Vangen, søre gnr. 122 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vangen, søre gnr. 122 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Vangen (også kalla Skottebøl-vangen til skilnad frå Vangane under Rime) var truleg eit jordstykke vart frådelt Skottebøl i 1876. (Jfr. Jordstykket nordre Vangen, bnr. 5.)
    Vangen vart 1932 slege saman med Vangodden som hadde vore husmannplass under Nilsegarden. Bruket har sidan hatt namnet Vangodden.
    Det var lite jord til Vangodden, delvis vart bruket drive under Helgeplassen. Eit uthus er truleg frå 1930-åra. Stugu er påbygd kring 1950 og modernisert kring år 2000.

{6320} År: 1849

Martin Larsson Gjerdnesflåte Bråto 08.11. 1820-1887
Foreldre: Lars Olson Busterud, Hønefoss og Guri Olsdtr. .. Bråten (ugift, 80 år og d. 6.12.1869.)
Gm Margit Olsdtr. Asgrimplass Bråto 18.12. 1825-1869
Foreldre: Ola Torsteinson Granhagen Asgrimplass og Åse Eivindsdtr. Stranden.
Gm Kari Torsteinsdtr. Asgrimplass Bråten 21.10. 1844-1906
Foreldre: Torstein Olson Asgrimsplass og Gro Sevatsdtr. Bråten.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Lars Martinson Vangen Vangodden 03.02. 1847-1941
Gm Eli Eilevsdtr. Gjerdnesslåtta. Sjå år 1930c.
2. Guri Martinsdtr. Vangen 29.06. 1850-1935
Ugift. "Store-Guri". Truleg barn: Margit ....- gm Johan Kristoffersen, murarsvein på Benterud. (Ifylje brev av 1914 til Martin Johannesen, son til Kari Martinsdtr.
    Guri budde i Bråto 1891 hjå enkja Kari Torsteinsdtr.
3. Åse Martinsdtr. Vangen 11.03. 1853-1867
4. Ola Martinson Vangen Bråten 22.07. 1855-1942
G 1876 m Gro Eiriksdtr. Brenno, sjå søre Asgrimplass, gnr. 122/4.
5. Guri Martinsdtr. Vangen Bråto 23.04. 1857-1919
Guri var ugift. Barn: Martin 1881- m/Knut Sveinson Fossgard; Margit 1894- m/Oskar Ferdinand Pedersen (skomakar i Bentsegården i Kr.ania). Sjå barnebarn.
    Guri budde på Langelandseie i 1881 og i SundreBråten 1892. Var dette Halte-Guri som budde i kleven på Brennun eller Bruvoll? Død som Guri Martinsdtr. Bråto.
6. Astrid Martinsdtr. Vangen 15.11. 1859-1867
7. Kari Martinsdtr. Vangen Larssen 03.12. 1862-
Barn m Karl August Andreassen Rørviken i Hole: Ola 1884- . Sjå barnebarn.
    G 1889 m em Johannes Larsson frå Värmland 1832-.... . Barn: Ole 1888- ; Alfred 1890-1911 død på sjukehus i Skien; Martin 1895-1951 elektromontør i Oslo, g 1921 m Judith Bjørk (barn: Alfred ....- , Kåre 1923-1999.) (Johannes hadde fem barn frå fyrste ekteskap med Anne Kirstine Olsdtr. Steinsetra. )(Hole I s 380)
    Kari og Johannes budde på Borgenbråten i Hole i 1900, han var husmann med jord, var dessutan på ymse dagarbeid. Dei skreiv seg Larsen, sidan Bråten. Sonen Martin vart sett bort i unge år.(1232)
8. Ola Martinson Vangen Bråten 03.02. 1866-1947
G 1893 m Ingeborg Shelstad ....-1925. Barn: Helmer ....- ; Martin ....- ; ... ....- gm Ira Woodward; Olga ....- gm ... Spiering; ... ....- gm Palmer Warness. (1430)
    Til Am i 1889: Summit, SD. Busett i Lac qui Parle Co.
9. Astrid Martinsdtr. Vangen Frøshaug 22.12. 1868-1960
Gm Nils Larsson Frøshaug, Tyristrand. 4 barn og busett på Støen i Hole i 1900. (1232)
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Martinsdtr. Bråto 22.02. 1874-1874
2. Margit Martinsdtr. Vangen Svenkerud 30.05. 1876-1966
G 1903 m Hans Svenkerud 1881-1911. Barn: Eli 1903- g 1928 m Birger Slette, Norderhov (2 barn); Gunda 1906-1982 g 1930 m Håkon Berntsen Sandlie (6 barn); Inger 1909-1977 g 1941 m Kristian Kristiansen (1 barn). (1666)
    Margit vart tidleg enkje, ho dreiv spinning, strikking og reve-avl. Ho var eit arbeidsjarn. Busett på Kilebakken ved Hønefoss.
3. Torstein Martinson Bråto Støa 08.12. 1876-1958
G 1909 m Anne Marie Kristoffersdtr. Larssen. Sjå Bråto, gnr. 123/32a.
4. Sevat Martinson Bråto 09.01. 1880-
Barn med Mari Torsdtr. ToresgardsMoen: Birgit 1906-1995 gm Johan Søderberg.
    Sevat vart skulda for eit drap. Død i Trondheim som straff-fange. (1556) s53, (1666).
5. Margit Martinsdtr. Bråto 06.02. 1883-1883
*Barnebarn
1. Martin Knutson Langelands-eie Bråto 26.08. 1881-1980
G 1910 m Kari Sevatsdtr. Feten frå Leveld. Sjå Kolbjørnstølen, gnr. 98/1.
2. Ola Karlson Bråto 27.01. 1884-
Foreldre: Karl August Andreassen, Rørviken i Hole (ungkar) og Kari Martinsdtr. Bråten.
    Ola var ugift skomakar-svein i 1900, busett på Øvre Mo i Hole. (1232)
3. Margit Oskarsdtr. Bråto 30.08. 1894-
Margit reiste til Hønefoss i 1913.
    Foreldre: Oskar Ferdinand Pedersen f. 1873 (skomakar i Bentse-gården i Kr.ania) og Guri Martinsdtr. Bråto.

Martin og Margit gifte seg i 1850. Dei fekk ni barn. Martin vart attgift 1872 med Kari Torsteinsdatter Asgrimplass og fekk tre barn med henne.
    I 1849 bygsla Martin plassen LilleVangen frå Tolleiv Hallsteinson Rime. Martin var tømmermann og dreiar. Kari var betlar i 1875.
    Martin skreiv seg Bråto, men var også på Vangen. I 1865 var Martin husmann under Urden. I 1875 budde Martin og familien i 'Martinstua' under løpenr. 305, dvs. Langeland.

{6321} År: 1876

Halvor Larsson Skomakarmoen Pletten 11.04. 1910-1930
Foreldre: Lars Halvorson Pletten (ungkar) og Kari Eilevsdtr. Skomakarmoen.

Halvor var ugift. Bestefaren (med same namn) kjøpte søre Vangen for kr. 420 i 1876. Han budde i Pletten.
    Halvor omkom ved ei skyteulykke sumaren 1930. (967)