Nos, Haugegarden gnr. 119 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nos, Haugegarden gnr. 119 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Hauge-garden er hovudbølet i tidlegare Gunhildgard Noss. Sjå innleiinga under Noss.
    Skattelista 1557: 5 kalvskinn 3 album. Ingen brukar nemnt. Gunhildgard Noss vart brukt under søre Strand fyrst på 1600-talet, sidan vart det folk frå Rime som hadde garden. Sjå under år 1565.
    Gunhildgard Noss vart opphavleg skattlagt som halvgard med 21 laupsbol i landskyld. Bakketeigen, gnr. 116/1 var opphavleg ein slåtteteig under Gunhildgard Noss. Bakketeigen vart eigen gard og skyldlagt 1691 med 2 laupsbol. (Men utan fråtrekk i Gunhildgard Noss si landskyld!)
    Fyrst på 1700-talet vart garden kalla Sveins-garden (etter bonden) eller nedre Noss. NB. Ein heimstøl heiter enno Sveidnstølen. (1289) s 51
    På same tid vart Ivarsgarden, bnr. 2 frådelt med 10/2 laupsbol.
    Frå sist på 1700-talet har garden vore kalla Hauge-garden etter oppnamnet til Ola Tolleivson frå Breie.
    Husmannsplassar: Birge-plassen; Stakkestøet (fråselt til S. Rudningen i 1926, sidan til Brenno).
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 19 mål, utslått 73 mål. Avling 20 1/2 tunne bygg 19 1/2 tunne potet.
    Vanleg buskap i 1930: 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe og 10 sauer. 15 mål åker.
    Stølar. Heimstølar Sveidnstølen og Åsestølen i Nasalia. Langstøl var GardsTorsbu eller Hauge-Torsbu på Torsbu. Tidlegare også Feten på Torsbu. Kring 1720 støla dei på Geitevassstølen. (Sjå meir under år 1707.)
    Tunet vart frådelt som Haugtun bnr. 12 i 1961. Innmarka vert nytta som beite under Tjønndalen.
{6125} År: 1765
Ola Tolleivson Breie Birgiplassen 1723c-
Foreldre: Tolleiv Knutson øvre Breie og Gro Olsdtr. Mehus (Hol).
Gm Guri Sevatsdtr. Thon Rime Noss 1722.-1788s
Foreldre: Sevat Olson Håheim Thon og Turid Olsdtr. søre (myljo) Thon.
*Barn
1. Ola Olson Noss Holo 11.02. 1753-1831
Gm Margit Botolvsdtr. Bakketeigen. Sjå Arnegard Noss, gnr. 121/1. G 1806 m enkje Birgit Syversdtr. Kyrkjedeld Holo, gnr. 51/3.
2. Tolleiv Olson Noss 05.12. 1756-1833
Gm Sissel Larsdtr. Torkjellsgard Noss. Sjå år 1786.
Ola Tolleivson vart kalla Store-Haugjin, og skal vera opphavet til namnet Haugegarden. (Ål IV s 499)
    Guri var enkje etter Ola Eirikson nordre Rime.
    Ola Tolleivson kjøpte Amundsplassen (også kalla 'Brenduen') hjå Vebjørn Strand og held gardsyn i 1759. Husa var ei bu 1 rd; ei gamal stugu 3 rd; låve, forlu, fehus, badstugu. Der var to mål åker, 'i slett giødsel og stand.' (1190) s 343
    Ola fekk Gunhildgard Noss i brukeleg pant hjå Ola Sveinson i 1765. Takst 740 rd i 1788.
    Ola hadde plassen Birgiplassen under Gunhildgard Noss i 1788. På skiftet etter Guri i 1788 var det 677 rd å dele på enkjemann og 6 barn i 2 kull.
{6126} År: 1772
Svein Olson Noss Gunhildgard Bekkestad 02.10. 1746-1789
Foreldre: Ola Sveinson Gunhildgard Noss og Margit Syversdtr. Lappegard.
