Nos, Arnegard gnr. 121 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nos, Arnegard gnr. 121 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Arnegard Noss hadde 6 laupsbol i landskyld (frå gamalt stundom 12.) og vart skattlagt som halvgard. Garden er fyrst nemnd i diplom frå 1354.
    Arnegard Noss låg vest for Knutsgarden, med tunet i træet opp for Ivarsgarden.
    Husa var i 1827: stugu, stolphus, låve, hestestall med trev, smie, badstugu, bryggerhus, fjøs, heststall med trev.
    Plassar: Brenno eller Moen; Randedokken (selt 1802), Tveitemoen, Hagabakkane.
    Husa i 1827 var: stugu (selt til Tveitemoen), stolphus, låve, 2 hestestallar med trev, smie; badstugu, bryggerhus, fjøs. Åkrane var: Stugu-åkeren; Haga-åkeren; Hallebråtåkeren, Djupseikra.
    Slåttelende: Svartedalen, Einarskorre; slåttemyrar på nordkanten av Jørandstølshaugane, Torsbumyrane (nedanfor langstølen) og Grashalle på Torsbu.
    Areal 1865 (låg saman med Oppigarden Noss): dyrka jord 7 mål, naturleg eng 8 mål, utslått 17 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 7 tunner potet.
    Skog: tre bjørkeskogremmar og to barskogremmar i fylgje skogdelinga frå 1756.
    Stølar. Tidlegare heimstøl var Randedokken. Heimstøl Endrestølen (2 buer, fehus og lu), langstølar på Torsbu: Holu (1 bu, 1 fehus og 1 lu) og Torsbu (1 bu, 1 fehus og 2 lu).
    Arnegard Noss vart delt opp i 1827-1833 og selt ut i smått til grannane. Sjå nedanfor.
   

{6251} År: 1770

Birgit Olsdtr. Noss 1744-
Foreldre: Ola Syverson Rime Noss og Guri Syversdtr. Arnegard Noss.
Gm Ivar Olson Granhagen Noss 1733-1812
Foreldre: truleg Ola Ivarson Granhagen og Jørand Olsdtr. ... .
*Barn
1. Guri Ivarsdtr. Noss Bakketeigen 28.06. 1767-
I 1829 vart Guri ilagt 2 år på tukthuset for "tyvs-medvideri" i saka mot Mikkel A. Lien. (1315)
2. Ola Ivarson Noss Randedokken 03.06. 1768-1809
Ola vart kalla Randeguten. Sjå Randedokken, gnr. 121/7.
3. Ola Ivarson Granhagen 22.10. 1769-
4. Ambjørg Ivarsdtr. Randedokken Granhagen 1777-1868
Barn: Ola Trulsson f. 1800 m/Truls Eivindson Vee.
    G 1811 m enkjemann Ivar Eilevson Granhagen.
    Ho gjekk i dagarbeid for å ernære seg og sonen Ola Trulsson. Ho vart difor rekna som arbeidsledig og idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
    Ho vart kalla Rande-Ambjør, - ein kjent ålingspringar er kalla etter henne. Ho Rande-Ambjør var eit modigt kvennfolk. Ho spente hallingkast som den beste kar, og ho dansa laus med ei mett ølskål i eine hånden og eit fullt drammeglas i hi, utan å spille ein dråpe. (Fortalt av Kristian Øvrevollseie. (1145)
    Ambjørg hadde ein 'kjeft som var usliteleg'. Ho prata i ein foss, og hadde moro av å sysla som 'Kirsten giftekniv'. Ambjørg tok for seg unge jenter og prøvde å vikle seg inn i privatlivet deira. "Ko ska eg sea? Ingen ting? Du meina kji det? E ska vel kji sea at du er vond på'n??"
    I 1865 var Ambjørg enkje og i legd på Halvorsgard.
5. Margit Ivarsdtr. Noss Bakketeigen 1781-
6. Ambjørg Ivarsdtr. Noss 1782-

