Brenno gnr. 121 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brenno gnr. 121 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Brenno heitte Monse-moen eller Nosse-moen frå gamalt. Sjå nednafor.
    Dette bruket var opphavleg husmannsplass under Arnegard Noss fram til 1773. Monsemoen vart selt attende til Arnegard Noss i 1784.
    Neste frådeling skjedde i 1806. Bruket vart liggande under Knutsgarden Noss frå 1868 til 1873. Sidan den tid var Brenno sjølveigarbruk.
    Areal 1865: dyrka jord 6 mål, naturleg eng 6 mål, utslått 14 mål. 3 tunner bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1960: omlag 8 mål dyrka, 84 mål skog.
    Brenno vart lagt ut til bustadfelt kring 1975. Låve og fjøs vart rive, tømmeret vart brukt til nytt husvære på Beithovdstølen etter at stølsbua brann. Av tunet står att loft og våningshus.
    Stølar. Beithovdstølen, gnr. 117/4 og Stakkestøet (gnr. 119/8 kjøpt hjå Sevat O. Rødningen.)
    Brenno var i drift med kyr og sau fram til 1953, og sidan sauehald fram til 1972.

{6269} År: 1760c


I 1762 budde Holge Eilevson Gjerdnes og kona Ingeborg Nilsdatter på ein plass under Arnegard Noss. (Randedokken eller Brenno.) Sjå meir om dei på Gjerdnes.

{6270} År: 1773

Sevat Olson Granhagen Leksvolplassen 1737-1844
Foreldre: truleg Ola Ivarson Granhagen og Jørand Olsdtr. ... .
Gm Ågot Larsdtr. Veslegard 1742.-
Foreldre: Lars Johanneson Veslegard Sudndalen og Anne Aslaksdtr. Villand, Hol.
*Barn
1. Ola Sevatson Granhagen 15.03. 1767-
2. Lars Sevatson Granhagen 24.11. 1771-
3. Lars Sevatson Granhagen Smedplassen 23.10. 1774-1861
Barn: Tore 1800- m/Kari Olsdtr. Ruud; Knut 1803- m/Sissel Olsdtr. Ruud
    G 1809 m Anne Torsteinsdtr. Lå. Piper-Lars. Sjå Smedplassen, gnr. 110/4.
4. Aslak Sevatson Granhagen 25.04. 1779-
5. Jørand Sevatsdtr. Granhagen Espelunden 15.07. 1781-
Barn: Ågot 1815- m/Kristian Person Jonset ; Anne 1824- m/Ola Olson Helling, sjå barnebarn.
    Jørand budde i Espelunden ei tid, ho var innerst på Hove i 1824. Flytta or bygda.
*Barnebarn
1. Ågot Kristiansdtr. Espelund Satahagen 18.11. 1815-
Barn m/soldat Johannes Kristofferson Froen frå Lier: Maria 1838- .
    Foreldre: Kristian Person Sundre Jonset m/Jørand Sevatsdtr. Espelund.
    Ågot vart skrive Satahagen i 1838. Maria vart konfirmert i Ål i 1853 som Mari Johannesdtr. Sataslåtten. Flytta frå Ål.
2. Anne Olsdtr. Granhagen Haugo 01.10. 1824-1914
Gm Oleiv Solveson Haugo, gnr. 22/53.
    Foreldre: Ola Olson Helling (ungkar) og Jørand Sevatsdtr. Granhagen.

I 1773 kjøpte Sevat plassen Moen hjå broren Ivar Olson på Arnegard Noss. Til plassen låg også Hallebråtsåkeren; Endrestølen; ei halv slåtte under Torsbu, noko grasing under eit berg nedanfor Torsbubekken, hogst av bar og beit og dessutan løyve til å rydde seg støl på Torsbu. Pris 300 rd og dessutan 1 rd årleg kroneskatt og 18 skilling i tiende.
    Sevat hadde fleire barn: Barn: Ola 1763- m/Ågot Larsdtr. Sunndalen (Sudndalen?)
    ; Anne 1788- m/Sigrid Holgesdtr. Gjerdnes Breiehagen og Jørand 1799- m/Birgit Nilsdtr. Vangen.
    Sevat vart skadd av Ola Olson Noss i 1776. Det skjedde i Granhagen i romjula. Ola sa til Sevat: "Du skulle ikkje bruke kniv på umagar!"
    Då spratt Sevat opp frå bordet så lyset datt ned og slokna. Då folk kom til og fekk kveikt lyset att, låg Sevat skadd borte i senga, og avrive hår låg på golvet.
    Sevat sa frå at han held Ola for sin banemann om han skulle døy. Sevat vart sengeliggande ein månad, og var "nærare død enn liv," men kom seg på føtene att. (1374) s 91
    Sevat selde Monsemoen til Ola Olson Arnegard Noss i 1784 for 406 rd, men held attende ein liten jord/skogrem nedunder plassen oppunder steingarden.
    Sevat lånte 10 rd 1786 mot pant i 'eiende rem under Nossemoen.' Jordstykket gjekk opp frå steingarden, øvst i åkeren og derfrå til Trydalsteigen.
    I 1801 var Sevat skreddar og husmann utan jord på søre Strand. Død i Leksvolplassen.