Gm Kari Larsdtr. Sundre Bekkestad 25.07. 1756-1778
Foreldre: Lars Mikkelson Hove Åsegarden Sundre og Ingeborg Rasmusdtr.
*Barn
1. Margit Sveinsdtr. Noss Bomberud 22.11. 1778-1848
Gm Asle Gunvaldson Sundrehagen. Sjå Bomberud, gnr. 32/18.
Svein overtok odels- og løysings-retten til garden i 1772. Foreldra hans var gamle og i fattige omstende.
    Kari døydde truleg i barselseng. På skiftet i 1779 var det 68 rd å dele på enkjemann og datter.
    Den gamle slekta på Gunhildgard Noss kom av garden i 1786.
{6127} År: 1786
Tolleiv Olson Noss Haugegarden 05.12. 1756-1833
Foreldre: Ola Tolleivson Breie Rime Noss og Guri Sevatsdtr. Thon.
Gm Sissel Larsdtr. Noss Torkjellsgard Noss 13.04. 1766-____
Foreldre: Lars Knutson Torkjellsgard Noss og Ambjørg Larsdtr. Rime.
*Barn
1. Ola Tolleivson Noss 01.06. 1789-1850
Foreldre: Tolleiv Olson Noss og Sissel Larsdtr. Larsgarden Noss.
2. Guri Tolleivsdtr. Noss 1792-1801f
Truleg død liten.
3. Lars Tolleivson Noss Skottebøl 21.04. 1794-1867
G 1832 m Ågot Tolleivsdtr. Opsata. Fehandlar og bonde på Skottebøl, gnr. 122/1.
4. Knut Tolleivson Noss Medgarden 21.05. 1797-1877
Barn: Ola f. 1824 m enkje Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
    G 1827 m Turid Olsdtr. Rime. Sjå nedre Medgarden, gnr.24/3.
5. Ambjørg Tolleivsdtr. Noss Tjønndalen 31.08. 1800-1879
G 1831 m Ola Larsson Noss Tjønndalen, gnr. 123/32.
6. Ola Tolleivson Noss 26.08. 1804-1804
7. Guri Tolleivsdtr. Noss Holto 26.08. 1804-____
Barn: Ola 1828 m/ soldat Svein Olson Noss. Sjå barnebarn.
    G 1831 m enkjemann Lars Aslakson Holto, gnr. 94/6.
*Barnebarn
1. Ola Sveinson Noss Svarteberg 08.03. 1828-1914
Ug. Barn: ... ... m/ ... . Ola var ein arbeidsmaur av dei sjeldne. Han var i tenest hjå Lars Skottebøl "ein mannsalder." Så kjøpte Ola Gjeldokksgarden Svarteberg, gnr. 105/3 og vart bonde, sjå meir der.
    Foreldre: soldat Svein Olson Ivarsgarden Noss og Guri Tolleivsdtr. Noss.
Tolleiv og Sissel hadde minst seks barn. Tolleiv fekk skøyte hjå faren 1789 på garden for 740 rd. (Eldste bror Ola var utbetalt og gav samtykke).
    Same år vart Tolleiv stevna av Lars Strand for å ha jaga to kyr langt frå stølen Skjelfet. (1673)2
    Det stod ei loftstugu på garden hjå Tolleiv.
{6128} År: 1829
Ola Tolleivson Noss Haugegarden 01.06. 1789-1850
Foreldre: Tolleiv Olson Haugegarden Noss og Sissel Larsdtr. Larsgarden Noss.
Gm Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde Noss 1795-1879
Foreldre: Håkon Olson Opheim Opheimsjorde Sire og Turid Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Tolleiv Olson Noss Haugegarden 31.10. 1821-1821
Tolleiv levde 1/2 time.
2. Håkon Olson Noss Haugegarden 31.10. 1821-1821
Håkon levde 1 time.
