Strand, Fetagarden gnr. 123 bnr. 53
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Fetagarden gnr. 123 bnr. 53-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Fetagarden er den halvparten av Gudbrandsgard Strand som kom frå ved delinga mellom kreditorar og arvingar i 1738. Sjå Gudbrandsgard, gnr. 123/0c.
    Namnet Fetagarden er såpass nytt at tydinga må vera garden på feten. (Jfr. Nabogarden Gurigard Strand som vart til 'Bakken' på same tid.) Ein fet er ei gras-slette. Preposisjon og dativ: i Fetagarde.
    Tuna på nordre Strand skal opphavleg ha lege oppe på Jordesberget. Så vart tunet/tuna flytte ned til noverande stad, truleg i 1750-åra. Sjå også Amundsgard Strand.
   
    Areal 1865: dyrka jord 19 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 64 mål. Avling 21 tunner bygg og 17 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 18 mål som vert leigd bort, anna areal 15 mål, produktiv skog 400 mål, anna utmark 600 mål. 160 solbærbusker.
    Våningshus bygt omlag 1930 og restaurert 1985, låve bygd 1930, loft og eldhus, båthus/pumpehus 1985.
    Stølar. Heimstøl Dekkan på Klyvset. Langstølar: Feta-gjerda på Stokksend (nedlagt ved utskiftinga 1916-1933) og Skjelfet (fråselt 1929 til Bekkestad på Rudningen i Kvinnegardslia.)

{6604} År: 1772

Knut Knutson Strand 1747-1829
Foreldre: Knut Ivarson Nerol (Hol) Fetagarden Strand og Jørand Eilevsdtr. Strand.
Gm Kari Olsdtr. Strand 23.10. 1746-1827
Foreldre: Ola Olson Gudbrandsgard Strand og Lukris Olsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Strand 07.02. 1773-
Truleg g 1809 m Lars Tolleivson Slettemoen Perplass eller Urdehagen f. 1783. Båe to vart borte utan spor.
2. Lukris Knutsdtr. Strand Bakketeigen 05.11. 1775-1849
G 1798 m Ola Larsson Bakketeigen, gnr. 116/1. G 1817 m Ola Knutson Leksvol. G 1834 m em. Sevat Eirikson Tune, gnr. 124/8.
3. Ola Knutson Strand 1778-1821
Gm Mari Olsdtr. Lofthus. Sjå år 1808.
4. Margit Knutsdtr. Strand 1781-
5. Knut Knutson Strand Haug 26.12. 1785-1872
G 1820 m enkje Guri Nilsdtr. Veslehaug Haug. G 1827 m Sigrid Olsdtr. Haug. Sjå nordre Haug, gnr. 59/3.
6. Svein Knutson Strand 14.03. 1790-
7. Margit Knutsdtr. Strand 1791-

Knut lånte 240 rd i 1772 med pant i eiga som Kari hadde fått ved skiftet etter mora.
    Knut var lagrettemann frå 1774.
    Det var takst på garden i 1782. Åkerland på 19 mål tilsådd med 4 tunner stritt bygg, omlag 60 forlass. Buskap: 1 hest, 12 fe, 30-40 småfe. Sum 750 rd.
    Knut Knutson vart beskrive som olding i 1822.

{6605} År: 1808

Ola Knutson Strand 1778-1821
Foreldre: Knut Knutson Fetagarden Strand og Kari Olsdtr. Gudbrandsgard Strand.
Gm Mari Olsdtr. Lofthus Strand 1774-1835
Foreldre: Ola ... ... og ... ... (Ikkje funne på Lofthus i Vats.)
*Barn
1. Knut Olson Strand 19.06. 1807-1880
G 1831 m Anne Knutsdtr. nedre Medhus. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Strand __.__. 1810.-1833
Barn: Birgit 1832-1833 med Gunhild Knutsdtr. Medhus. Ola var soldat.
    Gunhild og Ola skulle gifte seg, men så døydde Ola i april 1833.
3. Mari Olsdtr. Strand Storeteig 09.11. 1813-
Gm Eirik Eirikson Skottebøl Strand. Gm Asle Olson Aslegard Strand, sjå Storeteig, gnr. 123/17. Til Am 1857 med alle barna.

Ola og Mari gifte seg i 1806. Mari sitt opphav er uvisst. Ho kan vera ei ukjent syster til Ola Olson Skarsgard Havardsgard (han var for verge for Mari i 1822). Men ingen av dette folket er mellom fadderane i 1807 og 1813. Det er derimot Ola Olson Lå ØvreLå 1744-1837 og kona Birgit Olsdtr. ØvreLå f. 1761. Og Nils Strand og Knut Strand.
    Ola fekk skøyte på garden 1808 for 110 rd hjå foreldra.
    På skiftet etter Ola i 1822 var det 573 spd å dele. Dei kalla garden nordre og nedre Strand med 12 laupsbol og matrikkel nr. 2.
    Mari vart attgift 1823 med Mikkel Sevatson Tune. Sjå neste hushald.

