Tune, søre gnr. 124 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tune, søre gnr. 124 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Den opphavlege garden Tune grensa mot Strand i aust og mot Sundbrei i vest. Tune har utmark og stølar saman med nordre Strand-gardane oppe på Strand-Tune-åsen og inn til Stokksend, Djupedal og Skjelfet. Tune har skog på sørsida av Strandafjorden.
    Namnet Tune kan tyde på at garden er rydda i vikingetida.
    Delinga i nordre og søre garden har truleg funne stad fyrst på 1500-talet. Søre Tune er fyrst nemnt i skattelistene i 1577 med årleg skatt 4 kalvskinn, og frelse 1 album.
    Gunnar Knutson Knutsgarden Noss kjøpte nordre Tune i 1788. Han hadde også søre Tune. Gunnar delte gardane mellom sønene Ola og Knut.
    Nemningane nordre og søre garden i dag skriv seg frå ei ny deling av garden i 1846. Før den tid vart nordre og søre garden brukt motsett av i dag. Dette kjem at garden låg i teigblanding, og at tunet til søre Tune låg opphavleg nørdst i tunklynga.
    Opphavleg landskyld for søre Tune var 12 laupsbol. Garden vart skattlagt som halvgard i 1670.
    Plassar og underbruk: søre Tunehagen, gnr. 124/6. (Var fråselt i tida mellom 1794 og 1964).
    Areal 1865: dyrka jord 21 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 38 mål. Avling: 22 1/2 tunne bygg og 19 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 18 mål, anna areal 2 mål, produktiv skog 400 mål, bjørkeskog ca. 1000 mål, anna utmark 28 mål. 50 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt omkr. 1880, påbygt 1970, loft, låve og fjøs.
    Tunehago, gnr. 124/6 vart attendekjøpt i 1964.
    Garden har heimstøl på Klyvset og langstøl på Fekjastølen.

{6639} År: 1757


Nils Sveinson nordre Holto hadde Tune nokre år. Han selde garden til dattera og mannen hennar i 1767.

{6640} År: 1767


Eivind Tolleivson Breie Holto og kona Anne Nilsdtr. nordre Holto kjøpte 1767 søre Tune (12 Laupsbol) for 604 rd hjå far til Anne. Sjå meir familien til Eivind og Anne på nordre Holto, gnr. 94/5. NB. Sonen Tolleiv overtok søre Tune og dattera Birgit kom til Tunehago.
    Eivind held gardsyn på Tune 1768: eldgamal stugu var ubrukeleg, 3 rd; låvehus 11 rd; eit loft med bu under og kjellar; gamalt fehus; heststall med trev; lu; sauestall - dårleg. På stølen Klyvset var ei gamal stølsbu; fehus; lu. På Fekjastølen var stølsbu og lu, i dårleg stand. På langstølen Stokksend var ingen hus. (1194) s 287
    Det var skifte etter Anne på Tune i 1776. Garden (12 laupsbol) vart taksert til 420 rd.
    I 1777 vart det forlik i ei odels-sak om søre Tune. Asle Nilsson Holto fråfall odelskravet sitt og betalte 90 rd til Eivind. I tillegg skulle Asle så til 1 mål åker våren 1778. Så handtokst dei og let forliket lyse på tinget. (1374) s 90
    Eivind selde garden 1788 og tok seg slikt kår: 4 tunner bygg; årleg framfødd 2 kyr og 6 sauer; åkeren Alnestykket; 3 bismarpund salt m.v.
    Det var skifte etter Eivind i 1792. Buet var 522 rd. Han var handelskar, vitna ålmogen på tinget i 1751.

