Røyse gnr. 118 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Røyse gnr. 118 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Røyse eller Larsgarden bnr. 3 og 6 (Trydalen). Småbruket Røyse ligg nedanfor Jøto i Nasagardane, grensar mot Haugegarden i vest, Brenno i sør og Tveitemoen i aust. Eigedomen er brattlendt, med noko slakkare helling i Trydalen nedst i jordet.
    Namnet Røyse kjem nok av den store røysa vest for tunet. NB. Det heiter t.d. 'Eg kom åt Røysen'. (dativ)
    Røyse vart frådelt Larsgarden i 1873. Det gamle tunet skal ha vore på Leksberget. Den gamle bygdavegen gjekk gjennom det noverande tunet.
    Frådelt: husmannsplass Brenno bnr. 4 (nedre delen av eigedomen) vart frådelt som eige bruk i 1878. Den nedlagte husmannsplassen Trydalen ligg enno til garden.
    Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 6 kyr og 10 sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, anna areal 45 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark 400 mål.
    Våningshus bygt omkring 1745 (skal vera komen frå Leksvol), påbygt 1945, loft, driftsbygning 1954.
    Stølar. Heimstøl på Nyset, langstøl på Torsbu (Stavestølen, gnr. 120/11 tilkjøpt i 1898, kring 1960 lagt til Hallebråt.)
{6099} År: 1875
Ambjørg Larsdtr. Noss Røyse 13.09. 1854-1943
Foreldre: Lars Larsson Noss Torkjellsgard og Rønnaug Olsdtr. Strand Bakken.
Gm Ola Olson Noss 22.09. 1851-1918
Foreldre: Ola Larsson Bakketeigen (ungkar) og Turid Olsdtr. Haugegarden Noss.
*Barn
1. Ola Olson Noss 31.01. 1876-
Til Am. død før 1918.
2. Lars Olson Noss 03.02. 1878-1938
I 1900 var Lars ugift bryggearbeider busett i Kr.ania.
3. Tolleiv Olson Noss 11.08. 1879-1891
4. Lars Olson Noss 24.10. 1881-1966
=Lewis. Til Am.
5. Turid Olsdtr. Noss 03.02. 1884-
=Tillie. Gm John Peterson. (1 son).
6. Astrid Olsdtr. Noss 15.01. 1886-1978
=Esther. Gm John Alexander (?).
7. Rønnaug Olsdtr. Noss Kveno 15.07. 1887-1994
=Regina. G 1918 m Halvor Olson Kjellargardsgjøta Kveno. Barn: Orville 1919- g 1941 m Janet Trontvedt (3 barn).
   
    Ola og Ambjørg sine barn i USA: Olina 1889-1945 gm J. M. Oxender; Thea 1890-1965 gm Jens A. Landey; Alfred 1894-1895; Alma 1896-1981gm Julian Steen; Oliver 1897-1897. (798)
Ola og Ambjørg gifte seg i 1875. Ola var fehandlar i unge år. Han kjøpte halve Larsgarden og var bonde nokre år.
    Til Am. i 1889: farmar ved Gary; Norman Co. MN. Ola selde farmen i 1915 og flytta inn til Gary.
{6100} År: 1889
Per Knutson Drengeplassen kjøpte Røyse i 1889 for kr. 2000. (I 1884 hadde han kjøpt plassen Trydalen.) Per kjøpte langstølen Stavestølen på Torsbu i 1898.
    Per selde garden til Syver Syverson Torkjellsmoen i 1900. I 1915 kjøpte Per Knutson eigedomen attende. Sjå år 1915.
{6101} År: 1900
Syver Syverson Torkjellsmoen (1865-1947) kjøpte Røyse i 1900. Syver brukte Toreplassen frå same tida.
    I 1915 selde Syver bruket Røyse attende til Per Knutson, og så kjøpte han Toreplassen.