Guroplassen gnr. 123 bnr. 31
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Guroplassen gnr. 123 bnr. 31-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Guroplassen var opphavleg husmannsplass under Nilsegarden Strand eller Holtegarden Strand. Plassen vart berre kalla Granhagen dei fyrste åra, det var namnet på heile området. Etter sersjant Uthus var namnet Uthusplassen fram til 1770-åra då Guro sat enkje her i omlag 20 år. Sidan har namnet vore Guroplassen.
    Bruket ligg vest for Pletten. Guroplassen vart sjølveigarbruk kring 1750.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 36 mål, utslått 6 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet. I 1930-åra var vanleg buskap 1 hest, 3 kyr og 5 sauer.
    Areal 1960: innmark 30 mål, derav dyrka jord 11 mål.
    Frådelt: nedre delen av jordet, Solbø, bnr. 93 vart frådelt i 1922.
    Støl. Heimstøl var Skjølet (kome frå Skottebøl omlag 1930).
    Guroplassen vart utlagt til tomtefelt i 1970-åra. Husa er rivne, einaste huset som står att er eit loft som fylgde med ei tomt.

{6494} År: 1754c

Gm Torstein Kitilson Bergsgard Uthusplassen 1707-1766s
Foreldre: Kitil Guttormson Bergsgard og Gro Olsdtr. Gullhagen
Gm Guro Olsdtr. Strand Uthusplassen 1712c-
Foreldre: Ola Nilsson Holtegarden Strand Granhagen og Birgit Olsdtr. Skottebøl.
*Barn
1. Kitil Torsteinson Uthusplassen 05.11. 1749-1766f
2. Gro Torsteinsdtr. Uthusplassen 25.02. 1753-
Gm Halvor Knutson Strand Uthusplassen. Sjå år 1792.
3. Guro Torsteinsdtr. Uthusplassen 1753-
4. Kitil Torsteinson Uthusplassen 1755-
5. Ola Torsteinson Uthusplassen 29.09. 1758-1791s
Ugift. Sjå neste hushald.

Torstein og Guro i budde i Sando i 1749, på Kolbjørnstølen i 1753. Det var skifte etter 'Torstein Uthus' i 1766 . Arvingar var Kitil, Ola og Gro Torsteinsbarn.
    I 1771 var Guro enkje i Uthusplassen og tok opp eit lån på 46 rd. Namnet Guroplassen kjem etter henne.

{6495} År: 1789

Ola Torsteinson Uthusplassen 29.09. 1758-1791s
Foreldre: Torstein Kitilson Bergsgard Uthusplassen og Guro Olsdtr. Granhagen.

Saman med systera Gro lånte Ola 46 rd hjå Ola Asleson Havarsgard mot pant i deires "eiendes" plass Uthusplassen .
    Ola overtok Uthusplassen då han var myndig i 1789.
    På skiftet etter Ola i 1791 var det 132 rd å dele på mora og systera Gro. Ola var utlagt halve Uthusplassen på skiftet etter faren i 1766 , men hadde ikkje noko heimelsbrev.

{6496} År: 1792

Halvor Knutson Strand Guroplass 06.05. 1764-1825
Foreldre: Knut Jonson søre Strand Tangeviken og Mari Gulliksdtr. Neståker.
Gm Gro Torsteinsdtr. Uthusplassen 25.02. 1753-
Foreldre: Torstein Kitilson Bergsgard Uthusplassen og Guro Olsdtr. Granhagen.
Gm Guri Ivarsdtr. Gjeldokk Granhagen 29.06. 1777-1849
Foreldre: Ivar Anderson øvre Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr. søre Ulshagen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gro Halvorsdtr. Granhagen Dengerud 1796-1837
G 1814 m Henrik Holgeson Huushaugen, sjå nordre Dengerud, gnr. 99/1 og år 1822.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Halvorson Guroplass Holgelien 30.07. 1820-1907
Soldat. Barn: Ola 1842- m/Guri Olsdtr. Ulshagaplassen, Ola 1844- ; Guri 1847- ; Birgit 1851- m/Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk, truleg også Ingebjørg 1839- m/Barbro Håkonsdtr. Ruud.
    G 1850 m Guri Aslesdtr. Baklien. Sjå Helgelien, gnr. 110/35.

