Sagen gnr. 123 bnr. 48
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sagen gnr. 123 bnr. 48-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Sagen vart frådelt Gjerdnes i 1907. Sagen ligg vest for Øyno, grensar inntil Kulu i aust og til Strandafjorden i nord.
    Sagen (tidlegare Sagvika) var husmannsplass under Gjerdnes. Plassen Sagvika eller Sagvollen hadde to kverner, ei i Kulu og ei i oset i Storelva. Holge hadde kjøpt halve Kulu-saga hjå T. Villand m.f.l. for 48 rd.
    Holge Eilevson Gjerdnes kjøpte halve Kulu-saga hjå T. Villand m.fl. for 48 rd. I 1756 kjøpte Holge også kverna i Storelv-oset (under Rime), og slik fekk han både arbeid og inntekt. 10 år seinare kjøpte Holge garden Gjerdnes.
    I 1769 skatta Holge for 16 skilling av kverna under Rime. Det var like mykje som skatt som var pålagt Gullhaga-kverna.
    Holge Gjerdnes og Eirik A. Sundre fekk kongeleg løyve til sagbruk på 'Strande-saug nr. 7', skrive på Fridensborg Slott i 1793. Eit vilkår vart at omkring-liggande odels-skogar måtte ikkje forringast, vannkant kunne skjærast av borda, og dei skulle berre nyttast innanfor bygda. (1221) s 558b
    Bøndene på Søre Strand og Skottebøl stevna 1799 Helge til forlikskommisjonen for å få slege fast kva åvirke og åkerbruk som høyrde Sagvollen til. Dei gjorde slik semje: mot 10 rd skulle steingjerdet på nordsida av plassen få stå, men på sørsida måtte Holge flytte gjerdet så ferdselvegane kunne brukast utan hindring. Dvs. Frå nordre stugu-laftet og ned-utover forbi møkdynga og ned i vegen etter fjorden. Og på sørsida opp til eit steingjerde. Noko "forfang" utanfor desse delene skulle plassen ikkje ha. (1407) s 25
    Det var ingen husmann eller busetnad i Sagen korkje i FT 1801, 1865 eller i manntalet i 1830-åra.
    Sjølve saga låg ved utløpet av Kulu. Hit fløytte dei tømmer ovantil, store timre-grimer vart rodd i land ved Sagen. Då jernbanen kom måtte saga flyttast, den vart oppatt-sett i Bråtet ovanfor Kulufossen.
    Husa i Sagen er ei gamal timrastugu (nyleg restaurert og tildelt kommunal byggeskikkpris), uthus frå omlag 1930. Fleire bustadtomter er frådelt eigedomen.
{6562} År: 1801
Enkja Sigrid Holgesdtr. Gjerdnes (1749-1831) og den ugifte systera Liv (1754-1826) fekk utlagt plassen Sagvollen på skiftet etter foreldra i 1801.
    Sigrid var enkje etter Svein Asgrimson Neståker Breiehagen. Sigrid døydde i Sagen i 1831. Sonen til Liv overtok Sagen etterkvart.
{6563} År: 1810c
Embrik Eilevson Sagen 09.08. 1789-
Foreldre: Eilev Eirikson Strand Skottebøl Granhagen (ungkar) og Liv Holgesdtr. Gjerdnes - Sagen.
Gm Eli Halvorsdtr. Rudningen Sagen 1790-1833f
Foreldre: Halvor Knutson ... og Jøran Gunvaldsdtr. Bindarplass/Rudningen/Arnegard på Nes. (Oppl. S. Vissebråten)
*Barn
1. Gro Embriksdtr. Sagen 1810c-
Som barn på legd i Satafjerdingen 1816-1836. Ikkje arving i 1889.
2. Liv Embriksdtr. Sagen Presteikrene 12.11. 1811-1889
G 1836 m Guttorm Olson Ulshagaplass Presteikrene, gnr. 111/4.
3. Jørand Embriksdtr. Sagen 28.09. 1814-
Ikkje arving i 1889.
4. Eilev Embrikson Sagen Slåtten 28.04. 1817-1891
Gm Janinda Toresdtr. Aksnes. Sjå GjerdnesSlåtta, gnr. 123/45a.
5. Sigrid Embriksdtr. Sagen Larsen 10.07. 1820-1889f
Gm Hans Larsen på Grynerløkka Kr.ania. Barn: Jakop ....- .
    Sigrid vaks opp på legd 1816-1836. Død før 1889.
6. Ingeborg Embriksdtr. Sagen Nilsson 11.07. 1826-
Gm Anders Nilsson, ... Sverige 1820-.... .
    Ingeborg reiste til Horten i 1847. Dei budde på Loes-tajet i Norderhov i 1900. Anders var sjølveigar og jordarbeider.
Embrik og Eli gifte seg i 1809. Embrik arbeidde på sagbruk, dreiv lagging og hjelpte til med gardsdrifta i Sagen.
{6564} År: 1830c
Holge Nilsson Gjerdnes Sagen 16.09. 1798-1867
Foreldre: Nils Holgeson Gjerdnes og Guri Kitilsdtr. Kitilsplassen.
Gm Margit Olsdtr. Noss Arnegard Gjerdnes 03.03. 1804-
Foreldre: Ola Olson Arnegard Noss og Birgit Knutsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Guri Holgesdtr. Gjerdnes 23.11. 1826-1896
G 1852 m Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes, gnr. 123/45.
