Brennehaugen gnr. 123 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Brennehaugen gnr. 123 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Plassen Brenna eller Brennun vart selt av Vebjørn Olson søre-øvre Strand i 1758. Truleg har det vore husmenn her før den tid. Brenneplassen har truleg falle attende til garden før 1801.
    Truleg er dette same plassen som Brennehaugen som vart frådelt søre Strand (Aslegarden) i 1875. Plassen vart også kalla Haugen i gamal tid.
    Brennehaugen hadde skogrett og storr-rett oppe i lia ved Kulufossen, ofte måtte dei henta vatn or Tjødndals-olda. Om sumrane fyra dei gjerne med kongler.
    Areal 1960: innmark 11 mål av dette 7 dyrka. 50 mål skog.
    Areal 1995: Innmarka har no vokse til med skog. Skog og utmark 60 da.
    Våningshus skal vera bygt omkring 1815, ombygt 1950 og 1970, loft, driftsbygning omkr. 1940. Brennehaugen var i drift til omlag 1955.
   
{6435} År: 1758
Ola Tolleivson Strand Brenna 1710c-
Foreldre: Tolleiv Olson Ulshagen Aslegarden Strand og Guri Olsdtr. Skottebøl.
Gm Birgit Tolleivsdtr. Breie Brenna 1727c-
Foreldre: Tolleiv Knutson øvre Breie og Gro Olsdtr. Mehus (Hol).
*Barn
1. Gro Olsdtr. Strand 26.04. 1750-
Faddrar 1750: Syver Tolleivson Breie, Ola Knutson Sundbrei, Ola Larsson Sundre, Margit Torgeirsdtr. Tune, Astrid Eilevsdtr. Strand.
Kona til Ola kan vera Birgit Tolleivsdtr.
    Ola vart kalla "Sande-Ola". Ola vart skadd i eit slagsmål med Knut Tangen på Vangen i 1748.
    I 1753 selde han odelsretten til halve Strand (12 lb.) for 99 rd til Knut Hansson og systera på Strand. Ola var leigesoldat på Fredrikshald festning i 1754.
{6436} År: 1773
Truleg har Brenne-plassen falle attende til Aslegarden. Det var ingen husmann her i 1801.
{6437} År: 1807c
Lars Johannesson Helling Brenno 1782-1836
Foreldre: Johannes Larsson Hove Sundremyren Helling mm. og Turid Tolleivsdtr. Huus Bjella.
Gm Ambjørg Tolleivsdtr. Strand Halvorsgard Brenno 23.02. 1783-1840
Foreldre: Tolleiv Halvorson Halvorsgard Strand Myking-eie mm og Gro Larsdtr Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Johannes Larsson Brenno Viken 19.11. 1807-
G 1845 m enkje Gro Sveinsdtr Kjemhus Viken 1779-1870. Johannes flytta til Dagali.
    Dei kjøpte Viken i Uvdal i 1843. 1273)
    På sine gamle dagar selde dei bruket og fekk kår. Johannes reiste vistnok til ein bror i Strandebarm.
2. Tolleiv Larsson Brenno Apaldalen 18.02. 1813-1874
G 1843 m Elseba Samsonsdtr. Apaldalen. Barn: 8.
    Som barn på legd i Vats 1816-1836.
    Tolleiv flytta til Jondalen saman med broren Lars som var lærar. Han dreiv som skomakar og budde på Apaldalen i Jondal.
3. Turid Larsdtr. Brenno Bomberudslåtta 17.10. 1818-
G 1848 m Knut Arneson Moslåtta Bomberudslåtta, gnr. 32/9a. Til Am. i 1870.
    Står oppført som barn på legd 1816-1836.
4. Tolleiv Larsson Brenno 15.10. 1824-1856
Ugift. Han døydde 1856 etter at kameraten Helge Embrikson Embrikshaugen slo han til døde i fylla med ei sårstong. (Dvs. Eit åk til vassbæring)
5. Lars Larsson Brenno Handegard 14.10. 1830-1892
G 1854 m Guro Ivarsdtr. Handegard, Jondalen. Barn: Anna Olina 1853-79; Lars Johannes 1855-1924; Ivar 1858-1940. Han reiste til USA i 1884 og gifte seg der med Anna Ingebriktdtr. Lien frå Ål i 1887. Farmar i Minnesota; Ingeborg 1860-1940; Ola Johannes 1862-85; Ambjørg Maria 1865-93.
