Hagabakkane gnr. 121 bnr. 1
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Hagabakkane gnr. 121 bnr. 1b
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Hagabakkane var slåttelende og husmannsplass under Arnegard Noss. (NB. Ikkje under Oppigarden Noss som sume har meint. Tunet til Oppigarden vart flytta nord på Hagane etter utskiftinga i 1908.)
     	Plassen var også kalla Nosse-plassen, Eilevplassen og truleg Einarhuso. Tuftene skal finnast oppi i bakkane nord-ned for Råen.
     	Under Arnegard Noss vart i 1788 nemnt 'underliggende plads Hagetejen og Hageakeren.' Ved bygslinga i 1796 vart Hagabakkane kalla slåttelende. 
     	Hagabakkane var busett i 1770-åra, sidan var plassen nytta til slåttelende.
     
{6257} År: 1775c
 
Eilev Olson Granhagen Vangen     1734c-
Gm Birgit Arnesdtr. Skurdalen. Gm Turid Nilsdtr. Holto. 
Foreldre: Ola ... Granhagen og ...
 
Eilev Olson og andre kona Turid Nilsdtr. Holto var på Nosseplassen i 1777. Dette er  Hagabakkane som Eilev bygsla i 1775. Sjå meir om familien til Eilev under Helgeplassen, gnr. 119/5. 
     	Hagabakkane vart også kalla Einar-huso ei tid. Det er uvisst kven Einar det gjeld, truleg var det kort tid.  
{6258} År: 1796
 
Eilev Olson Vangen bygsla slåttelendet Hagabakkane hjå Ivar Olson Arnegard Noss i 1796. 
     	Eilev selde (!) Hagabakkane til Nils Eirikson Brenno i 1800, men då vart han stevna av Ola Olson Arnegard Noss.
{6259} År: 1800
 
Nils Eirikson Granhagen på Brenno overtok Hagabakkane hjå Eilev Olson i 1800. 
     D.v.s Eilev hadde selt ein plass som han berre hadde bygsla. Bonden reiste sak, og betalte  prokurator Nils F. Archtander for fire rettsmøte.
     	Det enda med forlik: Hagabakkane fall attende til garden og Nils fekk erstatta sine utbetringar på plassen etter takst.