Asgrimplass, øvre gnr. 122 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Asgrimplass, øvre gnr. 122 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Asgrimplass var husmannplass under Skottebøl, og vart frå gamalt kalla Haugestugu og sidan Iverstugu. Bruket vart frådelt Skottebøl i 1895.
    Øvre Asgrimplass var den største av Asgrimplassane, men ikkje den opphavlege. Sjå innleiinga til søre Asgrimplass.
    Kring 1960 var buskapen 1 hest, 3 kyr og nokre sauer. Til bruket ligg omlag 100 mål skog.
    Husa var ei gamal stugu, fjøs, låve og stolphus vart bygde av Sevat Sevatson frå 1920 til 1950.
    Stølar. Heimstøl Gamle-Nyset (nedlagt) og langstøl var Fekjo.
{6326} År: 1815c
Knut Larsson Asgrimplass 1793-
Foreldre: Lars ... ... (ungkar) og Guri Olsdtr. Granhagen f. 1753.
Gm Anne Sveinsdtr. Pletten Asgrimplass 1788-
Foreldre: Svein Olson Rygg (Hol) og Ingeborg Rasmusdtr. ... Pletten.
*Barn
1. Svein Knutson Asgrimplass 14.01. 1815-
Til Nærøy i august 1828 med foreldra. Stod oppført som barn på legd 1816-1836.
2. Ola Knutson Asgrimplass 23.01. 1817-
Gm Borghild Ivarsdtr. ... .
    Til Nærøy i august 1828 med foreldra. Stod oppført som barn på legd 1816-1836.
3. Guri Knutsdtr. Asgrimplass 01.12. 1819-1820c
4. Guri Knutsdtr. Asgrimplass 16.07. 1821-
Til Nærøy i august 1828 med foreldra.
5. Eirik Knutson Asgrimplass 19.01. 1824-
Til Nærøy i august 1828 med foreldra.
6. Ingeborg Knutsdtr. Asgrimplass 20.05. 1826-
Til Nærøy i august 1828 med foreldra.
Knut og Anne gifte seg i 1815. Knut skreiv seg Sagen då dei gifte seg, dei budde i Asgrimsplassen, øvre eller søre.
    Anne var født på Grøslie i Flesberg kring 1793. Anne hadde sonen Knut f. 1809 saman med Knut Knutson Randeplassen. (Hans andre, hennar fyrste legemål. Fadderar: Ole Haugen, Henrik, Birgit Sagen.)
    Knut og Anne og fem barn reiste august 1828 til Nærøy.
    I 1865 var Knut husmann under garden Utset på Hitra. Dei hadde ei tenestjente Engeranna Pedersdtr., 1 ku og 3 sauer.
{6327} År: 1860c
Ivar Knutson Berg Asgrimplass 14.01. 1809-1879
Foreldre: Knut Ivarson Espegard (ungkar) og Margit Olsdtr. Storedalsplass.
Gm Ambjørg Sevatsdtr. Hallebråt Asgrimplass 15.04. 1821-1892
Foreldre: Sevat Olson Granhagen Hallebråt og Ambjørg Knutsdtr. Toreplass.
*Barn
1. Sevat Ivarson Asgrimplass Brenno 14.10. 1839-1913
G 1860 m Birgit Larsdtr Hvams-eie, Skurdalen 1839-1894 . Sjå Bruteigen, gnr. 115/2.
    G 1895 m enkje Gro Hansdtr. Sand Brenno. Sjå Tveitemoen, gnr. 121/2.
2. Margit Ivarsdtr. Asgrimplass 16.02. 1842-1919
Margit var ugift. Barn: Jon 1873- m/ungkar Edvard Jonson Brakestad, Frogner; Ingeborg 1866- m/ Magnus Gulsen, Modum, ho vaks opp hjå Nils og Guri Strand, sjå barnebarn.
    Margit var sjukleg og budde i Asgrimplass i 1891.
3. Ambjørg Ivarsdtr. Asgrimplass 05.10. 1844-1871
Ugift. Barn: Birgit f. 1870 m/Gunnar Johanneson Skallehaugen, sjå barnebarn.
    Ambjørg budde i Bråto. Ho let etter seg ei kiste, ein rokk og litt klede. (1028)
4. Ingeborg Ivarsdtr. Asgrimplass 14.08. 1847-
Tenestjente i Bærum. Ho står ikkje i folketeljinga 1900.
5. Knut Ivarson Asgrimplass 21.05. 1852-1873
Ug.
6. Birgit Ivarsdtr. Asgrimplass Moen 16.03. 1856-
Gm Anton Mathiassen Staun, Toten 1856- . Barn: Martin 1887- ; Inga 1892- .
    Anton arbeidde på tresliperi. Dei budde på Bråtenmoen i Norderhov.
7. Ola Ivarson Asgrimplass Langeland 16.03. 1856-1930
G 1886 m Birgit Helgesdtr. sjå Langeland, gnr. 123/30.
   
8. Birgit Ivarsdtr. Asgrimplass Gjerdnes 17.12. 1858-
Barn: Anne 1880- m/Nils Petter Kristofferson Havers-eie, Hole f. 1858.
