Langeland gnr. 123 bnr. 30
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Langeland gnr. 123 bnr. 30-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
I 1633 fekk Håvard Ivarson på Skottebøl 'Langård slåtte og Grenn' i pant for 30 rd.
    I 1731 var Langeland ei eng og ein plass under Larsgarden Strand. På den tida vart det gjerne skrive 'Langeg: kaldet og Langegard-plassen.'
    Ein veit ikkje korleis namnet Langegard-plassen har kome til, det kan vera feilskrive for Langeland, eller det kan vera forveksling med Gjerdnesslåtta eller heimstølen som vart kalla Langegardslåtta etter ein eigar som var frå Langegard i Vats. Men han kom ikkje dit før i 1740-åra.
    I 1783 vart 'eiende plads Langegard under Strand' pantsett for 40 rd av 'Ole Aasen Strand.' Om det skulle stå 'Ola Olson' så høver ikkje dette med korkje med Langeland eller aktuelle bønder på søre-nedre Strand.
    Langeland var husmannsplass under Larsgarden Strand før 1751. Namnet Langeland er ikkje av den gamle land-typen. Namnet kjem av lendet der bruket ligg. Langeland si innmark ligg 'langs med land' eller ved Strandafjorden.
    Areal 1865: dyrka jord 7 mål, naturleg eng 10 mål, utslått 3 mål. Avling 6 tunner bygg og 4 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 8 mål som vert lånt bort, produktiv skog 700 mål, anna utmark 37 mål.
    Tunet står truleg på opphavleg stad. Våningshus bygt 1973, eldhus, loft og låve. Stugu og fjøs var i dårleg stand og vart rive.
    Morehaugen var ein liten bustad på eller ved Langeland. Namnet lever enno i stadnamnet Moregut-åkeren. Sjå under husmannsplassen Holmen, gnr. 123/16c.
    Langeland hadde ingen støl, men frå 1952 vart nedre Rimeslåtta, gnr. 115/10 nytta som underbruk eller støl. Langeland var i bruk fram til omlag 1970.
{6480} År: 1751
Knut Olson Sundre Langeland 1722-
Foreldre: Ola Knutson nordre Strand og Torand Olsdtr. ... .
Gm Margit Torsteinsdtr. ... Langeland 1708.-1787
Foreldre: Torstein ...
*Barn
1. Ola Knutson Langeland 1743c-1809
G 1775 m Gro Sevatsdtr. Settungsgard. Sjå neste hushald.
2. Ola Knutson Langeland 1744c-1767
Barn m/Sigrid Olsdtr. ... Breie: Ola f. 1767.
    Ola vart drepen av Ola Torgeirson Sundbrei på HelligTrekongeDags-kvelden 1766. Dei rauk i hop uti garden på Sundbrei, og rulla ned på ei åkrereine.
    Det kom folk til og fekk skilt karane. Då hadde båe knivstikk, men Ola Knutson hadde eit hol i halsen. Folk kvidde seg for å hente presten grunna slagsmålet. Torkjell Rime og regiment-feltskjær Gierdtzmann stellte såret, men Ola døydde vel tre veker etterpå. (1288) s 73-79
3. Torstein Knutson Øyen Langeland Perstølen 03.11. 1748-
G 1778 m Guri Olsdtr. Perstølen. Sjå Perstølen, gnr. 125/2.
4. Ivar Knutson Langeland Bjella 21.11. 1751-1839
G 1784 m Kristi Holgesdtr. Sundrelien. Læraren. Sjå Bjella, gnr. 104/2 og Randedokken, gnr. 121/7.
5. Birgit Knutsdtr. Langeland 29.11. 1758-1758
6. Birgit Knutsdtr. Langeland 14.08. 1763-
Truleg konfirmert i 1782.
Knut Olson Langeland vitna 1768 at han var omlag 50 år og født på Sundre. Men broren Anders knytter han til Strand. Faddrar 1748: Sindre Larsson Hagen, Henrik Embrikson, Halvor Syverson Sundre, Margit Knutsdtr. Sundre, Guri Larsdtr. Sundre.
    Knut fekk skøyte på Langeland 1751 hjå Knut Eivindson for 60 rd. Knut budde på Sundre eller Øyen fyrste tida.
    Knut Olson var noko vill i unge år. I 1754 gav Knut broren Anders dødeleg skade med kniv. Etterpå sette Knut seg hjå festarjenta si. Ho sat og gret, og sa til Knut: "Du har gjort nok!" Knut svara: "Det er ikkje verdt å gråte for den dag ein ikkje har sett."
