Nos, Knutsgarden Noss gnr. 120 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nos, Knutsgarden Noss gnr. 120 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Knutsgarden er hovudbølet til gamle Aslaksgard Noss. Sjå innleiinga til Noss-gardane. Opphavleg hadde garden omlag 35 laupsbol i landskyld (dvs. omlag 1/3 av Noss-gardane), og var skattlagt som fullgard.
    Krongodset i garden var 4 eller 6 kalvskinn eller 1/2 hud, og dette måtte bonden leige hjå kongen. Kvart tredje skulle det betalast ei avgift (holding) av krongodset i garden.
    Fyrste tida var krongodset sett til 4 kalvskinn, fyrst på 1600-talet vart det rekna 6 kalvskinn, og 1 sau årleg. I 1660 overtok Daniel Knoff krongodset og sidan var det ymse eigarar fram til 1726 då bonden vart eigar.
    Namnet Aslaksgard Noss er funne i kjelder attende til 1412. (Det gamle namnet på Tormodsgard var også Aslaksgard.) Etter fleire bønder med namnet Knut gjekk gardsnamnet over til Knutsgarden utpå 1700-talet.
    Husmannplassar og frådelte bruk. Oppigarden, bnr. 6 (frådelt i tida 1778 til 1991); Hallebråt, bnr. 2 (frådelt 1919); nordre Rudningane, bnr. 3; Moen (SkomakarMoen), bnr. 7 (frådelt 1750); Råo, bnr. 9 (frådelt 1784), søre Rudningane, bnr. 10 (frådelt i tida 1892 til 1947).
    Frå og med matrikkelen 1838 har bnr. 1 vorte rekna for 26,1 laupsbol og Oppigarden for 8,7 lb.
    Areal 1865: dyrka jord 52 mål, naturleg eng 51 mål, utslått 95 mål. Avling tunner 56 bygg og 47 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna areal 90 mål, produktiv skog 1064 mål, bjørkeskog 1655 mål. Buskap 144 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1856, nyleg restaurert, kårhus påbygt 1992, drengestugu, anneks, 2 gamle loft, driftsbygning 1982.
    Stølar. Heimstølar: Stavanslettane, Nystølen (utan hus) og nordre Endrestølen. Nedlagte heimstølar: øvre og nedre Aslakset. Langstølar: Torsbugjerda (utan hus) og Øvre og Nedre KnutsGjerda på Mjåvasstølen.
    Ved utskiftinga 1916 til 1934 vart det mest av rettane til garden lagde ut på Mjåvass-stølen, medan kårfolket sin voll, Torsbugjerda, fekk 1 laupsbol på Torsbu. Såleis har garden omlag halvparten av 4700 da i Mjåvasstølen grunnsameige.
    Garden har fiskeretten i Mjåvatnet. Like før 1900 vart oppkjøpt jaktrettane på Torsbu, Mjåvasstølen og Myking.
    Tilkjøpt i 1991: Oppigarden Noss eller Hago, bnr. 6. Areal: 9 mål dyrka jord, 53 mål anna areal, 438 mål produktiv skog og 290 mål anna skog. Tunet på Hago vart fråselt til Sverre Berge.

