Storeteig gnr. 123 bnr. 17
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Storeteig gnr. 123 bnr. 17-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruket Storeteig vart 1841 frådelt Torkjellsgarden Strand som delar av Torkjellsgarden, Halvorsgarden og Aslegarden. Dette er truleg hovudbølet i Torkjellsgarden/Larsgarden Strand, sjå bnr. 8 år 1828.
    I 1865 vart bruket kalla 'Torkjellsgarden og Halvorsgarden.' Namnet Storeteig kom i bruk før 1886.
    Areal 1865: dyrka jord 9 mål, naturleg eng 12 mål, utslått 21 mål. Avling 9 tunner bygg 6 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 250 mål. Buskap 12 vinterfôra sauer.
    Husa er: våningshus bygt 1982, gamal stugu, låve med fjøs, garasje.
{6461} År: 1841
Mari Olsdtr. Strand Storeteig 09.11. 1813-
Foreldre: Ola Knutson Fetagarden Strand og Mari Olsdtr. Lofthus.
Gm Eirik Eirikson Skottebøl Strand 23.09. 1812-1842
Foreldre: Eirik Knutson Skottebøl og Guro Eiriksdtr. Svenkerud (Nes).
Gm Asle Olson Strand Teigen 14.04. 1819-
Foreldre: Ola Asleson Aslegard Strand og Ingeborg Sveinsdtr. Sundbrei.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Eirikson Strand 28.11. 1837-
Til Amerika 1857 med mor og stefar.
2. Mari Eiriksdtr. Strand 06.10. 1839-
Til Amerika 1857 med mor og stefar.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Asleson Strand 14.12. 1843-1906
Gm Brita Olsdtr. nedre Lysne, Lærdal 1845-1928. Til Am. Ola var borgar-krigsveteran. (1015)
2. Ingeborg Aslesdtr. Strand Lysne 27.06. 1846-
Gm Jens Olson nedre Lysne 1842-.... frå Lærdal. (Bror til brorkona.) Barn: 4. Dei budde i Red Wing. (Lærdal II s 223)
3. Guro Aslesdtr. Strand Frøyslie 15.09. 1849-1919
G 1868 m Hans Johnson Frøyslie, Land 1844-1919. Barn: Julius ....- ; Alfred Otto 1871- prest, gm ... ... (son: brigade-general Bernhard Johnson); Edwin ....- ;Wilford Alphons ....- prest; Clara ....- gm Nils L. Nagelsen. (Notat 1496)
    Guro reiste til Am. 1856. Hans var tingskrivar i Goodhue Co..
4. Eirik Asleson Strand 12.04. 1853-____
Eirik og Mari fekk to barn. Eirik kjøpte Storeteig hjå Asle Tolleivson Strand i 1841. Eirik vart ingen gamal mann. Doktor C. Eger frå Nes kravde buet 83 skilling for to turar og ymse medisin. (M.a. 'spansk flue' for 36 sk. )
    Mari vart attgift med Asle Olson. (Som skreiv seg Teigen i 1861.) Til Amerika 1857 med barna.
{6462} År: 1857
Tor Olson Bjella Storeteig 29.04. 1827-1902
Foreldre: Ola Olson Bjella Strand og Mari Olsdtr. Lå.
Gm Margit Olsdtr. Lå øvre Storeteig 29.09. 1831-1872
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Mari Torsdtr. Storeteig Lappemoen 19.04. 1854-1928
G 1877 m Ørjans Embrikson Jøta Lappemoen, gnr. 90/1b.
2. Margit Torsdtr. Lå øvre 01.06. 1855-1867
3. Birgit Torsdtr. Storeteig 10.12. 1858-1866
4. Birgit Torsdtr. Storeteig Stave 11.06. 1862-1940
G 1891 m Ola Embrikson søre Stave, gnr. 114/1.
5. Ola Toreson Storeteig 24.05. 1865-1867
6. Ola Torson Storeteig Strand 18.04. 1868-1927
Ug. Sjå neste hushald.
Tor og Mari gifte seg i 1854. Dei var på Lå dei fyrste åra. Av seks barn vaks tre opp. Dei skreiv seg Teigen eller Storeteig.
    Tor kjøpte Storeteig i 1857.
    Tor vart attgift 1873 med Borghild Embriksdtr. Ulshagen. Sjå Bakkeplass, gnr. 49/6.
{6463} År: 1892c
Ola Torson Storeteig Strand 18.04. 1868-1927
Foreldre: Tore Olson Bjella Storeteig og Mari Olsdtr. ØvreLå.
Ola Torson skreiv seg Strand. Han var ugift. Ola var gardbrukar i 1900, men hadde ikkje heimel.
    Ola selde Storeteig 1901 til lærar Ivar Helgesen. Død 1927 som småbrukar.
    Ivar Helgesen (1865-1947) bygde hus i Storeteig, men miste alt ved odelssøksmål.