Rudningane, nordre gnr. 120 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rudningane, nordre gnr. 120 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Rudningane var husmannsplass under Aslaksgard Noss, fylgde truleg Oppigarden etter delinga og fall så attende til hovudbølet kring 1947.
    Låven vart flytta til nedre Hallebråt, og stugu vart sett opp på ei tomt (Solberg) like ovanfor bygdevegen.
{6189} År: 1791
Steingrim Johannesson Sundrebråten Rudningen 01.07. 1764-1848
Foreldre: Johannes Person Sundremyren Bråten og Anne Steingrimsdtr. Golberg.
Gm Margit Eilevsdtr. Granhagen Rudningen 08.11. 1761-
Foreldre: Eilev Sveinson Noss Lå og Anne Knutsdtr. Grevsgard.
*Barn
1. Jørand Steingrimsdtr. Rudningen Rudningsbakkane 16.01. 1791-1867
G 1828 m Halvor Håvelson Håvelmoen/Rudningsbakkane, Gol 1802-1873. Barn: Håvel 1829-1829; Birgit 1830-1909; Margit 1833-1903 g 1861 m Per Olson Blakkestad.
    Truleg budde Jørand og Halvor på Gol. (Gol V s 245)
2. Eilev Steingrimson Rudningen ...... 1793-1875
G 1816 m Guri Johannesdtr. Sindrol i Hol 1776-1828. Barn: Margit 1818- fekk sonen Martin Hansson.
    G 1833 m Margit Knutsdtr. Hilde Halsteinsgard 1803-1841. Barn: dødf jente 1834, Steingrim 1839- .
    Eilev budde på Sekshus i Hol då han gifte seg med Guri. Ho døydde i barselseng 1828.
    Eilev kom til plassen Sæte-jorde i Skurdalen kring 1837, så var han på Sæte-haugen frå 1845. Eilev kjøpte øystre delen av Sæte i 1856, og der døydde han i 1875. Plassen Sæte-jorde hadde to eigarar då: også Kitil Naustedokken og Birgit Sevatsdtr. Hallebråt.
3. Anne Steingrimsdtr. Rudningen Gudbrandsgard 26.10. 1794-1870
G 1823 m Holge Halvorson Rue Halfarsdokken (Gudbrandgards-eie). Barn: Gunhild 1825- gm Hans C. Rumohr Maristuen, Lærdal, til Am. (jfr. Lærdal I s 708); Halvor 1827-1905 gm Gunvor ... ; Margit 1828-1900 gm Hermann Olson Vesleslåtta til Glemmen; Jørand 1830- ; Eirik 1830-1902 murar, til Haugen i Sudndalen, gm Ambjørg Embriksdtr. Raggsteindalen; Anne 1834- g 1860 m Ola Holgeson Gjerdneslåtta Kulutunga Sagen (sjå 123/48); Steingrim 1837-1869 drukna i Hardangerfjorden, gm Birgit Olsdtr. Seimsodden; Vebjørn 1840-1919 gm Anna Mikkelsdtr. Sæ, Eidfjord. (1260)
4. Johannes Steingrimson Rudningen Bakke 02.07. 1797-1858
G 1839 m Sissel Knutsdtr. Bergadekko. Sjå nordre Bakke, gnr. 49/2.
5. Sevat Steingrimson Rudningen Strand 02.06. 1799-
G 1834 m Kari Olsdtr. Bergsmoen. Sjå neste hushald. Til Am. 1878.
Steingrim og Margit gifte seg i 1790. Steingrim var soldat i unge år og budde på Hove.
    Steingrim brukte Oppigarden for Knut Larsson Noss i 1791.
    Same året bygsla Steingrim plassen Rudningen hjå Knut Larsson Noss mot 4 rd årleg. Av husa på plassen var berre ei lu. Steingrim kunne føre opp nye hus, men berre av tømmer frå innmarka i Rudningen eller utanfrå. Brennefang og gjerdevirke derimot fekk han hogge i skogen til Aslaksgard Noss. (1221) s 279 b
    Steingrim var husmann med jord i 1801. Mor hennar Anne var almisselem på Rudningen. Steingrim står i husmannmanntalet i 1830-40-åra.
    Margit levde 1854 og hadde fem myndige barn.