{6173} År: 1778

Knut Larsson Kvinnegard Tune Noss 1737-1826
Foreldre: Lars Ivarson Gjeldokk nordre Kvinnegard og Gunhild Knutsdtr. Espegard.
Gm Gro Gunnarsdtr. Åker Noss 1749-1829
Foreldre: Gunnar Knutson Åker og Gro Olsdtr. Brattåker. (Hol VI s 518)
*Barn
1. Ola Knutson Noss 11.03. 1772-1809
Ugift. Sjå Arnegard Noss, gnr. 121/1.
2. Gunnar Knutson Noss Tune 23.05. 1774-1860
G 1808 m Anne Tolleivsdtr. nordre Tune, gnr. 124/2.
3. Margit Knutsdtr. Noss Granhagen Isungset 28.11. 1776-1860
G 1793 m Ola Eirikson Perplassen Isungset. Barn: Birgit 1793- gm Lars Anderson Øyo Bardølsgard (ingen barn), gm Ola Knutson Åker (7 barn). (Hol VI s 678).
    Margit og Ola var i Granhagen 1793, på Isungset i 1809 og i Helgegutøyne i Hol 1834.
4. Gro Knutsdtr. Noss Nerolshaugen 1778-1865
G 1800 m Ola Eirikson Nerol Nerolshaugen, Hol. Barn: Åse 1801-1880 gm Mikkel O. Slettemoen; Gro 1802- gm Hans O. øvre Sand; Knut 1807-1899 til Nerolshaugen gm Guri Torsteinsdtr. Øvrejorde; Eirik 1809-1818; Lars død liten; Lars 1811- åndsvak; Pål 1812- rosemålar på Grøt (Hol) gm Marita Ivarsdtr. Kleppo; Ola 1815-1908 til Sekshus (Hol) gm Anne Hermundsdtr. Løyte, Ustedalen; Guri 1817-1898 gm Elling Olson Brattåker; Eirik 1819-1819; Eirik 1820- til søre Sindrol (Hol) gm Mari Knutsdtr. Halingstad.
5. Ivar Knutson Noss 26.12. 1779-1867
G 1809 m Anne Aslesdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
6. Guri Knutsdtr. Noss 1782-
7. Anne Knutsdtr. Noss Nedremyr 1784-1865
G 1809 m em Pål Olson Nedremyr. Barn: Anne 1814- gm Sander Tomasson Røo; Ola 1817- gm Birgit Embriksdtr. Kolbjørnstølen Nestegard; Knut 1819- gm Birgit M. Slettemoen; Lars 1822-1856, Borghild 1825- gm Ola M. Medhus; Eivind 1829- gm Anne Hermundsdtr. Løyte. (Hol III s 552)
    G 1839 m Asle Knutson ØvreMyro 1811-1879. Asle dreiv fyrste landhandelen i Hol.
8. Ola Knutson Noss Breiehagen 19.02. 1786-1858
G 1800 m Lukris Larsdtr. Torkjellsgard Noss. G 1853 m Anne Sandersdtr. Slettemoen. Til Arnegard Noss, gnr. 121/1 og Breiehagen, gnr. 128/1.
9. Knut Knutson Noss 1788-
10. Torkjell Knutson Noss 08.05. 1789-
11. Knut Knutson Noss 1789-
12. Torkjell Knutson Noss 08.05. 1791-

Knut Kvinnegard kjøpte nordre Tune i 1771. Deretter kjøpte han Aslaksgard Noss (18 laupsbol) for 1400 rd hjå Ola Knutson i 1778. Resten av Noss, 6 lb. held Ola Knutson att.
    I 1781 brukte Knut både Tune og Noss. På bygdamuseet finnst ei ættetavle etter Knut og Gro med initialar og årstal for dei åtte fyrste ungane.
    I 1800 vart Knut innklaga til forliks-kommisjonen av sambygdingane, han dreiv og bygde ein støl i felles mark vestanfor Stavangslettane. Saka vart vist til retten og sidan ser ein ikkje meir til dette.
    I 1809 delte Knut Larsson godset sitt på sønene, Gunnar fekk nordre Tune, Ola fekk halve Noss og Ivar fekk Arnegard Noss. NB. I 1810 fekk Ivar skøyte på heile Knutsgarden, og Ola fekk Arnegard Noss, gnr. 121/1.

