Strandmyren gnr. 123 bnr. 50
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strandmyren gnr. 123 bnr. 50-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Strandmyren (også kalla Tunemyren) vart frådelt Larsstugu Strand som 1/3 i 1872. Laupsbol 10 2/3. Saman med bruket høyrde også plassen Hakkerud og småstykkene i Hagane.
    Frådelt: Fjordheim, bnr. 106 i 1937.
    Areal 1960: innmark omlag 30 mål, derav 12 mål dyrka.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål som dels vert leigd bort, anna areal 35 mål, produktiv skog 180 mål, anna utmark 800 mål. Buskap .............., til sist 15 vinterfôra sauer til 1994.
    Våningshus bygt 1960, stugu frå 1870, loft frå omlag 1880, låve med fjøs og stallar 1870.
    Stølar. Heimstøl på Klyvset, langstøl på Fekjastølen.
    Stadnamn: Renningsgeile, ein dal der dei rende ned tømmer.
   

{6581} År: 1871

Lars Larsson Strand 23.08. 1849-1928
Foreldre: Lars Olson Strand og Mari Holgesdtr. Gudmundsrud.
Gm Kari Andersdtr. Ulshagen Strand 03.01. 1860-1937
Foreldre: Anders Anderson Baklien Ulshagen og enkje Ambjørg Sveinsdtr. Grøndalen (Hemsedal).
*Barn
1. Anders Larsson Strand Larsson 07.01. 1880-1937
Gm Ingeborg ... , Vestlandet /Nordland(?). Barn: Liv 1916- ; Andres 1918- ; Ruby 1920- ; Catarina 1920-21.
    Anders farma i Alberta i Canada og skreiv seg "Nic. Larsson".
2. Mari Larsdtr. Strand Kvinnegard 22.05. 1881-1961
G 1911 m Hermund Halvorson søre Kvinnegard, gnr. 96/5.
3. Lars Larsson Strand 22.09. 1882-1937
G 1912 m Margit Syversdtr. Sandehuset. Målar. Sjå eige hushald.
4. Olaf Larsson Strand 25.12. 1884-1906
5. Ambjørg Larsdtr. Strand Bråten 18.04. 1887-1968
G 1914 m Per Kristianson Bråten, gnr. 110/8.
6. Kari Larsdtr. Strand Bekkestad 30.01. 1889-1921
G 1912 m Svein Ellingson Bekkestad Underberg. Sjå nedre Underberg, gnr. 127/22 og Fetagarden.
7. Helge Larsson Strand 26.10. 1890-1892
8. Helge Larsson Strand 16.06. 1892-1984
G 1946 m Åshild Jakopsdtr. Nygård, Eidanger. Sjå Fjordheim, bnr. 106.
9. Svein Larsson Strand 16.06. 1892-1893
10. Olav Larsson Strand 02.09. 1893-1965
G 1929 m Gudrun Torsdtr. Bekkestad. Sjå år 1929.
11. Svein Larsson Strand 27.09. 1895-1933
Gm Klara Johansdtr. Skjelbred. Sjå år 1924.
12. Kristi Larsdtr. Strand 11.07. 1897-1911
Kristi fekk tæring.
13. Anne Larsdtr. Strand Hoff 26.05. 1899-1985
Gm Lars Tolleivson Hoff. Sydame. Sjå eige hushald.
14. Magnhild Larsdtr. Strand Dahlsrud 13.02. 1901-1967
Gm Karl Dahlsrud, Solør. Ingen barn. Dei budde i Solør.

Lars og Kari gifte seg i 1879. Lars overtok 1/3 av farsgarden Larsstugu Strand i 1871.
    Far hans bygde stugu her og overlet til Lars. Sidan vart Strandmyren bygd og dyrka av Lars og Kari. Lars var både tømmermann og smed, og hadde godt handlag. Lars fekk sylvmedalje for husflitsarbeida sine.
    Både Lars og Kari var religiøse, og heimen deira vart ein religiøs samlingsstad i grenda.