Vangodden gnr. 123 bnr. 38
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Vangodden gnr. 123 bnr. 38-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruket har vore kalla nordre Vangen, OddeVangen eller Vangodden. Under gardsynet på Nilsegarden i 1765 stod det ei lu på Osvangen. OddeVangen kan vera det same som Osvangen.
    Ein kjenner ingen husmann her etter 1858.
    Areal 1865: naturleg eng 5 mål, utslått 2 mål.
    Vangen i dag: stugu er påbygd, loftet er selt, uthusa er rivne, og eigedomen utlagt til bustadfelt. Vangodden vart slege saman med Vangen, gnr. 122/6 i 1974.
{6543} År: 1859
Knut Holgeson Hushaugen Vangen 25.05. 1795-
Foreldre: Holge Knutson Vangen og Guro Knutsdtr. Hushaugen.
Gm Guro Eiriksdtr. Svenkerud Skottebøl 08.04. 1776-
Foreldre: Eirik Trulsson Kolsrud Svenkerud og Rangdi K. Svenkerud, Nes.
*Barn i andre ekteskap
1. Eirik Knutson Vangen 02.02. 1842-1842
Knut og Guro gifte seg i 1841. Guro var enkje etter Eirik Knutson Skottebøl. Knut hadde sonen Ola f. 1824 med Guro Torsteinsdtr. Granhagen.
{6544} År: 1874
Lars Martinson Vangen 03.02. 1847-1941
Foreldre: Martin Larsson Strand og Margit Olsdtr. Vangen.
Gm Eli Eilevsdtr. Gjerdnesslåtta Vangen 05.03. 1851-1948
Foreldre: Eilev Embrikson Sagen og Janinda Toresdtr. Aksnes.
*Barn
1. Eilev Larsson Vangen 20.05. 1875-1969
G 1911 m Jørand Olsdtr. Asgrimsplass. (syskenbarn). Sjå Steinsrud, 112/25.
2. Margit Larsdtr. Vangen Svenskerud 30.05. 1876-1966
G 1903 m Hans Svenskerud, Sokna 1881-1943. Barn: Eli 1903- g 1928 m Birger Slette (2 barn); Gunda Lovise 1906-1982 g 1930 m Håkon Berntsen Sandlie (6 barn); Inger 1909-1977 g 1941 m Kristian Kristiansen (1 barn).
    Hans arbeidde på ein papirfabrikk. Busett i Norderhov. (1556)
3. Ola Larsson Vangen 20.01. 1878-1961
G 1909 m Ågot Halvorsdtr. Syversteigen.
4. Embrik Larsson Vangen 01.10. 1879-1927
Ug. Til Am. i 1923. Embrik var fyrst 5 år i Am. ,så 12 år i Noreg. Han reiste så attende til Am. der han omkom i 1927. Embrik vart skoten i eit sjalusidrama.
5. Martin Larsson Vangen 17.06. 1881-1974
Barn m Helga Olsdtr. Skjølet 1881: Ola 1903- .
    G 1910 m Hannah R. Ottersen 1885-1958. Barn: Hazel 1912- g 1930 m farmar Charlie Hagen i Summit, SD, (6 barn); Irene 1913-1978 g 1931 m Martin Hagen (5 barn); Lillian 1917- g 1940 m Ronald Dring;
    Mavis 1922- g 1950 m Joseph Mueller (2 barn); Doris 1925- busett i St. Paul, MN.
    Martin reiste til Am. i 1904 og vart farmar i Summit, SD. (1556)
6. Halvor Larsson Vangen 30.09. 1883-1960
G 1912 m Ingeborg Johansen, Ask ....-1914. Barn: Nils Bjarne 1912- ; Lars Ingvald 1914- maskinoperatør i Canada, g 1942 m Flora Daisy Williams (5 barn), g 1984 m Mary Ann Dick.
