Hakkerud gnr. 123 bnr. 50
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hakkerud gnr. 123 bnr. 50a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hakkerud ligg på sørsida av Strandafjorden, rett overfor nedre Sundbrei. At det var fastbuande her framgår av stugutufta som vart målt utvendig til 4,5 x 7 m av Ola Ellingsgard i 1993.
    Jordstykket Villandshagen (på nordsida av fjorden) skal ha vore bruka av husmannen i Hakkerud.
    Plassen Hakkerud vart nedlagt, og folket kom til Sundrebråten i 1864. Ein kjenner lite til folka som kan ha budd her.

{6586} År: 1823


Lars Olson Larsstugu Strand (1812-1887) var datterson til Guro Olsdtr. (Øvremyro), som var gift med Lars Olson (Lå - Amundsgard Strand). Jfr. Opplysningane om at han fekk 1823 noko i Hakkerud hjå bestemora si. (Ål IV s 581)
    Foreldre hans var Ola Knutson Skottebøl Strand og Kristi Larsdtr. Amundgard Strand.
    Lars Olson var bonde i Larsstugu Strand frå 1803.
   

{6587} År: 1840c


Anne Mikkelsdtr. Sandåker f.1806 var ugift og hadde fleire barn. Sjå Sandåker, gnr. 126/1.
    Anne budde i Venedokken i 1832. Anne Mikkelsdtr. Hakkerud fekk utdelt litt korn i 1846. Nokon husmann i Hakkerud står ikkje i husmannsmanntalet i 1830 til 1840-åra.
    Anne reiste til Amerika i 1860.

{6588} År: 1846


Ola Ellingson Bekkestad (1815-1880) dreiv som skraddar og skinnfeldmakar.
    Ola bygsla slåttelendet Hakkerud i 1846. Etter dette vart han kalla Hakkeruden.
    Ola og familien var i Vesleslåtta i Hol i 1860. Skriene tok fjøset med to kyr, - men då skrida stana, var kyrne uskadde. Etter dette flytte dei til Sundrebråten og reiste deretter til Am. i 1880. (Hol III s 309) Sjå Sundrebråten, gnr. 110/44.