3. Tolleiv Olson Noss Haugegarden 28.07. 1823-1902
Barn m/Guri Sveinsdtr. Noss Tveito: Margit 1854- .
    G 1859 m Margit Ellingsdtr. Jøto. Sjå neste hushald.
4. Sissel Olsdtr. Noss Haugegarden Skjervheim 27.10. 1825-1899
G 1849 m Nils Olson søre Skjervheim, gnr. 35/1.
5. Turid Olsdtr. Noss Haugegarden Grøvo 23.05. 1828-1907
Barn m/Ola Larsson Bakketeigen: Sissel 1849- ; Ola 1851- ; Lars 1854- , sjå barnebarn.
    G 1871 m Nils Nilsson Grøvo i Hol 1830-1908. Barn: Anne 1871- gm Guttorm Ivarson øvre Kleppo; Nils 1875-1962 bonde på nordre Grøvo (Hol), g 1900 m Anne Sevatsdtr. Kleiven.
    Nils og Turid dreiv nordre Grøvo i Hovet frå 1880 til 1895 då sonen Nils overtok.
6. Håkon Olson Noss Haugegarden 18.03. 1830-1833
Koppar.
7. Guri Olsdtr. Noss Trillhus 29.08. 1834-
G 1855 m Bjørn Olson Sveinsgarden Trillhus. G 1863 m Per Olson Svarvargarden. Sjå Trillhus, gnr. 4/12. Guri fekk Amerika-reisa som morsarv.
8. Ambjørg Olsdtr. Noss Haugegarden Sundremyren 06.11. 1839-1878
G 1865 m Knut Tolleivson Myren, gnr. 110/37.
*Barnebarn
1. Sissel Olsdtr. Noss Haugegarden Hognerud 06.07. 1849-1930
Gm Ola Olson Frokeplassen til nedre Hognerud (Hol). Barn: Guri 1875-1951 gm Elling Olson Hølgjiflåto Hognerud; Turid 1877- til Am. gm Steinar E. Kravik, Numedal; Ingebjørg 1880-1962 gm Asle Sveinson Villandsbøkko; Ola 1884- til Am. gm Julia Brataker; Lars 1886- til Am. gm Klara ... , Eidsvoll; Eirik 1889- til Am. gm ... ... ; Kari 1892-1906; Ola ....- død ung.
    Ola var ein dugande timremann og bonde i nedre Hognerud (Hol) frå 1890 til 1907. Då overtok dottera Guri og Elling.
    Foreldre: Ola Larsson Bakketeigen (ungkar) og Turid Olsdtr. Haugegarden Noss.
2. Ola Olson Noss Haugegarden Noss 22.09. 1851-1918
G 1875 m Ambjørg Larsdtr. Larsgarden Noss. Sjå Røyse, gnr. 118/3. Farmar ved Gary; Norman Co. MN. Foreldre: Ola Larsson Bakketeigen (ungkar) og Turid Olsdtr. Haugegarden Noss.
3. Lars Olson Noss Haugegarden Noss 27.03. 1854-
Til Am. i 1883: Zumbrota, MN.
    Foreldre: Ola Larsson Bakketeigen (ungkar) og Turid Olsdtr. Haugegarden Noss.
Ola og Ingeborg gifte seg i 1821. Ola overtok garden kring 1829 for 1200 spd.
    I 1831 vart Ola skulda for tjuveri av Ola Larsson Noss som budde oppe i loftstugu på garden. Leigebuaren hadde ingen prov, men meinte å vera fråstolen noko klede, garn og kamelgarn. (1318) s 15
    Det var skifte etter Ola i 1852. Eiga var 1100 spd, "noe" gjeld. Ingebjørg skulle ha omfattande kår: 2 kyr og 6 småfe framfødt; 3 tunner bygg a 20 settung a 19 mark; 3/4 mål åker i ei dokk sunnanfor fjøset med 4 lass møk i årleg gjødsling; 1 skjeppe rug, 1/4 tunne salt; 1/3 part i kålhagen; hus, akt og vakt for dyra sumar som vinter; fri turking og maling (av korn) når ho ikkje lenger rådde med det sjølv.
