Strand, Nilsegarden gnr. 123 bnr. 34
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Nilsegarden gnr. 123 bnr. 34-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre øvre delen av Ambegard vart kalla Søre-øvre Strand, Oppigarden, Rangdi-garden, Vebjørn-garden og Nilse-garden. Gardsnamnet har skifta mykje etter namnet på bonden. Og sidan Rangdi var gift med lensmann Album, så vart 'Lensmanns'-namnet også brukt. (-gjerda, træet)
    Nilsegarden hadde 8 laupsbol landskyld.
    I 1765 var husa på garden: øvre og nedre stugu med loft; søre stugu; fjøs; låvehus med skjykju; hestestall med trev; saustall; badstugu; smie; vedskåle, 1/3 kvern; bu med trev.
    I Hellehovda var det hellebrot (skifer).
    Plassar. Randeplassen med Langegardslåtta (nemnt 1782); Vangodden bnr. 38 (også kalla OsVangen)
    Stølar. Lensmannsgjerda på Fekjan (no heimstøl til Embrikshaugen); Mefarningen (no til Toreplassen). I 1765 vart dessutan nemnt Strandastølen, Nyset og Rødungen som stølar. I 1786 var det 4 stølar og 2 slåttelende (Skotvolljøta og Vangen).
    Frå omlag 1850 vart Nilsegarden delt opp i smått og selt til dei andre gardane.
    I 1862 vart resten vart Nilsegarden kjøpt opp og brukt under Aslegarden, bnr. 2.

{6535} År: 1758

Vebjørn Olson Opsata Strand s 1716-1791c
Foreldre: Ola Vebjørnson Opsata og Haldis Torkjellsdtr. Skjervheim.
Gm Gunhild Olsdtr. Arnegard? Opsata 1721-
Foreldre: Ola eller Per, truleg utanbygdes.
*Barn
1. Ola Vebjørnson Opsata 24.06. 1751-1755
Døydde av barnekopper.
2. Haldis Vebjørnsdtr. Opsata 28.01. 1753-
Barn: Haldis f. 1781 med enkjemann Eirik Eivindson Nedremyr Strand.
3. Anne Vebjørnsdtr. Opsata 20.04. 1755-1831
Barn m/Torstein Larsson Noss: Ola 1780-
    Anne var ugift og døvstum almisse-lem i 1801. Død i Bråten.
4. Rangdi Vebjørnsdtr. Opsata Album 15.01. 1758-
Gm Eirik Album. Sjå Nilsegarden Strand, gnr. 123/34. G 1797 m Ove Kristian Oveson Skorpa. Sjå år 1783.
5. Ingeborg Vebjørnsdtr. Opsata Strand 16.08. 1761-1831
Ingeborg var ugift og døvstum almisse-lem i 1801. Død i legd på Leksvol.
*Barnebarn
1. Ola Torsteinson Strand 12.11. 1780-
Foreldre: Torstein Larsson Noss (ungkar) og Anne Vebjørnsdtr. Opsata.
    Ola var dreng på Sundbrei i 1801.
2. Haldis Eiriksdtr. Opsata Strand 07.10. 1781-
Foreldre: em Eirik Eivindson Nedremyr Strand og Haldis Vebjørnsdtr. Opsata.

I manntalet frå 1762 heiter det at Vebjørn var husmann under Strand, og at han og Gunhild Persdtr. (!) hadde vore svak ei tid, og er dessutan fattige. Dei var på legd i 1780 åra. I FT 1801 heitte ho Gunhild Olsdatter og var losjerande enkje.
    Vebjørn hadde Opsata frå 1748 til 1757. Sjå gnr. 34/1.
    Vebjørn lånte 750 rd mot pant i påboende odelsjord Søre-øvre Strand. (Han var nok ingen husmann.)
    Vebjørn held gardsyn 1765. Husa var: øvre og nedre stugu med loft ovanpå 18 rd; søre stugu 7 rd; fjøs; låvehus med skjykju; hestestall med trev; saustall; badstugu; smie; vedskåle, 1/3 kvern; bu med trev. På stølen Rødungen var to buer, den eine kunne brukast til forlu. På stølen Nyset var ei stølsbu. På stølen Mefarningen var ei forfallen bu. På Strandastølen var ei stølsbu og ei lu. På Skotvollane var ei gamal lu. På Osvangen (Vangodden?) var ei liten forlu. Årleg avgift vart sett til 15 rd. (1194) s 82

