Nos, Oppigarden gnr. 120 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nos, Oppigarden gnr. 120 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Oppigarden Noss vart også kalla Haugehuset eller Haugehuso. (M.a. i utskiftingane i 1860-åra og folketeljinga 1900.)
    Etter utskiftinga av innmarka 1903-1908 vart Oppigarden flytta nord på Hagane. Sidan har namnet vore Oppigarden Noss eller berre Haga i daglegtale. Det gamle tunet ("Tuftidn") låg nordvest, litt opp for tunet i Knutsgarden. I det gamle tunet stod stugu, fjøs, stall, låve, stolphus, eldhus, badstugu og smie. Dei andre partane i utskiftinga og staten skulle yte 1380 kr til flyttinga av tunet.
    Oppigarden vart halde attende som 1/4 av hovudbølet då Knutsgarden bnr. 1 vart selt til Knut Larsson Tune i 1778.
    I 1832 vart tilkjøpt 2 3/4 laupsbol frå Arnegard Noss (Av totalt 6 lb.)
    Plassen Einarhuso eller Hagabakkane låg vest ovanfor Hago (eller nord ned for Råen). Tuftene skal enno vera synlege. Truleg var også nordre Rudningane plass under Oppigarden ei tid.
    Husa er våningshus bygt 1893, eldhus 1908, fjøs omkr. 1845, stall 1883, tømmerlåve frå 1825. Eit loft vart selt fyrst på 1900-talet. Kring 2002 vart sett opp stugu og loft frå nordre Svarteberg og ei flott loftstugu frå Tinn.
    Areal 1865: dyrka jord 13 mål, naturleg eng 14 mål, utslått 35 mål. Avling 14 1/2 tunne bygg, 14 tunner potet.
    Areal 1995: 9 mål dyrka jord, 53 mål anna areal, 438 mål produktiv skog og 290 mål anna skog.
    Stølar. Heimstøl på Stavanslettane (hus til nedfalls), langstølar Haga-gjerda på Mjåvassstølen og Galden (Kome frå Bakketeigen, men opphavleg frå nordre Berg i 1791). Båe langstølane vart selde til Myking: Haga-gjerda på Mjåvasstølen (1985) og Galden (1991).
    I 1991 vart eigedomen delt, jordvegen fall attende til Knutsgarden, bnr. 1 og tunet vart fråselt som bustad. (Med hjelp m.a. frå Espen Grønna Brattaker.)
{6196} År: 1778
Ola Knutson Aslaksgard Noss gifte seg til Larsgarden, sjå gnr. 118/1.
    Ola delte frå 3/4 av Aslaksgard Noss i 1778, og held attende 1/4 som vart Oppigarden.
    I 1783 forlanga Johannes Guttormson auksjon over Oppigarden Noss tilhøyrande Ola Knutson Noss. Men ingen vil by på Oppigard Noss etter taksten på 400 rd. Ny takst 340 rd. Asle Larsson Stave fekk tilslaget for 360 rd på 3. gongs opprop. Han selde att 1786 til Knut Larsson Tune i Knutsgarden.
    (I 1784 kjøpte Johannes Guttormson (Holo) bruket Råen på auksjon for 220 rd.)
    Det gjekk ut økonomisk med Ola Knutson, men dattera og mannen overtok Oppigarden kring 1801.
{6197} År: 1782
Knut Larsson Tune i Knutsgarden kjøpte garden på auksjon 1784 hjå Asle Larsson Stave.
    Knut hadde brukar på garden, sjå Steingrim Johanneson på Rudningane.
{6198} År: 1801c
Guri Olsdtr. Noss 26.12. 1766-
Foreldre: Ola Knutson Noss Aslaksgard Oppigard og Guri Larsdtr. Noss.
Gm Ola Nilsson Sandåker Noss Oppigarden 01.10. 1769-1837
Foreldre: Nils Knutson Sandåker og 2.g Margit Syversdtr. Sundre.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Noss Espegard 05.12. 1802-1825
G 1822 m Ola Larsson øvre Espegard, gnr. 70/5.
2. Ola Olson Noss Strand 06.10. 1805-1897
G 1829 m Astrid Mikkelsdtr. Strand. Sjå Bakken Strand, gnr. 123/58 og neste hushald.
3. Birgit Olsdtr. Noss 04.10. 1807-1837f
Ikkje konfirmert, død før 1837.
Ola og Guri gifte seg 1801. Dei har overteke Oppigarden utan heimel hjå far hennar.