Halvor og Gro gifte seg i 1792. I 1789 var Halvor gevorben (dvs. leige-) soldat ved Søndenfjeldske Regiment. Han budde på Strand og fann seg levebrød ved å skyte ryper og rev.
    I 1799 gjorde Halvor slikt forlik med Mikkel Hove: for ettertida skulle dei ikkje fornærme kvarandre "hverken i Ord eller Gjerninger, men herefter leve og omgåes hinanden som Kristelige Mennesker." (1407) s 29
    Halvor vart attgift 1818 med Guri Ivarsdtr. Gjeldokk. Guri gjekk arbeidsledig i 1809 og vart difor idømt tukthusarbeid. (Hallingdølen 18.02.95)
    Halvor drukna i 1825 som 61 årig husmann i Guroplass.

{6497} År: 1822


Henrik Holgeson Hushaugen Lå i nordre Dengerud gifte seg med 1814 med Gro Halvorsdtr. Guroplassen. Henrik overførte Guroplassen til Ola Larsson ved makeskifte i 1825.

{6498} År: 1825

Ola Larsson Svarteberg Guroplass 25.05. 1783-
Foreldre: Lars Halvorson Styrkestad og Astrid Larsdtr. Svarteberg.
Gm Guri Toresdtr. Torebråten Guroplass 1790-
Foreldre: Tore Arneson Bøygard Torebråten og Anne Ellingsdtr. Løken.
*Barn
1. Tore Olson Guroplass 19.02. 1810-
G 1837 m Anne Ivarsdtr. ..., Grong eller Bindalen. Barn: Johannes 1836- bonde på Synnes østre, g 1874 m Ellen A. Almås (2 barn); Ole 1837- ; Anna Maria 1840- ; Anton 1844- til Am.; Gurine 1848- til Montana, Am. gm Andreas A. Almås (9 barn). (1459)
    Tore reiste ukonfirmert til Jevnaker i 1827. Han vart med foreldra til Brekken, Kolvereid i 1831. Tore spelte fele og var ein arbeidssam kar.
2. Astrid Olsdtr. Guroplass Purkvika 08.07. 1811-1882
Barn: Lars 1827- sjå barnebarn. Utlyttingsattest 1830 for flytting til Namdalen
    Gm Erik Olsson ..., Verdal 1810-1889. Dei budde i Purkvika under Lund i Nærøy.
3. Lars Olson Guroplass Aleksanderstuen 18.05. 1814-1897
G 1850 m Anne Dortea Andreasdtr 1825-1914. Barn: Oleanna Margrete 1851-1934; Anne Lovise 1865- gm Jakop M. Andreassen, til Am. (5 barn);
    Til Namdalen i 1825. Lars var brukar av Aleksanderstuen under Lund i Nærøy.
4. Halvor Olson Guroplass 16.02. 1818-
Barn med Ellen Jensdtr. ... : Henriette Regine f. 1846.
    Gm Marie Engebretsdtr., frå Ringebu. Barn: Oleanna 1856-1902. (1620)
    På legd 1816-1836. Til Namdalen i 1825.
5. Anne Olsdtr. Guroplass 06.03. 1822-
Anne var oppført mellom barn på legd 1816-1836.
6. Ågot Olsdtr. Guroplass 30.03. 1825-
Til Namdalen i 1825.
7. Guri Olsdtr. Guroplass Oplø 05.10. 1827-
Gm Samuel Larsson Oplø, Kolvereid 1819- . Barn: Lars 1855- ; Ole 1857- ; Samuel 1858- ; Gabriel 1858-1865c; Anton 1860-ung; Brede 1863- ; Grethe 1865- ; Anton 1867- ; Ellen Maria 1869- . (1620)
    Til Namdalen i 1825. Guri og Samuel var gardfolk på Oplø i Kolvereid i 1865.
*Barnebarn
1. Lars Olson Guroplass 10.11. 1827-
Til Namdalen. Foreldre: Ola Olson Ulshagaplassen (ungkar og innerst) og Astrid Olsdtr. Guroplassen.