{6536} År: 1766


Ola Halvorson Strand (1745-1802) (sjå Halvorsgarden Strand bnr. 6) kjøpte Nilsegarden Strand i 1766 (unnateke Randeplassen med Langegardslåtta) for 612 rd og 1 rd årleg skattehjelp.
    Det vart halde gardsyn på søre-øvre Strand i 1776 etter krav frå Ola. Husa var øvre-nordre stugu, med loft ovanpå 16 rd; søre stugu 24 rd; nytt fehus 11 rd; 2 låvar 14 rd; stall med trev 6 rd; sauestall 2 rd; badstugu; bryggerhus; eit nytt loft 12 rd. Stølar: "Roungen", Nyset, Mefarningen, Strandstølen, Skotvollen og engslåtta Vangen. Åkerland: 20 mål a 64 kvadrat-alen. Totalt 851 rd. (1374) s 75
    Ola lånte 400 rd i 1776 mot pant i Søre Øvre.
    Ola Halvorson pantsette garden for 400 rd til Den Matematiske skolekasse, og kjøpte Andersgarden Strand i 1785.
    Ola kjøpte plassen Turrhaug med Grothovstølet (?) hjå Anders Nilsson Vangen i 1791 for 49 rd og 2 ort årleg skattehjelp til bonden i Nilsegard Strand.

{6537} År: 1783

Rangdi Vebjørnsdtr. Opsata Album 15.01. 1758-
Foreldre: Vebjørn Olson Opsata Strand og Gunhild Olsdtr. Arnegard (?)

Erik Album (1751-1791) og Randi gifte seg i 1778.
    Erik var sorenskrivarson frå Kr.ania, han var lensmann i Ål og budde truleg på Sundre. Sjå eige hushald. (Album)
    Album kjøpte farsgarden hennar, søre-øvre Strand (12 lb.) i 1783 for 930 rd. Han lånte 99 rd i 1786, og sette Toreplassen i pant, dessutan hestar, fe, sylv, kopar m.m. Album lånte 600 rd hjå Matematisk skole kasse i Kr.ania for å innfri gamal gjeld og 200 rd i tillegg.
    Album held gardsyn i 1786 for å syne at garden var mykje forbetra i hans tid. Takst: 650 rd for jordvegen, 4 stølar, 2 slåttelende (Skotvolljøta og Vangen) og hus 150 rd og skog 150 rd. Sum: 900 rd. (1436) s 63
    Randi lyste pengemangel for sonen sin i 1791 etter at garden Strand vart selt på auksjon frå dødsbuet etter Album. Håpet var at sonen skulle løyse garden då han vart myndig. Det vart halde 11 tingmøte før skiftet vart slutta. Buet var 352 rd underskot.
    Det vart Asle Olson Aslegarden Strand som kjøpte garden for 810 rd. Asle skøytte garden vidare til svigersonen Nils Knutson i 1794.
    Randi vart attgift 1797 med Ove Kristian Oveson Skorpa som var innerst på Hauge i Lærdal. (1015)

{6538} År: 1794

Nils Knutson Strand 06.05. 1764-1838
Foreldre: Knut Ivarson nordre Strand og Jørand Eilevsdtr. Strand.
Gm Anne Aslesdtr. Strand 05.06. 1775-1814
Foreldre: Asle Olson Skottebøl Aslegarden Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Knut Nilsson Strand Vareberg 11.01. 1795-1849
Gm Birgit Tolleivsdtr. Vareberg, gnr. 108/1.
2. Asle Nilsson Strand 09.04. 1797-
Truleg død før 1800.
3. Asle Nilsson Strand Kyrkjedelen 25.04. 1799-1875
Gm Anne Tolleivsdtr. Vareberg. Sjå neste hushald og Kyrkjedelen.
4. Svein Nilsson Strand Lappegard 12.09. 1802-1889
G 1837 m Turid Tolleivsdtr. Vareberg. Sjå Lappegard, gnr. 65/2.
5. Jørand Nilsdtr. Strand Strand 03.06. 1805-1890
G 1828 m Ola Torsteinson Breie Strand. Sjå år 1830.
6. Guri Nilsdtr. Strand 02.10. 1807-1810
7. Lars Nilsson Strand 08.08. 1811-1835
Ugift soldat.
8. Nils Nilsson Strand 08.11. 1814-