{6190} År: 1835
Sevat Steingrimson Noss Rudningen Strand 02.06. 1799-
Foreldre: Steingrim Johanneson Sundrebråten Rudningen (Noss) og Margit Eilevsdtr. Granhagen (Asgrimsplass, gnr. 122/4).
Gm Kari Olsdtr. Bergsmoen Strand 02.06. 1800-1874
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard Bergsmoen og Mari Kristiansdtr. Tangen.
*Barn
1. Margit Sevatsdtr. Sundrebråten 17.03. 1836-
G 1870 m Ivar Eilevson Toreplass. Barn: Gurine 1871-1874; Gurine 1875-1936; Edward 1876-1948.
    Ivar og Margit reiste til Am. i 1869. Busett i Zumbrota.
   
2. Mari Sevatsdtr. Rudningen Noss SundreBråten 30.11. 1838-
3. Ola Sevatson Sundrebråten 16.06. 1840-
G 1873 Bergen m Marte Johannesdtr. ..., Bruravik 1840- . Ola var steinarbeidar.
4. Mari Sevatsdtr. Sundrebråten 16.05. 1843-
Sevat og Kari gifte seg i 1834. Sevat fekk skøyte 1835 på halve Aslegarden Strand hjå Ola Asleson Strand. Pris: 470 spd og kår til seljaren. Men Sevat selde garden att i 1836 til Knut Asleson Strand. (1544)470
    Sevat og Kari budde på Rudningen til 1838 omlag, i Sundrebråten 110/44 frå 1842.
    I 1878 reiste Sevat til New York som enkjemann frå Toreplass.
{6191} År: 1858c
Sevat Anderson Tune Rudningen 15.06. 1822-1916
Foreldre: Anders Olson Kvinnegard Tune og Haldis Sevatsdtr. Tune.
Gm Rangdi Sveinsdtr. Reinton Rudningen 19.03. 1823-1885
Foreldre: Svein Knutson nordre Reinton og Birgit Olsdtr. Tangen, Hol. (Hol III s 58)
*Barn
1. Haldis Sevatsdtr. Rudningen Capron 13.04. 1852-1902
G 1873 m L. A. Daniels. Barn: Georg 1873- . Haldis skreiv seg 'Ellen Anderson' før ho gifte seg.
    Haldis vart attgift med Frederick Henry Capron. Barn: Ivy Tasey 1888-1974 gm William Ayres Fiscus (minst 1 barn); Marion 1890-1972 gm .... Paulsen; William 1892-1974.
    Haldis og Fredrick budde i Hamlin Co, SD. (J. Marler)
2. Anders Sevatson Rudningen Anderson 15.02. 1857-1924
G 1884 m Mattie Lier 1858-1940. Adoptivson William f. 1899. Anders budde i Hardwick, Rock Co, MN og skreiv seg Andrew Anderson. Anders står ikkje saman med dei andre i skipslistene i 1867.
3. Svein Sevatson Rudningen Anderson 17.09. 1858-1936
G 1886 m m Birgit/Betsy Tollefson (datter til Ola Tolleivson og Liv Rasmusdtr. Underåsen) f. 1867-1898. Barn: Laura Rosena 1890- ; Selma Olmi 1893- .
    Svein skreiv seg Sam Anderson i Amerika.
4. Birgit Sevatsdtr. Rudningen Gullickson 10.12. 1859-1904
=Betsy. G 1882 m Frederick Engebretson 1860-1882 (frå Ål?). Barn: Lulu Randine 1882- .
    Birgit reiste til Am. i 1870. Birgit vart attgift 1889 m Ole H. Gullickson frå Vestre Slidre (1859-1927). Barn: Gust 1889- .
5. Ola Sevatson Rudningen Anderson 12.01. 1863-1939
G 1891 m Carrie Olson (1868-1960) Barn: Selmer 1897- ; Carl Oliver 1901- ; Herbert Bernhard 1904- ; Rudolf Clarence 1906- ; Alma Melvine 1901- ; Mabel Beatrice 1914- .
    Ola budde i Rock Co , MN og skreiv seg Ole S. Anderson. Til Am. 1867.