Ivar var soldat og skreiv seg Granhagen då han og Birgit gifte seg 1764. Fyrste åra budde dei i Bakketeigen.
    Ivar kjøpte 1770 garden Arnegard Noss med plassen Monsebråten hjå Nils Olson Villand Noss for 850 rd.
    Ivar var lagrettemann frå 1773.
    Ivar selde frå Monsemoen m.m. i 1773 til Sevat Olson.
    Og i 1784 selde Ivar 4 1/2 laupsbol i Arnegard Noss til Ola Olson Gunhildgard Noss. Ved denne handelen held Ola att fylgjande: 1/2 laupsbol i garden; den øvre, gamle stugu (som skulle flyttast nord på Hagen); søre og nordre Haga-åkeren; Urde-teigen; Hagabakken nordanfor bekken 'opp i delet mellom Eilev og Lasse (?) bakken'; engeteig og 3 mål slåttemyr under søre Hagaåkeren; rett til å rydde støl ved Torsbu; samt vanlege rettar i skog og hamn. (1206) s 572
    Ivar og Birgit overtok og flytta til stølen Randedokken ein gong mellom 1784 og 1797.
    I 1797 gjorde Ivar slikt forlik med bonden Ola O. Arnegard Noss: Ivar skulle ta på seg årlege skattar (1 ort 12 sk) for Arnegard og RandeDokken. (1407) s 4
    I 1802 selde Ivar RandeDokken til sonen Ola Ivarson.
   

{6252} År: 1784

Ola Olson Noss Holo 11.02. 1753-1831
Foreldre: Ola Tolleivson Breie Gunhildgard Noss og Guri Sevatsdtr. Thon Noss.
Gm Margit Botolvsdtr. Bakketeigen Noss 1757-1803
Foreldre: Botolv Torjusson Helling Bakketeigen Hove og Birgit Henriksdtr. Huus Hove.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Olsdtr. Noss 12.09. 1773-
2. Ola Olson Noss 12.05. 1775-1803
Barn: Ingeborg f. 1794 m/Randi Gunvaldsdtr. Hagen, Birgit f. 1800 m/Guri Ivarsdtr. Noss.
    Gm Birgit Knutsdtr. Leksvol. Sjå neste hushald.
3. Torjus Olson Noss Sandelien 11.10. 1778-1850
G 1814 m Kristi Torsdtr. Helling. Sjå øvre Sandelien, gnr. 52/2.
4. Botolv Olson Noss 26.12. 1781-1810
Ugift. Botolv budde hjå broren i 1801. Truleg død som Botolv O. Bakken i 1810.
5. Sevat Olson Noss Brenno 16.04. 1786-1868
G 1815 m Ambjørg Knutsdtr. Granhagen. Sjå Hallebråt, gnr. 120/2.
6. Eilev Olson Noss Ruud 15.11. 1789-1836
G 1826 m Anne Olsdtr. Halleset. Sjå søre Ruud, gnr. 95/5.
7. Henrik Olson Noss Dusegard 25.11. 1792-
Henrik flytta 1818 til Halden (Fredrikshald) for å gå i fargelære. Fargardreng og busett i Sørum i 1831. Henrik kalla seg Dusegard. Ikkje funnen FT 1865.
8. Lars Olson Noss 28.03. 1796-1796?
9. Lars Olson Noss 08.10. 1797-
Lars var dreng i Sandelien. Til soldat-tenest i Halden (Fredrikshald) i 1820. Ukjent lagnad.

I 1776 vart Ola stevna for 18 rd, 1 kvartel rug og 1 skjeppe erter av Ola Renslo på Gol.
    I 1784 kjøpte Ola Monsemoen, Endrestølen og Torsbu m.m. for 406 rd. Same år fekk han skøyte på 4 1/2 laupsbol i Arnegard Noss hjå faren.
    Ola lånte 299 rd i 1785 mot pant i garden, plassen Hageteigen og Haga-åkeren som Ola hadde i brukeleg pant hjå Ivar Olson Noss.
    I 1788 tok Lars Rime utlegg i garden for 344 rd etter ein gjeldsdom. Grunnlag: 299 rd og omkostningar. Taksten på garden var 650 rd.
    Ola lånte 480 rd i 1792. Ola selde garden til sonen Ola i 1799, og var husmann og kårmann på Noss i 1801.
    Som enkjemann fekk Ola sonen Svein (1805-1806) med Birgit Knutsdtr. Strand. I 1806 vart Ola attgift med enkja Birgit Syversdtr. Kyrkjedelen Holo og flytta til søre Holo, gnr. 51/3.

