Perplassen gnr. 123 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Perplassen gnr. 123 bnr. 6a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Hardtre-plassen vart også kalla Perplassen. Namnet kan koma av Hartre-Per eller "Har-Træet". Sjå om Hartre-Per nedanfor.
    Både Leksvolplassen (Håkonsplassen) og Hardtre-plassen låg under "teigen Tjønndalen" og søre Strand i 1747. Då held Anders Olson (Halvorsgarden Strand, bnr. 6) attende 3 laupsbol i Strand som sann odel då han selde Strand.
    På skiftet etter Botolv Person i 1757 var det berre Håkonsplassen som låg saman med Tjønndalen. "Hartre-per-plassen" var sett bort som brukeleg pant for eit lån på 80 rd, men enkja Ingeborg Andersdatter tok atterhald om odel også til denne plassen.
    Rydningsmannen er nok Per Eirikson (jfr. Perplassen).
{6414} År: 1754
Eirik Person Tjønndalen Perplassen 1721-
Foreldre: Per Eirikson ... Perplassen og Birgit Nilsdtr. Gjerdnes.
Gm Birgit Sevatsdtr. Svillegard Granhagen 1723-
Foreldre: Sevat Nilsson Svillegard og Anne Jonsdtr. ... .
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. Granhagen 29.07. 1747-1746
2. Per Eirikson Granhagen 02.02. 1749-1771
Barn: Eirik f. 1768 m/Sigrid Helgesdtr. Gjerdnes.
    Per vart drepen i eit gravøl på Noss i mars 1771 av Knut Larsson Noss. Knut og Per hadde jamnt vore vener, men denne dagen rauk dei i hop til å slost mellom gjestene midt ute i garden.
    Det byrja med hår-rysking og steinkast og enda med kårde. Per vart liggande på Noss 8 dagar før han døydde. Då hadde dei to prata ut og var forlikte. (1368) del 2 s 12
3. Ivar Eirikson Granhagen Tangane 16.01. 1752-1790f
Gm Halldis Asgrimsdtr. Breiehagen. Sjå Tangeviken, gnr. 127/30.
4. Ola Eirikson Perplassen Granhagen Isungset 1755-1844
Gm Margit Knutsdtr. Knutsgarden Noss. Sjå Granhagen, gnr. 123/6b.
5. Sevat Eirikson Granhagen 19.01. 1755-
G 1793 m Ågot Eilevsdtr. Perplassen. Sjå Granhagen, gnr. 123/6b.
6. Ola Eirikson Granhagen 24.12. 1758-
7. Eilev Eirikson Granhagen Kulutunga 01.01. 1762-1822
Barn m Liv Holgesdtr. Sagen: Embrik.
    G 1789 m Signe Olsdtr. ... . Sjå Kulutunga, gnr. 115/16b.
8. Nils Eirikson Granhagen Brenno 03.05. 1765-1835.
Gm Birgit Olsdtr. Øyen (Eidsgard Gol) f. 1771. Sjå Brenno, gnr. 121/6 og Larslien, gnr. 110/56.
Buet etter mora Birgit var 13 rd i underskot. Den 10 årige Eirik fekk 2 rd og 16 skilling. Kreditorane fekk ingen ting.
    Eirik var handelskar, han dreiv fehandel saman med Ola Bergsgard. Då Ola vart drepen i 1768, reiste Eirik til Bragernes og spora opp uteståande. Dei hadde 62 slaktefe saman.
    I 1754 fekk Eirik brukeleg pant i Tjønndalen eller Perplassen ved å overta eit pantebrev på 20 rd.
    Eirik lånte 100 rd mot pant i Perplassen i 1768, eit nytt lån på 160 rd i 1776.
    I 1780 var det auksjon hjå Eirik Person 'Granhagen'. Plassen vart selt for 165 rd til Knut Myregarden, og Eirik skulle rydde plassen til neste års fare-dag. (1396) s 19
{6415} År: 1780
Knut Larsson Rime Myregarden (1739-1805) kjøpte Perplassen på auksjon i 1780.
    Ein ser ikkje heimelsdokument før neste eigar Lars Gjermundson Bøygard (Finnesgarden) selde til Eivind Guttormson i 1789.
{6416} År: 1789
Eivind Guttormson Holo Strand (1723-1808) hadde 10 laupsbol i Larsgard Strand frå 1761. Sjå meir om han og familien under gnr. 123/8. Eivind selde Larsgarden i 1786, skiftet etter kona Birgit Jonsdatter vart halde i 1789.
    Eivind kjøpte Perplassen 1789 for 120 rd hjå Lars Gjermundson. I 1801 var han husmann utan jord i Perplassen.
{6417} År: 1794
Johannes Anderson Leksvol Perplassen 18.03. 1764-1845
Foreldre: Anders Olson Svarteberg Leksvol og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
Gm Margit Eivindsdtr. Strand Perplassen 1772-1844
Foreldre: Eivind Guttormson Holo Larsgarden Strand og Birgit Jonsdtr. Strand.
*Barn
1. Guttorm Johannesson Perplassen Hansebråten 18.07. 1790-1872f
Barn: Ola 1827- m/ Kari Torsdtr. ... , innerst på Strand.
    G 1829 m Guri Sevatsdtr. Tune. Sjå søre Hansebråten, gnr. 112/23
2. Anders Johannesson Perplassen Belluteigen 11.05. 1794-1853
G 1835 m Birgit Eiriksdtr. Veslestølen. Sjå Belluteigen, gnr. 117/3.
3. Birgit Johannesdtr. Perplassen Kleiven 08.09. 1805-
G 1833 m Sevat Sevatson Kleiven, gnr. 127/17b.
4. Eivind Johannesson Perplassen Skjerping-Eie 25.08. 1807-
Barn: Margit 1828-8 m/Kari Aslesdtr.
    Gm Ambjørg Olsdtr. Breiehagen. Sjå Inderstar, Skjerping-eie.
Johannes eller Jon var soldat kring 1794. Johannes og gifte seg i 1805. Dei budde i Perplassen. Stugu deira stod i vegkanten, og vart kalla "Jon-stugu".
    I 1813 var Johannes svært tunghøyrd, og han klaga over at han "ikke haver det minste av den Magt som en Mand og Husbond tilkommer!" På denne tida hadde dei 'blot tilhold' på Langeland.