{6174} År: 1809

Ivar Knutson Noss 26.12. 1779-1866
Foreldre: Knut Larsson Kvinnegard Tune Knutsgarden Noss og Gro Gunnarsdtr. Åker.
Gm Anne Aslesdtr. Arnegard Noss 1782-1868
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard (nordre Votndalen) og Guri Arnesdtr. Oppistugu Sehl.
*Barn
1. Knut Ivarson Noss 1810.-1885
Ug. Knut hadde gode evner og var ein opplyst kar. Som brørne dreiv også han med handel, - han vart ein stor driftebonde. Rikdomen vaks og det gjekk ymt om at han skulle gifte seg med ei rik enkje ute på flatbygdene.
    I eit danselag i Skalle 1836 vart Knut stygt skadd av Torkjell Gjermundson Rimejordet. (1318) s 40
    Då foreldra sokk ned i gjeld på sine gamle dagar, venta Knut i det lengste med å overta garden. Sume hevda at både han og broren Asle ribba foreldra sine.
    Mysene øydela gardehandelen for Knut. Omlag 1300 spd i papirpengar vart karva sundt for han. Knut sat då på bar bakke, dessutan gjekk det fleire søksmål med broren Asle. På sine gamle dagar selde han ein skogrem, men spekulerte bort meste av oppgjeret. Resten av pengane rørte han ikkje, endå han svalt.
2. Asle Ivarson Noss 14.12. 1811-1892
Ug. Asle dreiv all slags handel: fe og hestar, skinn og lær, m.m. Han brukte nokre mål åker og dyrka for, korn og potet, men hadde ikkje gardsdrift ellers.
    Garden kom på ny auksjon i 1843. Asle baud om kapp med broren Knut, og det vart Asle som drog det lengste strået med eit bod på 2414 spd. (I utgangspunktet så var gjelda 813 spd.)
    Men Asle hadde ikkje tid til å drive garden. Dyra gjekk svoltne, og hesten "et fordottane or gluggane i hus langs med vegane." Asle og Knut låg mykje i sak med kvarandre.
    Etter 7-8 år på dette viset var gjelda så stor at Asle måtte gå frå garden i 1850.
    Asle var liten og gikt-broten og hadde slite mykje på handelsferder opp og ned dalen. På sine gamle dagar rigga Asle til eit slags husvære i Stakkestøet inne i Nasalia. Der held han til ei tid, "ustelt og villdyr-aktig", til folk greip inn, og fekk sett han på legd.
3. Guri Ivarsdtr. Noss 10.02. 1814-
4. Gro Ivarsdtr. Noss 14.03. 1816-
5. Gro Ivarsdtr. Noss 14.03. 1819-1835
Nervefeber.
6. Lars Ivarson Noss 04.08. 1821-1886
Ug. Store-Lars var ein opplyst kar. Han hadde svært vakker handskrift. Han skreiv fraktur-bokstavar. Lars dreiv med handel, men han handla seg til fant. Han budde i Tolleivsgarden, og vart ingen gamal mann.
7. Ola Ivarson Noss Brenno 06.08. 1824-1895
="Fjotte". G 1871 m Jørand Eiriksdtr. Brenno, gnr. 120/6.
8. Lars Ivarson Noss 27.02. 1827-1892
Ug. Lars var stillferdig og lite for seg. Han budde mykje hjå den barnlause Ola på Bakka.
    Etter at brørne gav opp og garden kom på andre hender, prøvde også Lars sin odelsrett. Garden vart taksert og pengar lånt, men lånet kunne ikkje berast. Lars døydde i tronge kår i Røyse.

Ivar og Anne gifte seg i 1809. Ivar Knutson kjøpte halve garden for 1500 rd i 1809. (Oppigarden, bnr. 6 vart halde attende då faren kjøpte garden i 1778.)
    Ivar var ute i krigen 1807-14. Om Ivar heitte det at han var ein troll-kyndig og arbeidsam kar.
    Ivar skal ha vore ein kjempe-kar. Ei soge om eit slagsmål med Ola Skottebøl er nemnt i Hallingen. (A. Mehlum, side 213-216)
    Ivar kom i gjeld etter uåret 1820. Kornet hadde frose, og regjeringa måtte kjøpe såkorn frå utlandet. Kornet vart fordelt grendevis med felles betalings-ansvar. Då dei andre nasingane ikkje kunne betale, så vart det Ivar som måtte innfri kravet som Noss-gardane fekk frå Finansdepartementet. Summen ikkje var så stor, men den auka ved at Ivar nekta, og betalte fyrst etter søksmål og tvangsauksjon.
    Sønene rakla på med handel og rettssaker, ingen "hadde tid" til å overta garden. Ivar og Anne dreiv garden så godt dei kunne, men tok til å bli gamle, så no gjekk det unnabakke.
    Til sist kom garden på tvangsauksjon, og sonen Knut la inn høgste bodet. Så gjekk Knut i kjellaren for å hente pengar frå sleda-kista si. Men der hadde vore myser og karva sundt heile formua hans. Inkje fekk han veksla inn. Ei rettssak om denne handelen enda i høgsterett i 1842.
    Så vart det ny auksjon i 1843. Sønene Asle og Knut baud om kapp, og det vart Asle som fekk tilslaget med 2414 spd. I utgangspunktet kunne dei kjøpt garden for gjelda på 813 spd!
    Sonen Lars den yngre kjøpte garden i 1854 etter å ha lånt pengar hjå Hallgrim Evjen på Gol. Men lånet vart for tungt, og alt neste haust kom Hallgrim og slo på seg garden.
    Ivar og Anne fekk bu i eit kammers på garden av den nye eigaren.
    I 1867 skulle Ivar og Anne setjast på legd ute på bygda, men då nekta ho Anne. Det vart til at ho fekk legdeytingane levert i Knutsgarden. (1414) s 18

