Skomakarmoen gnr. 120 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skomakarmoen gnr. 120 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Moen eller Hansemoen var det opphavlege namnet på Skomakarmoen. Hans Smed som kom hit frå Storlien i 1743 skal vera den fyrste rydningsmannen. Hans var på Skomakarmoen 1743 og til 1747.
    Etter skomakaren Asle Lambertson kring 1800 vart bruket kalla Skomakarmoen.
    Opphavleg låg denne husmannsplassen under Knutsgarden Noss. Men i 1815 vart plassen kalla Husemoen. Dette kan tyde på at plassen hadde ei viss tilknytting til Haugehuset (Oppigarden) då Knutsgarden vart delt i 1778.
    Skomakarmoen ligg aust på Brenno-flata og grensar til Helgeplassen (bustadfelt), Pletten, Skomakarmoen bnr. 8, Tveito, Hallebråt og Tveito.
    Frå 1755 har Skomakarmoen vore sjølveigarbruk. I 1886 vart den vestre delen av eigedomen delt frå som Skomakarmoen bnr. 8.
    Areal 1960: omlag 20 mål innmark. 40 mål skog.
    Eigedomen vart lagt ut til tomter omlag 1975. Det attverande tunet er på omlag 4 mål. Stugu vart påbygd 1952, den gamle delen vart rive kring 1970, og den nye vart påbygd 1971. Elles er det eit stolphus frå omlag 1890 og låve frå 1925. Brørne Grue overtok ein skogrem på 44 mål i felleskap i 1976.
    Skomakarmoen var i drift fram til 1963. Sidan vart eigdedomen lagt ut til bustadfelt.
   

{6206} År: 1751

Eivind Sveinson Noss Gunhildgard Granhagen 1719-1785s
Foreldre: Svein Olson Gunhildgard-Noss og Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Ingeborg Eivindsdtr. Gudbrandsgard Hansemoen 1722-
Foreldre: Eivind Olson Gudbrandsgard ('Eivind Fredlaus') og festarmøy Sissel Ellingsdtr. Løken.
*Barn
1. Svein Eivindson Hansemoen 26.01. 1759-
2. Svein Eivindson Hansemoen 28.11. 1762-1842
Truleg ugift. Stod oppført som gamal og på legd i 1836. Død i legd 1842. Ingen barn.

Eivind og Ingeborg fekk to søner, men ingen etterslekt såvidt ein kan sjå.
    Eivind fekk skøyte frå Ola Knutson og Ola Sveinson på eit rydningslende av 5 fjerdingshorn storleik innanfor gjerdesgarden på Noss i 1751. (1148) s 46
    Eivind kjøpte Hanseplassen i 1755 hjå Ola Knutson Noss. Med plassen fylgde alle rettar, dvs åker og eng, hus og hamnegang, samt beiteskog til to kyr. Pris: 40 rd som måtte lånast i 1758. Avl. 1786.
    Eivind og Ingeborg var innerstar på Noss i 1762. Dei fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Eivind står oppført i fattigprotokollen 1780.
    Det vart halde skifte etter Eivind i 1785, men ingen møtte og nytt møte måtte haldast til hausten. Taksten på Hansemoen var 70 rd. Buet var 11 rd underskot etter at Hansemoen var seld på auksjon.

{6207} År: 1786

Asle Lambertson Gjeldokk Hanseplassen 1742-1814
Foreldre: Lambert Kortson Styrkestad Gjeldokk og 2.g Åse Levorsdtr. Dengerud.
Gm Anne Olsdtr. Hove Hanseplassen 17.09. 1747-1789
Foreldre: Ola Aslakson Hove (ungkar) og Birgit Knutsdtr. nedre Sundre.
Gm Guri Olsdtr. Opheim Hanseplassen 03.08. 1749-1810
Foreldre: Ola Halvorson nordre Opheim og 2.g Margit Larsdtr. Opheim (?)
*Barn i fyrste ekteskap
1. Eilev Asleson Hanseplassen Husemoen 1782-
Ugift tenestgut i 1801. Eilev selde Hanseplassen attende til far sin i 1813.
    Eilev var utkommandert til i krigen 1807-14 og var nyleg komen heim att i 1815. Han slo seg då til på Husemoen, der foreldra budde då det var skifte etter dei.
    Sidan ser ein ikkje meir til Eilev. Truleg flytta han ut or bygda.
2. Åse Aslesdtr. Hanseplassen 1785-
Åse var ugift tenestjente på Noss i 1801. Åse var i tenest hjå Selmer på Schinstad gard på Hedmark i 1815.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Aslesdtr. Noss Hanseplassen Haugerud 1793-1851
Gm Eilev Lambertson Haugerud, gnr. 123/51.

Asle og Anne gifte seg 1782. På skiftet etter Anne i 1789 var buet 12 rd.
    Asle vart attgift 1790 med Guri Olsdtr. Vesledalstugu Opheim.
    Asle Lambertson kjøpte Hanseplassen på auksjon i 1786. Takst 1789: 70 rd. Men i folketeljinga 1801 heitte det at Asle var husmann med jord og skomakar. (Han var sjølveigar!)
    Namnet Skomakarmoen kjem av Asle. Sonen Eilev overtok Moen så snøggast, men selde attende til far sin i 1813.
    Syver Herbrandson Pletten kjøpte Moen på auksjon i 1817, han har nok brukt plassen under Pletten nokre år. Dattera Kari Syversdtr. gifte seg i 1833 og overtok bruket, sjå neste hushald.