    Anders døydde etter 8 dagar, og Knut rømde. Korkje han eller vitnene møtte til vitneopptak i juni 1755. Saka vart utsett til ekstratinget i oktober 1755. Ingen visste kvar Knut oppheld seg.
    Knut må ha gjort opp for seg seinare. For i 1762 lånte han 40 rd mot pant i 'eiende plass' Langeland og Helgebråto. Nytt lån på 99 rd mot pant i det same i 1772.
    Margit vitna 1768 i åstadsak på nordre Hove. Såleis kunne ein tru at Margit var frå Hove eller Øvre-Ål, men det har ikkje lykkast å plassere henne i nokon familie.
    Sonen Ivar hadde Langeland ei kort tid, før sonen Ola overtok kring 1775.
{6481} År: 1775c
Ola Knutson Langeland 1743c-1809
Foreldre: Knut Olson .... Langeland og Margit Torsteinsdtr. ... .
Gm Gro Sevatsdtr. Settungsgard Langeland 06.02. 1746-1832
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Gunhild Olsdtr. Langeland Hefte 24.11. 1776-1825
G 1804 m Håkon Jonson Hefte, gnr. 114/2.
2. Kari Olsdtr. Langeland Turrhaug 22.11. 1778-1834
Barn m/Eirik Nilsson Krosshaug: Margit f. 1806. Barn med Nils Knutson Granhagen: Birgit f. 1816, sjå barnebarn.
    Kari budde på plassen Turrhaug, ho var vistnok eigar, men sat utan heimel. Ho var lenge sjuk og sengeliggande, og måtte selja lausøyre for å få mat.
3. Knut Olson Langeland 04.11. 1781-1802
4. Sevat Olson Langeland Granhagen 22.08. 1784-
G 1816 m Kari Olsdtr. Huus. Sjå TjønndalsBråten, gnr. 123/32a.
5. Margit Olsdtr. Langeland 12.05. 1788-1801f
6. Lars Olson Langeland Kveno 01.06. 1789-1839
Gm Margit Torsteinsdtr. Sando. Sjå Kveno, gnr. 107/8a.
*Barnebarn
1. Margit Eiriksdtr. Langeland 26.05. 1806-
Margit flytta til Tranby i Lier i 1827. G 1844 Ål m matros Johan Johansen Sande frå Borre f. 1822.
    Foreldre: Eirik Nilsson Krosshaug (ungkar) og Kari Olsdtr. Langeland.
2. Birgit Nilsdtr. Langeland 06.10. 1816-
Truleg gm Johannes Andersen, sagbruksarbeidar frå V. Aker. Barn: Anders 1846- ; Karl 1849- ; Nils 1851- ; Lina 1856- .
    Birgit dreiv grønsakhandel i Kr.ania i 1865. Truleg død som husmannskone med jord på Årvoll i 1891.
    Foreldre: Nils Knutson Granhagen (ungkar) og Kari Olsdtr. Langeland.
Ola og Gro gifte seg i 1775. Ola og Gro hadde barn på legd kring 1800. Det var 292 rd å dele etter Ola i 1809.
    Gro døydde på legd i Breie-fjerdingen i 1832 etter langvarig sjukdom.
{6482} År: 1809
Gm Ågot Nilsdtr. Gullhagen Langeland 27.09. 1772-1854
Foreldre: Nils Olson Gudbrandsgard Gullhagen og Kristi Ellingsdtr. Løken.
Fyrste mannen til Ågot skal ha vore Tolleiv Knutson. Det framgår ingen kjelde for denne opplysninga i Ål IV s 571. Ingen høveleg kar er tilgjengeleg.
    Men i 1820 vart Ågot vart attgift med Ola Sevatson Granhagen.
{6483} År: 1810
Tor Larsson Rimehaugen Strand 13.09. 1772-
Foreldre: Lars Olson Rimehaug Bakketeigen og Anne Toresdtr. Huus.
Gm Ågot Eilevsdtr. Strand Haugerud 20.11. 1774-1834
Foreldre: Eilev Knutson Strand Bakka og Astrid Mikkelsdtr. Underberg.
*Barn
1. Astrid Torsdtr. Langeland Turrhaug 21.10. 1804-1875
Barn m/Kitil Nilsson Gjerdnes: Ågot f. 1836; barn m/Hans Knutson Strand Hefte: Knut f. 1840. sjå barnebarn.