    Lars vart foreldrelaus, men byrja tidleg i skreddarlære hjå kyrkjesongar Knut Karlson i Rollag. Underoffiserskulen gav han opp då han ikkje fann seg til rette i Kr.ania. Kom 1850 til Jondalen til broren Tolleiv.
    Dei budde på plassen Plettehaugtræet (?) under Handegard. Lars lærte seg skomakaryrket av broren, og dessutan tok han på seg undervising. Etter godkjent prøve hjå prost Nils Landmark vart han omgangskule-lærar.
    Lars skula i 27 år i Jondalen, og rekna at han hadde hatt 2804 elevar desse åra. Lars sysla med bokbinding, medisinering og lækjing av ymse sjukdomar. Dei kalla han "Skule-Lars". (1253)
Lars og Ambjørg gifte seg i 1807. Lars hadde vore ute i krigen 1807-14.
    Lars døydde i legd på Brenno etter å ha budd på Øvrelå, Hove og Perplassen. Dei var innerstar på 'Brenno Strand' i 1830, og det var truleg det same som Brennehaugen.
    Ambjørg kom til Vangen som enkje med fem barn etter 1836. Ho fekk fattigstøtte, og alle barna vaks opp.
{6438} År: 1825c
Knut Olson Sundremoen Brennehaugen 20.05. 1793-1870
Foreldre: Ola Knutson Moen (Sundremoen) Vangen og Kari Kitilsdtr. Kitilsplass.
Gm Ågot Sevatsdtr. Holo Brennehaugen 05.07. 1801-1875
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk søre Holo og 2.g Birgit Olsdtr. Sundre.
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Brennehaugen Hefte 20.12. 1823-1900
G 1856 m Tor Olson Dokk Skomakarmoen Stakkestøe. Sjå innerstar 'Hefte'.
    Dei var innerstar og flytta mykje, - var på BrenneHaugen 1856; i Thon 1860; på Skomakarmoen 1863; i Hefte 1867 (hjå systera til Kari) og så i Stakkestøet 1867.
    Tor vart sjuk og døydde tidleg, og Kari sat att med fire små barn og den femte var på veg.
    Som enkje budde Kari i Randedokken hjå bror sin nokre år, var sidan på Teigen i Kvinnegardslia. (1408)1919
2. Birgit Knutsdtr. Brennehaugen Gjesthus 15.09. 1825-1892
G 1866 m Ola Helgeson Gjesthus Nestedokken 1830-1886. Barn: Guri 1868- 1962 g 1888 m Ola Håkonson Nymoen, reiste til Am. som enkje med 3 barn, g 1902 m Gilbert Halvorson, (mange barn). (1408) (1431)
    Ola og Birgit kjøpte Gjesthus i Gol, skreiv systersonen i Hallingen 1919.
3. Sevat Knutson Brennehaugen Randedokken 26.03. 1828-1877
G 1864 m Turid Knutsdtr. Huus. Sjå Randedokken, gnr.121/7.
4. Kristi Knutsdtr. Brennehaugen Hefte 28.12. 1830-1917
G 1854 m Anders Ivarson Gjeldokk Hefte, gnr. 114/2.
5. Ola Knutson Brennehaugen 24.08. 1833-1834
6. Helge Knutsdtr. Brennehaugen Furuhaugen 18.05. 1835-1884
G 1858 m Elling Olson Holterudningen 1832-1919. Barn: Ingeborg 1858- gm Eilev Dammyr, Mjøndalen, busett i Odalen; Ågot 1860- gm ... Sandbekk, til Am.
    * Barn i Iungsdalen: Ola 1863-1945 bonde i Furuhaugo, gm Guri Syversdtr. Liahagen, Gol; Margit 1865-1934 gm Eivind Resabakko.
    * Barn i Hemsedal: Knut 1868-1955 til Berget i Gol, g 1896 m Margit H. Berget, Gol; Gro 1871- g 1895 m Ola Rastet, Eiker til Am. ; Sigrid 1875- gm ... , Rukkedalen, til Am. , Birgit 1877- til Canada, gm Gustav Logen, Namdalen; Kari 1879-1887.