{6175} År: 1849


Lars Tolleivson Skottebøl hadde eit pantebrev på 600 spd i garden. Han kjøpte Knutsgarden på tvangsauksjon hjå Asle Ivarson i 1849. Prisen var 2000 spd.
    Men så kom Lars Ivarson d.y. med odelskrav og overtok garden så snøggast i 1854.

{6176} År: 1855

Eirik Hallgrimson Evjen Noss 08.05. 1813-1891
Foreldre: Hallgrim Eirikson Svenkerud Evjen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud.
Gm Barbo Arnfinnsdtr. Roen Noss 26.08. 1820-1892
Foreldre: Arnfinn Arneson Roen og Guri Torkjellsdtr. Træet. (Gol V s 358)

Eirik og Barbo gifte seg 1839 i Gol. Dei 11 ungane står oppført på Evjen, gnr. 1/13 år 1838.
    I unge år kjøpte Eirik Hallgrimson ein skogrem i Ridalen til uthogst. Det vart starten på ein omfattande skoghandel. Eirik og broren Hallgrim dreiv stort med skoghandel i heile dalen. Då dei delte hopehavet sitt fekk Eirik "det som var ovanfor Heslabrua!"
    Fyrste tida budde Eirik og Barbro på Øygarden og Ottargarden Rotneim i Gol.
    Eirik Hallgrimson dreiv krambuhandel i Gudmundsrud saman med Nils N. Gudmundsrud ei tid.
    I 1855 kjøpte dei Knutsgarden på auksjon for 2835 spd. Der stod ei gamal loftstugu på garden, ellers var husa i dårleg stand. Eirik og Barbo sette opp den store bygnaden på garden. Det vart fortalt at Barbo skulle ha flytta stikkene då tomtinga tok til, dermed vart bygnaden større enn planlagt.
    Eirik Hallgrimson m. fl. hadde sagbruk i Kvinda nede ved Vangen. (Gnr. 123/47) Tømmeret (or Sangelia?) vart teke i land ved Strandaoset, og skore på saga ved Vangen.
    Eirik Hallgrimson fortalde at to gonger i livet hadde han vore så utarma at "ingen ville betru han ei geit!" Han hadde t.d. måtta innfri kausjonist-ansvar. Men Eirik kom seg på fote att, og døydde som ein av rikaste i bygda.
    Eirik Hallgrimson hadde også ymse offentlege verv. Han sat m.a. i matrikkel-kommisjonen. (Jord-registeret 1886.) (1553)
    Han gav eit legat på 2400 kr i 1891: ungdom under utdanning, og han gav pengar til orgel til kyrkja.

