Strand, Larsstugu gnr. 123 bnr. 52
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Larsstugu gnr. 123 bnr. 52-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Larsstugu Strand vart det nye namnet på Amundsgard Strand då Lars Olson flytta tunet til noverande stad kring 1840. Om den gamle tida, sjå Amundsgard Strand, gnr. 123/0b.
    Preposisjon: i Larsstugu.
    Landskyld 32 laupsbol opphavleg. Etter frådelinga av Strandmyren vart det 21 1/3 laupsbol.
    Frådelt: Strandmyren, bnr. 53 (1871); Haugerud, bnr. 51 (1871)
    Areal 1865: dyrka jord 42 mål, naturleg eng 68 mål, utslått 67. Avling 47 1/2 tunne bygg og 42 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 40 mål som vert leigd bort, produktiv skog 800 mål, anna utmark 2500 mål.
    Våningshus bygt 1860, restaurert 1990-94, hallingstugu, loft, låve 1838, fjøs 1870, gamal badstugu og smie.
    Stadnamn: Bråki eller Leirbråkji, leirtak i ein bratt bakke ved kløvvegen til Klyvset. Humlehagadn, Innhegning med steinmur. Jorde-berget øvst i jordet.

{6597} År: 1834

Lars Olson Strand 14.12. 1812-1887
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand og Kristi Larsdtr. Amundgard Strand.
Gm Mari Holgesdtr. Gudmundsrud Strand 19.06. 1803-1886
Foreldre: Holge Anderson Gudmundsrud og Magnhild Torsteinsdtr. Lå.
*Barn
1. Kristi Larsdtr. Strand Nestegard 30.04. 1834-1916
G 1858 m Ola Sanderson Nestegard ....-1922. Barn: Ola 1858- til Am., gm Åse Knutsdtr. Mehus (1 datter); Lars 1861- til Am., g 1895 m Birgit Tolleivsdtr. Rotneim (2 barn); Sander 1868-1933 til Am. g 1896 m Billa Kaupang (4 barn); Knut 1874- til Am. gm Josefine Morgan (8 barn); Mari 1871-1932 til Am., gm Charles Sudness, Lom (2 barn).
    Kristi og Ola reiste til Am. i 1878: Faribault, MN. Men dei ville ikkje farme på prærien, dei leita til dei fann ein farm i skogane ved McGowan Ferry. (Hallingen nr 26 s 402)
2. Ola Larsson Strand 21.07. 1837-
Faren sende Ola på underoffiser-skule i Kr.ania, - men komen dit så vart han sjuk. Etter tre veker på hospital kom han heim att. Ukjent lagnad.
3. Magnhild Larsdtr. Strand Golberg 18.09. 1839-1867
G 1866 m sersjant Anders Anderson Golberg på Stave. Magnhild døydde i barnseng.
4. Ola Larsson Strand 07.08. 1843-1909
G 1863 m Ragnhild Olsdtr. Reinton. Sjå neste hushald.
5. Helge Larsson Strand 07.06. 1846-1926
G 1885 m Anna Emilie Erichsen, Skjeberg 1860-1926. Barn: Astrid 1899-1972 gm professor Paul Borgedal (1 barn); Ingvald 1888-1957 sekretær i bondelaget, gm Anny Schantroc (1 barn).
    Anna var dotter til bryggerimester Erichsen i Skjeberg. Helge var flink songar og skipa det fyrste mannskoret i bygda kring 1870. Dei song firstemt i kyrkja m.m. Han laga visa om kjærleikssoga til jutulen "Sangemann" (sjå Dølaminne 1921), og ein verse-stubb som byrja slik:
   
    Sko me koma fram her i dale
    må me sjålve te røa uss veg.
   
    Etter at Helge reiste ut var det lærarar som førte korarbeidet vidare. (1414)
    Landbrukskandidat Strand var læar og sidan amtskule-styrar i Skjeberg.
    Helge vart skjelv og måtte slutte som lærar litt før oppnådd aldersgrense. Helge kjøpte seg ei løkke i Skjeberg og bygde seg hus der. (1458)
6. Lars Larsson Strand 23.08. 1849-1928
G 1879 m Kari Andersdtr. Ulshagen. Sjå StrandMyren, gnr. 123/50.

Lars og Mari gifte seg i 1833. Lars overtok garden 1834 med noko gjeld, men dei vart gjeldfrie etterkvart.
    Lars flytte tunet ut or husklynga ved Fetagarden, og sette opp ny låve og den store stugubygnaden. Etter han fekk garden namnet Larsstugu.
    I 1871 delte han frå Strandmyren til sonen Lars, reisten av garden, 2/3, overtok sonen Ola. Plassen Haugerud vart selt 1871.
    Lars Olson Strand hadde spreke hestar. Han gjorde det bra med travkøyring, og ein gong vann han eit sylvstaup som 2. pr. på ei kappkøyring i Kr.ania.
    Ved utskiftinga i 1882 fekk kårmannen Lars eit lite jordstykke til erstatning for den gamle humlehagen sin.

{6598} År: 1871

Ola Larsson Strand 07.08. 1843-1909
Foreldre: Lars Olson Larsstugu Strand og Mari Holgesdtr. Gudmundsrud.
Gm Ragnhild Olsdtr. Reinton Strand 03.06. 1844-1922
Foreldre: Ola Syverson øvre Reinton og Margit Olsdtr. nedre Reinton.
*Barn
1. Lars Olson Strand 12.05. 1864-
Ug. Til Am. i 1885: reisemål: Devils Lake, ND.
    Lars skal ha vore ein svært lovande spelemann. Faren tykte ikkje om denne givnaden hans. Men Lars var ikkje oppteken av fest og rus, det var musikken han levde for.
    I Amerika dreiv han det så langt at han nett skulle halde ein offentleg konsert, då fekk han nervefeber og døydde. Han var trulova med ei Valdresjente, og ho døydde dagen etterpå. (Mehlum 1904/18)
2. Margit Olsdtr. Strand Hefte 24.02. 1866-1944
G 1863 m Anders Anderson Hefte. Sjå eige hushald. Ho spelte langeleik.
3. Mari Olsdtr. Strand 23.02. 1868-
I 1900 dreiv Mari med husstell og krøterstell. Ukjent lagnad.
4. Ola Olson Strand 13.06. 1870-1946
Barn: Sigrid f. 1895 m/Margit Tolleivsdtr. Halvorsgarden Strand.
    G 1895 m Ambjørg Embriksdtr. Sundre Sorteberg. Var handelsmann og revisor. Sjå eige hushald.
5. Guri Olsdtr. Strand 13.09. 1872-1880
6. Holge Olson Strand 07.05. 1875-1943
Ein kjent lurblåsar. Sjå neste hushald. Til Am.?
7. Kristi Olsdtr. Strand 27.09. 1878-1880
8. Ragnhild Olsdtr. Strand Halvorstølen 27.09. 1878-1940
G 1899 m Ola Olson Djupedokken Halvorstølen, gnr. 127/19. NB. Sonen Helge tok garden Strand på odel i 1940. Ragnhild var flink lurblåsar.

Ola og Ragnhild gifte seg i 1863. Ola kjøpte Reinton og var der i fire år. Deretter kjøpte han odelsgarden Strand.
    Ola Larsson overtok 2/3 av garden for 5200 kr i 1871. Faren delte frå Strandmyren til broren Lars.
    Ola tok del i ymse kommunalt arbeid, m.a. herad- og skulestyre.