Nils og Anne gifte seg i 1794. Dei kjøpte Søre-øvre Strand eller Rangdigarden 12 laupsbol for 995 rd i 1794. Tre av sønene gifte seg med tre systre!
    På skiftet etter Anne i 1814 var eiga 1240 spd. Etter Nils vart Rangdigarden no kalla Nilsegarden.
    Nils var på friarføter eit par år etter at Anne var død. Men det gjekk ikkje heilt bra.
    I 1817 vart Nils stevna av enkja Åse Tolleivsdtr. Villand på Rime for brot på ekteskapslovnad. Nils hadde då flytta til Rime med nokre kyr, og dessutan var det lyst for dei i kyrkja.
    Men etterkvart fekk Nils kalde føter, og gjorde om lovnaden. Nils skildra turen opp att til Strand slik:
    "Me dansa både eg og bølingen då me drogo nordte!" Men lovnaden hadde sin pris, det vart økonomisk oppgjer i forlikskommisjonen. (1553)1915

{6539} År: 1822

Asle Nilsson Strand Kyrkjedelen 25.04. 1799-1875
Gm Anne Tolleivsdtr. Vareberg. Foreldre: Nils Knutson Nilsegarden Strand og Anne Aslesdtr. Aslegarden Strand.

Om Asle og Anne, sjå Kyrkjedelen, gnr. 64/3. Asle selde garden 1830 til Ola Torsteinson Breie.

{6540} År: 1830

Jørand Nilsdtr. Strand 03.06. 1805-1890
Foreldre: Nils Knutson Strand Rangdigarden og Anne Aslesdtr. Strand.
Gm Ola Torsteinson Breie Strand 13.10. 1799-1879
Foreldre: Torstein Syverson søre Breie og Sissel Halvorsdtr. Nestegard (Hol).
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Strand Gjivsjord 21.10. 1828-1917
G 1856 m Nils Olson Rygg 1826-1912. Barn: Sunnev 1866- . Dei budde på Gjivsjord og frå 1889 på Løingslåtta i Hol. Nils var ein store forteljar. Folkelivs-samlaren Rikard Berge sat fleire veker og skreiv ned soger etter han.
2. Anne Olsdtr. Strand Trageton 01.10. 1831-1911
G 1855 m Jon Tomasson Trageton. Barn: Tomas 1859- ; Ola 1862- ; Gunvald 1865- ; Margit 1868- ; Nils 1871- .
    Jon og Anne hadde søre Trageton i Kvisla i Hol frå 1848. Dei selde garden og reiste til Am. 1876. (Hol VI s 164)
3. Torstein Olson Strand 17.03. 1834-1920
G 1857 m Rønnaug Larsdtr. Pålgard, Hol. Sjå neste hushald.
4. Guri Olsdtr. Strand Dahl 05.07. 1836-1890
Gm Lars Dahl 1825-1896. Barn: Julia 1862-1917; Thea Pauline 1886-1911; Geoline gm Aaron Pearson (7 barn). (1500)
5. Nils Olson Strand 29.09. 1838-1917
G 1860 m Ragnhild Olsdtr. Lofthus 1837-1908. Barn: Olum ....- ; Josephine ....- gm Jens Hanson (2 barn); Theodore 1862-1947 g 1887 m ... (4 barn); Ola gm Olaphine Anderson (3 barn); Sophie ....- gm Herman Swenson (2 barn); Helen/Lola ....- gm Charles Boyington Burdick. (1500)
    Nils reiste til Am. i 1857 og vart farmar i Nicollet Co., MN.(1032)
6. Lars Olson Strand 16.12. 1840-1920
G 1866 m Astrid T. Slettemoen 1849-1923. Barn: 14 derav: Olaf 1864-1898 verve-soldat, døydde i den spanske borgarkrigen; Amanda 1874-1953 gm Rasmus Olsen, Cushing, Wisc. (1 datter); Julia 1872-1951 gm Chas. Eckhardt, Boyd, MN (5 barn); Olga ....- gm John Renneske, Siblen Co., MN; Ella ....- gm Frank Garholz; Marie 1881- gm Clarence L. Holmquist (5 barn); Lena ....- gm Carl B. S. Olson (4 barn); Sophie 1870- gm Ole Anthony (12 barn); Alfred ....- gm Olga Gilbertson (3 barn). (1408), (1500) (Hol III s 142)
    Lars utvandra til Am. i 1857 og vart farmar i Nicollet Co. Han deltok i Borgarkrigen som frivillig i 9. Minnesota Regiment og var i kamp med sioux-indianarane.
7. Margit Olsdtr. Strand Swenson 23.12. 1842-1880
Gm Lars Swenson (frå NerolsRudningen i Hol) 1842-1904. Barn: Georgine 1865-1866; Georgine 1867-1896; Lorentz 1868-1880; Josephine 1870-1873; Maria 1872-1880; Christian 1874- ; Josephine 1876-1880; Johan Arnt 1877-1880; Thea Pauline 1879- gm professor Alfred Pearson, utanriksminister i Finland (ambassadør?)(2 barn). (Notat B.Eikra)
    Margit utvandra til Amerika i 1857. Margit og 6 av barna døydde av difteri.
8. Syver Olson Strand 30.03. 1845-1921
G 1868 m Josephine Abrahamson 1849-1882. Barn: Elmo ....- . G 1886 m Anice Virtue Gault. Barn: Ada ....- gm ... . (1500)
9. Ola Olson Strand 14.12. 1848-1936
Gm Ellen Anna Foss 1859- . Barn: Thea ....- gm Charles Kaupang (2 barn); Annie ....- gm Fred Johnson.

