Turrhaug gnr. 123 bnr. 29
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Turrhaug gnr. 123 bnr. 29-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Turrhaug var eit lite småbruk aust i Granhagen. T
    Ein handels-kar frå Øvre-Ål kom ruslande oppover vegen gjennom Grånhagen. Ved Turrhaug fall desse orda:
    "Det va nok ein skarkji for Turrhaug at Strånd kom i frå!" (Fortalt av Leif Stave)
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, natuleg eng 6 mål. Avling 2 tunner bygg og 1 tunne potet.
    Kommunen kjøpte eit stykke av Turrhaug, truleg kring 1920. Omlag 1970 vart halve bruket lagt ut til tomter.

{6469} År: 1750c

Ola Turrhaug 1720c-
Foreldre: ... ...

Ola Turrhaug vart dømt til å betale konsumpsjonsskatt i 1752.

{6470} År: 1775

Anders Nilsson Vangen Brenno 1751-1810s
Foreldre: Nils Hansson Storlien Skomakarmoen Vangen og Ambjørg Holgesdtr. Vangen.
Gm Liv Endresdtr. Liahagen Vangen 12.08. 1753-
Foreldre: Endre Larsson Helling Liahagen og Gro Herbrandsdtr. Bråtalien.
*Barn
1. Nils Anderson Vangen Skottebøl-eie 06.10. 1782-1844
Barn: Nils f. 1810 med Turid Tolleivsdtr. Vangen.
    G 1813 m Lukris Knutsdtr. Ulshagen. Sjå nedre Asgrimplassen, gnr. 122/15.
2. Anders Anderson Vangen 1786-1816
Ugift. Barn: Liv 1816- m/ Mari Persdtr. Sundre; Ragnhild ....- m/Kristi Olsdtr. Helling.
    På skiftet etter Anders i 1816 fekk Mari Persdtr. Sundre og Kristi Olsdtr. Helling utlagt omlag 8 spd kvar til fosterløn. Buet vart tilslutt 30 spd i underskot.
3. Endre Anderson Vangen 1791-1801f
4. Endre Anderson Vangen 1796-
Utflytt til Namdalen i 1825. Ugift legdemann på Flereng i Nærøy i 1865.

Anders var med på brennevins-kontroll i 1789. Han og nokre likesinna hadde teke på seg kontrollen for lensmannen, men det vart herjing og eit fælt rabalder med rettsleg avhøyr etterpå. (1673)23
    Anders brukte kniv på Sevat Eirikson Granhagen, og vart sendt på tukthuset i 1792.
    Anders selde plassen Turrhaug med Grothovstølet (?) til Ola Halvorson Strand i 1791. Truleg budde Anders på Brenno i 1802.
    Anders var smed som far sin. Han hadde Svarteboka og kunne løyse den Vonde. 'Ikkje det beste bygdarykte,' skreiv E.T. Bekkestad om han, men så legg han til: 'Hadde godt mål til å syngji!'

{6471} År: 1791


Ola Halvorson Halvorsgard Strand (1745-1802) kjøpte plassen Turrhaug med Grothovstølet (?) i 1791 for 49 rd og 2 ort årleg skattehjelp til bonden i Nilsegard Strand hjå Anders Nilsson Vangen.

{6472} År: 1810

Kari Olsdtr. Langeland Turrhaug 22.11. 1778-1834
Foreldre: Ola Knutson Langeland d.e og Gro Sevatsdtr. Settungsgard.

Kari var ugift. Ho hadde dattera Margit Eiriksdtr. f. 1806 og gm matros Johan Johansen Sande frå Borre f. 1822. Sjå barnebarn under Langeland.
    Kari budde på plassen Turrhaug, ho var vistnok eigar, men sat utan skøyte eller heimel. Ho var lenge sjuk og sengeliggande, og måtte selja lausøyre for å få mat. Etterkvart fekk ho støtte frå fattigvesenet.

{6473} År: 1846c

Per Botolvson Botolvshuset Turrhaug 1794-1873
Foreldre: Botolv Person Kvelprud Botolvshuset og Birgit Olsdtr. Botolvshuset.
Gm Astrid Torsdtr. Langeland Turrhaug 21.10. 1804-1875
Foreldre: Tor Larsson Strand Bakketeigen Turrhaug og Ågot Eilevsdtr. Strand Bakka.
*Barn
1. Botolv Person Turrhaug 01.04. 1846-1894
Gm Marta Nilsdtr. Traa f. 1848. Barn: Anna Pernilda 1878- ug. busett i Valevåg; Nils Mandius 1880- på Omastrand, g 1900 m Anne T. Gjerde; Peder Olai ....- til Etne; Marta 1884- ug. i Stavanger; Ola 1886- til Valevåg, g 1918 m Herborg Ingebrektsdtr. Vik.
    Botolv kom til Hardanger i 1877. Han vart båtbyggjar i Jondal. Han og Marta overtok heimebruket hennar, Skarpen under Trå i 1892. Marta selde bruket i 1897 som enkje. (Olav Kolltveit: Jondal s 472)
*Barn elles
1. Ågot Kitilsdtr. Strand Turrhaug 15.05. 1836-
Ugift. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Kitil Nilsson Gjerdnes Hefte (ungkar) og Astrid Torsdtr. Strand.
2. Knut Hansson Turrhaug 07.04. 1840-
G 1860 m Gro 'Gurine' Helgesdtr. Øyen. Sjå Helgeplassen, gnr. 119/5.
    Foreldre: Hans Knutson ... Hefte (ungkar) og Astrid Torsdtr. Strand.