{6606} År: 1823

Mari Olsdtr. Lofthus Strand Fetagarden 1774-1835
Foreldre: Ola ... ... og ... ... (Ikkje funnen på Lofthus i Vats.)
Gm Mikkel Sevatson Tune Strand 26.06. 1796-1864
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.

Mari vart attgift med Mikkel i 1823. Ingen barn.
    Mikkel selde garden i 1835 til stesonen Knut Olson for 700 spd og slikt kår: årleg 3 tunner korn, 1 ku 4 småfe framfødd; 2 mål udyrka mark; 12 ruter åker til potet; fri hest til kyrkje, støl og pløging m.m. (1544)467b
    Mikkel gifte seg på nytt 1837 med enkje Sofie Karlsdtr. Sundre Breie. Dei vart skilde etter to år. Sjå Breie-eikro, gnr. 127/10.

{6607} År: 1835

Knut Olson Strand 19.06. 1807-1880
Foreldre: Ola Knutson Fetagarden Strand og Mari Olsdtr. Lofthus.
Gm Anne Knutsdtr. Medhus Strand 03.05. 1807-1895
Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. nordre Opheim.
*Barn
1. Ola Knutson Strand 21.03. 1832-
G 1859 m Kristi Olsdtr. Holterudningen f 1830. Barn: tre barn, sjå barnebarn.
    Ola og Kristi og barna reiste til Am. 1867: Zumbrota, MN.
2. Mari Knutsdtr. Strand Satahagen 12.11. 1833-1866
G 1860 m Torgeir Olson SundreBråten Ylihagen. Sjå Satahagen, gnr. 32/14.
3. Knut Knutson Strand 07.07. 1835-1895f
G 1859 m Haldis Eiriksdtr. Skjerping. Sjå år 1863.
4. Guri Knutsdtr. Strand 17.04. 1837-
Til Am. 1877. Budde i Minnesota i 1895.
5. Ola Knutson Strand 23.06. 1839-1898f
G 1866 m Anne Syversdtr. Embriksgarden Opheim f. 1838. Hennar son: Syver Nilsson f. 1865.
    Dei reiste til Am. 1866. På skiftet etter Anne i 1895 hadde Ola to døtre som var gift og busett i S-Dakota. Død før 1898.
6. Birgit Knutsdtr. Strand 21.04. 1841-1875
Ugift.
7. Kari Knutsdtr. Strand Dengerud 21.03. 1843-1926
Barn m/Nils Olson Strand: Mari Nilsdtr f. 1866 sjå barnebarn.
    G 1864 m Ola Torsteinson Vesle Dengerud 1838-1926. Barn: Anne Marie 1868-1884; Alphine Theodora 1869-1959 g 1896 m Ole K. Villand; Theodore 1871-1958 g 1893 m Anna Gjertine Alvig; Olia 1873-1879; Karl 1874-1879; August 1876-1967 g 1901 m Anna Bergeson; Caroline 1879-1921 g 1899 m John Edward Carlson; Ole Kasper 1882-1964; Albert Bernhard 1883-1943 g 1908 m Hannah Mabel Olson; Anna Marie 1886-1889; Edward 1889-1955. (1679) (883)
    Kari og Ola farma i Dovre township, Eagle Lake, MN.
8. Knut Knutson Strand 14.06. 1845-1845
9. Guri Knutsdtr. Strand Tveitemoen 14.06. 1845-
G 1868 m Lars Knutson Tveitemoen f. 1848. Barn: Nils 1868-68, Birgit 1869-70.
    Dei fekk utflyttingsattest i 1870. Lars var forretningsmann i McIntosh, MN frå 1906. (Ulvestad Bind 2 s 805)
10. Knut Knutson Strand 21.03. 1848-1848
11. Anne Knutsdtr. Strand Anderson 04.11. 1849-
Anne fekk utflyttingsattest 1867. Gm ... Anderson. Barn: .... . Sonen Sydney Anderson var utdanna sakførar frå 1903 i Lanesboro, MN. Medlem av representantenes Hus Washington, DC i 1911. (Ulvestad 2 s 524)
12. Knut Knutson Strand 13.08. 1852-1910
G 1878 m Margit Aslaksdtr. Strand eller Rotebakkdokken. Barn: 3 døtre og 6 søner.
    Knut fekk utflyttingsattest 1878. Busett i Mitchell, SD.
*Barnebarn
1. Sissel Olsdtr. Strand 17.01. 1863-
2. Knut Olson Strand 19.08. 1865-
Barnebarn 1-3: Foreldre: Ola Knutson Fetagarden Strand og Kristi Olsdtr. Holterudningen. Til Am. 1867.
3. Mari Nilsdtr. Strand 06.05. 1866-
Til Am. 1867. Foreldre: Nils Olson Strand (ungkar) og Kari Knutsdtr. Strand.

