Bråto gnr. 123 bnr. 32
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bråto gnr. 123 bnr. 32a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bråto eller Helgesonbråten var husmannsplass under Larsgarden Strand frå gamalt. Etter 1751 vart plassen lagt til Langeland og/eller Tjønndalen, og nytta som plass, sidan bustad under namnet Tjønndalsbråten eller Støa.
    Ola Nilsson Larsgarden Strand (1691-1751) hadde plassane Helgesonbråten og Uthusplassen.
    I 1762 lånte Knut Olson Langeland 40 rd mot pant i 'eiende plass' Langeland og Helgebråto.
    Støa eller Bråto låg der tomtene til Førde og Haugerud er. Støa-stugu stod i kroken der vegen går opp til Birger Sorteberg. (Fortalt 64)
{6518} År: 1816c
Sevat Olson Langeland Granhagen 22.08. 1784-
Foreldre: Ola Knutson Langeland d.e og Gro Sevatsdtr. Settungsgard.
Gm Kari Olsdtr. Sindrol/Huus Granhagen 12.08. 1774-1865
Foreldre: Ola Torson Huus Sindrol og Turid Olsdtr. Rimehaugen.
*Barn
1. Gro Sevatsdtr. Granhagen Asgrimplass 14.02. 1818-1856
G 1841 m Torstein Olson Asgrimplass, gnr. 122/4.
Sevat og Kari gifte seg i 1816 og hadde eit barn. Sevat står som husmann i Tjerndals-eie frå 1835 og minst til 1841.
{6519} År: 1865
Ola Olson Bøygard Sagen (1812-1900) og Kari Halvorsdtr. Bråto var husmannsfolk i Bråto i 1865. Ola var skreddar. Sjå meir om dei i Sagen.
{6520} År: 1875c
Martin Larsson Gjerdnes (1820-1887) skreiv seg Bråto, men var også på Vangen. I 1865 var Martin husmann under Urden. I 1875 budde Martin og familien i 'Martinstua' under løpenr. 305, dvs. Langeland.
    Martin var gift 2.g. i 1872 med Kari Torsteinsdtr. Asgrimsplass, dvs. dattera til Gro nemnt under år 1816. Meir om familien til Martin, sjå søre Vangen, gnr. 122/6.
    Sonen Torstein kom til Bråto, sjå neste hushald.