GjerdnesSlåtta gnr. 123 bnr. 45
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
GjerdnesSlåtta gnr. 123 bnr. 45a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Slåtta eller Gjerdnesslåtta vart også kalla Langegardslåtta etter Asle Langegard som hadde Gjerdnes fire år kring 1744. Namnet Langegardslåtta synes delvis å vera samanrøra med Langeland i sume kjelder.
    Opphavleg har denne plassen lege under Halvorsgarden, og sidan under Nilsegarden Strand. Ved gardsynet på Halvorsgarden 1747 stod det ei lu til nedfalls på Langegardslåtta.
    Då Ola Halvorson Halvorsgard Strand fekk skøyte på Nilsegarden Strand i 1766 var Randeplassen eller Langegardslåtta unnateke.
    Kring 1770 var namnet Langegardslåtta eller Randeplassen (sidan det budde folk frå Randen her.)
    I 1790 vart Langegardslåtta selt av Eivind Eivindson Medhus til Holge Gjerdnes for 71 rd.
    Slåtta ligg oppe i lia på vestsida, litt nord for Skjølet. Nede ved jernbanelina er ei oppdyrka myr. NB. På økonomisk kartverk har namnet Langegardslåtta vorte endra til Langelandslåtta. Dette namnet står no for slåttemyra nedunder Gjerdnesslåtta.
    Slåtta vart brukt som heimstøl under Gjerdnes, og husa vart leigde bort.
{6558} År: 1770c
Sigrid Persdtr. Granhagen Langegardslåtta 1724-1804
Foreldre: Per Eirikson ... Perplassen og Birgit Nilsdtr. Gjerdnes.
Gm Ola Olson Randen Granhagen 1729-
Foreldre: Ola Olson ... og ...
*Barn
1. Ola Olson Granhagen 07.11. 1751-
2. Guri Olsdtr. Granhagen 11.06. 1753-
   
3. Randi Olsdtr. Randen 11.02. 1759-
4. Knut Olson Randen 09.08. 1761-
5. Jørand Olsdtr. Randen 16.10. 1763-1763
6. Anne Olsdtr. Randen 05.06. 1768-
Ola Olson Randen eller Granhagen var soldat. Han og Sigrid budde i Randen fram til og med 1768.
    Faddrar 1751: Jørand Lien, Per Normann, Eirik Person Granhagen, Knut Olson Strand, Turid Persdtr. Faddrar 1753: Nils Knutson Sandåker, Knut Torjusson Hagen, Ingeborg Halvorsdtr. Breie, Gunhild Eiriksdtr. Granhagen, Margit Eilevsdtr. Faddrar i 1761: folk frå Skalle, Vangen, Huus, Stave og Langeland. (Guri Larsdtr. Randeplassen var fadder i 1763.)
    Me veit ikkje når Ola og Sigrid gifte seg, men det skjedde seint. Ola vart dømt til to år på festningen for dei fyrste fire legemåla. I 1756 bar det på festningen att for legemål nr. 5.
    Ola Olson Randes' vart han kalla i 1751. Plassen er kalla Langegardslåtta eller Randeplassen utover i 1770-åra. Sigrid vart enkje før 1795.
    I 1795 gjorde Sigrid slik avtale med Nils Holgeson Gjerdnes: Sigrid skulle bruke Langegardslåtta på livstid og svara 1 riksort årleg i leige. (Slik som då mannen hennar levde). Etter hennes død skulle utført oppdyrking og bygging av plassen takserast og erstattast til arvingane. Arvingane kunne selja stugu om dei ville, eller la ho rotne ned på plassen. (1389)
    Sigrid døydde på Langeland i 1804.
{6559} År: 1790
Holge Eilevson Gjerdnes (1712-1801), sagmeister og møllar i Sagen fekk 1790 skøyte på Langegardslåtta for 71 rd. Han hadde kjøpt halve Kulu-saga hjå T. Villand m.fl. for 48 rd.
    I 1801 var Holge enkjemann og husmann med jord i Slåtta. Han budde saman med dattera Liv og sonen hennar.
    Sjå meir om Holge under Gjerdnes og Sagen.
{6560} År: 1859
Eilev Embrikson Sagen Slåtten 28.04. 1817-1891
Foreldre: Embrik Eilevson Sagen og Eli Halvorsdtr. Rudningen.
Gm Janinda Toresdtr. Aksnes Gjerdnesslåtta= Sagen 1820.-
Foreldre: Tore .... Aksnes og ... ... ..., Granvin.
*Barn
1. Halvor Eilevson Gjerdnesslåtta 07.08. 1844-
Halvor reiste til Kr.ania i 1860. Han var født i Granvin.
2. Nils Eilevson Pernilsslien Gjerdnesslåtta 16.01. 1847-
Som barn var Nils sett på legd. I 1865 gjekk han på dagløn heime på Gjerdnesslåtta. Soldat.
3. Embrik Eilevson Gjerdnesslåtta Strand 17.12. 1848-
Til Am. i 1869 i fylgje med Aslag Pålson Strand.
4. Eli Eilevsdtr. Gjerdnesslåtta Vangodden 05.03. 1851-1948
G 1876 m Lars Martinson Vangen, sjå Vangodden, gnr. 123/38.
5. Tore Eilevson Gjerdnesslåtta 31.12. 1853-
Til Am. i 1880.
6. Eilev Eilevson Gjerdnesslåtta Ellefson 01.04. 1856-
Gm Thea Sophia Ophus. Barn: Elmer Theodor 1889- . Busett Zumbrota, MN. Han skreiv seg Ellefson.
    Eilev Gjerdnes f. 1856 var 'Tyende og bud' i Bergen 1875.
7. Ola Eilevson Gjerdnesslåtta 12.04. 1859-
Til Am. i 1885.
8. Elina Eilevsdtr. Gjerdnesslåtta 22.02. 1864-
Til Am. i 1881.
Eilev og Janinda flytta mykje. Dei budde som innerstar i Belluteigen, på Turrhaug 1856 og så i Gjerdnesslåtta frå 1859. Eilev var husmann utan jord, det var nok ikkje mykje å leva av. Janinda vart tildelt korn på kassa. Og ungane Embrik og Nils vaks opp på legd.
    Dei flytta så til Granvin der Eilev var husmann på Kjerland i Granvin, men reiste so attende til Ål. (Budde på Vangen i 1891.) (Ættebok for Granvin s 52 og 281)
    Janinda reiste til Am. som enkje i 1893 og døydde der vel 100 år gamal.