Trydalen gnr. 118 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trydalen gnr. 118 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Trydalen eller Trydalane var husmannsplass under Larsgarden. (Torkjellsgard Noss). Namnet tyder på at det var tre dalar som møttest her.
    Det var gardsyn på Torkjellsgard Noss 1766. I tillegg til husa på sjølve garden, så stod desse husa i Trydalen: ei gamal stugu og ei lu. NB. Korkje Røyse eller Brenno hadde hus på den tida!
    Tunet i Trydalen stod oppe på ein haug sør ved delet til nordre Brenno. Låven i Trydalen stod til omlag 1950. Stugu vart selt omlag 1930 og står no som kårstugu på Huus. (Oppl. v/ S. Grue og P. Brenno.)
    Ein kjenner ingen bygselsbrev frå Trydalen, men ein familie (husmann/inderst) under Torkjellsgard Noss i 1762 vart sidan skriven Noss-eie og Noss. Dei har truleg halde til i Trydalen fram til vel 1800. Husmanns-manntalet i 1830-åra nemner ingen husmann under Larsgarden.
    Trydalen vart selt frå Røyse i 1884. Trydalen vart selt attende til Røyse og nedlagd som bustad ein gong etter 1924. (Guttorm Moen budde her kring 1930 før han fekk opp sitt eige hus.)
    I Trydalen bygde Ål Idrettslag hopp-bakke. Den vart kalla Dala-bakken eller Trydalen.
    Både bakken og ovarennet vart utvida i 1953, og det vart sett opp eit stort stillas oppe i Haugegarden. No vart hopplengda 60-70 m. I Trydalen vart det halde mange store idretts-stevner, m.a. landsrenn.
    Om lendet var svært så høveleg for hoppbakke, så var hopperane i Trydalen noko utsatt for kastevindar ovantil Strandafjorden. Det kunne fort bli stygge nedslag. Bakken vart nedlagt då hopp-sporten dabba av i bygda. Sjå hoppbakken 1955 på fotografiet av Røyse.

{6112} År: 1750c

Nils Toreson ... Hestebrekk Noss 1710c-
Foreldre: Tore ...
Gm Jørand Eilevsdtr. ... Noss 1710c-
Foreldre: Eilev ...
*Barn
1. Tor Nilsson Hestebrekk 10.10. 1745-1797
G 1778 m Ågot Olsdtr. Bjella. Sjå neste hushald.
2. Eilev Nilsson Hestebrekk Granhagen 22.09. 1748-
G 1783 m Lukris Syversdtr. Bøygard. Sjå Granhagen, gnr. 123/6b.

Nils Toreson og Jørand Eilevsdatter budde på Torkjellsgard Noss i 1762. Dei var innom på Hestebrekk 1745-1748.
    Truleg var Nils husmann i Trydalen. Sonen Tor overtok bygsla kring 1780c.

{6113} År: 1778c

Tore Nilsson Hestebrekk Noss 10.10. 1745-1797
Foreldre: Nils Toreson ... Hestebrekk Noss og Jørand Eilevsdtr. ... .
Gm Ågot Olsdtr. Bjella Noss 09.11. 1746-1836
Foreldre: Ola Halvorson Bjella Vebjørnsgard-Strand og Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Ola Toreson Noss 24.01. 1779-
Ola var ugift leigesoldat i 1801. Ukjent lagnad.
2. Jørand Toresdtr. Noss 20.05. 1782-1814?
Jørand vart truleg konfirmert som J. T. Tveito i 1800. Ho tente på Rime i 1801. Truleg død på Torsgarden i 1814.
3. Nils Toreson Granhagen/Noss Tveitemoen 17.10. 1784-1849
G 1813 m Gunhild Larsdtr. Helling (Baggesteg). Sjå Tveitemoen, gnr. 121/2.

Tore og Ågot gifte seg i 1778. Dei vart skrivne både Granhagen og Noss-eie. Tore var leigesoldat då han gifte seg i 1778. Truleg død som Noss-eie i 1797.
    Ågot var husmannsenkje på Noss i 1801, ho vart registrert som familie nr. 7, dvs. etter Tolleivsgarden. I same hushaldet var også Ågot Eilevsdatter, enkja etter Sevat Eirikson Granhagen, og sonen Eilev Sevatson på 7 år. Ågot Eilevsdatter gjekk i dagarbeid.
    Det vart opplyst at Ågot Olsdatter levde 16 år på legd.

{6114} År: 1884


Per Knutson Drengeplassen kjøpte plassen Trydalen i 1884. Han kjøpte Røyse i 1889, sjå bnr. 3 og Drengeplassen.
    I 1900 budde Herbrand, og syskena Anne og Per i plassen Trydalen. Vinteren 1912 var så kald at folk samanlikna med vinteren 1812. Kaffikjelen hennar Anne botnfraus om natta.
    Herbrand gjekk bort 1924. Guttorm Moen budde i Trydalen nokre år før han bygde si eiga stugu.