Tveitemoen gnr. 121 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveitemoen gnr. 121 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tveitemoen var husmannsplass under Arnegard Noss. Ved delinga av Arnegard Noss 1827-1833 vart opplyst at Moen hadde steingjerde og tydelege deler kring seg. Husa på plassen hadde husmannen sjølv sett opp. Til plassen høyrde rett til beite og skogsvirke i fem skog-teigar, tre med bjørkeskog og to med barskog.
    Moen skulle betale skattar og avgifter tilsvarande 7/8 laupsbol av dei totalt 6 laupsbol.
    Namnet Tveitemoen kjem at Nils Torson skreiv seg Tveito då han kjøpte Moen i 1833.
    Stugu på Tveitemoen kom frå Arnegard Noss. Stugu vart rekna for stor for Tveitemoen, difor vart ho tømra inn og gjort mindre!
    Areal 1865: dyrka jord 7 1/2 mål, naturleg eng 20 mål. Avling 6 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Støl. Veslestølen inne i Nasalia.
    Tveitemoen var i bruk fram til omkring 1975.
    I 1980-åra vart Tveitemoen ekspropriert til bustadtomter, det gamle tunet skulle stå urørt inn til vidare.

{6260} År: 1791


Nils Holgeson Gjerdnes (1752-1835) kjøpte Nossemoen, dvs. eit jordstykke, fehus, 1 1/2 mål åker, samt påståande skog for 18 rd i 1791. Truleg under Arnegard Noss.

{6261} År: 1830c

Nils Toreson Granhagen/Noss Tveitemoen 17.10. 1784-1849
Foreldre: Tor Nilsson Hestebrekk Trydalen Noss og Ågot Olsdtr. Bjella.
Gm Gunhild Larsdtr. Gjøta Tveitemoen 02.10. 1791-1873
Foreldre: Lars Sevatson Settungsgard Helling Gjøta og Birgit Eivindsdtr. Strand.
*Barn
1. Ola Nilsson Tveitemoen Nobbe 01.03. 1813-1890
G 1845 m enkje Anne Gjermundsdtr. Rimejordet. Ola var husmann i Nobbe, sjå gnr. 116/1b.
2. Ågot Nilsdtr. Tveitemoen 01.10. 1815-1821
3. Birgit Nilsdtr. Tveitemoen Jøtebakko 01.02. 1819-1882s
Barn m/Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes: Lars Knutson f. 1848, sjå barnebarn.
    G 1868 m enkjemann Nils Syverson Jøtebakko, gnr. 117/5a. Ingen barn.
*Barnebarn
1. Lars Knutson Tveitemoen 02.05. 1848-
Gm Guri Knutsdtr. Fetagarden Strand f.1844. Barn: Nils 1868-68; Birgit 1869-70; Berte 1873-1952 gm Knut Larsson Noss (10 barn). (1759)
    Foreldre: Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes (ungkar) og Birgit Nilsdtr. Tveitemoen.
    Lars og Guri reiste til Am. i 1869: Talch Co. Dakota. Lars var gardbrukar og postmeister i Waukon, MN frå 1878. Han oppretta dette poståpneriet, frå 1906 var han forretningsmann i McIntosh, MN. (Ulvestad Bind 2 s 805)

Nils og Gunhild gifte seg i 1813. Nils kjøpte plassen Moen hjå Gunnar Knutson for 156 spd i 1833. Dei husa som var på plassen i 1833 har Nils bygd sjølv sidan han tok plassen i bruk. Ein gamal låve hadde han rive og sett opp att av nytt tømmer.
    Dattera Birgit selde bruket 1870.

{6262} År: 1870

Gro Hansdtr. Sand Tveitemoen 26.05. 1843-1919
Foreldre: Hans Olson Sand og Gro Olsdtr. Nerolshaugen, Hol.
Gm Sevat Eirikson Brenno Tveitemoen 26.07. 1831-1892
Foreldre: Eirik Halvorson Bjella Brenno og Åse Sevatsdtr. Granhagen.
Gm Sevat Ivarson Asgrimplass Brenno 14.10. 1839-1913
Foreldre: Ivar Knutson Berg Asgrimsplass og Ambjørg Sevatsdtr. Granhagen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Eirik Sevatson Tveitemoen 17.04. 1882-1888
2. Hans Sevatson Tveitemoen 26.01. 1885-
Sjå neste hushald.

Sevat var skomakar og plassemann. Sevat kjøpte Tveitemoen 1870 hjå Birgit Nilsdtr.
    Sevat og Gro fekk to barn.
    Gro vart attgift 1895 med enkjemann Sevat Ivarson Asgrimsplass. (Sjå Bruteigen, gnr. 115/2. )