    G 1845 m Per Botolvson Botolvshuset Turrhaug, gnr. 123/29.
   
2. Anne Torsdtr. Langeland Haugerud 29.03. 1807-____
G 1840 m Knut Sveinson Reinton Tunehagen, gnr. 124/5.
3. Eilev Torson Langeland Haugerud 06.04. 1810-
Gm ... ... . Barn: ...... . ('Hvis navn ikke vides' i 1868.)
    Eilev reiste 1826 til Skouge (Skoger?) sokn.
4. Birgit Torsdtr. Langeland Bjørum 12.06. 1817-
G 1841 m Håkon Arneson Økri Bjørum. Dei var busett i Bærum i 1868. (1034)
*Barnebarn
1. Ågot Kitilsdtr. Strand Turrhaug 15.05. 1836-
Barn: ... ; Barn m/Christian Johannesen: Thor 1856- ; barn m/Svein Sveinson "Strand-eie": Anders f. 1859 døypt i Haug kyrkje; barn m/Svein Knutson Tunehago: Ågot Sveinsdtr. Turrhaug 1868- .
    Ågot var mykje i vinden. Dattera Ågot var hennar 4. legemål.
    Foreldre: Kitil Nilsson Gjerdnes Hefte (ungkar) og Astrid Torsdtr. Strand.
Tor Larsson og Ågot Eilevsdatter budde i Langeland ei tid kring 1810. Han var dagarbeidar i 1801, kva dei levde av seinare er ukjent.
    Etterkvart flytta dei til Haugerud, heller ikkje der hadde hadde han bygsel eller skøyte. Ågot døydde i Haugerud av nervefeber 1834.
{6484} År: 1820
Ågot Nilsdtr. Gullhagen Langeland 27.09. 1772-1854
Foreldre: Nils Olson Gudbrandsgard Gullhagen og Kristi Ellingsdtr. Løken.
Gm Ola Sevatson Granhagen Langeland 27.06. 1784-1868
Foreldre: Sevat Olson Granhagen (Leksvolplassen) og Birgit Nilsdtr. Sandåker.
Ågot vart attgift 1820 med Ola Sevatson. Arven etter Ågot skulle stå uoppsagt så lenge enkjemannen Ola Sevatson levde. (780)
   
{6485} År: 1839
Holge Holgeson HusHaugen Langeland 10.11. 1799-1865
Foreldre: Holge Knutson Vangen HusHaugen og Guro Knutsdtr. Hushaugen.
Gm Margit Olsdtr. Tveito Langeland 14.10. 1820-1892
Foreldre: Ola Embrikson søre Tveito og Gro Fingarsdtr. Baklien.
*Barn
1. Gro Holgesdtr. Langeland Strand 09.08. 1837-1922
G 1867 m em. Knut Eirikson Strand. Sjå Holtegarden, gnr. 123/16.
2. Guro Holgesdtr. Langeland Rudningen 18.11. 1839-1917
Barn: Ola f. 1869 m/Halvor Eirikson Brenno, sjå barnebarn.
    G 1885 m enkjemann Nils Syverson Jøtebakko, gnr. 117/5a og søre Rudningane, gnr. 120/10.
3. Ola Holgeson Langeland Vangen 14.10. 1841-1924
G 1867 m Guri Olsdtr. Holmen. Sjå neste hushald.
4. Holge Holgeson Langeland 04.02. 1844-1925
G 1882 m Kari Bråten, 1854-1916. Barn: Henry 1886-1938 farmar; Olga 1892-1951 gm Arnold Gaarder/Gorder ( .. barn); Albert 1893-1965 formann Minnesota Highway dep.; Theodore/Bert 1897-1934 apotekar.
    Holge reiste til Am. i 1880 og vart pionerfarmar i Roscoe, Goodhue Co. MN. Fleire av barna tok namnet Langland. (1350) Sonen Henry deltok i 1. verdskrigen.
5. Henrik Holgeson Langeland 01.06. 1846-1938
Ugift. Sjukleg. Arva i 1892.
6. Nils Holgeson Langeland 11.06. 1849-1925
G 1876 m Anne Olsdtr. Hallebråt/Nobben. Barn: Margit 1876- ; Helge 1879-1961; Ola 1882- gm ... ... (barn: .....).
    Nils og Anne forpakta Hallebråt 1879. Nils reiste aleine til Amerika i 1880 og tok seg land i Waukon, MN. Han kom heim 1882 og henta familien. Farmar i Gary, MN.
