Strand, Bakken gnr. 123 bnr. 58
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Bakken gnr. 123 bnr. 58-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakken Strand er truleg den delen av Gudbrandsgard Strand som vart kalla Gurigard Strand. Gudbrandsgard Strand vart delt kring 1737. Om den eldste tida, sjå meir under Gudbrandsgard Strand, Fetagarden og Larsstugu.
    Namnet Bakken er såleis nytt, det kom til sist på 1700-talet. På same tida fekk nabogarden namnet Feta-garden. (Garden på feten.) Båe namna beskriv lendet der tunet vart liggande.
    Landskyld 12 laupsbol. I daglegtale er gardsnamnet 'på Bakka.'
    Oldfunn. I 1861 vart funne eit økseblad og pilespissar i eit gravfunn. Harald Reinton fann ei steinøks under dyrking nede på jordet, ved låven fann han eit spinnehjul. (Levert til bygda-museet.)
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål, naturleg eng 37 1/2 mål, utslått 39 mål. Avling 28 tunner bygg og 24 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål som dels vert leigd bort, anna areal 10 mål, produktiv skog 950 mål, anna utmark 1000 mål. Buskap: 30 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1938, påbygt i 1952 og 1969, Bakketun (kårstugu), låve omkring 1840, fjøs omkring 1895, stall med trev frå omkring 1830, loft 1829. Den gamle stugu, Bakkestugu står på Ål bygdamuseum.
    Stølar. Heimstøl på Klyvset, langstøl på Fekjastølen. Før utskiftinga 1916-1933 hadde dei også langstøl på Stokksend og Djupedal.
   

{6618} År: 1775c

Eilev Knutson Strand 1745-1832
Foreldre: Knut Ivarson Nerol (Hol) Fetagarden Strand og Jørand Eilevsdtr. Larsstugu Strand.
Gm Astrid Mikkelsdtr. Underberget Strand 21.06. 1750-1815.
Foreldre: Mikkel Olson Rue Underberget og Ågot Mikkelsdtr. Rue (Hol).
*Barn
1. Mikkel Eilevson Strand 19.07. 1772-1834
G 1811 m Rønnaug Sveinsdtr. Slåtten. G 1829 m enkje Anne Guttormsdtr. Sausgard/Kleiven. Sjå neste hushald.
2. Ivar Eilevson Strand Minna 1773c-
Gm Sissel Persdtr. ... . G 1811 m Ambjørg Ivarsdtr. Granhagen. Sjå Urdehagen, gnr. 123/50a; Brenno, gnr. 121/6 og Minna, gnr. 110/57.
3. Ågot Eilevsdtr. Strand Haugerud 20.11. 1774-1834
G 1802 m Tor Larsson Bakketeigen Langeland Haugerud, gnr. 123/51.
4. Knut Eilevson Strand Tjønndalen 1777-1834
G 1807 m enkje Guri Hansdtr. Rauk, Nes. Sjå Tjønndalen, gnr. 123/32.
5. Lars Eilevson Strand 11.03. 1781-
Lars var losjerande dagarbeidar i 1801. Ukjent lagnad.
6. Asgrim Eilevson Strand Foss 1783-1864
G 1820 m Torand Olsdtr. Haug. Barn: Astrid 1824- (ukjent)
    G 1860 m enkje Birgit Steinsdtr. Hamarsbøen Pukerud. Dei hadde myljo Foss i Hol. (Hol VI s 432).
    I 1804 var Asgrim i tenest hjå futen Hørbye på Ringerike. Han var ute i krigen 1807-14.
7. Jørand Eilevsdtr. Strand Christoffersen 1786-
Gm matros Christoffer Christoffersen og busett i Holmestrand.
8. Svein Eilevson Strand 1789-1822
Barn m/Jørand Knutsdtr. Sandåker: Haldis 1811c- . Barn m/Anne Olsdtr. Brusletto: Birgit 1822- ug. budde i Juven i Hol.
    Svein var soldat. Namnet hans står på bautasteien frå krigen 1807-14.
    Lagnaden vart tung for Svein. Kjærasten hans, Anne Brusletto, vart truga til å gifte seg med ein annan. Svein hengde seg i Åkerhagen, like ved vegen og nett før brureferda kom frå Brusletto i 1822.
    Ein månad etter bryllaupet fødde Anne dottera Birgit Sveinsdtr. Svein vart gravlagd i Åkerhagen. (Hol IV s 473)
9. Ola Eilevson Strand 1791-
Soldat i krigen 1807-14.
10. Ola Eilevson Strand 1793-