Knut og Anne gifte seg i 1831. Dei fekk 12 barn.
    Knut kjøpte garden hjå stefaren i 1835 for for 700 spd og kår.

{6608} År: 1863

Knut Knutson Strand 07.07. 1835-1895f
Foreldre: Knut Olson Fetagarden Strand og Anne Knutsdtr. Medhus.
Gm Haldis Eiriksdtr. Skjerping Strand 12.12. 1827-
Foreldre: Eirik Olson Skjerping og Sissel Knutsdtr. Kolsrud.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Strand 05.01. 1860-
Til Am.
2. Knut Knutson Strand 20.05. 1862-
Til Am.
3. Sissel Knutsdtr. Strand 02.09. 1865-
Til Am 1870: Zumbrota MN.
4. Birgit Knutsdtr. Strand 06.03. 1868-

Knut og Haldis gifte seg i 1859. Dei budde i Nyhus (1860) og Bæra (1862) før dei kjøpte Fetagarden for 600 spd i 1863. I Bergsgardgjerda (1865).
    Til Am. i 1870 med kone og barn og 200 spd. Busett i Zumbrota MN.

{6609} År: 1867


Lars Ivarson Ivarsgarden Noss (1837-1901) kjøpte Fetagarden 1867 for 880 spd. Lars gjekk konkurs i 1876 og kom sidan til Belluteigen.
    I 1867 fekk Torstein Torgeirson Brøto Sausgardshaugen frå Hol skøyte for 1000 spd. Torstein selde vidare til lensmannen i 1879. (Sjå meir om Torstein på Leikvoll, gnr. 13/1 år 1888.)

{6610} År: 1879


Lensmann Johannes Falch kjøpte Fetagarden 1879 for kr. 4800. Han selde vidare etter tre år.

{6611} År: 1882

Ola Eilevson Haugerud Veslegarden 03.04. 1832-1890
Foreldre: Eilev Lambertson Haugerud og Anne Aslesdtr. Hanseplass.
Gm Lisbet Gulliksdtr. Natten Veslegarden __.__. 1826-1909
Foreldre: Gullik Olson Ro Natten og Bergit Gautesdtr. Natten, Nore. (Nore I s 293)

Ola og Lisbet gifte seg 1868. Barn: Anne 1869-1900 overtok Veslegarden, gm Knut K. Roen, Nes (7 barn).
    Ola var bonde på Veslegarden i Tunhovd. Ola kjøpte Fetagarden i 1882 for 4800 kr. Ola døde i Fetagarden 1890. Lisbet selde garden 1898 til Ola Torsteinson for kr. 5200.

{6612} År: 1898

Ola Torsteinson Vesle Dengerud Strand 19.02. 1859-____
Foreldre: Torstein Torsteinson VesleDengerud og Birgit Holgesdtr. GjerdnesSlåtta. Fosterforeldre: Ola Olson Gjerdnes-Vestreim (Hol) og Ingebjørg Ivarsdtr. Bøkko.
Gm Birgit Herleiksdtr. Tunehagen Strand 14.03. 1848-1932
Foreldre: Herleik Syverson Trageton Tunehago og Jørand Eilevsdtr. Kaupang.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Strand Gorud 02.06. 1879-
G 1903 Eiker m Magnus Nilsson Gorud, Eiker 1865- . (1076)
2. Jørand Olsdtr. Strand Gorud 08.12. 1880-
G 1911 m Nils Nilsson Gorud frå Øvre Eiker. Pleieson: Henry 1908- bonde på Gorud fram til odelssløysing i 1944, g 1935 m Jørand Rustand.
3. Anne Olsdtr. Strand 12.06. 1883-
Barn m Ola Tolleivson Skrien: Henry 1908- . Sjå barnebarn.
4. Olav Olson Strand 14.11. 1885-1967
G 1913 m Birgit Olsdtr. Wareberg. Sjå Skogstad, gnr. 114/23.
5. Torstein Olson Strand 17.08. 1888-1919
G 1912 m Barbro Olsdtr. Skjerping. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Henry Strand 02.03. 1908-
Foreldre: Ola Tolleivson Skrien (ungkar) og Anne Olsdr. Gjerdnes, tenar på Strand.

Ola og Birgit gifte seg i 1879. Bestemor til Ola var frå Gjerdnes, Ola og Birgit skreiv seg Strand, og budde ei tid i kårstugu på Gjerdnes.
    I 1888 kjøpte Ola garden søre Foss i Hol. Ola selde Foss 1899 og kjøpte Fetagarden for kr 5200 same året.