{6253} År: 1799

Ola Olson Noss Arnegard 12.05. 1775-1803
Foreldre: Ola Olson Arnegard Noss og Margit Botolvsdtr. Bakketeigen.
Gm Birgit Knutsdtr. Leksvol Noss Arnegard 26.12. 1774-1819?
Foreldre: Knut Halvorson søre Leksvol og Gunhild Larsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Ola Olson Noss Arnegard Vestreim 16.08. 1801-1881
G 1830 m Ingeborg Nilsdtr. Gjerdnes. G 1872 m enkje Ingeborg Ivarsdtr. Bøkko, Hol. Sjå Gjerdnes, gnr. 123/45. (Ingeborg Ivarsdtr. var enkje etter Eilev Eilevson Sataøyen, gnr. 32/20.)
    Ola og Ingeborg kjøpte Vestreim i Hol i 1873.
2. Margit Olsdtr. Noss Arnegard Gjerdnes 03.03. 1804-
G 1826 m Holge Nilsson Gjerdnes, gnr. 123/45.

Ola og Birgit hadde to barn. Frå før hadde Ola dattera Ingeborg f. 1794 med Randi Gunvaldsdtr. Hagen, og truleg Birgit f. 1800 med Guri Ivarsdtr. Noss.
    Ola låg i sak om plassen Hagabakken med Nils Eirikson Perplassen. Prokurator Nils F. Archtander vart betalt for fire møter. Denne plassen under Arnegard Noss var bygsla 1796 til Eilev Olson. Men Eilev gjekk stad og selde bygselplassen til Nils Eirikson, og Ola måtte dermed reise søksmål. Det enda med forlik: Nils fekk erstatta sine utbetringar på plassen etter takst.
    Ola overtok garden ved skøyte frå faren i 1799. Pris: 1098 rd. Dokken og Utluteigen var ikkje med i handelen.
    Dattera Margit vart født etter at Ola var død, berre 29 år gamal.
    På skiftet i 1803 var eiga 230 rd netto. Arnegard Noss og plassen Moen vart selt på auksjon til Ola Knutson Noss. Far hans og enkja hans kravde kår av garden. Men dette vart avvist av retten då ikkje var verdiar nok til å dekke kåra. SK 12.10.1803
    Birgit drukna i elva Kvinda i 1819, det skjedde ved Randedokken der ho hadde tilhald. (1016)

{6254} År: 1804

Ola Knutson Noss 11.03. 1772-1809
Foreldre: Knut Larsson Kvinnegard Tune til Knutsgarden Noss og Gro Gunnarsdtr. Åker (Hol).

Ola Knutson overtok Arnegard på auksjon i 1809 for 1222 rd. Han var ugift. Truleg død i Sundrelien i 1809.
    Faren skøytte garden 1809 til broren Ola Knutson.

{6255} År: 1809

Ola Knutson Noss Breiehagen 19.02. 1786-1858
Foreldre: Knut Larsson Kvinnegard Tune Knutsgarden Nos og Gro Gunnarsdtr. Åker.
Gm Lukris Larsdtr. Noss 15.09. 1771-1834
Foreldre: Lars Knutson Noss Torkjellsgard og Ambjørg Larsdtr. Rime.
Gm Anne Sandersdtr. Slettemoen Breiehagen 03.07. 1803-1876
Foreldre: Sander Larsson Nestegard Slettemoen og Gunvor Tolleivsdtr. Slettemoen, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Olson Noss Ødegard 14.10. 1798-1885
Barn: Lukris 1828- m /Kristi Olsdtr. Strand.
    G 1836 m Barbro Olsdtr. Bakkegard 1815-1903. Barn: Guri 1841- ; Ola 1843- til Am.; Lars 1847- gm Guri Pålsdtr. Eilevstølen, gm Guri Sveinsdtr. Gullstein-Verpe; Guri 1858- til Am.
    Knut vart kalla "Gamle-turken". Han kjøpte søre Øygarden i 1838 og nordre Øygarden i Hol i 1859. Til Am. i 1868.
    Om sonen Ola heitte det: han sat i kammerset, spelte fele og dikta spotteviser om folk. Til Am. 1864: Randreau, SD.
   