6. Ola Sevatson Rudningen Anderson 06.09. 1866-
G 1893 m Mary Remme (1872-1895). Ingen barn. Attgift 1897 med Stina Marie Plomaasen. Minst 1 barn: Lydia Jonette 1898. Ola reiste til Am. 1867. Han skreiv seg William S. Anderson. (J. Marler)
   
    Sevat og Rangdi sine barn i USA: Willie 1871- ; Anne 1869-1943 g 1893 m Knut Stephenson Hoime (Vestre Slidre) (4 barn). (840)
Sevat og Rangdi gifte seg i 1853. Fyrste tida var dei på Tveitemoen, frå 1858 på Rudningane.
    Dei reiste til Amerika i 1867 (Fayette Co, Iowa) og tok seg sidan land ved Mound, Luverne i Rock Co. MN. Sevat og Rangdi fekk to barn til i Am. Dei skreiv seg Anderson. Sonen Ola tok over farmen.
{6192} År: 1871
Ola Sevatson Vangen Moen Rudningen 16.02. 1832-1876
Foreldre: Sevat Sevatson Toplass Underberget Vangen og Turid Levorsdtr. Espegard.
Gm Ingeborg Eilevsdtr. Skomakarmoen Rudningen 14.02. 1835-1890
Foreldre: Eilev Olson Ruggeplassen Skomakarmoen og Kari Syversdtr. Pletten.
*Barn
1. Mari Olsdtr. Rudningen Sletten 05.07. 1858-1959
G 1876 m Torstein Sevatson Råen 1852-1911. Bryllaupsreisa gjekk til Amerika: Red Wing, MN.
    Gm Peder Sletten som var kjøpmann i Wanamingo. Truleg barnlaus.
    Mari skreiv seg Mary Sletten. Ho gav 1000 $ til museet/gamleheimen i Ål, samt ymse gåver til St. Olaf College m.m. i Am.
2. Kari Olsdtr. Rudningen Råen 16.02. 1860-1954
Gm Embrik Sevatson Råen 1854-1940. Barn: Ola 1881-1977; Lina 1887-1967, sjå barnebarn.
    Kari og Embrik reiste til Am. 1887: Crookstown, MN.
    Barn i USA: Severt 1888-1973 g 1921 m Bertha Moen (ingen barn; Tillie 1890-1984 g 1918 m Peter Larson (1 son); Olaf 1892-1978 g 1918 m Molly Moen (syster til Bertha) (2 barn); Louis 1894-1937 ug. soldat under 1. verdskrigen; Albert 1896-1973 var gm Emma Baklien (3 barn), gm Gertrude Flanders (1 barn); Oscar 1899-1982 ug. soldat under 1. verdskrigen, arb. på hospital; Selmer 1902-1958 ug; Marie 1904-1990 g1922 m Lester Rech (1 dotter). (1541)
3. Eilev Olson Skomakarmoen Brenno 16.08. 1863-1953
G 1908 m Anne Olsdtr. Øsmundset. Sjå Brenno 120/6.
4. Turid Olsdtr. Rudningen Næsje 20.01. 1866-1959
G 1904 m sersjant Torstein Næsje, Moss ....-1913. Barn: Ingeborg 1906- musikkpedagog, gm ... Mittet.
    Busett i Kr.ania i 1894 der ho dreiv forretning i 15 år. Busett i Moss. (1101)
5. Sevat Olson Rudningen 03.02. 1869-1931
Ugift. Sevat budde på Rudningane saman med systera Ingeborg ei tid. Sevat skreiv seg 'Rønning'. Han var snikkar og tømrar m.m. Død som 'arbeider' i 1931.
6. Ingeborg Olsdtr. Skomakarmoen Øsmundset 18.05. 1871-1953
Gm Elling Olson Øsmundset 1874-1943. Barn: Guro 1909- gm Anton Hansson Gilen, Vang i Valdres. (Sjå Hol VII s 223)
    Ingeborg sine barn: Mari 1892- ; Mari 1897-1966 og Einar 1900- , sjå barnebarn.
    Elling og Ingeborg hadde Øsmundset under Fossgard frå 1909. Etter å ha budd ved Hønefoss ei tid kom dei heim att og budde fleire stader i Hol, til sist på Vesleslåtta. Ingeborg dreiv med takke-bakst.
7. Levor Olson Rudningen 17.04. 1873-1873
Levor vart berre 13 veker gamal.
8. Margit Olsdtr. Rudningen 11.06. 1874-1876
*Barnebarn
1. Ola Embrikson Råen 14.06. 1881-1977
Gm Bertha Moen. Gm ... ... . Gm ... ... . Ola var soldat under 1. verdskrigen.