{6641} År: 1788

Tolleiv Eivindson Holto Tune 01.11. 1754-
Foreldre: Eivind Tolleivson Breie Holto Tune og Anne Nilsdtr. nordre Holto.
Gm Ågot Halvorsdtr. Strand Tune 25.01. 1761-1802
Foreldre: Halvor Jonson Gudbrandsgard Strand og Lukris Olsdtr. Gjeldokk Strand.
Gm Kristi Torsteinsdtr. Lå Tune 23.05. 1756-1837
Foreldre: Torstein Olson nordre Lå og Mari Levorsdtr. ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Anne Tolleivsdtr. Tune 29.03. 1789-1879
G 1808 m Gunnar Knutson Noss Tune. Sjå neste hushald.
2. Lukris Tolleivsdtr. Tune Nyhus 24.07. 1796-
G 1817 m Ola Nilsson Nubgarden Nyhus, gnr. 10/8. Sidan til Am.

Tolleiv fekk skøyte på Tune (8 laupsbol) i 1788 for 609 rd og kår til foreldra.
    Tolleiv hadde to barn med Ågot. Ved skiftet etter Ågot var buet 1161 rd. Tolleiv vart attgift 1804 med Kristi.
    Tolleiv kjøpte søre Tune hjå faren i 1788 for 588 rd og kår. Neste år fekk Tolleiv skøyte også på plassen Tunehagen hjå far sin. Systermannen Ivar Styrkestad kravde plassen selt på auksjon sidan Tolleiv ikkje hadde betalt noko for den. Slutten vart at Tolleiv betalte 160 rd til buet etter faren.
    Tolleiv selde Tunehagen i 1794.

{6642} År: 1808

Anne Tolleivsdtr. Tune 29.03. 1789-1879
Foreldre: Tolleiv Eivindson Tune og Ågot Halvorsdtr. nordre Strand.
Gm Gunnar Knutson Noss Knutsgarden Tune 23.05. 1774-1860
Foreldre: Knut Larsson Kvinnegard Tune Knutsgarden Noss og Gro Gunnarsdtr. Åker (Hol).
*Barn
1. Tolleiv Gunnarson Tune 16.08. 1811-1843
Ug. Var heime på garden.
2. Knut Gunnarson Tune 02.04. 1814-1902
G 1838 m Astrid Larsdtr. Stave. Sjå år 1865.
3. Ågot Gunnarsdtr. Tune Underberget 05.03. 1817-1902
G 1841 m Ola Olson Underberget, gnr. 127/
4. Ola Gunnarson Tune 26.06. 1820-1907
G 1845 m Anne Larsdtr. Stave. Sjå nordre Tune, gnr. 124/2. Ola bygde varden på nordre Tune.
5. Eivind Gunnarson Tune 21.02. 1823-
Til Am. Død ung og ugift?
6. Lars Gunnarson Tune 11.04. 1826-1917
G 1861 m Anne Johannesdtr. Slettemoen f. 1839. Barn: Gunnar 1862-1864; Anne 1863-1948 gm Anton Torgerson, sjå barnebarn.
    Barn i USA: Lina 1865-1881; Ågot/Agnes 1870- gm Lars (Louis) Anderson; Hanna ....- gm Adolf Ristvedt; Gunnar ....- gm Gunhild Blesserud; Anette 1872- gm Edvard Paulson (6 barn).
    Lars og Anne reiste til Am. i 1864: Lake Park, Becker Co. MN. Sidan settla dei ved Cuba, Becker Co.
7. Gunnar Gunnarson Tune 17.12. 1830-1906
G 1853 m Guri Syversdtr. Eikro 1829-1918. Barn: Syver 1853-ung; Gunnar 1855-1925 forretningsmann i Redwood Falls (Aune & Thune), g 1882 m Anna Brekke frå Kaupanger (4 barn); Syver 1858-1956 gm Sissel Aslesdtr. Strand 1854-1914 (8 barn), g 1920 m Anetta Amli Dahl 1860-1945; Carl 1860-1953 g 1891 m Lisa Klemetson, Tretten (4 barn); Anders 1863-1894; Eivind 1865-1958 g 1890 m Inger E. Tolstad, Valdres 1869-1911 (10 barn); Torstein 1867-1952 g 1905 m Bertha Pederstuen, Hov i Land 1866-1947 (4 barn); Anne 1871-1953 gm Emil Anderson. (4 barn). (1496) (brev frå Joanne Harris)
    Gunnar og Guri reiste til Am. i 1857 og farma i Goodhue Co, MN. Ungane er døypte i Holden Norwegian church, Gunnar er gravlagt ved Land Lutheran church.
8. Halvor Gunnarson Tune 12.04. 1837-1840
*Barnebarn
1. Anne Larsdtr. Tune Torgerson 07.06. 1863-1948
G 1885 m Anton K. Torgerson 1866-1940. Barn: Conrad Leonard 1887-1984; Alfred Bernard 1889-1967 gm Agusta Johnson (2 barn); Clarence Leopold 1891-1975 gm Aida Garberg (4 barn); Henry Gothard 1894-1984 gm Dulcie Mae Ellickson (3 barn); William Jennings 1897-1973; Albin Lewellyn 1900-1987 gm Hildur Berg (4 barn).
    Anne og Anton budde i Lake Park, MN. (Oppl. frå Kirt Johnson)
    Foreldre: Lars Gunnarson Tune og Anne Johannesdtr. Strand.

