Brenno gnr. 118 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brenno gnr. 118 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Brenno grensar mot Røyse (opphavsbruket) i nord, mot Tveitemoen i aust, Asgrimplass (no bustadfelt) i sør og Brennehaugen i vest.
    Brenno var opphavleg husmannsplass under Larsgarden. Brenno vart frådelt som eige bruk i 1878. Brenno bnr. 4 låg saman med Røyse bnr. 3 fram til 1878 då det vart slege saman med Brenno bnr. 5.
    Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 4 kyr, 2 ungdyr og 6 småfe.
    Areal 1995: dyrka jord 8 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 80 mål, anna utmark 40 mål. Slåtten vart leigd bort. Garden har del i Hevjanåsen sambeitelag.
    Våningshus bygt 1880, påbygt 1955 og 1991, løe, eldhus, låve 1933, fjøs 1974, stall 1945. Heimstøl på Huus-slåtta med stølsbu, fjøs og løe.

{6106} År: 1833c

Eirik Halvorson Bjella Brenno 21.06. 1801-1882
Foreldre: Halvor Eirikson nordre Bjella og Ragnhild Holgesdtr. Sundrelien.
Gm Åse Sevatsdtr. Granhagen Brenno 15.11. 1801-1887
Foreldre: Sevat Olson Granhagen (Leksvolplassen) og Birgit Nilsdtr. Sandåker.
*Barn
1. Sevat Eirikson Brenno Tveitemoen 26.07. 1831-1892
Gm Gro Hansdtr. Sand. Sjå Tveitemoen, gnr. 121/2.
2. Ragne Eiriksdtr. Brenno Haugen 01.07. 1833-1912
G 1866 m Ola Oleivson Haugen, sjå Glomshaugen, gnr. 32/13a.
3. Birgit Eiriksdtr. Brenno 19.11. 1835-1910
Ug. Birgit var på Brenno i 1875 og dreiv med spinning. I 1891 var Birgit inderst på Strand. Ho dreiv med handarbeid. 'Intet at skifte.'
4. Halvor Eirikson Brenno 22.09. 1838-1921
Barn m Guro Holgesdtr. Langeland: Ola 1869-1951, sjå Langeland og søre Rudningen, gnr. 120/10.
    G 1877 m Haldis Knutsdtr. Skøro Sata-eie 1854-1878. Barn: Eirik 1877-1878 sjå barnebarn.
    Halvor var skomakar m.m. og budde på Brenno ei tid. Halvor budde hjå Sevat og Gro på Tveitemoen i 1891.
5. Jørand Eiriksdtr. Brenno 24.07. 1841-1876
G 1871 m Ola Ivarson Brenno, sjå søre Brenno, gnr. 121/6.
6. Eirik Eirikson Brenno 03.05. 1843-1930
G 1876 m Sissel Holgesdtr. Langeland. Sjå år 1878.
7. Gro Eiriksdtr. Brenno Knausen 15.03. 1847-1929
G 1876 m Ola Martinson Vangen Bråten Knausen, sjå søre Asgrimplass, gnr. 122/4.
*Barnebarn
1. Eirik Halvorson Brenno 25.08. 1877-1878
Foreldre: Halvor Eirikson Brenno og Haldis Knutsdtr. Skøro/Sata.

Eirik og Åse gifte seg i 1831. Eirik står i husmanns-manntalet frå 1834. Eirik var husmann med jord 1865 og 1875. Sønene Eirik og Halvor dreiv som skomakerar i 1875.

{6107} År: 1867c

Knut Larsson Noss Larsgarden Naas 13.01. 1830-1921
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss og Ambjørg Persdtr. Håheim.
Gm Guri Olsdtr. Strand Bakka Naas 29.01. 1835-
Foreldre: Ola Olson Noss Strand (Bakka) og Astrid Mikkelsdtr. Strand.
*Barn
1. Ambjørg Knutsdtr. Noss 22.09. 1861-1889
Emmer Larsson i FT 1880. Goodhue Co, MN. Ambjørg er gravlagt i Blue Mounds, Rock County, MN.
2. Astrid Knutsdtr. Noss Larsson/Naas 23.05. 1864-1967
Truleg ugift. Ho vart skriven Esther Larsson i FT 1880. Gravlagt på Lands Lutheran kyrkjegard i Goodhue Co, SD.
3. Sigrid Knutsdtr. Noss 08.06. 1866-
Sigrid står i emigrasjonslister både 1876 og 4. mai 1877 ("Hero"). Til Amerika. Ho vart skriven Sarah Larsson i FT 1880.
4. Lars Knutson Noss 20.12. 1867-
Lars står i emigrasjonslister både 1876 og 4. mai 1877 (På båten 'Hero'.) Til Redwing, MN.
5. Ola Knutson Noss 07.10. 1869-
Ola Knutson levde i 1875. Truleg til Am.
6. Ola Knutson Noss Naas 25.03. 1872-1953
Gm Althea/Alphina/Josephine ... født i Minnesota 1885. (Truleg ein og same person.) Barn: Ragna 1894- ; Ester 1895- ; Gusta 1897- ; Stella 1899- ;
    Ola reiste til Am. 1876: Red Wing, MN. I folketeljinga 1900 budde dei i Roscoe township, Goodhue County, SD.
7. Knut Knutson Noss Naas 17.03. 1874-1929
G 1898 m Kristine Filipsdtr. Frost 1878-1963. (Av Lusterslekt). Barn: Helen 1909-1961 ug.
    Til Am. i 1876: Redwing, MN. Knut var frukthandlar i Minneapolis i 1920. (Naas Brothers Fruit Company.) Knut skreiv seg Charles Naas. (Epost frå Lars Øyane)

