Rudningane, søre gnr. 120 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rudningane, søre gnr. 120 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Rudningane var ein husmannsplass under Knutsgarden. Rudningane ligg oppå bakken ovanfor tunet i Knutsgarden.
    I 1892 vart Rudningane frådelt som eige bruk. Kjøparen var tømmermann, truleg har han drive tømrar-arbeid i Knutsgarden. Rudningane vart påkosta nye uthus og sett i stand kring 1920.
    Bruket vart nedlagt som bustad kring 1945. (???)
    Kring 1980 vart delar av eigedomen lagt ut til tomter saman med bustadfeltet Brattebakken.
   

{6228} År: 1870c

Mari Sevatsdtr. Råen Rudningen 22.04. 1842-1892
Foreldre: Sevat Sevatson Vangen Råen og Liv Olsdtr. Asgrimsplass.
Gm Ola Eirikson Ruud HolteRudningen 22.08. 1841-1892
Foreldre: Eirik Olson Kolbjørnstølen Ruud og Sigrid Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Astrid Embriksdtr. Råen Olson 22.03. 1864-1946
G 1887 m Nub Olson Kanafetmyro. Barn: Myrtle 1902- terapeut, gm Bernhard Knudson (6 barn); Selma ....- gm E. F. Sather; Charlotte ....- gm Arthur Nelson; Alida ....- gm Frank Higgins (2 barn); Marie ....- gm Anton Anderson (6 barn); Nora ....- gm Thomas Skadeland; Christine ....- g 1910 m Peter Carlson (6 barn); Mabel ....- gm Knute Haugen (2 barn); Sophia ....- gm Theodore Farland (6 barn); Melvin 1899-1959. (1262), (1745), (1032)
    Til Am. 1886: Astrid og Nub farma nær Clifford, ND.
    Foreldre: Embrik Knutson Dekko (ungkar) og Mari Sevatsdtr. Råen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sigrid Olsdtr. Råen Lobben 22.09. 1868-1891
Gm Olaus Lobben. Til Am. Barn: Sofie Olausdtr. levde i 1909.

Ola og Mari gifte seg i 1868 og fekk eit barn. Frå før hadde Mari dattera Astrid med Embrik Knutson Dekko.
    Ola og Mari var inderstar på Råo fyrste åra. Dei budde på søre Rudningane i 1875. Ola var tømmermann og husmann.
    På Rudningane budde også innersten Torstein Sevatson Råen. Torstein levde av rypefangst og dagarbeid, han vart gift med Mari Olsdtr. på nordre Rudningane og reiste til Amerika. I tillegg budde også dagarbeiderske Gro Sevatsdtr. Vangen (1835-1877) på Rudningane med sine to barn.
    Ola og Mari fekk utflyttingsattest i 1880 og reiste til New York. Dei budde sidan i Portland, ND. (Oppl. av Barbara Raaen)

{6229} År: 1890c

Nils Syverson Kitilsbråten Rudningen 30.05. 1829-1919
Foreldre: Syver Olson Smedsplassen/Kitilsbråten og Birgit Eilevsdtr. Sataøyen.
Gm Guro Holgesdtr. Langeland Rudningen 18.11. 1839-1917
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr. Tveito.

Nils Syverson var husmann i Jøtebakkane i fyrste ekteskapet med Borghild Andersdtr. Jøtebakko, gnr. 117/5a. Nils dreiv som tømmermann i 1865.
    Nils vart attgift 1868 med Birgit Nilsdtr. Tveitemoen. Ingen barn.
    Nils vart attgift 1885 med Guro Holgesdtr. Langeland og flytta til småbruket søre Rudningane.
    Nils fekk skøyte på søre Rudningane i 1897. I 1900 var Nils og Guro på Rudningane saman med sonen hennar. Han fekk overta bruket.