7. Ågot Holgesdtr. Langeland SundreBråten 19.09. 1851-1940
G 1888 m Ola Olson Rueslåtta SundreBråten 1852-1941. Barn: Ågot 1880- ; Holge 1881-, sjå barnebarn. Barn i Am.: 6, derav: Alma 1895-1896; Oliver 1889-1890; ....
    Ågot var i Am. i 1892. Dei farma i Nedstrand og Ness i MN. Gravlagt Nes lut. kyrkje Gary, MN. (967)
8. Sissel Holgesdtr. Langeland Brenno 21.08. 1854-1926
G 1876 m Eirik Eirikson Brenno, gnr. 118/5.
9. Embrik Holgeson Langeland 12.06. 1857-1932
G i Amerika m Karen Olsen, Oslo 1862-1942. Barn: Berte 1885-1986 g 1904 m Odin Erickson (6 barn); + seks brør. (1475)293
    Embrik reiste for 2. gong til Amerika i 1882: Lake Park, MN. Dei farma ved Mahnomen i Norman Co, MN.
10. Margit Holgesdtr. Langeland Halland 28.10. 1860-1936
Gm Steingrim/Sam Olson Halland, Nes 1857-1928. Barn: 8 .
    Reiste 1859 til Am.: Zumbrota, MN. Dei farma i Ness, MN. (967)
11. Birgit Holgesdtr. Langeland Turrhaug 15.04. 1863-1903
G 1886 m Ola Ivarson Asgrimsplass Turrhaug, gnr. 123/29.
*Barnebarn
1. Ola Halvorson NossRudningen Rudningen 05.07. 1869-1951
Ugift. Foreldre: Halvor Eirikson Brenno (ungkar) og Guro Holgesdtr. Langeland.
    Sjå NossRudningen, gnr. 120/10. (967)
2. Ågot Olsdtr. Sundre Christenson 21.09. 1880-
=Emma. Til Am. 1882: Fargo. Gm .... Christenson, busett i Mahnomen.
    Foreldre: Ola Olson Rueslåtta SundreBråten og Ågot Holgesdtr. Langeland.
3. Holge Olson Sundre 01.10. 1881-1955
Ug. Til Am. i 1882: Waukon Township i Norman County, MN. Gravlagt som H.O. Sundre ved Nes Luth. kyrkje, Gary, MN.
    Foreldre: Ola Olson Rueslåtta SundreBråten og Ågot Holgesdtr. Langeland.
Holge og Margit gifte seg i 1839. Margit sat med garden til 1881 då sonen overtok.
{6486} År: 1881
Ola Holgeson Langeland Vangen 14.10. 1841-1924
Foreldre: Holge Holgeson Hushaugen Langeland og Margit Olsdtr. Tveito.
Gm Guri Olsdtr. Holterudningen Langeland 13.02. 1840-1909
Foreldre: Ola Nilsson Holto Holterudningen og Sissel Olsdtr. Amundsgard Strand.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Langeland 02.11. 1866-
Til Am. i 1885. (967)
2. Margit Olsdtr. Langeland Vangen 31.12. 1868-1941
G 1914 m Asle Larsson Rime Vangen. Sjå VesleVangen, gnr. 115/28.
3. Ågot Olsdtr. Langeland Rimeslåtten 20.01. 1871-1945
G 1907 m Torkjell Torsteinson VesleDengerud, nedre Rimeslåtta, gnr. 115/10..
4. Holge Olson Langeland 06.06. 1873-
Holge levde i 1891. Utvandra?
5. Ola Olson Langeland 21.05. 1876-1952
Ugift. Sjå neste hushald.
6. Embrik Olson Langeland 19.04. 1879-1953
G 1910 m Marte Torsteinsdtr. Stølen. G 1945 m Ruth Gunnarsdtr. Birkenes, Kongsvinger.
    Embrik dreiv Langeland trevare-fabrikk. Sjå eige hushald.
7. Guro Olsdtr. Langeland 14.04. 1882-
=Gro. Utvandra som husholderske til kusine i Zumbrota i MN i 1916. Husholderske hjå sjømannsprest.
Ola og Guri gifte seg i 1867. Ola overtok Langeland etter mora i 1881 for kr. 900 og kår.
    Ola var stampar, han dreiv ei stampe i Kvinda og åtte Kristi-Vangen. Ola var også slaktar, bonde og møllar. Han demde blod og dreiv årelating. ('Kvaksalver' vart han kalla i FT 1891!)