    Elling var ein vågehals og ein eventyrar, dei kalla han Galne-Elling i unge år. Sjå meir om han under Sletto, gnr. 94/1.
    Med kone og små ungar budde Elling 5 år på stølen Odden i Iungsdalen (Hol) 1861-66. To barn vart født der inne. Dei onna så dei kunne fø 2 kyr og 1 okse, men det var vanskeleg å få turka høyet der inne. Men det var vel med fisk. Elles måtte dei hente mat frå bygda.
    Siste vinteren i Iungsdalen var det slik uver at dei ikkje kom uttom døra på 15 dagar. Steinbua var mest nedsnøga, så ein dag fekk dei ferskt kjøt ved at det datt ned eit dyr gjennom pipa.
    I 1868 kjøpte Elling plassen Furuhaugo i Hemsedal og flytta dit. Det vart den 17. bustaden deira. I Furuhaugo dreiv Elling rosemåling og treskjæring og vart velstandsmann.
7. Lukris Knutsdtr. Brennehaugen 08.11. 1838-1839
8. Ola Knutson Brennehaugen 06.01. 1840-1906
G 1868 m Oline Fransdtr. Hillestad, Halsnøy 1849-1880. Barn: Knut 1869-1926 g 1893 m Ingeborg Asgrimplass ("Strand") (7 barn); Frank 1870-1950 farmar, g 1894 m Ambjørg/Emma Jellum (7 barn); John 1872-1958 farmar g 1894 m Maria Hanson (5 barn); Lewis 1873-1935 g 1895 m Hanna Olson/Naglestad (7 barn); Aagot Gurene 1875-1898 gm Botolv Anderson Hefte (1 barn).
    G 1880 m Marta Jensdtr. Opstvedt, frå Skånevik 1846-1913. Barn: Lena 1881-1940 g 1913 m Christian Liholmen (1 datter); Johanna 1882-1964 g 1913 m Lars Vatland (3 barn); Jens 1884-1943 g 1913 m Hanna Helgeson (6 barn); Sam 1886-1945 farmar ved Lennox, SD, g 1912 m Alice Hill (4 barn); Carl 1896- . (1408) 1919, (1522), boka: 'Ole Knutson and his family tree'.
    Ola var rosemålar i unge år, museet har eit hengeskåp han har måla. (nr. 3425). Ola utvandra til Amerika i 1861: Grundy Co, Illinois. Ola var murar og farmar. Han kjøpte seg farm nær Inwood, Lyon Co. Iowa.
9. Lukris Knutsdtr. Brennehaugen 30.08. 1842-1907
Barn m/Truls Knutson Slettadn, Gol: Knut Trulsson 1871- død i Am.
    I 1870 var ho bygselkone i Granhagen. Lukris flytta til Gol. Dei siste åra budde ho i ei kårstugu i nødre Sagabråten i Gol. Til Gjesthus.
10. Knut Knutson Brennehaugen 25.07. 1846-1916
Ug. Knut flytta til Am. i 1878: Des Moines, Iowa.
    Knut var ein god skyttar og skiløypar i unge år. Han gjekk målarlære i Stavanger og vart ein etterspurt målar. Det heitte det vart sorg i bygda då han for til Amerika.
    Knut held fram med måling og snikkering o.l. i Am., han laga også feler.
Knut og Ågot gifte seg i 1823. Knut var husmann på Brennehaugen.
{6439} År: 1875
Sevat Sevatson Råen Belluteigen 23.11. 1846-1934
Foreldre: Sevat Sevatson Vangen Råen og Liv Olsdtr. Asgrimsplass.
Gm Guri Eilevsdtr. Skomakarmoen Brennehaugen 21.06. 1852-1928
Foreldre: Eilev Olson Skomakarmoen og Kari Syversdtr. søre Skomakarmoen.
*Barn
1. Sevat Sevatson Råen 11.10. 1873-1875
2. Kari Sevatsdtr. Brennehaugen Råen 12.12. 1874-1956
G 1897 m Anders Anderson Jonsrudningen (Gol), sjå Råen, gnr. 120/9.
