Toreplass gnr. 123 bnr. 49
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Toreplass gnr. 123 bnr. 49-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Toreplassen var husmannsplass under søre-øvre Strand (Nilsegarden/Larsgarden Strand).
    Det opphavlege namnet på bruket var Amundsplass. Namnet Tore-Ole-plassen er fyrst nemnt i 1774. Tore-Ole var truleg ein husmann mellom Amund og skøytet til Ola Tolleivson i 1758.
    I 1790 vart bruket kalla Grandeplassen. (Truleg feilskrift for Granhagen.)
    Toreplassen har etter måten store rettar i sameigene, 12 laupsbol hamnerett i Heimåsen og 9 laupsbol på Fekjo.
    Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 20 mål, utslått 36 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg 6 tunner potet.
    Areal 1960: innmark omlag 26 mål, derav 14 mål dyrka.
    Stølar. Heimstølar Mefarningen og Toreplass-jøta (nedlagt). Langstøl på Fekjo.
    Innmarka til Toreplassen vart lagt ut til bustadfelt midt på 1970-talet. Dei gamle husa er selde.

{6572} År: 1758

Ola Tolleivson Strand Amundsplassen 1714c-
Foreldre: Tolleiv Olson Ulshagen Strand og Guri Olsdtr. Skottebøl.
Gm Dordei Persdtr. Granhagen 1710c-
Foreldre: Per Eirikson ... Perplassen og Birgit Nilsdtr. Gjerdnes.
*Barn
1. Per Olson Granhagen 14.10. 1759-
Fadderar: Arnulf Embrikson Arnegard, Ola Halvorson Strand, Vebjørn Strands kvinne, Guri Mikkelsdtr. Sørbøen.
2. Ola Olson Granhagen 13.09. 1761-
Faddrar: Syver Embrikson Helling, Knut Asleson Stave, Ola Nilsson Strands si enkje, Sigrid Persdtr. Granhagen, Gro Torgeirsdtr. Stakegarden.
3. Per Olson Granhagen 02.02. 1764-
Faddrar: Syver Skrattegard, Eivind Guttormson Strand, Eilev Vangens kvinne, Margit Tolleivsdtr. Gullhagen, Lukris Håkonsdtr. Strand.
4. Embrik Olson Granhagen 26.12. 1766-
Faddrar: Endre Logsengard, Eirik Person Granhagen, Anne Sveinsdtr. Skottebøl, Birgit Olsdtr. Gjerdnes.

Ola kjøpte plassen 'Brenduen' hjå Vebjørn Olson Strand for 100 rd i 1758. Med plassen fylgde tømmer til vedlikehald av hus og gjerder, og til brennefang. Dessutan hadde bruket rett til bar og beit for dyra. Som tidlegare skulle 'skovsletten' (Toreplass-jøta?) følge med bruket.
    I 1742 var Ola soldat, ukonfirmert og 28 år gamal. Han vart avvist av retten som vitne sidan han enno ikkje hadde vore til Guds Bord. (Rettssaka mot Halvor Anderson Strand. )
    Dordei var truleg datter til Per Eirikson Perplassen sidan både bror og syster var fadder for ungane til Ola og Dordei.

{6573} År: 1774


Knut Torjusson selde Nilsegarden Strand i 1774 til Ola Halvorson for 960 rd, men held attende husmannsplassen 'Tore-Ole-plassen eller Brenne-plassen' med slåttelende m.v.
    I 1777 held enkjemennene Knut Torjusson og Tor Danielson Myking makeskifte slik at Tor fekk Amundsplass og Veslestølen under Myking + 620 rd, medan Knut fekk Myking. I tillegg fekk Tor slåtta Grønnebakken (?) og ei grasing ova Kulufossen.
    Det var skifte etter Knut Torjusson i 1782. Erik Album (Nilsegarden Strand) vart eigar av plassen før 1790.