Ola og Jørand gifte seg i 1828. Dei overtok Strand i 1830. (1187)
    Ola overtok Hamarsbøen i Kvisla i Hol i 1848. Han gjekk under namnet 'bonden' der oppe. Men på Strand var Ola meir handelsmann enn bonde.
    Ola delte 1851 frå ein del av garden kalla Nilsegarden lnr. 309b og selde til Asle Tolleivson Strand. Sidan kom dette til Halvorsgarden. Handelen galdt: nordre Træet, eit engstykke, Krossåkeren; ein del av Søre-stølen; 1/5 av garden. Ola held fram med salget i 1854: då selde han Nilsegarden lnr. 309c - sjå Urden/Holtegarden.
    Sonen Torstein overtok Strand og held fram med handlane.
    Hamarsbøen vart teken attende på odel, og Ola og Jørand utvandra 1857 til Am. med familien (unnateke dei tre eldste ungane). (Hol VI s 107)

{6541} År: 1857

Torstein Olson Strand Rangdigarden 17.03. 1834-1920
Foreldre: Ola Torsteinson Breie Strand Hamarsbøen og Jørand Nilsdtr. Strand Rangdigarden.

Torstein gifte seg 1857 med Rønnaug Larsdtr. Pålgard frå Hol 1836-1913. Barn: Jørand 1858-1858; Jørand 1859- ; Gunhild 1862- ; Sissel 1865- ; Ola 1867- ; Lars 1870-1931.
    Barn i Am.: Theodor 1875-1945 ; Hannah 1877- ; Carl 1880-1952; Mabel Pauline 1891-1972.
    Torstein selde frå stølane Fekjane (no heimstøl til Embrikshaugen), Mefarningen (no til Toreplassen) og plassen Vangodden i åra 1858 til 1861.
    Torstein og Rønnaug flytta til Nedre Slåtta i Ustedalen omlag 1861. (Hol VII s 282)
    I 1908 var dei i Am.: Lake Park, MN,- sidan til Becker Co, MN. (1716)

{6542} År: 1862


Nils Steinson Flåta i Aslegarden Strand kjøpte restane av Nilsegarden hjå Torstein Olson i 1862, og sidan har garden lege under Aslegarden, gnr. 123/2.