Leksvolplassen gnr. 123 bnr. 33
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Leksvolplassen gnr. 123 bnr. 33-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Leksvolplassen heitte fyrst Hagen, og var plass under søre Strand. Josef rydda plassen noko, men flytta til Helgeplassen. Deretter vart plassen kalla Håkonsplassen. Frå 1782 vart namnet Lekvolsplassen etter Ola Halvorson Leksvol som var her nokre år.
    Håkonsplassen og Hardtre-plassen (Perplassen) hadde lege under plassen Tjønndalen, men på skiftet etter Botolv Person i 1757 var det Håkonsplassen som låg saman med Tjønndalen.
    Stølar. Heimstøl: Vollane (nedlagt) ved Kulufossen. Heimstøl Oksedokken (nemnt i 1757).
    Leksvolplassen var i drift til fyrst i 1970-åra.

{6524} År: 1758

Syver Nilsson Strand Håkonplassen 1693c-1780c
Foreldre: Nils Ivarson Sundre Strand og Guro Olsdtr. Halvorsgarden Strand (Holtegarden).
Gm Ingeborg Ivarsdtr. ... Håkonplassen 1690c-
Foreldre: Ivar ...
*Barn
1. Gunhild Syversdtr. Håkonsplassen Myregarden 1712c-
Gm Ola Halvorson Leksvol d.e. Sjå Myregarden, gnr. 107/7.

Syver Nilsson og Ingebjørg Ivarsdatter fekk brukeleg pant 1740 i engeteigen Tjønndalen for eit lån på 20 rd til bror hans. Det heitte då at slåtta låg for fefot og at Syver kunne ta seg gjerdefang i skogen til Ola. Slåtta kunne brukast så lenge Syver hadde panten, og så lenge foravlinga vara og vart fortært av krøtera hans.
    Syver kjøpte Håkonsplassen 1758 hjå enkja Ingeborg Andersdtr. Tjønndalen for 71 rd. Til plassen høyrde vanlege rettar i skog og hamn, og litt fiske i Strandafjorden saman med Ingeborg, og dessutan ei inngjerding på stølen.
    Syver fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774.
    NB. Per Mikkelson Hago arva etter Syver før 1784. Mor hans var ei uidentifisert Birgit Olsdtr. Strand f. kring 1740.
    Syver Nilsson og Ingebjørg Ivarsdtr. hadde truleg dattera Gunhild. Etter dei vart Håkonplassen overteke av Torjus Knutson Tjønndalen. Det var han som selde plassen 1782 til Ola Halvorson Leksvol. (Dvs. Ein yngre bror til mannen hennar Gunhild!)

{6525} År: 1782

Ola Halvorson Leksvol Strand 1730.-1788s
Foreldre: Halvor Olson Leksvol og Guri Olsdtr. Hove.
Gm Margit Persdtr. ... Strand 1730c-
Foreldre: Per ... ... og ... (truleg utanbygdes folk, ikkje nemnt i manntalet 1762.)

Ola og Margit hadde ingen barn. Ola Halvorson Leksvol kjøpte Håkonsplassen hjå Torgeir Knutson Tjønndalen i 1783. Pris 99 rd.
    Det fylgde med stølsbu ved Oksedokken, litt fiske i Strandafjorden, ved og tømmer m.m. Namnet Håkonsplassen vart no til Leksvolplassen etter kvart.
    På skiftet etter Ola i 1788 var det 184 rd å dele på enkje og sysken. Ingen barn.

{6526} År: 1788

Sevat Olson Neståker Granhagen 21.03. 1756-1844
Foreldre: Ola Sevatson Sundbrei Neståker og ...
Gm Birgit Nilsdtr. Sandåker Granhagen 26.12. 1760-1825
Foreldre: Nils Knutson Sandåker og 2.g Margit Syversdtr. Sundre.??
*Barn
1. Ola Sevatson Granhagen Langeland 27.06. 1784-1868
G 1820 m enkje Ågot Nilsdtr. Langeland, gnr. 123/30.
2. Margit Sevatsdtr. Granhagen 08.07. 1787-
Truleg død i 1790-åra.
3. Nils Sevatson Strand 09.08. 1789-
4. Ola Sevatson Granhagen 27.11. 1791-
Truleg død i 1790-åra.
5. Ola Sevatson Strand Granhagen 08.12. 1793-1873
G 1824 m Barbro Olsdtr. Svillegard. Sjå neste hushald.
6. Margit Sevatsdtr. Leksvolplassen Lien 18.09. 1796-1888
G 1825 m enkjemann Johannes Timannson Listerudlien i Sør-Aurdal. Barn: Sevat 1826- gm Mari Andersdtr. Roo til Lie 22/18; Ola 1828- gm Anne Sjugurdsdtr. Framgarden, til Brøtin 131/13, vart kalla Liungen. (Sør-Aurdal A s 437)
7. Jørand Sevatsdtr. Leksvolplassen 1799-1811
Død 12 år gamal i 1811.
8. Åse Sevatsdtr. Granhagen Brenno 15.11. 1801-1887
G 1831 m Eirik Halvorson Bjella Brenno, gnr. 118/5.