2. Lars Olson Noss 16.08. 1801-1802
3. Ambjørg Olsdtr. Noss 06.02. 1803-
Gm Eivind Johanneson Strand-eie Tune Perplass. Til Am. Sjå Innerstar Skjerping-eie.
4. Gro Olsdtr. Noss Oyo 23.05. 1805-1894
Barn: Ola 1829- m/Svein Olson Skrattegard.
    G 1838 m Ola Sanderson Øyo, Hol. Barn: Lars 1838, Birgit 1841; Lukris
    G 1856c m Kitil Paulson Tveiten 1831-1896.
    Gro og Ola reiste til Am. i 1847 med tre barn og Ola, sonen hennar. Dei busette seg i Moscow, Iowa Co, Wisc. Då mannen døydde omlag 1854, tok Gro over drifta av farmen.
    Gro vart attgift med Kitil, dei flytta til Iowa. (Sjå 'Glimpses into the Families of Ole Sanderson Øyo, Gro Olsdtr. Breiehagen, Svein Olson Skrattegard and Bergit Olsdtr Kjellargard.')
5. Margit Olsdtr. Noss Breiehagen 27.06. 1807-1843
G 1830 m Tomas Olson Bakkegard Breiehagen, gnr. 128/1.
6. Ola Olson Noss 20.12. 1809-1810
*Barnebarn
1. Ola Sveinson Breiehagen 20.05. 1829-1878
Gm Astrid Julsdtr. Hoverud, N. Aurdal 1836-1878. Barn: Ole 1856-1942 g 1877 m Lisa Turine Hegland (8 barn); Margit 1858-1910 g 1877 m Torgeir Tormodson ('Thomas Evenson') (14 barn); John 1859-1937 g 1887 m Anne Marie Bollerud (8 barn); Gunder/George 1861-1898 g 1883 m Adeline Grimstvedt (10 barn); Gunhild/Julia 1864-1921 g 1888 m Aslak Grimstvedt (7 barn); Even 1866-1940 g 1891 m Klara Mathilde Grimstvedt (6 barn); Anna 1868-1934 g 1893 m Andrew Tvedt (11 barn);
    Elizabeth 1870-1917 g 1891 m Paul Flaten ( 9 barn); Nima 1874-1952 ug. ; Lars/Lewis 1877-1940 gm Karen Ulsrud (13 barn). (1658)
    Foreldre: Svein Olson Skrattegard (ungkar) og Gro Olsdtr. Noss Breiehagen.
    Til Am. 1847 i lag med mora, stefar og halvsysken. Kalla seg Ole Oyo Swenson. Ola døydde i ein syklon som dreiv gjennom Wisconsin i 1878. (843)

Ola og Lukris gifte seg i 1800. I 1809 overtok Ola garden Arnegard Noss hjå faren.
    Lukris døydde juni 1834 etter eit fall på stølsvegen. (I Hallingen står det at ho datt utfor ei røys.)
    Ola skøytte garden til broren Gunnar i 1830 for 800 spd.
    Ola vart attgift 1853 med Anne Sandersdtr. Ingen barn. Ola døydde som kårmann i Breiehagen i 1858. Anne vart attgift 1873 med enkjemann Torkjell Gjermundson Rimejordet.

{6256} År: 1827


Gunnar Knutson Noss (Knutsgarden) Tune fekk skøyte på Arnegard Noss hjå broren i 1830 for 800 spd. Men Gunnar hadde overteke garden kring 1827.
    Gunnar delte opp Arnegard Noss ved eit kommisjons-forlik i 1827 og skøytte bit for bit til grannane 1832-33. Hovudbølet (med skattar av 2 3/4 laupsbol) vart selt til Oppigarden Noss, resten av garden vart tillagt Tveitemoen (7/8 laupsbol), Bakketeigen (3/8 laupsbol), Jøto (5/8 laupsbol) og Tolleivsgarden (1 3/8 laupsbol).
    Dei fem Arnegards-skogteigane i Nasalia kom på handel til andre enn Noss-bønder etterkvart.