Eilev og Astrid fekk minst seks barn. Eilev gjorde tenest 1773 ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani. Han var då gift og budde på Underberg.
    Eilev løyste ut syskenpartar i garden i 1788 for 88 rd. Han lånte 199 rd i 1789
    Eilev arva ei svartsida kvige etter mor si i 1789, men den vart ikkje levert ut før det var skifte etter stefaren i 1792.
    Sonen Mikkel fekk skøyte på garden i 1799, men Ola Sevatson Strand brukte garden i fleire år. Kår 1799: framfødd 1 ku og 6 småfe, 2 tunner bygg og Høe-åkeren og Tullbakken til bruks, samt slåtteteigane Range-jøta og Tune-odden.
    Vidare skulle Eilev og Astrid ha årleg 2 pund salt, 2 mark humle, 2 settung rug og 2 settung hampefrø m.m. (1259) s 374 b

{6619} År: 1794

Mikkel Eilevson Strand 19.07. 1772-1834
Foreldre: Eilev Knutson Strand Bakka og Astrid Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Rønnaug Sveinsdtr. Slåtta Strand 09.07. 1775-1827
Foreldre: Svein Asleson Slåtta og Sigrid Olsdtr. ... , Ustedalen. (Hol VII s 370)
Gm Anne Guttormsdtr. Sausgard Strand 26.05. 1775-1838
Foreldre: Guttorm Olson Medhus (Kvisla) (fredlaus) og Guri Aslesdtr. Sausgard i Lien. (Hol III s 9)
*Barn i fyrste ekteskap
1. Astrid Mikkelsdtr. Strand 16.12. 1812-1895
Gm Ola Olson Oppigarden Noss - Strand, sjå år 1829.

Mikkel og Rønnaug gifte seg i 1811. Det fortelst at dei møttest ved at Mikkel kom oppover til Ustedalen til religiøse samlingar hjå haugianaren Tolleiv Hallsteinsgard.
    Om Anne vart fortalt at ho ville ha det så reint og pent i huset. Men så rakk ho ikkje så mykje anna. (Hol III s 9)
    Mikkel kjøpte halve garden (6 laupsbol) hjå faren for 507 rd i 1794. Og i 1799 kjøpte Mikkel resten for 598 rd og kår. Men det vart tungt økonomisk.
    I åra 1801 til 1811 var både Mikkel sin del og den andre halvparten på handel. Mikkel bygsla Strand hjå hjå broren i 1808. Men frå 1811 hadde Mikkel heile garden samla.
    I 1829 vart Mikkel attgift med enkja Anne Guttormsdtr. Sausgard. (Ho hadde vore gift med Syver Syverson Kleiven.)

{6620} År: 1804


Ola Eirikson Perplassen (1755-1844) kjøpte og selde gardar og la seg opp pengar.
    Knut Eilevson Strand kjøpte 6 laupsbol i garden hjå Ola Eirikson og bygsla det bort broren Mikkel i 1808.
    Handelskaren Ola Olson Skarsgard Randen (1781-1853) bytte gard med Knut Eilevson i 1809. Ola Olson har nok handla meir, i 1811 selde han heile garden Strand, 12 laupsbol, til Mikkel Eilevson.