Per og Astrid gifte seg i 1845. Dei var innerstar på Strand i 1846, budde truleg på Turrhaug.
    Frå 8-års alderen måtte Per greie seg sjølv sidan foreldra sleit på ein liten fjellplass i stor armod. Per tok på seg gjæting og liknande arbeid, men måtte også tigge for å halde liv i seg dei fyrste åra.
    Etter tre år konfirmasjonsførebuing gav Per opp. Han var stam og litt tunglært og presten nekta å sleppe han fram. Og i 1833 vart Per stevna for retten avdi han var 'uvillig til at søge skole og lade sig forberede til Confirmasjon.'
    Or kyrkjeboka for Kr.ania tukthus : Per B. døypt 1794 er 'innsatt for at konfirmeres.'Der skulle han sitja 'så lang tid som Tukthus-Directionen bestemmer.' Per var nyleg var komen heim frå tukthuset i 1837.
    Per hadde talefeil, og det førte til at folk herma etter han.

{6474} År: 1875c

Ågot Kitilsdtr. Strand Turrhaug 15.05. 1836-
Foreldre: Kitil Nilsson Gjerdnes Hefte (ungkar) og Astrid Torsdtr. Strand.
*Barn
1. Tor Kristianson Turrhaug 20.08. 1856-
Foreldre: Kristian Johanneson (ungkar) og Ågot Kitilsdtr. Øvstrud-eie frå Hol prgj.
2. Ågot Sveinsdtr. Turrhaug Borgevad 25.07. 1868-1944
Gm Teodor Rasmussen Borgevad, Ø. Eiker 1863-1942. Barn: Ragnvald 1892-1947 gardbrukar, gm Petra Sofie Johansen Brastad (5 barn); Anna 1895-1987 ug, husbestyrar; Thora 1896-1979 ug, forretningsdrivande; Sigrid 1899-1976 ug, småbrukar saman med Karl; Karl 1901-1966 ugift, småbrukar/fabrikkarbeidar; Olaf 1902-1993 fabrikkarbeidar, gm Hilda Halvorsen; Ragna 1904-1981 gm Hans Haugen; Kristiane 1906- gm Åge Frydenberg; Martha 1908-1998 gm Henry Moen frå Geithus, forretningsdrivande i Asker (2 barn). (851) (1647)203, (1815)
    Ågot flytta ut i 1891 til ekteskap. Teodor var cellulosearbeidar/hovslager og jordbrukar på Borgevad på Modum i 1900.
    Foreldre: Svein Knutson Tunehago (ungkar) og Ågot Kitilsdtr. Turrhaug.

Ågot var ugift, men hadde fire barn. Sonen Anders Sveinson (far: ein ukjent Svein Sveinson Strand-eie) vart døypt 1859 i Haug kyrkje. I 1875 var også sonen Kitil Syverson f. 1862 i Norderhov i Turrhaug.
    Denne Svein Sveinson står som eigar i 1886-matrikkelen. Men ved FT 1891 var berre Ågot og dattera Ågot på Turrhaug. Ho levde av handarbeid og almisser.
    Før 1900 hadde Ågot flytta til dattera i Bingen, Skotselv.
   

{6475} År: 1895c

Ola Ivarson Asgrimplass Turrhaug 16.03. 1856-1930
Foreldre: Ivar Knutson Berg Asgrimsplass og Ambjørg Sevatsdtr. Granhagen.
Gm Birgit Holgesdtr. Langeland Turrhaug 15.04. 1863-1903
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr. Langeland.
*Barn
1. Holge Olson Turrhaug 16.05. 1886-
Vaks ikkje opp.
2. Holge Olson Turrhaug 08.03. 1889-
Gm Berthe Andersen f. i Hedmark i 1884 . Barn: Ola 1914- ; Bjarne 1915- ; Birger 1917- ; Margit Gunvor 1919- ; Anny Synnøve 1921- ; Birgit 1925- .
    Holge flytta til Strømmen stasjon i 1914. Busett i Sørkedalen, Oslo.
3. Margit Olsdtr. Turrhaug 25.10. 1890-1892
4. Ivar Olson Turrhaug 16.05. 1894-1897
5. Ola Olson Turrhaug 11.01. 1896-1897
6. Guro Olsdtr. Turrhaug Johansen 15.02. 1898-1982
Barn m/Bjarne Aleksander Gustavson, Sverige: Birgit 1927- var gm Berger Kauserud (3 barn), g 1964 m Angel Nydal, busett Lundesnes.
    G 1942 Ulleren m Albert Johannes Johansen 1877-1947. Barn: Aslaug 1931- gm John Mehlum (4 barn); Johnny 1933- ug. møbeltapetserar; Ove 1936- ugift maskinist; Gunnar 1939- ugift banemann på Øvrevoll galoppbane; Ellen 1941- ug. (1 barn). (1646)
    Guro reiste ut or bygda i unge år. Ingen av slekta har høyrt frå henne eller broren Helge.
    I eit brev vart ho kalla Gudrun. (1023)
    Guro og Albert budde i gamle Voksen mølle, Oslo. Guro vaska, Albert arbeidde på Bogstad gard.
    gunnar og ove 22503067
7. Gro Olsdtr. Turrhaug 19.01. 1900-1903

Ola og Birgit gifte seg i 1886. Dei var på Langeland ei tid, kom til Turrhaug kring 1895.
    Ola var snikkar og småbrukar. Han laga også feler. Ei fele er på Ål bygdamuseum.
    Kommunen overtok bruket. ???? (Ål IV s 564)