    I 1827 kjøpte Ola Nilsson delar av gamle Arnegard Noss for 2,75 laupsbol: Stugu-åkeren, engelandet kring husa, Haga-åkeren med engeland, låven, hestestallen med trev over, smie, bryggerhus. Dertil kom andel i skog og beite.
{6199} År: 1829c
Ola Olson Noss Strand 06.10. 1805-1897
Foreldre: Ola Nilsson Sandåker Oppigarden Noss og Guri Olsdtr. Noss.
Gm Astrid Mikkelsdtr. Strand Noss 16.12. 1812-1895
Foreldre: Mikkel Eilevson Bakken Strand og Rønnaug Sveinsdtr. Slåtta (Ustedalen).
Ola Olson gifte seg 1829 med Astrid Mikkelsdtr. Strand.
    Med henne fekk han også garden Bakken Strand. Dei dreiv båe gardane, men budde nok mest på Strand. Ola vart kalla Bakkemann. Sjå gnr. 123/58.
    Ola overtok den kontrakta som faren fekk på delane av Arnegard Noss i 1827. Såleis har Ola Olson overteke garden mellom 1827 og 1830.
    Sonen Ola hadde Oppigarden utan heimel før han overtok Strand i 1868. Deretter overtok sonen Mikkel Oppigarden. Sjå neste hushald.
{6200} År: 1870c
Mikkel Olson Strand Noss 25.07. 1837-1897
Foreldre: Ola Olson Oppigarden Noss - Strand Bakka og Astrid Mikkelsdtr. Strand.
Gm Astrid Nilsdtr. Skrindo Noss 01.05. 1843-1931
Foreldre: Nils Embrikson Skrindo og Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass.
*Barn
1. Ola Mikkelson Noss 29.03. 1870-1961
G 1915 m Turid Olsdtr. Bakketeigen. Sjå neste hushald.
2. Nils Mikkelson Noss 16.10. 1872-1922
Ugift. Til Am. 1894: farmar ved Newburg, Steele Co, ND.
3. Ragnhild Mikkelsdtr. Noss 01.09. 1875-1876
4. Ola Mikkelson Noss 04.05. 1877-1967
Gm Hannah Sytle 1877-1929. Ingen barn. Til Baudette, MN, sidan Wabanica, Lake of The Woods Co, MN. (809) (820)
5. Embrik Mikkelson Noss 27.04. 1880-1961
G 1912 m Anna Templen, Nissedal, Telemark 1885-1931. Barn: Melvin 1912-1912; Astrid 1913- gm barberar Olaf Vinje (4 barn); Telma 1915- ugift; Nora 1917- gm Arnold Esterby (10 barn).
    Embrik var farmar ved Newburg, ND. (809)
6. Astrid Mikkelsdtr. Noss Øino 09.12. 1883-1968
Gm em Ole Asleson Øino 1861-1930. Sjå Larsgarden Sundre, gnr. 110/32.
7. Ragnhild Mikkelsdtr. Noss Kvinnegard 09.12. 1886-1964
Gm Torleiv Halvorson Kvinnegard 1886-1967. Barn: Astrid 1918- gm Ingvar Foss, Oslo (1 barn).
    Bonde på Bjerke i Galleberg. (1235)
8. Sigrid Mikkelsdtr. Noss 15.10. 1890-1949
Ugift. Død på Hokksund pleieheim 1949.
9. Margit Mikkelsdtr. Noss 01.06. 1894-1980
Ug.
Mikkel og Astrid gifte seg 1869. Dei fekk 9 barn, det siste då Astrid var 51 år gamal!
    Mikkel hadde overteke garden etter broren før 1875. Skøyte fekk han hjå faren i 1892 for kr. 3200 og kår.
   
{6201} År: 1897
Ola Mikkelson Noss 29.03. 1870-1961
Foreldre: Mikkel Olson Strand Oppigarden Noss og Astrid Nilsdtr. Skrindo.
Gm Turid Olsdtr. Bakketeigen Noss 20.02. 1878-1952
Foreldre: Ola Larsson Bakketeigen og Mari Oleivsdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Mikkel Olson Noss 02.03. 1916-1978
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Noss Haga 05.01. 1918-2001
G 1950 m Annie Sandbo frå Drammen. Barn 2. Sjå år 1981.
    Barn m/Marie Brenno: Laila 1941- . (1376) 150
3. Astrid Olsdtr. Noss Grønna 29.09. 1920-2002
G 1952 m Knut Grønna. Sjå eige hushald.
Ola og Turid gifte seg 1915 i Bergen. Ola kjøpte garden i 1897, men fekk skøyte for kr. 3000 i 1943.