Birge-plassen gnr. 119 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Birge-plassen gnr. 119 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Birgi-plassen var husmannsplass frå 1760. Plassen ligg på ei flat øvst på innmarka til Ivarsgarden, like nedanfor avkøyringa til Døveskulen. Her er svært godt utsyn utover dalen. Tuftene syner enno.
    Til Birgi-plassen høyrde hamn og skog til ei ku og nokre sauer.
    Namnet på plassen synes å vera forvanska frå Børge eller Birge-plassen til Birgitplassen. Namnet Bergs-plassen frå 1798 må vera ei feil-lesing. Opphavleg var namnet Kjær-teigen.
    Det stod ein tohøgda låve i Birgiplassen, den rotna ned. (Oppl. ved Peder Brenno.)

{6134} År: 1760

Birge Halvorson Bjella Noss 1720c-
Foreldre: Halvor Endreson Bjella og Berte Olsdtr. ... .
Gm Margit Olsdtr. Prestgarden 1718-
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Ola Børgeson Noss Prestgarden 1741-1805
Gm Ingeborg Sveinsdtr. ... . Sjå Hestehagen, gnr. 111/1a.
2. Halvor Børgeson Bjella 05.03. 1750-1750
Faddrar 1750: Anne Styrkestad, Ola Torson Helling, Ola Olson Lå, Ivar Bjella, Unn Bjella.
3. Eli Børgesdtr. Nosseplassen Ellingsgard 1750c-
Gm Eivind ... ... Ellingsgard. Barn: Gunhild 1776- sjå barnebarn.
4. Halvor Børgeson Nosseplassen 1751-1752
5. Birgit Børgesdtr. Nosseplassen 1753-
Birgit vitna i 1769 i saka mot Knut Noss.
6. Halvor Børgeson Noss Øyen 07.12. 1755-
Gm Astrid Knutsdtr. Underberg. Sjå inderstar 'Øyen'.
7. Rangdi Børgesdtr. Nosseplassen Kjellargard 07.06. 1761-
G 1798 m em Torbjørn Anderson ... . Sjå Kluftejordet (Kjellargardseie), gnr. 77/1b.
    Barn: Ola f. 1785 m/ soldat Einar Eilevson Vangen. Sjå barnebarn.
*Barnebarn
1. Gunhild Eivindsdtr. Noss 14.01. 1776-
Foreldre: Eivind ... ... Ellingsgard og Eli Birgersdtr. Noss.
2. Ola Einarson Birge-plassen 1785-
Truleg død før 1801.
    Foreldre: Einar Eilevson Vangen Helgeplassen (soldat) og Rangdi Birgesdtr. Birgeplassen.

Børge (Birge) og Margit budde i Hagen i 1752 og på Nosseplassen frå omlag 1755.
    I 1760 fekk Børge skøyte på husmannsplassen Kjærteigen for 42 rd. Han lånte 32 rd s.å. Namnet Birge-plassen kjem av han.
    Børge fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774.
    Børge lånte 80 rd i 1777 hjå Ola T Noss G. Lånet skulle dekke det gamle lånet på 60 rd.
    Margit budde på legd i Prestgarden i 1801. Evt. i Skavhølen hjå sonen Ola.

{6135} År: 1790

Amund Jonson Hefte Noss 01.05. 1757-1840
Foreldre: Jon Amundson ... Granhagen Hefte og Anne Håkonsdtr. ... .
Gm Åse Monsdtr. Gøvo Noss 1763-1851
Foreldre: Mons Helgeson .. Grøvo og Anne Halvorsdtr. Grøvo i Hol. (Hol IV s 205)
*Barn
1. Margit Amundsdtr. Hefte Perplassen 05.04. 1790-1874
G 1824 m Ola Person Kvelprud Perplassen, gnr. 12/19.
2. Ola Amundson Noss 26.12. 1791-1801f
3. Ingeborg Amundsdtr. Noss Hago 25.08. 1793-1875
G 1822 m Tolleiv Tolleivson søre Hago, gnr. 110/26.
4. Anne Amundsdtr. Noss 16.10. 1796-1802
5. Anne Amundsdtr. Noss Vesle Dengerud 14.04. 1799-1891
G 1820 m Torstein Torkjellson Hove. Sjå Vesle Dengerud, gnr. 115/18.
6. Jon Amundson Hellinghaugen Lappegard 17.07. 1803-1876
G 1833 m Birgit Tolleivsdtr. d.y. Vareberg. Sjå Lappegard, gnr. 65/5.
7. Anne Amundsdtr. Hellinghaugen 30.11. 1806-

Amund Jonson var leigesoldat. Amund og Åse gifte seg i 1789. Frå før hadde Amund barna: Ola f. 1784 m/Torand Eiriksdtr. .... og Gunhild f. 1784 m/Ågot Embriksdtr.
    Amund og Åse budde i Hefte til 1792, i Granhagen 1793, Birgi-plassen under Noss 1796, Råo 1799, og så på Hellinghaugen frå 1802.
    I 1801 gav Amund og Åse losji til almisselem Gunhild Olsdtr. og dattera Ingeborg Vebjørnsdtr. Gunhild var enkje etter Vebjørn Olson Opsata Strand.
    Amund døydde som Hellinghaugen i legd på Lå i 1840. Åse var på legd 1846-1861.

{6136} År: 1875c

Asle Torsteinson Dengerud Vesle 26.07. 1843-1923
G 1869 m Birgit Olsdtr. Smedhaugen Hestebrekk-eie 1844-1943. Foreldre: Torstein Torkjellson Hove Vesle Dengerud og Anne Amundsdtr. Hellinghaugen.
*Barn
1. Torstein Asleson Dengerud 17.09. 1873-
Ug. Til Am. i 1882: Wilmar, MN. Torstein var farmar. Torstein og hestane vart drepne av lynnedslag i slåttonna. (1695)
2. Ola Asleson Dengerud 20.10. 1876-1961
G 1910 m Hannah Stai, Noreg 1874-1970. Barn: Darlene ....- gm Boyd Wilson (7 barn). (1695)
    Til Am. 1882: Wilmar, MN. Farma i Marshall Co, MN.
3. Anne Aslesdtr. Dengerud Halvorson 12.12. 1879-1971
G 1901 m em Carl Albert Halvorson 1868-1959. Barn: Tillie Agnes 1898-1988 gm Herbert Ward McDonald; Clarence Benny 1902-1980 gm Winifred Knight, Irene Anna Wilhelmina Feig, Florence Mierbachton Johnson; Leonard 1904-1968 g 1928 m Verna Evangeline Otterness; Olive Aldora Theoline 1906- gm Peter Rinehart Morton; Gladys Mayne 1908-1983 gm Leonard Caverly; Vivian ....- gm ... Townsend; Mryttis ....- gm ... Rippberger; Selma Alvera Hazel 1915-1999 gm Harrison Lee Gammon.. (1695)
   
    Barn i USA: Olava 1882-1905 ug.; Olaf 1883-1921 ug.; August 1886-1960 ug.

I 1875 budde Asle Torsteinson Vesle-Dengerud i Birgeplassen. Han gifte seg 1869 med Birgit Olsdtr. Smedhaugen Hestebrekk-eie 1844-1943.
    Asle og familien reiste til Am. 1878 og vart farmar ved Long Lake, Dovre township, ... . Busett i Kandiyohi County i Wilmar, MN. Asle omkom i ei bilulykke. (884)