Knut Larsson hadde ikkje skøyte på Brenno. Han var fehandlar og inderst, og budde i Larsgarden hjå broren frå han gifte seg i 1863. Før 1875 var han på Brenno, jamsides med husmannen Eirik Halvorson.
    Knut Larsson og familien reiste til Amerika i 1876.

{6108} År: 1878

Eirik Eirikson Brenno 03.05. 1843-1930
Foreldre: Eirik Halvorson Bjella Brenno og Åse Sevatsdtr. Granhagen.
Gm Sissel Holgesdtr. Langeland Brenno 21.08. 1854-1926
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Eirik Eirikson Brenno 29.09. 1877-1961
G 1917 m Karen Solheim i Lier 1893-1977. Barn: Einar "Eriksen" 1917- gm Torgunn Børmarken; Arne 1919- gm Sigrid Neperud; Kristoffer 1922- gm Alfhild Dahlstrøm; Sigrid 1928- gm Arvid Børmarken. (967) (Lier II s 219)
    Eirik kjøpte garden Bakkemeren i Lier i 1922. Dei dyrka grønsaker.
2. Holge Eirikson Brenno 07.07. 1879-1879
3. Helge Eirikson Brenno 22.11. 1881-1923
G 1906 m Anne Larsdtr. Embre, Hemsedal. Barn: Erik Helgesen 1908- gm Lilly Kristoffersen, dreiv Embre i Hemsedal; Lars 1909-1982 gm Ingrid Andreassen; Sissel 1912- gm Georg Olafsen, busett i Svelvik; Knut 1914- ugift, driv Nøsterud; Margit 1916-1980 gm Arvid Walberg; Helge 1918- ugift glassverksarbeidar; Astrid 1922- gm Erling Helgerud, ho driv Røde-Kors-arbeid.
    Helge og Anne dreiv som røktarfolk ymse stader på Austlandet til 1918. Då kjøpte dei garden Nøsterud i Strøm herad (Svelvik). Ungane brukar Helgesen som etternamn. (967)
4. Halvor Eirikson Brenno 14.02. 1883-1974
Ugift. Halvor var i Am. nokre år (Prescott i Renville Co, ND), han kom heim att.
5. Ola Eirikson Brenno 22.07. 1886-1969
G 1912 m Guri Olsdtr. nordre Nestegard, Hol. Sjå neste hushald.
6. Sevat Eirikson Brenno 21.12. 1888-1971
Ugift. Sevat var murar og ein flink peismurar.
    Han var ein spretten hallingdansar som gjorde fine stemplakast. Då internatet på Lien Landbruksskule var under oppføring, la Sevat ein planke på mønet og gjorde nakkespretten der. "Det skal gode nervu te slikt," sa dei som såg på.
    Ein annan gong tok Sevat opp kjellarlemmen og la ein planke over holet. Deretter gjorde han eit stemplakast på planken. (1145)
7. Oleiv Eirikson Brenno 01.02. 1891-1892
8. Oleiv Eirikson Brenno 27.03. 1893-1971
G 1919 m Anne Persdtr. Buset. Sjå Røyse, bnr. 3.
9. Margit Eiriksdtr. Brenno 06.10. 1896-1898
10. Margit Eiriksdtr. Brenno Øino 02.08. 1900-1984
G 1922 m Asle Knutson Øino. Sjå eige hushald Øino under jernbanen.

Eirik og Sissel gifte seg i 1876. Eirik kjøpte Brenno i 1878 for kr. 2600. Eirik var gardbrukar og skomakar.