{6621} År: 1829

Astrid Mikkelsdtr. Strand Noss 16.12. 1812-1895
Foreldre: Mikkel Eilevson Strand Bakka og Rønnaug Sveinsdtr. Slåtta frå Ustedalen.
Gm Ola Olson Noss Strand 06.10. 1805-1897
Foreldre: Ola Nilsson Sandåker Oppigarden Noss og Guri Olsdtr. Oppigard Noss.
*Barn
1. Ola Olson Strand 06.02. 1830-1901
G 1860 m Rangdi Nilsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Rønnaug Olsdtr. Strand Noss 27.02. 1832-1924
G 1852 m Lars Larsson Larsgarden Noss, gnr. 118/1.
3. Guri Olsdtr. Strand Naas 29.01. 1835-
G 1863 m Knut Larsson Larsgarden Noss, gnr. 118/1. Til Red Wing, MN.
4. Mikkel Olson Strand Noss 25.07. 1837-1897
G 1869 m Astrid Nilsdtr. Skrindo. Sjå Oppigarden Noss, gnr. 120/6.
5. Ola Olson Strand 25.07. 1840-1922
Gm Ingebjørg Arnesdtr. Opheim 1838-1905. Barn: Astrid Louise 1867-1904 gm Ray Cunningham (6 barn); Ole 1868-1939 farmar, gm Mina Moen (3 barn); Mary 1869c gm Martin Christiansen (1 datter); Albert 1873-1944 farmar, gm Anna Olson (3 barn); Olina ....- gm Hilbert Nyhus (4 barn); Dena ....- gm Joseph Nelson; Gilbert 1883-1972 g 1914 m Hanna Johnson (syster til diktaren Simon J.); Ida ....- gm Martin Skogen (3 barn). (805)
    Utvandra 1861, busett i Dakota. Ein av dei fyrste setlarane ved Goose River, nord-vest for Hillsboro, ND. I 1921 var berre fire av barna i live (Ole, Albert; Gilbert; Ida). (1412) s1183
6. Nils Olson Strand 19.03. 1843-
Nils Olson Strand fekk to barn i unge år. Barn m/Kari Knutsdtr. Strand: Mari f. 1866. Barn m/Birgit Eivindsdtr. Sundbrei: Ola f. 1874.
    Gm Lovise Johannesdtr. Kjeldstad. Barn: Johanna ....- ; Anna Marta ....- ; Sigrid ....- ; Olaf ....- .
    Handelsmann, busett i Nordfjord? (993) Nils var fiskar og busett på Lepsøy i Møre og Romsdal.
7. Margit Olsdtr. Strand Mykinghaugen 31.07. 1846-1908
Gm Ola Knutson Mykinghaugen, gnr. 93/2.
8. Knut Olson Strand 19.03. 1849-
Gm enkja ... ... . Ingen barn. Busett i Minnesota i fylgje skiftet etter faren i 1897.
9. Svein Olson Strand 19.03. 1852-1945
G 1885 m Gunhild Matilde Clausen 1861-1941 (adoptiv-dotter til pioner-presten C.L.C.). Barn: Olaf 1886-1955 ugift farmar/kyrkjeverge; Agnes 1888-1974 gm Magnus Wolden (2 barn); Laurits Christian 1894-1962 meieribestyrar/ ..... gm Ada Irma Dee (3 barn). (J. Marler)
    I 1869 kom Svein til Asker Seminarium. Der vart han kalla "Svein Uredd". Ei soge frå 1000-års-feiringa av riks-samlinga i 1872 støttar opp under dette namnet. Etter 1000-års-messa i kyrkja held presten Heyerdal fest-tale, og tilstades var både amtmann og to statsrådar.
    Heyerdal kåserte om samlings-tanken til Harald Hårfagre. Etterpå tok Svein ordet, og han korrigerte presten sin tale, som eit haglvær spruta argument og sitat utover ei himmelfallen forsamling. Ragna Arildsdatter var arkitekten bak riks-samlinga, hevda Svein. Presten fauk opp og ville forsvara seg, og det vart diskusjon. Enden vart at skulemeisteren frå Bakka fekk rett. (1412) s 164
    Svein reiste til Am. 1873: Mason City, Iowa. I 1875 var han lærar i Ål eit år, til Am. på nytt i 1876. Han var lærar og seminarist, vart ordinert til prest ved Augsburg Seminar 1879, med kall i Blooming Praire, MN til 1894. Seinare til Etherville, Iowa. Frå 1907 var han lærar ved Lutheran Normal school i Madison, MN. (Ulvestad bind 2 s 937)
    Prest og farmar i Wallingford, Iowa.
10. Asgrim Olson Strand 20.01. 1855-1929
Ugift. Til Am. 1878. Asgrim budde hjå bror sin, Svein Strand, frå 1886.
11. Sigrid Olsdtr. Strand 10.11. 1857-1862