{6574} År: 1790

Knut Eilevson Lå Øvre Granhagen 14.10. 1759-1817
Foreldre: Eilev Sveinson Noss Lå-Bakketeigen Granhagen og Anne Knutsdtr. Grevsgard.
Gm Birgit Nilsdtr. Vangen Granhagen 20.05. 1762-1835
Foreldre: Nils Hansson Storlien Skomakarmoen Vangen og Ambjørg Holgesdtr. Vangen.
*Barn
1. Eilev Knutson Granhagen 1787-1801f
2. Ambjørg Knutsdtr. Granhagen Hallebråt 1789-
G 1815 m Sevat Olson Arnegard Noss Brenno Hallebråt, gnr. 120/2.
3. Eilev Knutson Granhagen Toreplass 22.07. 1792-1869
G 1819 m Guri Lambertsdtr. Haugerud. Sjå neste hushald.
4. Nils Knutson Granhagen Minna 1795-1858
Barn: Birgit f. 1816 m/Kari Olsdtr. Langeland.
    G 1821 m Birgit Olsdtr. Noss. Sjå Minna, gnr. 110/57.
5. Anne Knutsdtr. Granhagen Sundrelien 1797-1843
G 1819 m Mikkel Anderson Lien, sjå Dokklien, gnr. 110/.
    Om Anne fortel segna at mannen hennar sette seg i julestugu for å sjå kven han skulle få til gifte. Anne vart sjuk og svima av medan dette stod på. Mange år seinare vart dei to gifte. (1293)
    Anne og Mikkel vart skilde. Ho døydde som innerst i Toreplass i 1843.
6. Sevat Knutson Granhagen 1798-1821
7. Birgit Knutsdtr. Granhagen 11.08. 1805-1835f
Birgit var død før 1835.

Knut og Birgit gifte seg i 1787. Hausten 1778 hadde han og mora reist ut av sognet for 'å søke livets Ophold'. (1397) s 46
    I 1790 kjøpte Knut Toreplassen (kalla 'Grandeplassen beliggende i Granhagen under søre Strand') hjå Eirik Album på Strand for 134 rd og 2 ort årleg skattehjelp. 2 delar i Skotvoll-stølane (Skotvoll-jøtene), slåttelendene Randimyra (eller Kvernbakkane), slåtta ved Kulufossen, og nokre grasingar på nordre 'Brosbekken'. (1221) s 310b
    I 1797 overtok Asle Strand Skotvoll-jøtene for 3 rd mot at Knut skulle få bruke eigedomen på livstid. Saman skulle dei setja opp ei stølsbu og utgard kring slåtta, men Knut skulle ta vedlikehaldet. Vidare skulle Asle legge ut stølen Måsarud til beite. (1389)
    Det vart fortalt at ein gong kom ei framandkone innom hjå Birgit. Samtalen kom inn på spøkriet på Tunehago og på Sundbrei. Då sa framandkona at dei burde flytte litt på fjøset i Toreplassen, - det ureina maten for 'dei nedunder'. (dei underjordiske) Birgit lova å seie det til mannen, og så flytta dei fjøset nokre meter. Etter den tid hadde dei stor lukke med buskapen i Toreplassen. (1293) (Sjå meir om dette i Ål I s 155)
    På skiftet etter Knut i 1818 var det 679 spd å dele. Då hadde kvar av ungane fått ei ku føreåt. Enkja ville overta garden, men då taksten syntest høg, ville ho heller ha ein broderlodd.

{6575} År: 1833

Eilev Knutson Granhagen Toreplass 22.07. 1792-1869
Foreldre: Knut Eilevson Granhagen og Birgit Nilsdtr. Vangen.
Gm Guri Lambertsdtr. Haugerud Toreplass 10.04. 1796-1882
Foreldre: Lambert Eilevson Amundsgard Strand Haugerud og Kristi Narvesdtr. Medgarden (Hol).
*Barn
1. Birgit Eilevsdtr. Toreplass Bergahagen 11.07. 1820-1906
G 1855 m Tomas Olson Skjervheimshagen Bergahagen, gnr. 39/2.
2. Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes 22.03. 1822-1876
Barn: Lars f. 1848 m/Birgit Nilsdtr. Tveitemoen.
    G 1852 m Guri Helgesdtr. Gjerdnes, gnr. 123/45.
3. Kristi Eilevsdtr. Toreplass Odden 15.10. 1824-
G 1852 m Svein Ivarson Noss Odden under Breiehagen. Til Amerika i 1867.
4. Anne Eilevsdtr. Toreplass Myre 23.09. 1827-
G 1851 m Knut Olson Storeli i Nes. Barn: 6: ..................
    Anne fortalde at ho held på å bli bergtaken ein gong ho gjætte på Veståsen. Ho vart sengeliggande lenge etterpå. Anne var mykje plaga av haugafolk. Forklaringa skulle ha vore at ei haugakjering hadde lurt seg til å sy eit par sting medan mor hennar laga dåpskleda. (1553)28
    Den tyske kunstnaren og hoffmålaren Georg Saal for gjennom dalen i 1847. Han laga ein vakker akvarell av Ågot. (1274) s 25
    Anne og Knut budde fyrst på Myre på Nes, så reiste dei til Am. i 1890.
   
