Strand, Larsgarden gnr. 123 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Strand, Larsgarden gnr. 123 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Larsgarden Strand var den delen (truleg 12 laupsbol) som Lars Knutson fekk av farsgarden søre-øvre Strand i 1690.
    Ved gardsynet 1738 vart nemnt fire stølsbuer, men ingen støl vart nemnt ved namn.
    Plass: Gjerdnes, bnr. 45.
    Larsgarden var eige bruk fram til samanslåinga med Halvorsgarden Strand, bnr. 6 i 1828. Siste åra vart bruket kalla Torkjellsgarden Strand. Sjå også Storeteig, gnr. 123/17.
{6429} År: 1750
Ola Halvorson Bjella Strand 1705c-
Foreldre: Halvor Endreson Bjella og Birgit Olsdtr. Høva (Nes).
Gm Birgit Olsdtr. Gjeldokk Strand 1710c-
Foreldre: Ola Larsson Lå Gjeldokk og Ågot Sevatsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Strand Tune 1728-
Gm Eirik Sevatson myljo Tune, gnr. 124/8.
2. Ola Olson Strand 1730c-
Ola var på Strand i 1773.
3. Ågot Olsdtr. Strand 1734-
Barn: Kari f. 1769 m/Ola Larsson Bekkestad.
Ola Halvorson Bjella Helling kjøpte garden søre Strand i 1750. Han fekk stadfesta retten sin til garden Strand ved dom i 1752. Same året lånte han 200 rd hjå prestenkja Abel Maria Friis.
    Før dette hadde Ola hatt brukeleg pant i ein Helling-gard.
    Ola og Birgit fekk iallefall tre barn.
    I 1766 kjøpte han også den andre delen av søre-øvre Strand for 960 rd. Sjå Nilsegarden, bnr. 34.
    Ola Halvorson dreiv mykje gardehandel. I 1785 pantsette han Nilsegarden for 400 rd og kjøpte Andersgarden Strand. I 1791 kjøpte han plassen Turrhaug.
{6430} År: 1761
Birgit Jonsdtr. Strand Perplassen 1725c-1789s
Foreldre: Jon Halvorson Bjella Strand og Birgit Knutsdtr. Ruud Strand.
Gm Eivind Guttormson Holo Strand 1723-1808
Foreldre: Guttorm Nilsson Svillegard Holo og 2.g. Halldis Eivindsdtr. Logsengard.
*Barn
1. Guttorm Eivindson Strand 1754-1754
2. Haldis Eivindsdtr. Strand 04.04. 1756-1779
G 1777 m soldat Eirik Eivindson (Ivarson?) Nedremyr eller Strand. Barn: Borghild f. 1789, sjå barnebarn. Haldis døydde i barsel i 1779.
3. Guttorm Eivindson Strand 15.05. 1758-
4. Birgit Eivindsdtr. Strand Jøta 09.01. 1762-1842
Gm Lars Sevatson Settungsgard, sjå Jøta, gnr. 31/1.
5. Lukris Eivindsdtr. Strand Bæra 15.01. 1764-1803
G 1803 m Ola Anderson Gudmundsrud. Sjå Bæra, gnr. 32/10.
6. Margit Eivindsdtr. Strand Perplassen 1772-1844
G 1805 m Johannes Anderson Leksvol Perplassen, gnr. 123/6a.
*Barnebarn
1. Borghild Eiriksdtr. Strand Sundbrei 20.06. 1779-
G 1801 m Eilev Eivindson Medhus Strand Sundbrei. Sjå år 1800.
Eivind og Birgit gifte seg i 1754. I 1758 kjøpte Eivind fylgjande hjå Knut Jonson Strand for 52 rd: Egge-åkeren, engeteigen "Gialderne" (Galdane/Hjellane), Dunflekkteigen med omkringliggande teigar, stølen Mefarningen og tre hustomter i Strand. (1190) s 240
    Eivind kjøpte 10 laupsbol i Larsgard Strand 1761 for 120 rd og lånte seg 160 rd. I 1766 fekk han skøyte på 12 lb. i Larsgard Strand. Så selde Eivind 9 lb. i Larsgarden i 1786, men held att slåttelendet Sokatoll-jøtudn. (Såljukall-jøtudn?)
    Eivind selde plassen Tangeviken til Syver Breie for 99 rd i 1768.
    No gjekk det unnabakke økonomisk med Eivind. I 1789 kjøpte han Persplassen for 120 rd hjå Lars Gjermundson, men måtte låne 88 rd.
    I 1778 vart Eivind stevna for 30 rd av buet etter presten Qvam. Eivind la fram skøytet sitt frå 1766, vedkjende seg rest på skyss- og kyrkjegangspengar, men berre frå 1766.
    Eivind sa på tinget at han hadde burde stevna kontra, men sidan han var "lige saa fattig som enfoldig," så hadde han forsømt seg. Han bad saka utsett så han kunne finne prov. Eivind hadde ikkje brukt garden Larsgard Strand før 1766.
    Knut Asleson Tangen vitna at han og Eivind hadde slege eit engstykke for presten for mange år sidan, for dette fekk Eivind 1 rd hjå presten. Vidare meinte Knut at Eivind hadde levert 2 1/2 tylvt tømmer til presten ved eit høve. Eivind vart dømt til å betale 8 rd av det
    I 1801 var Eivind husmann utan jord i Perplassen.
{6431} År: 1789
Svein Eilevson Noss Granhagen (1757-1852) og gift 1786 med Birgit Eivindsdtr. Tune kjøpte Larsgarden Strand i 1789.
    Svein kjøpte også Tunehagen i 1794. Borghild Eiriksdatter stevna på odel, og den saka enda i høgsterett 1800 med siger for Borghild. Svein og Birgit flytta til Tunehagen, gnr. 124/6 kring 1801. Sjå meir om familien der.
{6432} År: 1800
Borghild Eiriksdtr. Strand Sundbrei 20.06. 1779-
Foreldre: Eirik Eivindson Nedremyr Strand og Haldis Eivindsdtr. Larsgarden Strand.
Gm Eilev Eivindson Mehus Strand __.__. 1772-1864
Foreldre: Eivind Eivindson Kyrkjedelen Mehus og Gro Eivindsdtr. Mehus i Hol.
*Barn
1. Haldis Eilevsdtr. Strand 28.02. 1802-1802
2. Eivind Eilevson Strand 03.04. 1803-1806
Dattera til Haldis Eivindsdatter, Borghild vart tilkjent Strand (9 laupsbol) ved dom i Høgsterett i 1800.
    Eilev og Borghild gifte seg i 1801. Dei hadde kår på Sundbrei eller Bråten. (Helgesonbråten?) Til Nærøy. (Hol III s 593, Ål IV s 546 og 355)
{6433} År: 1822
Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten (1775-1849) makeskifta til seg Larsgarden 1822 mot Bråten under Sundre. Han selde til Tolleiv Knutson i 1828 og reiste til Nærøy i mars 1828 med familien.
{6434} År: 1828
Tolleiv Knutson Skottebøl (1781-1833) (som gifte seg 1807 med enkja på Halvorsgard Strand) kjøpte Larsgarden i 1828 for 800 spd og la gardane saman under Halvorsgarden, bnr. 6.
    Sonen Asle Tolleivson (1809-1889) delte frå noko av båe gardane i 1841 og selde til Eirik Eirikson Skottebøl, dette vart noverande Storeteig, gnr. 123/17.