Strand, Gudbrandsgard gnr. 123 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Gudbrandsgard gnr. 123 bnr. 0c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gudbrandsgard Strand hadde 24 laupsbol i landskyld og var den største garden i nordre Strand. Gudbrandsgard vert rekna for å vera ein sjølvstendig høgmellomaldergard. (K. O. Solhjell: 1987)
    Sjå også innleiinga til Ambegard og Amundsgard Strand.
    Desse skatta av Strand i 1528: Embrik, Knut, Olaf og Anders. Embrik var truleg i Amundsgard, kvar dei andre sat er uvisst.
    Gudbrandsgard Strand er nemnt i jordebøkene frå 1577. Frå 1608 skatta bonden årleg av 4 skinn, og betalte 1 skilling i frelse (frå ein tidlegare skatt.)
    Gurigard Strand kan ha vore ein del av Gudbrandsgard Strand kring 1615 og framover mot år 1700. Dette er truleg eit enkjesete som var kome på handel.
    I 1650 vart opplyst at Ola Gurigard hadde 3 laupsbol odel i Gudbrandsgard Strand. Elles gjev Gurigard inntrykk av å vera ein sjølvstendig gard med sine 12 laupsbol. Eller så var Gurigard øvre Gudbrandsgard, dvs. motstykket til nedre Gudbrandsgard som vart nemnt i 1617.
    Siste gong ein ser Gurigard nemnt var 1747 då det vart attendekjøpt 2 laupsbol i Gurigard Strand frå Asle Bjørnson Sand. Det ser ut til at Bakken Strand sine 12 laupsbol kom frå det som var Gurigard Strand.
    Deling. Namnet Gudbrandsgard kom or bruk i åra etter 1738 då garden vart delt i to like delar, Fetagarden, gnr. 123/53 og ein halvpart som kom til Amundsgard Strand, sjå gnr. 123/0b.
    Gudbrandsgard hadde skog på sørsida av fjorden, ovanfor gardane og inne på Strandaåsen i nord. Stølane låg på nordsida av dalen.

{6372} År: 1760c

Lukris Olsdtr. Gjeldokk Strand 1715-1773s
Foreldre: Ola Larsson Lå Gjeldokk og Ågot Sevatsdtr. nedre Gjeldokk.
Gm Halvor Jonson Strand 1735-1763
Foreldre: Jon Halvorson Bjella Strand og Birgit Knutsdtr. (Ruud) Larsgarden Strand.
*Barn i andre ekteskap
1. Ågot Halvorsdtr. Strand Tune 25.01. 1761-1802
Gm Tolleiv Eivindson Holto søre Tune, gnr. 124/1.

Lukris vart attgift med Halvor Jonson. Det var skifte etter Halvor alt i 1763. Men dei fekk ei datter.
    Det var dramatikk då likferda etter Lukris Strand køyrde over Stranda-isen på veg til kyrkja. Ein villstyring frå Tunehagen hengde seg bak på sleden til Ola Gullikson Neståker og Eilev Strand, og gav seg til å hogge dei i ryggen med kniv. (1772)
    På skiftet etter Lukris i 1773 var det 353 rd å dele.
    Sjå vidare under Bakken Strand, gnr. 123/58.