{6177} År: 1872c

Eirik Eirikson Evjen Noss 30.03. 1852-1927
Foreldre: Eirik Hallgrimson Evjen Knutsgarden Noss og Barbro Arnfinnsdtr. Roen.
Gm Sissel Larsdtr. Skottebøl Noss 16.03. 1850-1892
Foreldre: Lars Tolleivson Noss Skottebøl og Ågot Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Sigrid Tolleivsdtr. Strand Noss 20.03. 1875-1957
Foreldre: Tolleiv Asleson Halvorsgarden Strand og Birgit Larsdtr. Styrkestad.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Eirik Eirikson Noss 13.06. 1873-1893
Eirik var kadett og student i Kr.ania.
2. Lars Eirikson Noss 28.06. 1875-1959
G 1900 m Dordei Sveinsdtr. Holto. Sjå Torsgard, gnr. 96/9.
3. Barbro Eiriksdtr. Noss Strand 07.12. 1877-1970
G 1901 m Lars Tolleivson Strand. Barn: Sissel 1903- på borgerskolen i Kr. ania i 1916. Dreiv sidan parfymeri i Kr.ania, ugift.
    Ei tid dreiv Lars forretning i Oslo, så hadde dei gard i Nedre Eiker. Og så kom dei attende til Ål og dreiv pelsdyr-avl.
4. Arnfinn Eirikson Noss Evjen 28.04. 1880-1957
Gm Ragnhild Andersdtr. Hefte eller Sundre. Barn: Erik Arnfinn 1912- assurandør/skipsreder, gm Dagmar Lysøe (3 barn); Arvid 1916- lege i London, gm Eva Johanne Lange (3 barn); Margit Sissel 1919- gm Øistein Holmsen (2 barn); Arnhild 1924- gm Rolf Nilsen (1 barn). (1559)
    Arnfinn var assuranse-agent i Oslo. Han skreiv seg Evjen.
5. Tolleiv Eirikson Noss 21.05. 1883-1934
G 1918 m Anna Olsdtr. Strand. Barn: Sissel 1919- gm organist Åge Holmen, Hønefoss, (3 barn); Gunvor 1922- gm Leif Ruud på Geilo (2 barn); Sigrid 1924- g 1949 m Knut T. Seim (2 barn); Eirik 1926- ingeniør på Raufoss ammunisjonsfabrikk, gm Tordis Lund (2 barn); Barbo 1930- g 1951 m Knut Hauge, Krokstadelva (1 son).
    Tolleiv og Anna forpakta Knutsgarden ei tid. Då far hans døydde, overtok Intresentselskapet garden. Sjå neste hushald. Dei flytta til Hol og budde ved Holshagen. (1559)
6. Ågot Eiriksdtr. Noss Hoff 14.01. 1888-1983
G 1915 m Anders Tolleivson Hoff. Barn: Ambjørg 1917- hjelpelærarinne/lektor, gm Eirik Gjeldokk (2 adoptivbarn); Erik Tollef 1925- sivilingeniør.
    Anders var lærar på Modum. Så budde dei på Nordstrand.
*Barn i andre ekteskap
1. Sissel Eiriksdtr. Noss Bjella 20.11. 1895-1972
G 1917 m Tolleiv Larsson Bjella, gnr. 104/3.
2. Eirik Eirikson Noss 23.08. 1897-1969
Gm Ragnhild Staaland, Mjøndalen.
    Eirik var distriktsjef hjå firmaet .............. . Budde i Mjøndalen. Eirik sat i tysk fangenskap på Grini 1944-45. (1581)
3. Birgit Eiriksdtr. Noss 21.08. 1898-1901
Birgit døydde av krampe som liten.
4. Tolleiv Eirikson Noss 24.07. 1900-1980
Gm Birgit/Billa Syversdtr. Toreplass. Ingen barn. Utdanna gartnar. Tolleiv og Billa var vertskap på Holu Ferieheim. Som pensjonistar kjøpte dei eit hus i Turrhaug.
5. Borghild Eiriksdtr. Noss Nestegard 09.12. 1906-1996
G 1929 m Tolleiv Olson Nestegard. Sjå år 1932.
6. Hallgrim Eirikson Noss Noss Knutsgarden 04.04. 1916-1918
Kikhoste.

Eirik og Sissel gifte seg i 1872. Eirik vart attgift 1895 med Sigrid og fekk seks barn også med henne.
    Eirik dreiv fehandel i unge år. Som faren dreiv også han tømmerhandel ved sidan av garden. Brukte han saga ved Vangen?
    Eirik overtok garden før 1875. Han fekk skøyte 1895 på garden frå medarvingane sine for 14000 kr. I handelen var også garden Kolbjørnstølen, Beithovdstølen og noko skog.
    I 1875 var det 5 tenestfolk på Noss, 3 til Eirik og Sissel og 2 til kårfolket.
    I 1898 vart søre Knutsgarden selt til sonen Lars utan heimel. Handelen vart omgjort.
    Eirik Eirikson kjøpte opp alle jaktrettane på Torsbu, Mjåvasstølen og Myking like før 1900, (frådelt fyrst i 1919). Sidan den tid har jaktutleige vore ein del av innkoma på garden. Jegerane brukte jakthytta på Mjåvasstølen.
    Eirik var ein dugande dansar. Han hadde ymse offentlege verv, forstandar/direktør i sparebanken m.m. (1553)