3. Liv Sevatsdtr. Brennehaugen Antonsen 06.06. 1877-
Gm Jørgen Antonsen, Konnerud 1877-.... . Barn: Olava 1899- ; Gudrun 1900- ; Anna ....- ; Sigvart ....- ; Anton ....- .
    Liv reiste til Skoger i 1898. Jørgen arbeidde på teglverket, sidan vart han byggmeister. Dei hadde småbruket Skjerpholt på Konnerud.
4. Åse Sevatsdtr. Brennehaugen Eriksen 14.06. 1878-1948
G 1899 m Andreas Eriksen, Skoger. Barn: Edward 1900-1977 g 1920 m Sofie Marie Ek (4 barn); Sverre 1901-1901; Sigvart 1903-1989 gm Anna Karoline Bakaas (3 barn); Johan 1905-1905; Jenny 1906- gm Jakop Wessel Grønvold (2 barn); Gudrun 1909-1987 gm Halvor Enok Sørum, gm .. . (3 barn); Jørgen 1910-1989 gm Inga Ingemoen (6 barn); Oskar 1916-1974 gm Marion Arnestad (1 barn), gm Sigrid Johnsen (5 barn). (1376)697
    Busett på Follum tresliperi i 1900. (1232)
5. Sevat Sevatson Brennehaugen 10.07. 1880-1966
G 1905 m Haldis Olsdtr. Åsmundset. G 1915 m Turid Olsdtr. BruTeigen. Sjå neste hushald.
6. Eilev Sevatson Brennehaugen 24.06. 1883-
Barn m/Barbro Hallsteinsdtr. Gaukedokken: Guri 1910-1957 g 1931 m Lars Olson Haugen, Gol. Barnebarn: Ola 1931- ; Kristi 1933- gm Kåre Lofthus, Holmsbu; Bernt 1936- gm Magnhild Elsrud, Jevnaker.
    G 1911 m Bertha Gudbrandsdtr. Åstangen 1886-1974. Barn: Gudrun 1911- g 1939 m Peder Olsen frå Skudeneshavn (1 datter); Borghild 1920- ugift, bur på Hønefoss.
    Eilev var musikalsk og flink med hendene. Han spikka skjeier og sleiver, og gjorde tre feler. Dei var ei tid i Belluteigen, reiste så til Viul.
    I 1925 kjøpte Eilev bruket Sværi i Sokndalen og var der så lenge dei levde. Eilev dreiv skogsarbeid m.m. Dei plukka blåbær i stor stil, leverte 2000 liter.
7. Margit Sevatsdtr. Brennehaugen 02.03. 1885-1886
8. Margit Sevatsdtr. Brennehaugen 10.01. 1887-1887
9. Margit Sevatsdtr. Brennehaugen Berntsen 23.08. 1888-
G 1913 Ål m Kristian Berntsen frå Lier. (Son til Bernt Johanneson.) Ingen barn.
    Kristian var dagarbeidar i 1913. Dei budde i Drammen.
10. Levor Sevatson Brennehaugen Teigen 25.07. 1890-1947
G 1917 m Birgit Knutsdtr. Øyno. Sjå Belluteigen, gnr. 117/3. NB: Sonen overtok bruket i 1953.
11. Ola Sevatson Brennehaugen 09.08. 1892-1892
12. Guri Sevatsdtr. Brennehaugen Haugen 02.01. 1895-1970
G 1915 m Olav Larsson SausgardHaugen i Hol 1891-1970. Barn: Gunvor 1914- til Sandar, gm Nils Ludvig Jakobsen; Gudrun 1916- til Hurum, gm Aksel W. Sjøberg; Olga 1924-1982 gm Arne Nilsen, Ål (sjå eige hushald under jernbanen); Birgit 1926- til Bærum, gm Sigmund Henrikson Brusletto. (936)
    Olav var treskjærar og torader-spelemann.
Sevat og Guri gifte seg i 1873. Sevat kjøpte Brennehaugen i 1875, - han kom til Belluteigen kring 1894. Ho Guri låg sjuk i mange år.
    Sevat var tømmermann, lærde hjå far sin, arbeidde både snøgt og fint!