{6129} År: 1852
Tolleiv Olson Noss Haugegarden 28.07. 1823-1902
Foreldre: Ola Tolleivson Noss Haugegarden og Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde.
Gm Margit Ellingsdtr. Jøto Noss Haugegarden 06.02. 1836-1920
Foreldre: Elling Tolleivson Noss Jøto og Anne Olsdtr. Låengen (Hol).
*Barn
1. Ingeborg Tolleivsdtr. Noss 11.08. 1858-1921
G 1882 m Lars Larsson Noss. Barn: Ludvig 1885-1982 farmar, g 1911 m Georgina Mary Sundre; Mathilda 1886- gm Osmond Nomeland; Gina 1888-1928 gm Knut B Kjorvestad; Tom 1890- gm Agnes Drengson; Oscar 1893-1981 gm Selma Tollefsen; Regina 1901- gm Tom Homme. (798)
    Ingeborg reiste til Amerika. Busett Grand Forks Co. ND.
2. Ola Tolleivson Noss Noss 11.12. 1859-
Til Amerika. Ola budde i Northwood ND i 1902.
3. Anne Tolleivsdtr. Noss 09.08. 1861-1863
Anne døydde 1 1/2 år gamal.
4. Anne Tolleivsdtr. Noss Berg 30.01. 1864-
Gm Jacop Sørensen (Simensen?) Berg, busett Grand Forks Co. ND.
5. Elling Tolleivson Noss 30.07. 1865-1902
Ugift. Sjå neste hushald.
6. Knut Tolleivson Noss 08.01. 1869-1900
Ugift.
7. Tolleiv Tolleivson Noss 08.01. 1869-1933
G 1914 m Gunhild Olsdtr. Skarsgard. Sjå år 1902.
8. Lars Tolleivson Noss 14.05. 1874-1959
Gm ... ... ... . Barn: 8.
    Farmar ved Minot, SD. Kona døydde i barnseng og Lars vart sitjande med 8 barn. Då flytta han og ungane til familien hennar nær Copperstown, ND. Sidan tok han seg land ved New Rockford. Der døydde han 1959.
9. Sissel Tolleivsdtr. Noss Trydalen 20.01. 1876-1929
G 1908 m Per Knutson Drengeplassen Røyse, gnr. 118/3.
10. Gunhild Tolleivsdtr. Noss 30.10. 1878-1879
11. Gunhild Tolleivsdtr. Noss Bekkestad 18.04. 1880-1969
G 1903 m Elling Hansson Bekkestad. Barn: Tolleiv 1903- gm Geneva Paulson; Obert ....- gm Phyllis Jerstad; Oscar ....- gm Glady Dragland; Edvin ....- gm Sylvia Bakke; Marie 1906-1981 gm Commodore Gilkison; Gunda 1904-1993 gm Clarence Anderson; Hans 1908-1971 g 1936 m Myrtle Sanden (3 barn).
    Gunhild reiste til Am. i 1902: Lee i Nelson Co.
Tolleiv og Margit gifte seg i 1859. Tolleiv hadde dattera Margit f. 1854- med Guri Sveinsdtr. Noss Tveito (Båe reiste til Amerika.)
    Tolleiv Olson overtok garden 1852 for 1150 spd og kår til mora.
    Ein av ungane til Tolleiv Olson Noss datt oppi ein kjel med briskelåg og døydde etterpå. Truleg var det Anne. (1016) s 60.
{6130} År: 1888c
Elling Tolleivson Noss 30.07. 1865-1902
Foreldre: Tolleiv Olson Noss Haugegarden og Margit Ellingsdtr. Jøto.
Elling var ugift. Elling tok over garden kring 1885. Han var gardbrukar i 1891.
    Elling selde frå Juvefossen til O. A. Strand i 1898.