Sevat var tambur i unge år. I februar 1780 vart han overfalle og skadd i slagsmål.
    Men Sevat var også uvøren, han skadde soldat Asgrim Asleson som hadde kalla Sevat for 'luse-fant'. Sevat hadde svara at "lusefant" var han ikkje, heller "en Kongens Karl!" (1396) 13
    Sevat kjøpte Håkonplassen for 100 rd i 1788. Lånte 60 rd.
    I 1800 vart Sevat stevna for fisking i Strandafjorden. Han hadde brukt fleire garn enn det som rett var. (1407)
    Etter nokre år i Leksvolplassen flytta dei attende til Granhagen omlag 1801. Sevat var husmann med jord i 1801.
    Ola skøytte plassen til sonen Ola 1808 for 200 rd og kår.

{6527} År: 1808

Ola Sevatson Strand Granhagen 08.12. 1793-1873
Foreldre: Sevat Olson Granhagen og Birgit Nilsdtr. Sandåker.
Gm Barbro Olsdtr. Svillegarden Leksvolplassen 11.05. 1794-1869
Foreldre: Ola Torgeirson Løkensgard Svillegarden og Guri Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Sevat Olson Leksvolplassen 22.09. 1824-1913
G 1858 m Birgit Eiriksdtr. Rotebakkdokken/Sundrelien. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Leksvolplassen Hollebakken 21.05. 1827-1910
G 1859 m Birgit Eivindsdtr. Sundbrei. Sjå Hollebakken, gnr. 125/10.
3. Birgit Olsdtr. Leksvolplassen 23.04. 1830-
Ugift. Birgit budde i Ål i 1870. Død mellom 1870 og 1891.
4. Nils Olson Leksvolsplass Rudning 14.02. 1834-1925
G 1881 m Marita Jonsdtr. Kvanndal frå Ulvik 1854-1940. Barn: Olav 1881- ; John 1883-1974 gm Anna Ålvik; Margrete 1887- ; Severin 1890-1976 fabrikarbeidar, gm Birgit ... ; Birgit 1893- ; Marta 1898- gm Mikkel Olson Aurdal Brakarnes.
    Nils kom til Hardanger som 15-åring med ei fedrift. Ei tid budde dei på Jødno i Kinsarvik, så fekk han lærarjobb i Ulvik. Nils sette opp ei stugu på plassen Smedvika under Vangen i Ulvik.
    Til Am. i 1874 med 200 spd i lomma. (Ulvik II s 460, epost frå B. A. Karlsen, 993)
5. Guri Olsdtr. Leksvolplassen Helling Solheim 17.12. 1836-
G 1861 m Tolleiv Larsson Medgard Helling 1829-1865. Sjå Helling, gnr. 106/1.
    Guri vart attgift med Ola Ellingson Solheim, Rukkedalen.
6. Ola Olson Leksvolsplass Kvarve 16.09. 1840-
Gm Gunhild Nilsdtr. Gudbrandsrud i Rukkedalen 1844- . (993) Barn: Ola 1875- til Kvarve, g 1908 m Margit O. Knausen (3 barn); Barbro 1877- gm Peder Fingarsen Maurebråten (8 barn); Nils 1879- til Am., gm Ingeborg Rodegård (8 barn); Sigrid 1883- død 16 år gamal; Birgit 1885- ug. heime i 1903;
    Ola 1888- døydde liten. (1616)
    Ola og Gunhild kjøpte plassen Kvarve i Nes.

Ola og Barbro gifte seg 1824. Han kjøpte Leksvolplassen hjå foreldra i 1808, men stod likevel i husmannmanntalet frå 1832 til 1841. Ola var snikkar.

{6528} År: 1860c

Sevat Olson Leksvolplassen 22.09. 1824-1913
Foreldre: Ola Sevatson Leksvolplassen og Barbro Olsdtr. Svillegard.
Gm Birgit Eiriksdtr. Sundrelien Leksvolplassen 07.05. 1830-1914
Foreldre: Eirik Nilsson Rotebakkdokken Sundrelien og Liv Olsdtr. Slåtten (Gol).

Sevat og Birgit gifte seg i 1858. Ingen barn. I 1900 dreiv Birgit med saum og husflidsarbeid.