2. Birgit Holgesdtr. Gjerdnes Lille-Dengerud 13.12. 1829-1866
G 1856 m Torstein Torsteinson VesleDengerud, gnr. 115/18.
3. Ola Holgeson Gjerdnes Kulutunga 27.03. 1833-1876
G 1860 m Anne Holgesdtr. Halfardokken. Sjå Kulutunga, gnr. 115/16b.
4. Ingeborg Holgesdtr. Gjerdnes Hatten 03.11. 1836-
G 1861 m Knut Torson Hatten frå Gol. Til Am. i 1861.
5. Gunhild Holgesdtr. Gjerdnes 09.07. 1840-1882
Ugift. Vaks opp på legd. Gunhild var tenestjente på Berger i Jevnaker i 1865.
    Ho døydde på legd 42 år gamal.
6. Nils Holgeson Gjerdnes Slåtten 29.02. 1844-
Til Am. i 1861.
7. Kristi Holgesdtr. Gjerdnes Johnson 30.08. 1849-1927
G 1874 m em Gunnar Johanneson Mykingeie Skallehaugen, sjå Kulutunga, gnr. 115/16b.
    Dei skreiv 'Johnson'. Til Am. i 1878: Grand Forks, ND. Budde i Northwood, ND.
Holge og Margit gifte seg i 1826. Holge overtok Sagen hjå far sin kring 1830.
    Holge selde Sagen 1842 til Ola Olson Dengerud. Pris 100 spd. (1544)1566
    Det var ingen i Sagen i fylgje husmanns-manntalet 1831-1841. Mor til Holge budde også i Kulutunga i 1865.
{6565} År: 1842
Ola Olson Bøygard Sagen 05.07. 1812-1900
Foreldre: soldat Ola Olson Holeplass (fall i krigen) og Margit Arnesdtr. Bøygard.
Gm Margit Henriksdtr. Guroplass Dengerud 29.07. 1815-1858
Foreldre: Henrik Holgeson Huushaugen Guroplassen Dengerud og Gro Halvorsdtr. Granhagen/Guroplassen.
Gm Kari Halvorsdtr. Poverud? Sagen 26.04. 1826-1870
Foreldre: Halvor Gulbransen Husemoen (ungkar) og Guri Olsdtr. Poverud, Nes? Jfr. KB 1826.
Gm Birgit Tolleivsdtr. Skallehaugen Stakkestøet 12.09. 1819-1905
Foreldre: Tolleiv Henrikson Huus Skallehaugen og Mari Olsdtr. Vangen Skallehaugen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Olsdtr. Sagen 04.08. 1850-
Gm ... ... ... . Margit flytta til Kr.ania 1876 for å gifte seg. I 1900 budde ho i Am.
Ola og Margit gifte seg i 1841. Ola vart attgift 1862 med Kari. Dei budde i Bråto, gnr. 123/32a i 1865, Ola var skreddar, og Torstein Embrikson f. 1860 var fosterson.
    I 1872 vart Ola attgift med enkje Birgit Tolleivsdtr. Stavehaugen. Ho var enkje etter Lars Arneson Hefte Skallehaugen.
    I 1875 var Ola husmann (med jord) og skorsteinsfeiar. I 1891 var han plassebrukar utan jord, kårmann og garnbindar.
{6566} År: 1868c
Ola Holgeson Gjerdnes Kulutunga 27.03. 1833-1876
Foreldre: Holge Nilsson Gjerdnes og Margit Olsdtr. Arnegard Noss.
Gm Anne Holgesdtr. Halfardokken Sagen 05.12. 1834-
Foreldre: Holge Halvorson Halfardokken og Anne Steingrimsdtr. Noss-Rudningen.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Gjerdnesslåtta Sagen 27.04. 1860-
Barn: truleg Anna Oline 1882- med Gudbrand Olson Kjensbråten Kroksrudeie; Gunhild 1884-.
    Margit var i tenest på Oppegard i Sokndalen i unge år. I 1900 var Margit ugift og budde på Marenløkken, Myrene i Norderhov. Ho var nesten blind, og hadde hjelp av dottera Gunhild Henriksdtr. f. 1884. (1232)
2. Nils Olson Sundbrei Sagen 10.05. 1862-
3. Anne Olsdtr. Gjerdnesslåtta Helgesløkken 06.12. 1864-
G 1893 Norderhov m Anders Pedersen Helgesløkken, Jevnaker 1868- . (RGDS)
4. Ola Olson Gjerdnesslåtta 02.07. 1867-
Ola reiste til Am. 1885.
5. Ingebjørg Olsdtr. Sagen 22.09. 1870-
Ingen spor etter 1875.
6. Gunhild Olsdtr. Sagen 16.03. 1873-1881
Gunhild vart berre 8 år.
7. Kari Olsdtr. Gjerdnesslåtta Sagen 15.11. 1875-
Kari fekk attest 1888 for flytting til Norderhov.
Ola og Anne gifte seg i 1860. Dei flytta mykje, men kom til Sagen omlag 1868. Ola Holgeson var husmann med jord i Sagen i FT 1875.
{6567} År: 1890c
Lars Martinson Vangen og kona Eli Eilevsdtr. Gjerdnesslåtta budde mellombels i Sagen i 1891.
    Lars var skomakar og jordbrukar. Sjå meir om familien deira under Vangodden, gnr. 123/38.