Gunnar og Anne gifte seg i 1808. Gunnar fekk skøyte på halve garden (5 laupsbol) i 1811 for 1000 rd, den andre halvparten kjøpte han i 1814.
    Gunnar hadde ei uvanleg klok hest, Tune-borken. Ein gong var Gunnar på heimveg frå Torpo etter ein rangel. Husbonden hadde nok med seg sjølv, men hesten visste vegen. Det var sprengkaldt og Tuneborken tråva friskt over Torpemoane.
    Best som det var trilla Gunnar or sleden og vart liggande i vegkanten. Tune-Borken stana og såg alvoret i situasjonen. No var han som måtte ordne opp. Hesten snudde så brått at eine skåka brautst tvert av. Dermed snudde han seg såpass at han fekk bite i kleda til Gunnar og fekk lempa han oppi sleden att.
    Så bar det heimover, varsamt, - no var det berre ei skåk. Og då dei kom i garden på Tune, kneggja Borken inntil folk kom til og fekk Gunnar i hus. Med ein vanleg hest så hadde nok Gunnar frose i hel den natta!
    Det fortelst om korleis Tune-borken enda sine dagar. Han var då utgamal og så tannlaus at han ikkje greidde eta skikkeleg. Gunnar baud inn slekt og grannar til likferd. Fyrst fekk Borken øl og rummebrød. Deretter vart han leidd bort til ei røys på jordet av ein mann med børse. Men då fall hesten på kne som om den bad for livet. Skotet fall, og hesten vart høgtideleg gravlagt nedpå jordet. Så tura dei likferd i to dagar på Tune. (NU)
    Anne Tolleivsdatter fortalde frå stølslivet, truleg på Djupedal. Ein dag hadde ho flytta høya til ein ny stad. Men ho var ikkje før komen inn i bua, før høya datt ned. Anne gjekk ut og sette ho opp att. Men det same tok seg opp att fleire gonger.
    Då sa far hennar, "Du har kji sett høya på rette staden! Ho står i vegji, difor fær ho kji stå!" Men Anne ville ikkje høyre at ho skulle innrette seg etter dei underjordiske, ho dreiv på til høya vart ståande. (Dølaminne 1925)
   

{6643} År: 1846

Gunnar Knutson Tune 19.10. 1838-1870
Foreldre: Knut Gunnarson Tune og Astrid Larsdtr. Stave.
Gm Lukris Persdtr. Jonset Tune 24.12. 1846-1920
Foreldre: Per Kristianson Jonset og Marte Herbrandsdtr. Vestenfor Satalien.
*Barn
1. Gro Gunnarsdtr. Jonset Holto 30.10. 1864-1938
G 1898 m Lars Aslakson Holto, gnr. 94/6 og år 1902.
2. Knut Gunnarson Tune 01.02. 1867-
Til Am 1881. Busett Lark Park, MN.
3. Astrid Gunnarsdtr. Tune 20.03. 1869-1873

Gunnar og Lukris gifte seg i 1866. Dei fekk tre barn. Gunnar hadde også dattera Gunhild f. 1867 med Gunhild Knutsdtr. Sindrol 1834-1867.
    Gunnar overtok garden 1846 hjå faren. Men det var foreldra som dreiv garden i mange år.
    I 1865 selde Gunnar garden attende til faren. Gunnar var tenestgut hjå Ola Gunnarson Tune i 1865. Gunnar og Lukris var inderstar på Tune i 1869.
    Lukris vart attgift 1872 med Svein Knutson Tunehagen Breiebakkane, sjå gnr. 127/1a.

