Strand, Holtegarden gnr. 123 bnr. 16
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Holtegarden gnr. 123 bnr. 16-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Holtegarden var opphavleg ein del av Halvorsgard Strand. Utpå 1600-talet var det ein eigar av krongodset i garden (sjå bnr. 6), og ein eigar av odels-godset, bnr. 16, men båe gardane vart kalla Halvorsgard Strand.
    I 1713 var det grenseoppgang mellom Øvre- og Nedre-søre Strand.
    Gardsnamnet Urden er brukt matrikkelen 1838 og folketeljinga 1865. Dette namnet viser truleg til den bratte urda ovanfor tunet. Frå og med matrikkelen 1886 står det Uren (Holtegarden). Namnet Holtegarden skriv seg truleg frå Ågot Aslaksdtr. Holto som vart kone på garden i 1835. Ein veit ikkje kvifor dette namnet kom i bruk. .
    Plassar: Langeland, bnr. 16, Guroplassen, bnr. 31.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 55, utslått 36 mål. Avling 20 1/2 tunne bygg og 19 1/2 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål og anna areal 35 mål som vert leigd bort, produktiv skog 221 mål, anna utmark 223 mål.
    Våningshus bygt 1990, driftsbygning frå 1933 (restaurert 2003), stolphus frå omlag 1700. (restaurert og litt flytta i 2003.)
    Stølar. Heimstølen Strandastølen er nedlagt.

{6448} År: 1784


Ola Halvorson Strand (1745-1802) overtok også Strand bnr. 16 etter far sin Halvor Olson Sata Halvorsgard Strand, bnr. 6, kring 1784.
    Andre kona hans, Anne Aslesdatter, vart attgift 1807 med Tolleiv Knutson Skottebøl.

{6449} År: 1807


Tolleiv Knutson Skottebøl (1781-1833) gift 1807 med enkja Anne Aslesdtr. Halvorsgarden på bnr. 6 overtok også halve Halvorsgarden, bnr. 16.
    I 1831 vart garden overført til Anne si datter, Birgit Olsdatter og mannen hennar.

{6450} År: 1831

Birgit Olsdtr. Strand 10.01. 1796-1837
Foreldre: Ola Halvorson Strand Halvorsgard og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Ola Sveinson Sundbrei Strand 11.06. 1811-1834
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
*Barn
1. Ola Olson Strand 14.06. 1831-1898
G 1860 m enkje Annette Petersdtr. Aas, Hønefoss 1829-1874. Barn: Ole Peter 1861-1877; Karl Oscar 1863-1863; Karl Oscar 1864-1866; Karl Oscar 1866- ; Anton 1869-1949 g 1891 m Emma Olivia Bratland (13 barn); Peter Bernadotte 1873-1939. (1498)
    G 1877 m enkje Gro Syversdtr. Breieeikro. Ingen barn.
    Om Ola heitte det at han spelte fele for Kongen. Det skjedde truleg medan han gjekk på underoffiser-skulen i Kr.ania i 1856. I 1865 var Ola handelsborgar og budde på Hønefoss. Ola var oppsynsmann under kanalarbeidet i Ådalselva.
    I 1867 reiste Ola til Amerika og fekk seg farm i Wisconsin. Gro kom til Ola som hushalderske då Anette gjekk bort. Homestead 1892: Bear Creek, Ettrick, Wisc. Farmen er no nedlagt og husa borte.

Ola og Birgit gifte seg i 1831. Ola Sveinson kjøpte halvparten av ein skogrem (breidde 8 snorer á 48 alen) i Strandalien, stølen Fekjane og fiske i Flåtetjernet hjå Ola Olson Strand i 1832.
    Neste år selde Ola Sveinson det same attende til Ola Olson (den same?) for 80 spd. Til stølen Fekjane låg det hamnerett til 'det som fødes på ein gard av 8 løbel skyld.'
    Ola dreiv som hestehandlar. Ein gong Ola var på Kongsbergmarken, vart han for sein med å koma seg innanfor byporten om kvelden. Men Ola ville inn att, og greidde det både han og hesten. For dette rabalderet fekk han ei bot på 10 daler.
    Ola kunne vera noko uvøren, - ein gong reid han hesten sin på bakføtene under Drammens-marken. Hesten fall overende og Ola fekk han over seg. Han fekk då ein helse-knekk.
    Ola Sveinson møtte på skiftet etter Tolleiv K. Strand i 1835 og kravde 18 års tenesteløn á 8 rd for kona Birgit. (Dvs. Frå 1812 til giftarmålet i 1831 hadde ho vore tenestjente hjå stefaren og mora, og det hadde vore gratis-arbeid.)
    Ola døydde på handelsferd i Kr.ania hausten 1834. Mellombels gjeld 1834: 79 spd. Det står at 'avdøde sto i innviklede retsforhold.' Ola vart kalla "Sumreien," han var dessutan ein god spelemann.
    Birgit døydde på Kongsberg sjukehus hausten 1837. Sonen Ola var då 6 1/2 år og var hjå halvbror til Birgit, Asle Tolleivson Strand. Knut Eirikson Skottebøl kjøpte garden hjå enkja i 1837. (Takst: 1000 spd.)

