6. Til Am. i 1876.
5. Botolv Larsson Noss Stave 22.09. 1833-1919
G 1868 m Birgit Nilsdtr. Jøtebakko. Ingen barn.
    Dette er B. L. Noss på Stave som gjekk konkurs i 1869. På skiftesamlinga vart opplyst: 'trolig reist til Am.
    Botolv kom til Chicago. Han gjorde tenest i 10. Minnesota Regiment under borgarkrigen, var sidan pionergardbrukar ved Waukon MN frå 1881. (Ulvestad Bind 2 s 831)
    Botolv tok seg land ved Gary i 1884. Han selde Noss farmen til brorsonen Per Larsson i 1893. (Brev i Hallingen 1914. )
6. Sevat Larsson Noss 03.12. 1835-1919
Ug. Sevat dreiv gardsarbeid og budde i Larsgarden. Etterkvart vart han sjuk.
7. Ola Larsson Noss 08.05. 1839-1921
Ola reiste til Am. omlag 1864. Han budde i Grand Forks, ND.
8. Torstein Larsson Noss 06.10. 1843-
G 1873 m Turid Tolleivsdtr. Medgard. Barn: Louis Petrus 1874- ; Tollof Adolph 1878-1943 kokk, busett i California, truleg ugift.
    Torstein reiste til Am. omlag 1864. Dei tok seg land i Rock Co, MN. Sidan budde dei i St. Peter, Nicollet Co MN. Torstein vart sjuk. (J. Marler)

Lars og Ambjørg gifte seg i 1820.
    I 1835 selde Lars delar av Torkjellsgard Noss til Svein Olson Noss Tveito for 300 spd. I handelen var: plassen Tveito, eit slåttelende i Juven; Urdeteigen med ospeskogen der; heimstølen nedre Nyset og slåtta NysetOdden; ein del av langstølen Mjåvasstølen, samt hamnegang og skog.

{6086} År: 1850

Lars Larsson Noss Torkjellsgard 20.01. 1822-1869
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss og Ambjørg Persdtr. Håheim.
Gm Rønnaug Olsdtr. Strand Bakka Noss 27.02. 1832-1924
Foreldre: Ola Olson Oppigarden Noss Strand Bakka og Astrid Mikkelsdtr. Strand.
*Barn
1. Lars Larsson Noss Naas 22.09. 1852-1941
Gm Ingebjørg Tolleivsdtr. Haugegarden Noss. Barn: Ludvig 1885-1982 farmar, g 1911 m Georgina Mary Sundre (1 dotter); Mathilda 1886-1975 g 1907 m Osmond Nomeland (5 barn); Gina 1888-1928 gm Knut B. Kjorvestad (3 barn); Tom 1890-1984 gm Agnes Drengson (6 barn); Oscar 1893-1981 gm Selma Tollefsen (6 barn); Regina 1901-1993 g 1920 m Tom Homme (2 barn). (798)
    Lars fekk skøyte på garden i 1876. Sjå neste hushald. Til Am. i 1877: Redwing, MN. Sidan vart han pionerfarmar ved Kloten i ND. Dei skreiv seg Naas.
2. Ambjørg Larsdtr. Noss Røyse 13.09. 1854-1943
G 1875 m Ola Olson Bakketeigen, sjå Røyse, gnr. 118/3.
3. Ola Larsson Noss 20.07. 1856-1938
G 1899 m Margit Syversdtr. Moen. Sjå år 1905.
4. Astrid Larsdtr. Noss Jensen 07.08. 1858-
Gm ... Jensen. Barn: Clara ....- ; John ....- gm ... ... (13 barn); .... .
    Astrid fekk utflyttingsattest i 1878 og reiste til Amerika, busett i New York.
5. Per Larsson Noss 13.09. 1860-1944
G 1912 m Johanna Vold, Nes/Bærum 1886-1976. Barn: Bertha 1913-2009 g 1943 m Obert Moteberg (ingen barn); Oscar 1914-1999 misjonær, g 1938 m Martha Hove (2 søner); Cora 1915- g 1950 m John Tveit (3 barn); Ludvig 1917-1998 ug. farmar; Ragna 1918- gm Edwin Heidtbrink (ingen barn); Orville 1920-1989 dreiv verkstad, g 1953 m Dorothy Anderson (5 barn); Palmer 1921-1992 overtok Noss-farmen, g 1964 m Alice Gunderson (2 barn); Lester 1923- dreiv verkstad, g 1952 m Maxine Gorder (2 søner); Selmer 1924-1993 tekniker, g 1950 m Adelle Nelson (2 døtre); Myrtle 1926- misjonær i Camerun; Reuben 1928-1976 ug. farmar; Evelyn 1930- g 1960 m Fred Michel (5 barn). (1696)
    Per utvandra til Amerika i 1882 som tenestdreng. Han kjøpte Noss farmen i Gary MN hjå onkel Botolv i 1893. (1286) s 8; (1474)289
    Nærmaste kyrkje er Nes Lutherske kyrkje. Både Per og Johanna (mora hennar er frå Sanden i Nes) fann såleis skyldfolk og sambygdingar i Gary. Farmen vart skadd av ein tornado i 1978 og er no leigd bort. Fleire av etterkomarane har vitja Ål.
6. Ola Larsson Noss 28.08. 1863-
Ug. Til Am. i 1882: Beltrami, MN. Ola dreiv skogarbeid. Han fekk eit tre over seg og omkom.
7. Knut Larsson Noss 23.11. 1865-1914
G 1892 m Berte Tveitemoen 1874-1952. Barn: Louise 1894-1922 gm Ole C. Johnson (3 barn); Regina 1896-1994 gm Clinton Willougby (6 barn); Bella 1898-1964 gm Frank Lindborg (2 barn); Anna 1900-1997 gm Hans Dahlen (4 barn), gm ... Patnode; Clarence 1903- gm Evelyn Parker (3 barn); Lillian 1905- gm Emil Frank (6 barn); Carl 1908-1998 gm Thelma Olson (3 barn); Arthur 1910-1972 ug., Mabel 1912- gm Carl Carlson, gm Charles VanVleck (4 barn); Knute 1914-1985 gm Evelyn Davies (1 dotter).(798) (1704)
    Knut fekk eit tre over seg og omkom.

Lars og Rønnaug gifte seg i 1852. Han overtok Larsgarden i 1850. Frå denne tid er namnet Torkjellsgard Noss or bruk.
    Lars døydde 1869. Rønnaug delte 1873 frå den søre delen av garden under namnet Røyse, bnr. 3. Dattera Ambjørg og mannen overtok det bruket, sonen Lars overtok resten av garden.

{6087} År: 1876

Lars Larsson Noss Naas 22.09. 1852-1941
Foreldre: Lars Larsson Noss Torkjellsgard og Rønnaug Olsdtr. Strand Bakken.

Lars Larsson Noss fekk skøyte på Larsgarden, bnr. 1 i 1876. Han reiste til Amerika i 1877 og slo seg ned i Redwing, MN. Lars vart ein av dei fyrste farmarane ved Kloten i ND.
    Det vart mora og den yngre broren Ola som dreiv garden.
    Fyrst i 1905 selde Lars garden (v/fullmektig O. T. Ruud) til broren Ola for kr. 4868 og kår til mora. Sjå meir om familien til Lars i førre hushald.