Ola og Astrid gifte seg i 1829. Ola fekk skøyte på halve garden i 1829 hjå svigerfaren for 500 spd.
    Ola og Astrid hadde kvar sin gard, Ola hadde Oppigarden Noss, gnr. 120/6. Dei brukte båe gardane, men budde visst mest på Bakka.
    Ola sette opp den store 1 1/2 høgda bygnaden på Strand, kammerset der vart rosemåla av Nils Bæra. I 1938 kom den såkalla Bakkestugu til Ål bygdamuseum.

{6622} År: 1868

Ola Olson Noss Oppigarden Strand 06.02. 1830-1901
Foreldre: Ola Olson Oppigarden Noss Strand og Astrid Mikkelsdtr. Strand.
Gm Rangdi Nilsdtr. Skrindo Strand 19.07. 1830-1915
Foreldre: Nils Embrikson nordre Skrindo og Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass.
*Barn
1. Ola Olson Strand 09.12. 1862-1942
G 1891 m Ragnhild Nilsdtr. Ulshagen. Sjå neste hushald.
2. Astrid Olsdtr. Strand Reinton 20.01. 1866-1952
G 1892 m Ola Olson Reinton, Hol. Barn: Olav 1893-1917 stud. phil.; Ågot 1894-1980 gm Asbjørn Tufto; Ragnhild 1896-1952 gm Lars Hamarsbøen; Randi 1898-1931 gm Tomas Øyo; Sigurd 1900-1999 gm Ågot A. Bakken Skrien; Nils 1903-1991 kunstsmed, sbm Gudrun Moen (1 datter); Svein 1905-1993 lærar i Ullensaker, gm Marie Svensen; Gudrun 1908-1996 gm Olav Høiby Moe, Solør; Harald 1910-1979 gm Inez Olga Torgusen, sjå år 1956.
3. Nils Olson Strand 18.10. 1869-1950
Ugift. Til Am. 1886. Farmarbeidar, Nils arbeidde m.a. på farmen til onkelen Svein Strand. Så fekk han sin eigen farm i Saskatchewan i Canada. Då Nils kom opp i åra selde han farmen og reiste til Vancouver.
    Nils kom heim att til Strand omlag 1948, budde delvis i Bakketun dei siste åra.
4. Embrik Olson Strand 02.06. 1876-1947
G 1922 m Ida Kinck (syster til Hans E Kinck) ....-1926. Ingen barn.
    Embrik starta tidleg med insekts-forskning og fekk oppnamnet Flugu-Embrik i heimbygda. I fagmiljø ute i verda vart han kjent som professor dr. Strand.
    16 år gamal reiste Embrik til byen for å ta teoretisk utdaning. Han arbeidde ved zoologisk museum i Kristiania og gjorde fleire samleturar av insekt, ogso her i dalen.
    I 1901 skreiv han boka "Norske fuglar", den fyrste populærvitskaplege bok på nynorsk. I 1903 fekk han stipend for å fullføre utdanninga si i Tyskland. M.a. Registrerte han fleire store insekt-samlingar frå ekspedisjonar i Antarktis, Formosa, Japan m.m.
    Embrik vart professor ved universitetet i Riga i 1923, og var der så lenge han levde. I 1929 vart Strand utnemnd til æresdoktor ved Universitet i Riga. Til i 1938 hadde han gjeve ut omlag 700 større og mindre vitskaplege publikasjonar. (Nokre av desse er i bygdearkivet.) Meir enn 300 dyreartar har fått arts- eller variantnamnet "Strandia" eller "Strandiana", "Strandiata", og 15 ulike dyreslekter er oppattkalla etter han, eller til ære for han. Edderkoppar var elles Strands spesialområde.
    Festskriftet på 5 bind (3 500 sider) til 60-årsdagen redigerte Strand sjølv, der er artiklar frå 120 zoologar frå alle kantar av verda. Men ingen frå Noreg.
    Embrik kom ikkje godt ut av samarbeidet med sine norske kollegaer, og vart aldri anerkjend her i landet for arbeidet sitt. Prof. dr. Klemens Spacek, Tsjekkoslovakia, nemnde han slik: "Og namnet hans har fått ein æresplass ved sida av dei største entomologar (insektsforskarar) som har levd".
    Embrik Strand konsentrerte heile sitt liv om sitt arbeid. Han levde som ein munk, som han sjølv skriv: "Eg arbeider helg og sykne og unner meg aldri fri eller ferie ...". Ein minnestein står ved Bakkestugu på museet.
    (Sjå boka 'Embrik Strand' av Paul Breiehagen. (1994))