    Til Am. i 1879: Oakdale. MN. Dei budde i Crookstown. Ola arbeidde ved jernbanen. Han var munter og fann på mykje moro. (1541), BB
    Foreldre: Embrik Råen og Kari O. Rudningen.
2. Lina Embriksdtr. Råen Brigel 20.01. 1887-1967
Gm Frank Brigel. Ingen barn. (1541) (Brev Barbara Raaen)
    Til Am. i 1887. Dei dreiv ein restaurant.
    Foreldre: Embrik Råen og Kari O. Rudningen.
3. Mari Helgesdtr. Skomakarmoen Lien 29.10. 1892-
Gm Olav Syverson søre Lien i Hol. Barn: Ole 1920- overtok Lien 1949 - gm Birgit Olavsdtr. Reinton; Syver 1922- i Marketeigen, gm Kari Solheimslien (5 barn); Gunnar 1929-1954; Ingebjørg 1932 gm Helge Torsteinson Haugo, Sudndalen (6 barn); Borghild 1938- gm Kristian Berg, Eina (2 barn). (Hol III s 82)
    Foreldre: Helge Andersen Løvskogen Hval i Ådalen f. 1868 og Ingeborg Olsdtr. Rudningen.
4. Mari Eilevsdtr. Skomakarmoen Øen 03.02. 1897-1966
Gm enkjemann Knut Olson Magnhildøyen 1883-1962. Barn: Erling ....- gm Agnes Reime, Voss ( 2 barn); Gunnar ....- til Hokksund, ug.
    Knut var banevaktar/ baneformann, busett på Bøkko i Ustedalen. Knut vart etterkvart baneformann på Dovrebanen, og så flytta dei til Hokksund. Dei siste åra budde dei på Magnhildøyen i Hol.
    Foreldre: Eilev Einarson ...Skomakermoen (ungkar) og Ingeborg Olsdtr. Rudningen.
5. Einar Eilevson Skomakarmoen Rudningen 29.09. 1900-
Gm Birgit Jonsdtr. Sagen frå Kvisla. Barn: Ingebjørg ....- busett i Oslo, gm snikkar Sigurd Karlsen, Stavanger; Marie 1924- .
    Einar og Birgit bur på Ustaoset.
    Foreldre: Eilev Einarson Skomakarmoen (ungkar) og Ingebjørg Olsdtr. Rudningen.
Ola og Ingeborg gifte seg i 1858. Fyrste åra budde dei på Moen. I 1871 fekk dei ei stugu frå Moen som dei flytta opp på nordre Rudningane. Ola var skreddar og Ingeborg sauma. Ola vart sjuk, og gjekk bort berre 42 år gamal.
    22. august 1854 fekk Torand Persdtr. Turkarstad barnet Syver med Ola Sevatson Vangen. (Ukjent?)
    Ingeborg vart attgift 1877 med Ola Larsson Noss Rudningen. Sjå neste hushald.
{6193} År: 1877
Ingeborg Eilevsdtr. Skomakarmoen Rudningen 14.02. 1835-1890
Foreldre: Eilev Olson Ruggeplassen Skomakarmoen og og Kari Syversdtr. Pletten.
Gm Ola Larsson Noss Torkjellsgard Rudningen 08.11. 1827-1898
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss og Ambjørg Persdtr. Håheim.
*Barn i andre ekteskap
1. Lars Olson Rudningen 08.05. 1882-1884
Ingebjørg vart attgift 1877 med Ola Larsson. Dei fekk ein son som ikkje vaks opp.
    I 1891 var Ola Larsson på Holteslettane, 'innkjøpt av fattigvesenet'. Ola gjekk bort som enkjemann og fattiglem i 1898. 'Intet at skifte'.
{6194} År: 1882
I 1882 vart nordre Rudningane selt til Håkon Olson Skrindo for kr. 1200. Han står i matrikkelen for 1886. Bruket fall attende til garden før 1891.
{6195} År: 1890c
I 1891 budde Eilev Olson Rudningen (1863-1953) og broren Sevat på Rudningane. I 1900 var syskena Eilev og Ingeborg, Mari og Mari på Rudningane.
    Eilev står oppført som sjølveigar, men nokon skøyte er ikkje kjent. Sjå meir om sysken-flokken under år 1871. Eilev Olson kom til Brenno, gnr. 121/6.