{6451} År: 1838

Knut Eirikson Skottebøl Strand 18.01. 1811-1896
Foreldre: Eirik Knutson Skottebøl og Guro Eiriksdtr. Svenkerud (Nes).
Gm Ågot Aslaksdtr. Holto Strand 14.02. 1810-1863
Foreldre: Aslak Larsson Svarteberg søre Holto og Margit Ivarsdtr. Espegard.
Gm Gro Holgesdtr. Langeland Strand 09.08. 1837-1922
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr. Langeland.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Knutsdtr. Strand 07.12. 1835-1836
2. Eirik Knutson Strand 25.04. 1840-1862
Eirik var døvstum.
3. Margit Knutsdtr. Strand 11.06. 1842-1863f
Margit var døvstum.
4. Svein Knutson Strand 07.03. 1845-1845
*Barn i andre ekteskap
1. Guro Knutsdtr. Strand Noss 20.09. 1869-
G 1887 m Knut Henrikson Noss Tune. Barn: Henry 1887-1903; Gurine 1890-1935 g 1910 m Harry Hagy busett Gary, MN (8 barn); Carl 1893-1953; Gyda 1897-1979 gm Robert Otterness, busett Minneapolis; Inga 1900-1966, busett Minneapolis; Elvina 1905-1957; Theodore 1907-1998 busett Oregon; Edward 1910-1995 gm Clarice Johnson, busett Plaza, ND (2 barn). (1228)
    Guro og Knut reiste til Am. i 1887: Parshall, ND. Død i McLean i ND.

Knut og Ågot gifte seg i 1835. Dei fekk fire barn. Ågot var frå Holto, og kan vera grunnen til at garden vart kalla Holtegarden. (?)
    Aslak Pålson f. 1834 brukte garden i 1865, og reiste snart til Amerika. (Pål var ein son Ågot hadde med Pål Botolvson Trintrud.) Aslak Pålson kjøpte ein del av Nilsegarden (bnr. 35 - løpenr. 309c) hjå Ola Torsteinson Strand i 1854. Knut Eirikson overtok dette kring 1859.
    Knut vart attgift 1867 med Gro og fekk ei datter med henne.
    Kring 1870 delte Knut frå fleire jordstykke frå garden. I 1878 selde han garden til svogeren for kr. 3400 og kår.

{6452} År: 1878

Holge Holgeson Langeland 04.02. 1844-1925
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr. Tveito.

Holge kjøpte Holtegarden i 1878. To etter kjøpte seljaren garden attende på auksjon for 2960 kr. I 1897 vart Holtegarden selt på auksjon pånytt til O. A. Øino.
    Holge gifte seg 1882 med Kari Bråten, 1854-1916 og reiste til Amerika same året. Barn: Henry 1886-1938 farmar; Olga 1892-1951 gm Arnold Gaarder (barn: ...); Albert 1893-1965 formann Minnesota Highway dep. ;Theodore/Bert 1897-1934 apotekar.
    Holge var pionerfarmar i Roscoe, Goodhue Co. MN. Fleire av barna tok namnet Langland. Sonen Henry deltok i III. infantery 28 div. i fyrste verdskrigen. (1350)

{6453} År: 1897


Landhandlar Ola Asleson Øino (1861-1930) kjøpte Holtegarden for 3850 i 1897. Han hadde brukar på garden. Ola selde Holtegarden og kjøpte Larsgarden Sundre i 1908.