Ola og Rangdi gifte seg i 1860. Ola fekk skøyte på garden hjå faren i 1868 for kr. 4800 og kår.

{6623} År: 1891c

Ola Olson Strand 09.12. 1862-1942
Foreldre: Ola Olson Strand og Rangdi Nilsdtr. Skrindo.
Gm Ragnhild Nilsdtr. Ulshagen Strand 20.09. 1863-1927
Foreldre: Nils Olson Finset Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim.
*Barn
1. Nils Olson Strand 31.03. 1892-1964
Ugift. Nils var ein dyktig møbelsnikkar. Han laga m.a. mykje stolar, og budde i kårstugu saman med systrene. Nils hadde nok både namnet og handverkar-evnene etter morfar sin, Nils Finset.
2. Rangdi Olsdtr. Strand 07.05. 1893-1972
Ugift. Budde i kårstugu, hjelpte foreldra og broren Nils.
3. Olav Olson Strand 04.02. 1895-1899
4. Gunhild Olsdtr. Strand 15.01. 1897-1969
Ugift. Budde i kårstugu, hjelpte foreldra og broren Nils.
5. Ragnhild Olsdtr. Strand 25.11. 1899-1935
6. Olaf Olson Strand 01.10. 1901-1913
Olaf var døvstum.
7. Sigurd Olsdtr. Strand 30.01. 1907-1926

Ola og Ragnhild gifte seg i 1891. Ola overtok garden utan heimel på den tida.
    Då Ola kom opp i 70-åra måtte han ta eit valg. Sonen Nils var ikkje interessert i garden, han var møbel-snikkar. Andre skyldfolk var heller ikkje aktuelle. Ola selde difor garden til Knut Strendo 1935 for kr. 19600, og delte frå kårbruket Bakketun oppe på jordet og sette opp kårstugu der.
    Sonen Nils overtok Bakketun saman med dei ugifte systrene Rangdi og Gunhild.
    Knut Oleivson Strendo (1892-1980) onna garden, men budde i Strendo, gnr. 32/31. Strendo bygde våninghus i 1938 og selde så garden til Halgrim Sandelien.