Skjølet gnr. 122 bnr. 18
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Skjølet gnr. 122 bnr. 18-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Skjølet var husmannsplass under Skottebøl frå 1848 og fram til frådelinga i 1932. Tor Skjølet var ein av dei siste husmennene i Ål.
    Småbruket Skjølet ligg litt opp i lia på vestsida av Strandafjorden. Namnet Skjølet kjem truleg av skjøl, dvs. gangen eller det yttste romet i ei stølsbu. Evt. Eit uthus eller forhus som stod her før Skjølet vart plass. Kanskje var her heimstøl før 1848?
    Areal 1960: omlag 20 mål innmark, derav 10 mål dyrka. Omlag 50 mål skog.
    Areal 1995: dyrka jord 1,6 mål tomt. Våningshuset frå 1939 brann ned i 1987, nytt hus vart bygt 1988.
    Støl. Opphavleg hadde Skjølet stølen Maurevollen på Rødungstølen.
    I 1989 vart resten av eigedomen inklusive skogen selt til Arvid Jonseth. Sjå gnr. 111/6.
    Det meste av jorda har gått med til tomter, vegar og grustak.
{6338} År: 1848
Ola Larsson Myregard Guroplass 29.11. 1820-1892
G 1846 m Guri Olsdtr. Asgrimsplass. Sjå meir om familien på Guroplassen, gnr. 123/31.
Foreldre: Lars Asleson Holto Guroplass Hovda og Margit Olsdtr. Myregard.
Ola Olson og Guri Olsdtr. (Asgrimplass) bygsla 16 mål jord i skogen på Vestsida i 1848 for å rydde ein husmannsplass. Det høyrde med 8 mål voll på Gamle Nyset, rett til å laga årleg 200 lauvkjerv, hamn til 12 storfe, 12 småfe og hest, rett til å slå 3 storrlass i utmarka.
    Dessutan skulle Ola og Guri få bruke eit jordstykke på Maurevollen på Rødungstølen. I leige skulle husmannen arbeide 6 dagar om våren og 6 dagar om hausten på bondens kost. Og han skulle slå 16 mål på Gamle-Nyset. Etter 1854 skulle vårarbeidet aukast til 12 dagar, og slåtten på Gamle-Nyset skulle doblast. Husmannen skulle ikkje få erstatning for utbetringar på plassen!
    Ola fortalde han hadde ein ulveflokk etter seg på den islagte Strandafjorden ein kveld han var på heimveg etter noko arbeid på Skottebøl. Det var berre såvidt han kom unna ulvane.
    Lars og Guri kjøpte Guroplassen i 1856.
{6339} År: 1855
Ola Sveinson Strand Tunehagen 03.03. 1799-1863
Foreldre: Svein Eilevson søre Strand og Birgit Eivindsdtr. Tune.
Gm Anne Olsdtr. Bakketeigen Skjølet 09.09. 1804-1873
Foreldre: Ola Larsson Rimehaugen Bakketeigen og Lukris Knutsdtr. Fetagarden Strand.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Helgelien Åsegards-eie 23.09. 1826-1860
G 1853 m Ola Olson Åsegarden, sjå Sletten, gnr. 22/47.
2. Ola Olson Helling 15.18. 1828-1920
G 1865 m Gunvor Eiriksdtr. Flåten, Lio 1837-.... . Barn: Ola 1868-1872f; Anne 1870-1922 ugift i Drammen; Ola 1872- budde på Geithus, gm Elisabeth ... , Värmland; Ola 1875-1958 bonde på Magnhildøyen, g 1902 m Ingeborg Syversdtr. Tunehagen (4 barn); Svein 1878- dreiv kafe i Lier, gm Barbro Helgesdtr. Robakk, Gol (3 barn); Knut 1883-1962 banevaktar, g 1911 m Torand Hallsteinsdtr. Hjalmen (4 barn), gm Mari Eilevsdtr. Rudningen, Ål. (Hol VI s 725)
    Ola og Gunvor hadde Magnhildøyen i Hol.
3. Lukris Olsdtr. Helgelien Olsen 23.06. 1831-1921
G 1860 Råde m Andreas Olsen ..., Bråten/Strømshaug i Råde 1817-1887. Barn: Sophie 1859-1936 g 1895 m Christian Syversen Skotvedt; Olava 1862- g 1888 m Nils Hansen Starenga (3 barn); Olavus 1864- ug. ; Anton 1866- til Kr.ania; Anne Oline 1869- g 1896 m Johannes Severinsen; Ellen Marie 1871- til V. Aker i 1897; Karoline 1874- g 1896 m Jørgen Martinsen Slangsvold, Råde (6 barn). (1366)
    Det vert fortalt av etterkomerane at foreldra ville gifte bort Lukris til ein eldre mann i Ål. Lukris søkte presten om råd, og rømde deretter til tenest ved prestgarden i Rygge i Østfold i 1859. Andreas var gravar og gardsarbeider. Dei budde i Graverstua, og sidan i Bråten ('Lukris-bingen').