    G 1915 m Kristi Sveinsdtr. Sindrol 1893-1965. Barn: Svein 1916- lagerarbeider i Oslo, gm Ragnhild Skansen, Flisa (3 barn); Emil 1917- seljar/gardsarbeidar g 1948 m Mary Moher (7 barn); Christian 1918- vaktmann, var gm Gwendolyn Joyner (1 barn), var gm Agnes Fjeldberg (1 barn), g 1978 m Margareth French (1 barn); Ingeborg (Belle) 1920-1974 g 1945 m farmar Gordon Campbell (1 barn);
    Iver 1921-1978 arb. i oljebransjen, ug. (1 barn); Halvar 1925- lagerformann, g 1945 m Rita Helene Harder (4 barn); Borghild 1926- husholderske, var g 1943 m Elba Jay Potter (3 barn). (1556)
    Halvor reiste til Am. i 1919: farmar i Calri, Sasc. Canada.
7. Lars Larsson Vangen 30.11. 1885-1887c
Lars drukna i Strandafjorden ca 2 år gamal. Dei fann berre ein sko etter han. (1666)
8. Liv Larsdtr. Vangen Opheim 06.12. 1887-1985
G 1908 Lunner m Knut Olson Hagaløkken eller Opheim, Vågå 1879-1962. Barn: Arnfinn 1908-1973 byggmester/småbrukar, g 1950 m Sigrid Klypen (1 barn); Eli 1909- g 1934 m byggmeister/småbrukar Jakop Sagsletten (3 barn); Ragnhild 1912- g 1946 m kjøpmann Ole Lie (2 barn); Lina 1915-1990 g 1933 m snikkar Ola Haug, Vågå (4 barn); Magnhild 1917- g 1939 m ysteri-styrar Thor Eilif Brandrud (3 barn); Ola 1920- verksmester ved Ottadalen bilruter og kjent felespelar, var gm Gerd Skjerven (1 barn), g 1946 m Elise Johansen (2 barn); Emma 1924- g 1947 m heradsagronom Jakop Brekken (3 barn).
    Knut reiste til Hurum i 1908. Knut var anleggsarbeider og småbrukar,Liv husmor og småbrukar. (1376)685
9. Guri Larsdtr. Vangen Hagen 09.03. 1890-1968
G 1910 m Kristoffer Hagen 1884-1974. Barn: Marie 1911- g 1937 m Erling Halvorsen; Lilli 1915- g 1941 m Åge Hansen, Drammen (1 barn); Gudrun 1917-1976 g 1943 m Einar Olsen (2 barn); Ruth 1921- g 1944 m Hilmar Røraas (3 barn);
    Guri og Kristoffer kom til Skoger i 1911. Kristoffer var fyrst gardbrukar, sidan vaktmann ved Kullkompaniet i Drammen.
10. Lars Larsson Vangen 01.12. 1891-1983
Ug. Lars var ca 40 år i USA. Han var både farmar og saloon-eigar. Lars kom heim att og arbeidde på fabrikk i Drammen.
11. Ingebjørg Larsdtr. Vangen Moen 14.01. 1894-1959
Gm Syver Syverson Moen 1878-1959. Barn: Lilly Ingrid 1928- g 1952 m Jacop Peter Thorsen (2 barn).
    Syver var pussar ved NSB. Fyrst budde dei på Stavejordet. Sidan busett i Drammen og så Oslo.
Lars og Eli gifte seg i 1876. Lars var timremann. Fyrste åra budde dei i Sagen. Lars kjøpte ein del av Vangen og Eli kjøpte nordre Vangen, kalla Vangodden for 100 spd.
    Eli var 'borte' på baking, slakting og vask. Og ho dreiv spinning og strikking. Med ein stor ungeflokk trongst attåt-inntekt. Det var ikkje ofte dei hadde smør, salta smult vart brukt i det daglege.
    I 1932 selde Lars og Eli Vangodden for kr. 300 og kår til Ola Larsson Vangen.