Branesberget gnr. 123 bnr. 30
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Branesberget gnr. 123 bnr. 30a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Branesberget eller Langelandsbakken var ein husmannsplass eller bustad under søre Strand. Ingen bygselbrev er kjent.
    Tidlegare synte det tufter like vest for Toreplassen. Truleg var dette Langelandbakken eller Branesberget. (Ola Ellingsgard: 1997: 'Plassar')
    Branes-namnet kjem frå Hol, ein mann frå Bragernes slo seg til på ein plass under Hamarsbøen i Hol. Dermed vart plassen kalla Branes-plassen. Ei datter hans tok med seg Branes-namnet til Ål kring 1850. Plassen vart truleg nedlagt før 1900.

{6491} År: 1850c

Gunhild Andersdtr. Branesplassen 1805-1876
Foreldre: Andreas Fredrikson ... (Bragernes) og Eli Aslaksdtr. ..., Branesplassen under Hamarsbøen i Hol. (Hol VI s 120)
Gm Eilev Knutson Vassendeie 1788-1836
Foreldre: Knut Vassendeie i Krødsherad og ...
Gm Arne Knutson Brennelien Branesberget 16.09. 1816-1888
Foreldre: Knut Steingrimson Brennelien og Birgit Arnesdtr. Storebråten, Gol. (Gol III s 472)
*Barn i fyrste ekteskap
1. Svein Eilevson Hamarsbøhaugen 28.02. 1830-1830
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Arneson Brennehaugen 15.07. 1849-1868
Branes-Knut.
*Barn elles
1. Svein Nilsson Sundbrei-eie 29.03. 1834-
Svein levde i 1836. Truleg nemnt som ein av tre barn i 1876. Ukjent lagnad.
    Foreldre: Svein Nilsson Strand og Gunhild Andersdtr. Branes.
2. Birgit Knutsdtr. Guroplass Flugstad 28.03. 1839-
G 1863 m husmann Ola Gudmundson Snøyen frå Vang i Valdres. Barn: Ingeborg 1863- ; Gudmund 1865- ; Marit 1870- ; Berit 1873- ; Anders 1875- .
    Dei budde på Kraggerudeie i Jevnaker i 1863. I 1865 var Birgit og Ola inderstar på nedre Flugstadhougen i Fåberg. (1377)
    Foreldre: Knut Halvorson Bjella Vermåker og Gunhild Andersdtr. Branes.
3. Ragne Knutsdtr. Gjerdnes-eie 20.06. 1842-1887
Ragne vaks opp hjå far sin. Ho vart konfirmert i Gol i 1860. Barn m/Nicolai Olson Heidehaugen, Briskeby ved Kr.ania: Olava Nicoline f. 1863.
    Kjeldene spriker:
    Anten
    G 1874 Kr.ania m Knut Ivarson ÅsegardsRudningen frå Opheim. Til Am. med "Oder" i 1873, busett i Douglas Co. SD.
    eller
    Gm Eivind Embrikson Glomsletten. Barn: Ingebrikt 1872-1929 g 1907 m Lena Moen; Mathilda Cecilie ("Tilla") 1874-1939 gm Ole A. Hatle, gm pastor Angle Watland Hanson; Karl Bortinus 1877-1883; Sarah Sessle 1880-1974 g 1904 m Bendick L. Bendickson; Anna 1882-1909 g 1901 m Charles Laurentsen; Clara Bertina 1884-1964 gm John Carlson. (1358)
    Foreldre: Knut Halvorson Bjella Vermåker og Gunhild Andresdtr. Gjerdnes-eie.

Eilev og Gunhild gifte seg i 1825. Dei budde på Hamarsbøhaugen i 1830 og på Sundbrei i 1834.
    Eilev døydde under arbeid i ein åker på Strand våren 1836. Truleg fekk han ein stein på seg ved ei arbeidsulykke. Mikkel Strand (som melde dødsfallet!) eller Eilev Haugerud fekk skulda. Steinen kan ha vorte kasta.
    Gunhild sa dette om Eilev: Eit godt og fredelegt menneske, hadde ingen uvener. Særdeles godmodig, la Gunhild til. Ho tenkte nok på barnedåpen i 1834.
    Gunhild oppgav fyrst ungkar Svein Nilsson Strand som far, men etter nokre veker kom ho attende til presten og erklærte at faren var mannen hennar Eilev Knutson.
    Då Eilev døydde 1836 sa Gunhild: det er rett at ho i utruskap hadde eit barn med Svein Nilsson Strand - barnet er no omtrent to år gamalt. I 1846 vart sonen til Branes-Gunhild og Svein sett på legd.
    Gunhild fekk to barn med Knut Halvorson Bjella Vermåker etter at Eilev gjekk bort. Ved dåpen 1839 budde ho i Guroplassen, til dåpen i 1842 skreiv ho seg Gjerdnes-eie.
    Branes-Gunhild fekk korn på kassa frå 1846.
    I 1851 var Gunhild attgift med golingen Arne Knutson. Men han var ukonfirmert, og vart difor sendt på tukthuset 1851 for å bli konfirmert.
    Arne var gråsteinsmurar og vart kalla Branes-Ådne eller Krele-Ådne. Han mura seg ei hytte ovanfor vegen ved Langeland og budde der som enkjemann.
    I 1865 var Arne Knutson Branes husmann og dreiar. Plassen vart kalla Branes. I same huset budde inderstane Johan Olson (frå Nesodden) og kona Liv Olsdtr. frå Ål pr. gjeld. (Truleg Hol.) Inderstane var på forsorg for fattigvesenet.
    Gunhild døydde som Gunhild Asgrimplass i 1876. Sonen 'Knut Eilevson' (?) budde då på Gol. Tre barn elles. Arne Langelandbakken døydde 1888.