{6271} År: 1790

Nils Eirikson Granhagen Brenno 03.05. 1765-1835.
Foreldre: Eirik Person ... Granhagen og ... ... .
Gm Birgit Olsdtr. Saraøyen Brenno 1771-1847
Foreldre: Ola Johanneson Saraøyen og Margit Tomasdtr. Tronsgard, Gol.
*Barn
1. Birgit Nilsdtr. Noss Jehansgarden 19.06. 1791-1872
G 1813 m Østen Kristenson Syversrud/Jehansgarden, Nes. Barn: Eirik ....- (originalen); ...
2. Margit Nilsdtr. Noss 20.10. 1793-
3. Margit Nilsdtr. Noss Bindarbråten 03.05. 1795-1863
G 1816 m Knut Nilsson Bindarbråten, Rukkedalen i Nes.
4. Anne Nilsdtr. Sundrelien 1799-
Anne reiste ut til tenest. Ukjent lagnad.
5. Eirik Nilsson Sundrelien Rotebakkdokken 15.05. 1806-1806
Død seks veker gamal.
6. Eirik Nilsson Sundrelien Rotebakkdokken 16.08. 1808-1892
G 1830 m Liv Olsdtr. Slåtta under Golberg. Sjå Kapteinstølen, gnr. 110/56 og Rotebakkdokken, gnr. 127/28.
7. Margit Nilsdtr. Sundrelien Rye 02.03. 1812-1893
G 1834 m Knut Tomasson Slåttestølen 1810-1868. Barn: Guri 1835- g 1851 m Eirik Tomasson Tronsgard Slåttestølen, til Am.; Knut 1855- .
    Til Gol som ukonfirmert i 1827. Margit var enkje, gardbrukar og sjølveigar på Rye i Ulnes i 1875.
   

Nils Eirikson husmann under Noss vart bøtelagt 1792 for knivstikk på broren Ola Eirikson.
    Nils vart saksøkt av Ola Olson Arnegard Noss for Hagabakkane. Denne plassen var bygsla 1796 til Eilev Olson. Men Eilev gjekk stad og selde bygselplassen til Nils Eirikson! Saka enda med forlik, og Nils fekk erstatta sine utbetringar på plassen etter takst.
    Julekvelden 1798 var Nils i krangel med Lars Noss. Nils hadde 'udøvet voldsomme og Lovstridige Forhold' og vart innklaga til forlikskommisjonen. Dei gjorde slik semje: Nils skulle bruke Brenno 1 år utan avgift. Så skulle plassen ryddast til faredag 3. mai neste år 'med Huus og Herberge med Krakker, borde og benker, samt ald Åker og Eng.' Deretter skulle Lars betale 70 rd til Nils og overta Brenno. (1407) 26
    Nils lånte 190 rd i 1799 med pant i Hagabakken, eit jordstykke av Monsemoen, 1 hest, 2 kyr, 12 småfe.
    I 1799 kom Nils til forlikskommisjonen med klage på Halvor Granhagen. Kona til Nils hadde nær på vorten skoten, då ho uforvarande kom bort i tråden til eit sjølvskot som Halvor hadde rigga til i heimemarka. (1407)
    I 1800 vart Nils stevna for vill framferd hjå Herbrand Saraøyen i Gol. Herbrand klaga over at han sjølv og kona var "slagne og ilde medhandlede". Nils hadde køyrt inn i stugu deira med hest og slede, - jaga hesten opp i senga til ungane. Så dansa han i brødkorga på bordet, medan huslyden rømde stugu, ... (1407) s 34
    I 1802 møtte Nils og broren Ola hjå forliks-kommisjonen. Ola hadde kome inn til Nils morgonen 17. mai 1802 med slag og skjellsord, deretter tok Ola 3 geiter og jaga bort ein kalv. Saka vart vist til retten.
    Nils og Birgit kjøpte Kapteinstølen eller Larslien, gnr. 110/56 i 1810.
    Birgit vart attgift 1822 med Ola Halvorson Svartebråten på Gol.

{6272} År: 1802


Anders Nilsson Vangen Turrhaug f. 1751 var på Brenno i 1802. Sjå Turrhaug, gnr. 123/29.
    Smeden Anders hadde Svarteboka og kunne løyse den Vonde. Anders hadde ikkje det beste bygdarykte, skreiv E.T. Men han 'hadde godt mål til å syngji.'

