Holmen og Morehaugen gnr. 123 bnr. 16
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Holmen og Morehaugen gnr. 123 bnr. 16c
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Husmannsplassen Holmen ligg ned for Holtegarden, ved Strandafjorden. Plassen låg under noverande Holtegarden. Det syner svakt etter ei tuft i austre enden av Holmen.
    Holmen var bebudd i 1865, ikkje 1875, men truleg 1891. Om sjølve plassen var nedlagt, så var nok stugu i bruk framover.
    Morehaugen var ein annan mellombels bustad under Strand. Det er oppgjeve at grannane til Morehaugen var Gjerdnes og Langeland. Moregut-åkeren på Langeland er eit minne om folket her.
{6458} År: 1820c
Guro Torsteinsdtr. Langeland Morehaugen 11.05. 1794-1861
Foreldre: Torstein Knutson Langeland Perstølen og Guri Olsdtr. Perstølen.
*Barn
1. Ola Knutson Granhagen Morehaugen 20.06. 1824-1873
Foreldre: Knut Holgeson Huushaugen (ungkar) og Guro Torsteinsdtr. Langeland.
Guro Torsteinsdatter var ugift. Ho budde i ei stugu på Langeland saman med sonen Ola.
    Guro hadde fattigstøtte i mange år, død som Moreplassen.
    Ola vart kalla More-guten. Han var musketer (soldat) i unge år, sidan lausgjengar og spelemann. Av uviss grunn sat han på tukthuset i Kr.ania i 1865.
    Ola hadde sonen Knut f. 1855-1938 med Guri Persdtr. Turkarstad. Knut vart poståpnar i Sarnia, Nelson Co. Sjå Løk-jordet, gnr. 58/4a.
    I august 1873 ville Ola setja nye strenger på fela si. Men båten kantra då Ola skulle ro over fjorden til felespelaren Asle L. Øyno. Ola drukna, men fela held han fast i hendene. (967)
{6459} År: 1865
Lars Olson Sundremoen (1790-1881) vart attgift med Sissel Olsdtr. Strand Holto (1810-1876) i 1857. Ho var enkje etter Ola Nilsson Holterudningen.
    Lars og Sissel budde på husmannsplassen Holmen under Strand i 1865. Lars døydde i Sandehuset i 1881. Sjå Sandehuset, gnr. 111/7.
{6460} År: 1890c
Ola Ivarson Asgrimplass (1856-1930) og familien som kom til Turrhaug budde under eller ved Langeland i folketeljinga i 1891. Sjå meir om familien under Turrhaug, gnr. 123/29.