    På sine gamle dagar var Lukris fåmælt og folkesky. Ho var høg og mørk, og brukte skaut då ho farta omkring og selde varer. Lukris hadde nokre sauer og budde i eit lite hus i Råde sentrum. Lukris var streng, men godhjarta.
    Lukris kan ha vorte prega av spøkriet i oppveksten. Ho vart rekna for å vera synsk og ho kunne spå veret. Fleire meiner å ha sett Lukris etter at ho var død. Siste gongen var i 1959. (1044,1155), epost Knut Helge Sandli.
4. Svein Olson Helling 18.05. 1835-1839
5. Ågot Olsdtr. Helgelien Bakkegard 02.06. 1838-1908
Gm Nils Andreasson Branesplassen, Hol 1823-1911. Fosterdotter: Anne 1854- ... ikkje nemnt i 1875. Dei kom til Bakkegard i Hol kring 1869.
6. Tolleiv Olson Helgelien Skrien 15.02. 1843-1912
G 1869 Sigdal m Anne Sebjørnsdtr. Reistadmoen. Sjå Skrien, gnr. 125/12.
7. Knut Olson Helgelien Hushaugen 16.02. 1846-1929
G 1877 m Birgit Larsdtr. Pletten. Sjå Embrikshaugen, gnr. 112/15.
8. Svein Olson Helgelien Skjølet 17.04. 1849-1927
Gm Kristi Larsdtr. Jakopsplassen 1857-.... . Barn: Anne 1883- til Canada, ug. ; Kari 1884-1966 gm Eirik E. Venedokken, gm em Halvor Larsson Sausgardshaugen Haugerud; Ola 1886-1953 til Am., gm Gunhild Olsdtr. Bråten (Nes); Lars 1888- til Am., gm Birgit K. Arnelien; Svein 1889- til Am., gm Ida Eide; Birgit 1891-1903; Kristi 1893- gm Halvor L. Vangen, til Am. ; Halvard 1895-1971 i Kyrudalen, gm Oline Hermansdtr. Hatleli, Fresvik; Ågot 1897- til Am., gm Oskar ... (svensk); Ivar 1899- Am. gm ... .
    Svein kjøpte Kyrudalen (under Sindrol) i Hol i 1882. (1044)
Ola og Anne gifte seg i 1826.
    I 1825 kjøpte Ola garden Helling i Hol på auksjon, men måtte gå frå garden i 1838.
    Foreldra Svein og Birgit var utsett for spøkriet i Tunehago. Dei flytta då opp til Ola på Helling i Hol. Men då byrja spøkriet mest like ille der. (Sjå Hol II s 559).
    I Hallingen for 1927 står det: 'Spøkriet på Tunehago er oppklart'. Lars Gjeldokk hadde motteke eit 'skriftemål' frå ein utvandra åling som hadde arrangert spøkriet for moro skuld. Vedkomande var død før 1927, og var ein 'mand som ingen vilde troet noget slikt om'.
    Ola budde ei tid i nigarde på Sundre som broren Svein hadde kjøpt ein del i. I 1847 kjøpte Ola Helgelien, men i 1855 vart det også her tvangsauksjon. No bygsla Ola plassen Skjølet. (893)
    Ola Sveinson Skjølet døydde av 'frost og hunger på fjeldet i mars i 1863'. Det står i Ål IV s 532 at ein husmann i Skjølet stupte død framma skikjelken då han skulle hente eit fôrlass inne på Maurevollen.
{6340} År: 1862
Ola Sveinson Strand-Tunehagen Helgelien bygsla Skjølet i 1862.
    Sonen Ola Olson (37 år) og kona Gunvor Eiriksdtr. Flåten (Lio i Hol) var husmann i Skjølet i 1865. Nygifte. Gunvor hadde sonen Eirik Amundson hjå seg. Ola og Gunvor kom til Magnhildøyen i Hol.
    Vidare budde kårkona Anne Olsdtr. Tunehagen (enkje etter Ola Sveinson) i Skjølet saman med sonen Tolleiv.
{6341} År: 1877
Ola Olson Hefte Bruteigen 24.04. 1845-1908
Foreldre: Ola Olson Ulshagaplassen og Turid Levorsdtr. Gullhagaplassen Kulutunga.
Ola Olson Hefte og Margit Aslesdtr. Slette gifte seg i 1877.
    Dei budde i Skjølet dei fyrste åra og flytta til Busteteigen (sjå gnr. 115/2) kring 1880. Ola Olson brukte Skjølet framleis i 1900.