{6273} År: 1806

Ivar Eilevson Strand Brenno Minna 1773c-
Foreldre: Eilev Knutson Strand Bakka og Astrid Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Sissel Persdtr. Strand? Granhagen 1769-1810
Foreldre: Per .... ...... .
*Barn
1. Eilev Ivarson Granhagen Minna 26.10. 1794-
Gm Birgit Mikkelsdtr. Hove. Sjå neste hushald.

Ivar bygsla Urdehagen under nordre Strand hjå bror sin i 1799. Ivar fekk skøyte på Moen eller Brenno i 1806.
    Ivar og Sissel budde i 'Granhagen, på Brenno eller på Moen.' Buet etter Sissel var på 11 rd.
    Ivar vart attgift 1811 med Ambjørg Ivarsdtr. Granhagen og kom 1814 til Minna, gnr. 110/57 (og Espelund). Ivar og sonen flytta til Nærøy i 1827.

{6274} År: 1813

Eilev Ivarson Granhagen Minna 26.10. 1794-
Foreldre: Ivar Eilevson Granhagen Urdehagen og Sissel Persdtr. ... .
Gm Birgit Mikkelsdtr. Hove Brenno 16.06. 1793-
Foreldre: Mikkel Toreson Hove og Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Ivar Eilevson Brenno Målvik 07.10. 1815-
Gm ... ... . Husmann med jord i Målvik i Nærøy. Kona er ikkje nemnt i 1865, men husholderska var Inger Jensdtr. med sonen Johan L. Moe.
2. Mikkel Eilevson Brenno 08.09. 1818-
Gm Anne Andreasdtr. ... , Sparbu. Barn: Ingeborg 1860- ; Edvin 1863- ; ...
    Til Nærøy i 1826. Kårmann på Sandviken i Nærøy i 1865.
3. Sissel Eilevsdtr. Brenno 01.10. 1821-
Sissel reiste til Nærøy 1826 med foreldra og tre sysken.
    Gm husmann Samson Olson ... , nordre Bergenhus amt. Barn: Anna 1858- ; Ola 1862- ;
    Samson var husmann med jord under Sandviken i Nærøy.
4. Tore Eilevson Brenno Sandviken 15.01. 1825-
Gm Karen Larsdtr. ... , Verdal f. 1829. Barn: Søren 1855- ; Brede 1861- ; Anton 1864- ; ...
    Tore var gardbrukar på Sandviken i Næræy i 1865.
   
    Eilev og Birgit sine barn i Vikna:
    Svein 1828- gm Johanna Olsdtr. Ramfjord (2 barn); Sevald 1838- . (1620)

Eilev og Birgit gifte seg i 1815. Dei flytta til Nærøy saman med familien i desember 1826.
    I 1865 var Eilev kårmann og enkjemann under Sandviken i Nærøy.

{6275} År: 1834


Eilev Ivarson selde Brenno til Ola Tolleivson Gunhildgard Noss. Han selde vidare same året til Per Knutson.

{6276} År: 1835

Per Knutson Bakketeigen Brenno 28.09. 1788-1871
Foreldre: Knut Person Sundrehagen Bakketeigen og Ambjørg Endresdtr. Liahagen.
Gm Turid Henriksdtr. Huus Brenno 07.10. 1792-1869
Foreldre: Henrik Tolleivson Huus Breiehagen og Birgit Olsdtr. søre Helling.

Per og Turid gifte seg i 1821. Ingen barn, men Per hadde sonen Knut f. 1810 med Anne Olsdtr. Stave. Sjå Drengeplassen, gnr. 116/1a.
    Per hadde vore soldat i krigen 1807-14.
    Per budde på Rime i 1810, og på Råo i 1830. Per kjøpte Brenno i 1834.
    Per selde Brenno til Eirik Hallgrimson Noss i 1868 på vilkår om livsvarig opphald (fletføring) på Noss. Turid døydde som fletføringskone på Noss i 1869.

{6277} År: 1868


Brenno vart liggande under Knutsgarden Noss frå 1868 til 1873.

{6278} År: 1873

Jørand Eiriksdtr. Brenno 24.07. 1841-1876
Foreldre: Eirik Halvorson Bjella Brenno og Åse Sevatsdtr. Granhagen.
Gm Ola Ivarson Noss Knutsgarden Brenno 06.08. 1824-1895
Foreldre: Ivar Knutson Knutsgarden Noss og Anne Aslesdtr. Arnegard.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Brenno 03.10. 1871-
Til Amerika.
2. Gro Olsdtr. Brenno 25.03. 1873-
Gro var i tenest på Torsberg i Skoger i 1900. Gro tok Brenno på odel og reiste til Am. i 1904.
    Gro tok med seg den gamle bunaden. (Mehlum 1911/7)
3. Guri Olsdtr. Brenno 1875-1876

Ola og Jørand gifte seg i 1871. Dei levde i tronge kår. Ola vart kalla Fjotte.
    Dei to døtrene drog til Amerika, men døydde i unge år. (1414) 21