Ola og Guri gifte seg i 1809. Ola Larsson Svarteberg kom til nordre Lå i 1813.
    Ola makeskifta nordre Lå mot Guroplassen i 1825. Ola og Guri reiste til Namdalen 1825 med sju barn og dattersonen Lars Olson. Dei festa plassen Brekken under vestre Sundnes i Kolvereid i Namdalen på livstid i 1831. (Dølaminne 1980 s 42)

{6499} År: 1835c

Lars Asleson Holterudningen Guroplass 11.08. 1793-1857
Foreldre: Asle Nilsson Holto og Gro Eiriksdtr. Holto.
Gm Margit Olsdtr. Myregarden Guroplass 26.12. 1797-1835
Foreldre: Ola Knutson Myregarden og Margit Olsdtr. Tveito.
Gm Guri Håkonsdtr. Medgarden Medgarden Lia 05.12. 1802-
Foreldre: Håkon Bjørnson Sata Medgarden og Birgit Håkonsdtr. Underåsen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Larsson Myregard Guroplass 29.11. 1820-1892
G 1846 m Guri Olsdtr. Asgrimplass, gnr. 122/18.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Larsdtr. Guroplass Sundbreihaugen 06.06. 1838-
G 1866 m Ola Olson Sundbreihaugen, gnr. 125/7a.
2. Margit Larsdtr. Guroplass Skjerpingmoen 28.11. 1840-1925
G 1875 m Ola Olson Sisle (Gol) Skjerpingmoen, gnr. 12/11.
3. Gro Larsdtr. Guroplass 24.10. 1842-
Ugift. Fleire barn. I 1875 var Gro tenestjente hjå professor Jens Friis (frå Førde) busett i Munkedamsveien 25 i Kr.ania. Sjå Kristmoen, gnr. 12/12.
4. Guri Larsdtr. Guroplass Hansen 01.11. 1845-1903
G 1872 m Hans Jørgen Hansen, Snarum. Ingen barn.
    Guri kom i tenest hjå presten Kjelstrup som 11-åring. Då presten døydde fylgde ho med prest-enkja til Kr.ania. Guri og Hans vart vigde av Jørgen Moe i Vestre Aker kyrkje. Hans var murar og hadde arbeid m.a. på Gaustad. Dei budde i Jak. Aalsgt. 18 i Kr.ania. Hans hadde kjøpt tomt der og sett opp eit 3-høgda murhus. (NU 1904)

Lars og Margit gifte seg i 1820. Lars fekk 1833 sonen Asle med Lukris Larsdtr. Sundre. ('deres 2. lm.' Dvs. Truleg hadde dei også sonen Ola f. 1821. Sjå Bråten, gnr. 110/44a. )
    Lars vart kalla Klemme-Lars i husmannsmanntalet i 1835.
    Lars vart attgift 1838 med Guri Håkonsdtr. Lars døydde i 1857 som inderst på Hovda.

{6500} År: 1856

Ola Larsson Myregard Guroplass 29.11. 1820-1892
Foreldre: Lars Asleson Holto Guroplass og Margit Olsdtr. Myregard.
Gm Guri Olsdtr. Asgrimplass Guroplass 27.07. 1815-1890
Foreldre: Ola Torsteinson Asgrimsplass og Åse Eivindsdtr. Stranden.
*Barn
1. Ola Olson Guroplass 29.01. 1846-1944
G 1876 m Ragnhild Henriksdtr. Rimejordet. Sjå neste hushald.