5. Sevat Eilevson Toreplass Ruud 06.03. 1830-1900
G 1852 m Margit Eilevsdtr. Ruud, gnr. 95/5.
6. Sigrid Eilevsdtr. Toreplass Noss Tveito 12.08. 1832-1911
G 1854 m Tolleiv Larsson Bakketeigen Tveito. G 1861 m Ola Ellingson Jøto Tveito, gnr. 118/2.
7. Ågot Eilevsdtr. Toreplass Rueslåtten 06.05. 1834-1900
G 1854 m Håkon Oleivson Velta Toreplass Rueslåtta i Hol 1828-1901. Barn: Margit 1855- gm Anders Kristensen, Horten; Guri 1856- til Am. gm Erik Halling (Sverige).
    Barn i Rueslåtta: Kari 1858- til Am., gm Frank Johnson; Birgit 1860-1867; Kristi 1862-ung; Kristi 1863- gm Ola Vebjørnson Halingstad; Gro 1866-1867; Birgit 1868- gm Ola K. Gjerdnes; Oleiv 1870-1876; Eilev 1873-1930 gm Kari Syversdtr. Lien (Hol); Asle 1875-1931 til Torsgard, gm Birgit O. Reinton; Oleiv 1877-1876.
8. Eilev Eilevson Toreplass 22.09. 1836-1918
G 1861m Birgit Eilevsdtr. Ruud. Sjå neste hushald.
9. Birgit Eilevsdtr. Toreplass 19.09. 1838-1860
10. Ivar Eilevson Toreplass 30.06. 1842-1926
Gm Margit Sevatsdtr. Sundrebråten f. 1836. Barn: Gurine 1871-1874; Gurine 1875-1936; Edward 1876-1948.
    Ivar og Margit reiste til Am. i 1869. Busett i Zumbrota.

Eilev og Guri gifte seg i 1819. Eilev kjøpte Toreplassen i 1833.

{6576} År: 1863

Eilev Eilevson Toreplass 22.09. 1836-1918
Foreldre: Eilev Knutson Granhagen Toreplass og Guri Lambertsdtr. Haugerud.
Gm Birgit Eilevsdtr. Ruud Toreplass 18.07. 1829-1908
Foreldre: Eilev Olson Arnegard Noss Ruud og Anne Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Birgit Eilevsdtr. Toreplass 25.12. 1861-1862
2. Birgit Eilevsdtr. Toreplass 31.08. 1863-1948
G 1895 m Syver Syverson Torkjellsmoen Toreplass. Sjå neste hushald.
3. Anne Eilevsdtr. Toreplass Andresen 09.02. 1866-
Gm Fridtjof Andresen, Oslo. Ingen barn. Dei reiste til Am. og slo seg ned i Minnesota og deretter ND.
4. Eilev Eilevson Toreplass 28.05. 1868-____
Sjå neste hushald.
5. Guri Eilevsdtr. Toreplass 18.02. 1871-1871
6. Eilev Eilevson Toreplass 08.12. 1872-
Gm ... ... Ingen barn. Gm ... ... Ingen barn.
    Til Am. 1894: Skreddar. Reiste til Zumbrota, MN. Eilev var gift to gonger.

Eilev og Birgit gifte seg i 1861. Eilev fekk skøyte på Toreplassen 1863 for 400 rd og kår.
    Han var konkurs i 1891. Sonen Eilev overtok bruket.

{6577} År: 1891

Eilev Eilevson Toreplass 28.05. 1868-
Foreldre: Eilev Eilevson Toreplass og Birgit Eilevsdtr. Ruud.

Ugift hestehandlar i 1900. Eilev overtok Toreplassen i 1891 for kr 2400 og kår. Ukjent lagnad.