9. Ivar Ivarson Asgrimplass Kollhus 20.12. 1866-1953
Gm Margit Tolleivsdtr. Helling 1859-1895. Barn: Tolleiv 1888-1922 til Am., farmar Pine Creek, g 1917 m Karen K. Dahl (4 barn); Ambjørg 1890-1923 til Oslo gm Axel Hammergren, Oslo; Ingvald 1892-1960 til Am., jernbane-ingeniør, g 1924 m Marvel M. Constans (2 døtre); Lars 1894-1894.
    G 1896 m enkej Barbro Larsdtr. Ellingbråten Velta 1862-.... . Barn: Knut 1897- bonde på Kollhus, gm Marie Holm; Margit 1898- gm Knut Natten, Flå; Laura 1900- gm Kristen Fossum, Eiker; Lars 1904-194? torpedert under krigen/ eller busett på Vestby i 1966; Kristian 1908- snikker, til Am., g 1947 m Barbara McCullen. (1047) (1245) (1435)220
    Ivar og Margit pakta Lislegård i Tunhovd ei tid. Så kjøpte dei Kollhus i Nes.
*Barnebarn
1. Ingebjørg Magnusdtr. Asgrimplass Strand 28.05. 1866-1912
G 1893 m Knut K. Brennehaugen 1869-1926. Barn: Anston Oliver 1894-1976 gm Kathleen Evans (3 barn); Carl Johannes 1896-1977 gm Selma Hanson (2 barn); Edwin Myron 1897-1994 gm Mathilda Simonson (1 barn); Clara Katherine 1899-1990 g 1926 m Olaf Viken (Ringebu); Melvin Arthur 1902-1991 g 1929 m Lydia Hanson (3 barn); Mabel Gurena 1904-1999 g 1926 John Henry Lee; Helen Louise 1906-1939 g 1931 m Richard J. Agree (3 barn); Ida Lillian 1909-1989 g 1929 m Hjalmar Eide (2 barn); Elmer 1911-1943 soldat i 2. verdskrigen. (1522)
    Ingeborg vaks opp hjå Nils og Guri Strand, og skreiv seg "Ingeborg Strand". Til Am. : 1891. (Hallingen 231 s 15, 269 s 18)
    Foreldre: Magnus Gulsen, Modum (ungkar) og Margit Ivarsdtr. Asgrimsplass.
2. Birgit Gunnarsdtr. Asgrimplass Myron 28.07. 1870-
Gm Ole Myron, postbærar. Barn: Hilda ....- gm ... Startz; ..
    Foreldre: Gunnar Johanneson Skallehaugen (ungkar) og Ambjørg Ivarsdtr. Asgrimsplass.
    I 1875 budde Birgit i Kulutunga saman med faren og stemor og to halvsysken. Til Am.
3. Jon Edvardson Asgrimplass Helling 21.06. 1873-1955
G 1901 m Anne Olsdtr. Hove. Sjå nordre Helling gnr. 106/1 og nordre Kaslegard, gnr. 80/1.
    Foreldre: Edvard Jonson Brakestad, Frogner (ungkar) og Margit Ivarsdtr. Asgrimsplass.
Ivar og Ambjørg gifte seg i 1839. Ivar var heime hjå mora i 17 år, sidan på ymse dagarbeid, m.a. i Hardanger. Kring 1831 vart han utskriven soldat og musketer i Ålske Compani.
    Ivar var i Ylihagen hjå mora i 1837. Hausten 1837 gav Ivar 7 settung potet til Anders Kulutunga. Potetene var ettergravst frå åkeren i Skottebøl, - det skulle lagast brennevin av dei. Ivar var anmeld for dette, men ålmugen sa at slik ettergravst var fri etter skikken i bygda. Ivar hadde berre gode skussmål. (1338) s 1 og 5
    Ivar kom til Asgrimplass kring 1860. Bruket vart kalla Iver-stugu i daglegtale. I 1865 var han sagmeister og husmann i Asgrimplass.
{6328} År: 1895
Gunhild Sevatsdtr. Asgrimplass Kåsalien 21.04. 1867-1900
Foreldre: Sevat Ivarson Asgrimsplass og Birgit Larsdtr. Hansevika frå Uvdal.
Gm Hans Halvorson Kåsalien __.__. 1863-
Foreldre: Halvor Halvorson Kåsalien og Sunnev Johannesdtr. frå Gransherad i Telemark.
*Barn
1. Birgit Hansdtr. Kåsalien 21.07. 1894-
Gm Jon Augustiniussen Bakken. Barn: 1 dotter. Birgit budde på Åmot i Sauland.
2. Sunnev Hansdtr. Kåsalien 08.12. 1897-1899
3. Halvor Hansson Kåsalien 05.08. 1900-1901
Hans og Gunhild gifte seg i 1894. Hans var enkjemann. Han var smed og vart henta til ljå-smia hjå Ola A. Strand.
    Hans kjøpte øvre Asgrimplassen i 1895 for 1340 kr. I 1941 fekk han heimel på bruket. Han selde til Sverre Asgrimplass i 1956.