{6208} År: 1833c

Kari Syversdtr. Pletten Skomakarmoen 27.12. 1811-1894
Foreldre: Syver Herbrandson Håheim Pletten og Ingeborg Nilsdtr. Vangen.
Gm Eilev Olson Ruggeplassen Moen 27.12. 1805-1876
Foreldre: Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen (Rudning) og Margit Eilevsdtr. KanafetMyro.
*Barn
1. Margit Eilevsdtr. Skomakarmoen 27.08. 1833-1836
2. Ingeborg Eilevsdtr. Skomakarmoen Rudningen 14.02. 1835-1890
G 1858 m Ola Sevatson Vangen Rudningen. G 1877 m Ola Larsson Noss Rudningen, gnr. 120/3.
3. Syver Eilevson Skomakarmoen 19.02. 1837-1895
G 1871 m Margit Olsdtr. Larsgarden Sundre. Sjå neste hushald.
4. Margit Eilevsdtr. Skomakarmoen 13.12. 1839-1840
5. Einar Eilevson Skomakermoen Hagajordet 08.12. 1840-1901
G 1874 m Mari Knutsdtr. Lappegard. Sjå Hagajordet, gnr. 128/1e.
6. Margit Eilevsdtr. Skomakarmoen 11.11. 1842-1842
7. Margit Eilevsdtr. Skomakarmoen 26.04. 1844-1909
Ugift og losjerende hjå Syver Eilevson på Moen i 1891. Død på Moen 1909.
8. Guri Eilevsdtr. Skomakarmoen Brennehaugen 21.06. 1852-1928
G 1873 m Sevat Sevatson Råen Brennehaugen d.e.
9. Eilev Eilevson Skomakarmoen 28.04. 1854-1932
Gm Torand Guttormsdtr. Hagaøyen. Sjå Skomakarmoen, bnr. 8.

Eilev og Kari gifte seg i 1833. Dei overtok Skomakarmoen etter far hennar og vart sjølveigarar i 1844.
    Då det var dans på Skomakarmoen i 1860-åra sat Kari gjerne i peisen med ei tyrispik i munnen og lyste for dansarlyden medan ho batt på ein bunding. (Ho strikka.)

{6209} År: 1871

Syver Eilevson Skomakarmoen 19.02. 1837-1895
Foreldre: Eilev Olson Ruggeplass Skomakarmoen og Kari Syversdtr. Pletten.
Gm Margit Olsdtr. Sundre Larsgarden Moen 11.09. 1841-____
Foreldre: Ola Larsson Larsgarden Sundre og Kari Johannesdtr. Urden.
*Barn
1. Kari Syversdtr. Moen 30.09. 1870-1899
Barn: Lars 1893-1895 m Peter Jansen Hagen, (tenestgut hjå J. F. Lundesgaard i Lunner f. 1855).
2. Ola Syverson Moen 29.03. 1872-1931
G 1896 m Borghild Herbrandsdtr. Nedreskorr. Sjå neste hushald.
3. Eilev Syverson Moen 14.07. 1874-1903
Eilev var tjenestegut på søre Lå i 1900. Dagarbeidar og ungkar.
4. Lars Syverson Moen 27.11. 1876-1885
5. Syver Syverson Moen 01.08. 1879-1959
G 1916 m Birgit Olsdtr. ... . G 1930 m Ingeborg Larsdtr. Vangen. Sjå år 1910.
6. Kari Syversdtr. Moen 11.11. 1882-1902
Kari var truleg budeie hjå konsul Bache på Gilhus i Lier i 1900.
    Barn: Sigrid Johannesdtr. ....- og Johan Johanneson ....- .
    Kari var ugift tenestejente då ho døydde i 1902.
7. Margit Syversdtr. Moen 23.09. 1886-
Margit reiste til Drammen i 1910.

Syver og Margit gifte seg i 1871.
    Det budde også to andre familiar på Moen i 1875: a) Eilev Olson kårmann i Veslestugu med kone og to barn. b) Broren Einar Eilevson forpaktar av eit jordstykke, med kone og eit stebarn. Sjå Hagajordet, gnr. 128/1e.
    Syver delte frå Skomakarmoen, bnr. 8 til broren Eilev i 1886 for kr. 350.
    Margit selde Moen til sonen Syver i 1910.

{6210} År: 1895

Ola Syverson Skomakermoen 29.03. 1872-1931
Foreldre: Syver Eilevson Skomakarmoen og Margit Olsdtr. Larsgarden Sundre.
Gm Borghild Herbrandsdtr. Nedreskorr Skomakarmoen 22.03. 1876-1942
Foreldre: Herbrand Knutson Løyte Nedreskorr og Borghild Herbrandsdtr. Høgset.
*Barn
1. Syver Olson Skomakarmoen 09.04. 1899-1899
2. Borghild Olsdtr. Skomakarmoen 19.04. 1902-1903

Ola og Borghild gifte seg i 1896. Ola Syverson overtok bruket utan heimel kring 1895.
    I 1900 var Ola gardbrukar og dagarbeidar medan dreiv Borghild med husflidsarbeid (garn-saum).
    Broren Syver fekk skøyte på Moen hjå mora i 1910. Ola var skomakar i Skriudalen (under Krosshaug) då han døydde i 1931. Borghild fekk seg opp ei liten stugu i Tveito, og budde der. Sidan kom denne stugu til Turrhaug. (Oppl. L. Stavehaug)