Haugerud gnr. 123 bnr. 51
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Haugerud gnr. 123 bnr. 51-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Haugerud var husmannsplass under nordre Strand. Ved bygslinga i 1812 vart plassen kalla Hestehagen. I 1871 vart Haugerud frådelt Amundsgard Strand som eige bruk.
    Haugerud grensar til Sundbrei i vest, Tunehagen i nord, til Fjordheim i aust og Strandafjorden i sør.
    Haugerud var i drift fram til omlag 1970.
{6589} År: 1812
Lambert Eilevson Strand Haugerud 15.05. 1769-1856
Foreldre: Eilev Eilevson Amundsgard Strand og Sigrid Lambertsdtr. Gjeldokk.
Gm Kristi Narvesdtr. Medgard Haugerud 1768-1844
Foreldre: Narve Narveson Medgarden og Guri Olsdtr. ... i Hol. (Hol IV s 506)
*Barn
1. Haldis Lambertsdtr. Haugerud Holtrudhagen 21.09. 1794-
Gm Ola ... ... . Barn: Anders Olsen f. 1815.
    Ola var husmann med jord på Holtrudhagen på Modum i 1856. Haldis var enkje på Modum i 1865.
2. Guri Lambertsdtr. Haugerud Toreplass 10.04. 1796-1882
G 1819 m Eilev Knutson Granhagen Toreplass, gnr. 123/49.
3. Eilev Lambertson Haugerud 14.10. 1798-1873
G 1824 m Anne Aslesdtr. Hanseplassen. Sjå neste hushald.
Lambert og Kristi gifte seg i 1795. I 1801 var dei på Lambertstølen under Slettemoen i Hol. Dei bygsla ein støl av 2 måls vidde og ei øy med rett til å rydde ein åker. Årleg leige 2 rd og litt slått hjå bonden på garden.
    Lambert og Kristi bygsla Hesthagen i 1812. Kristi dreiv garden som ein kar då Lambert var ute i krigen.
{6590} År: 1825c
Eilev Lambertson Haugerud 14.10. 1798-1873
Foreldre: Lambert Eilevson Amundsgard Strand til Haugerud og Kristi Narvesdtr. Medgarden (Hol).
Gm Anne Aslesdtr. Noss Hanseplassen Haugerud 1793-1851
Foreldre: Asle Lambertson Gjeldokk Hanseplassen og 2.g Guri Olsdtr. Huus.
*Barn
1. Kristi Eilevsdtr. Haugerud Arnelien 19.08. 1824-1878
G 1861 m Tolleiv Knutson Bakketeigen Arnelien, gnr. 110/45.
2. Asle Eilevson Haugerud 22.04. 1826-1879
G 1854 m Kari Olsdtr. Sundrelien.
3. Lambert Eilevson Haugerud 23.03. 1828-____
Lambert var ikkje arving i 1873.
4. Eilev Eilevson Haugerud Huus 27.10. 1829-1910
G 1869 m Birgit Knutsdtr. Huus. Barn: Eilev 1869- g 1892 m Julia Mikkelson (=Gunvor Mikkelsdatter Medhus); Anna 1873-1952 g 1898 m Nils Mikkelson, Wallingford; ... gm ... Sevatson. (Dei hadde 14 barnebarn i 1925.)
    Eilev var inderst på Huus i 1869, og reiste til Am. omlag 1870. Busett Wallingford, Iowa. Eilev og Birgit gravlagde på Wallingford Lutheran Cemetery i Iowa. Ungane budde i Emmet County då dei gifte seg. (J. Marler)
5. Ola Eilevson Haugerud Veslegard 03.04. 1832-1890
G 1868 m Lisbet Gulliksdtr. Natten, Nore 1826-1909. Sjå Fetagarden, gnr. 123/53.
6. Syver Eilevson Haugerud Kjemhus 14.05. 1834-1920
G 1871 m Turid Olsdtr. Imingen 1845-1939. Barn: Ola 1872-1947 g 1897 m Helga Halvorsdtr. Loftstuen; Anne 1874-1874; Anne 1874-1953 (tvilling); Gunhild 1874-1956 (tvilling) g 1898 m Knut Gulbrandsen Grøterud; Eilev 1878- til Am. våren 1899; Knut 1880-1881; Kristi 1882-1953 ug. ; Knut 1888- til Am. ca 1910. (1273)
    Syver var tenestgut på Bjorumeie i Asker i 1855. Syver kom til Kjemhusjordet i Uvdal før 1871.
Eilev og Anne gifte seg i 1824. Eilev fekk sonen Guttorm f. 1823 med enkja Torand Knutsdtr. Kleiven. Eilev var soldat, og nekta farskapen.
    Eilev fekk skøyte på Haugerud i 1871. Han skøytte bruket over på sonen i 1873.
{6591} År: 1857
Asle Eilevson Haugerud 22.04. 1826-1879
Foreldre: Eilev Lambertson Haugerud og Anne Aslesdtr. Hanseplassen.
Gm Kari Olsdtr. Sundrelien Haugerud 13.03. 1826-1907
Foreldre: Ola Syverson Skjerping inderst på Strand (ungkar) og Ingeborg Knutsdtr. Sandestølen.
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Haugerud 27.03. 1854-1854
2. Anne Aslesdtr. Haugerud Arnegard 10.08. 1855-1918
G 1882 m Gunnar Eirikson Lappegard nordre Arnegard, gnr. 91/8.
3. Ingeborg Aslesdtr. Haugerud Teigen 20.12. 1856-1941
G 1885 m Levor Olson Urden til Teigen under Slettemoen i Hol (1857-1935). Barn: Margit 1885-1943 gm Ola K. Brøto; Ola 1887- til Am. gm ... ; Asle 1889- til Am. g 1955 m ... ; Kari 1891-1960 gm Paul Kleven, budde ved Hol stasjon (3 barn); Anne 1893-1946 gm Sigurd Reinton; Knut 1895- ug. ; Levor 1897-1991 bygningsarbeidar, g 1939 m Ragnhild L. Sorteberglien, sjå eige hushald 'Teigen'; Jon 1900-1940 ugift; Olav 1903- overtok Teigen, ugift.
    Ingeborg og Levor bygde opp bruket Teigen eller Haugland under Slettemoen. Levor var timremann, og han laga takrenner og omsnrøyr m.m. (Hol III s 112)
4. Kristi Aslesdtr. Haugerud Hollebakken 28.02. 1859-1936
G 1887 m Eivind Olson Hollebakken, gnr. 125/10.
5. Kari Aslesdtr. Haugerud 03.12. 1861-1934
Kari var ugift.
6. Guri Aslesdtr. Haugerud 12.03. 1864-1921
Barn m Knut Henrikson Noss: Henrik 1886- sjå barnebarn.
    G 1900 m Halvor Larsson SausgardHaugen (Hol)- Haugerud. Sjå neste hushald.
7. Sigrid Aslesdtr. Haugerud 06.02. 1867-
Sigrid var ugift og heime på garden i 1900.
8. Eilev Asleson Haugerud 23.04. 1869-1870
9. ... Asleson Haugerud 30.11. 1870-1870
*Barnebarn
1. Henrik Knutson Haugerud 14.02. 1886-1926
Foreldre: Knut Henrikson Tolleivsgarden Noss Tune (ungkar) og Guri Aslesdtr. Haugerud.
    Henrik var ein dugande timremann. Ugift.
Asle og Kari gifte seg i 1854. Asle bygsla Haugerud i 1857. Han fekk skøyte på bruket frå faren i 1873.
    Kari dreiv Haugerud fram til dattera overtok i 1916.