Ola og Guri gifte seg i 1846. Dei fyrste åra bygsla Ola plassen Skjølet. Sjå gnr. 122/18.
    I 1856 kjøpte Ola bruket Guroplassen hjå Lars Larsson Styrkestad.
    Ola fortalde frå ulvetida. Dei stod og treska korn på låven i Guroplassen, og fenaden var ute. Brått høyrde treskerane noko fæl remjing, og dei sprang ut i tunet. Då sprang ein ulv sørover med ei geit mellom tennene. Karane sprang etter, og nådde att ulven bortved Pletten. Då dei gav seg til å treske på ulven, skjønte han at han måtte sleppe geita for å berge seg sjølv. Geita overlevde! (Ål IV s 573)
    Ola selde Guroplassen til sonen i 1876 for 600 spd.

{6501} År: 1876

Ola Olson Guroplass 29.01. 1846-1944
Foreldre: Ola Larsson Guroplass og Guri Olsdtr. Asgrimsplass.
Gm Ragnhild Henriksdtr. Rimejordet Guroplass 16.07. 1850-1939
Foreldre: Henrik Torgeirson Stakegard Rimejorde og Haldis Larsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Ola Olson Guroplass 18.05. 1877-1972
G 1911 m Dordei Torsteinsdtr. Sataslåtten. Sjå neste hushald.
2. Henrik Olson Guroplass 24.08. 1879-1953
G 1930 m Guri Torkjellsdtr. Sveinsgard. Sjå år 1922.
3. Lars Olson Guroplass Gran 25.10. 1881-1960
G 1914 m Margit Knutsdtr. Leksvol. G 1950 m Marie Farmheim, Lesja. Lærar Gran. Sjå Botolvhuset, gnr. 31/22.
4. Torgeir Olson Guroplass 05.07. 1884-1962
Gm Ingrid Kollerud, Modum 1903-1997. Barn: Ragnhild 1925- husmorvikar, gm Gunnar Høgåsen (ingen barn); Hjørdis 1930- gm Knut A. Myro, gnr. 32/19; Olav 1934- bonde på Lobben, gm Liv Neshagen (5 barn).
    Torgeir var bonde på Lobben i Simostranda.
5. Olaf Olson Guroplass 05.07. 1886-
Olaf var heime i 1900. Døvstum.
6. Asle Olson Guroplass 04.10. 1888-1941
Ugift småbrukar og murar. Budde i søre Baklien, gnr. 39/3.
7. Guri Olsdtr. Guroplass Lund 09.07. 1891-1962
Gm Martin Lund, Furnes. Barn: Ragnhild 1927- gm Knut Grøtt på Nes (1 datter).
    Martin var garvar. Dei budde på Simostranda. Flytta til Nes som pensjonistar.
8. Turid Olsdtr. Guroplass Lundeby 18.08. 1894-1974
Gm Ole Martinsen Lundeby, Vestfossen. Barn: Ragnhild 1922- gm Sven Nielsen i Danmark (ingen barn); Sigrun 1930- vaskeri-arbeid m.m., gm Kåre Fredheim på Vestfossen (3 barn).

Ola og Ragnhild gifte seg i 1876. Ola hadde vore på underoffiserskulen.
    Han tenkte på lærar-utdanning, men det var ikkje pengar til slikt. Ola fekk skrivejobb hjå lensmannen. Han arbeidde under tre lensmenn. Som ein del av denne jobben var Ola stevnevitne på tinget. Og det vart gjerne han som stod for opplesingane på kyrkjebakken etter messa.
    Ola var gardbrukar og snikkar. Han kjøpte Guroplassen i 1876, og leigde jord i tillegg. Ola dreiv på med lafting, snikkering og båtbygging (60-70 trebåtar) til han var gjeldfri.