{6644} År: 1865

Knut Gunnarson Tune 02.04. 1814-1902
Foreldre: Gunnar Knutson Noss Tune og Anne Tolleivsdtr. søre Tune.
Gm Astrid Larsdtr. Stave Tune 10.06. 1812-1859
Foreldre: Lars Asleson nordre Stave og Lukris Johannesdtr. Skrindo.
Gm Astrid Knutsdtr. Sindrol Tune 16.09. 1817-1894
Foreldre: Knut Knutson Sindrol og Gunhild Larsdtr. Trintrud.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gunnar Knutson Tune 19.10. 1838-1870
Barn: Gunhild f. 1867 m/Gunhild Knutsdtr. Sindrol 1834-1867.
    G 1866 m Lukris Persdtr. Jonset. Sjå år 1846.
2. Lars Knutson Tune 22.02. 1840-1841
3. Lars Knutson Tune 19.09. 1841-1912
G 1888 m Kari Embriksdtr. Sletto. Sjå neste hushald.
4. Anne Knutsdtr. Tune Bakke 16.12. 1842-
Gm Kristian Slegerbråten, Kristiania. Gm enkjemann Ola Olson Bakke Tune, busett i Zumbrota, MN.
5. Lukris Knutsdtr. Tune Underberg 18.01. 1845-1924
G 1868 m Ola Olson Reinton Underberget, gnr. 127/
6. Gro Knutsdtr. Tune Sandåker 02.10. 1846-1912
Gm Lars Tolleivson Sandåker, gnr. 126/1.

Knut og Astrid gifte seg i 1838. Dei dreiv garden for sonen Gunnar i mange år. I 1865 kjøpte dei garden hjå sonen for 1200 spd.
    Knut vart attgift 1865 med Astrid Knutsdtr.

{6645} År: 1871

Lars Knutson Tune 19.09. 1841-1912
Foreldre: Knut Gunnarson Tune og Astrid Larsdtr. Stave.
Gm Kari Embriksdtr. Sletto Tune 18.09. 1840-1925
Foreldre: Embrik Embrikson Nestegard Sletto og Anne Sandersdtr. Ovavoll (Hol).

Lars og Kari gifte seg i 1888. Ingen barn.
    Lars overtok søre Tune utan heimel hjå faren i 1871. Lars selde søre Tune til Ola Olson Underberget for kr. 8000 og kår i 1878.
    I 1891 kjøpte Lars også nordre Tune på auksjon, sjå bnr. 2.

{6646} År: 1878


Ola Olson Reinton Underberg f. 1832 var skreppekræmar og fehandlar. Han hadde søre Tune 1878-94. Ola var gm Ågot Gunnarsdtr. Tune. Attgift 1868 med Lukris Knutsdtr. Tune.
    Ola kjøpte Underberg 1874, sjå gnr. 127/21.

{6647} År: 1894


Lars Larsson Larsstugu Strand (1849-1928) kjøpte søre Tune på auksjon i 1894 for kr. 4750. Sjå meir om han på Strandmyren, gnr. 123/50.

{6648} År: 1897

Ragnhild Olsdtr. Underberget Thune 19.08. 1877-1956
Foreldre: Ola Olson Reinton Underberget og Lukris Knutsdtr. Tune.
*Barn
1. Ola Halvorson Underberg Tune 07.01. 1904-1980
Gm Brita Lidsheim. Sjå år 1927.
    Foreldre: Halvor Olson Velta frå Gol og Ragnhild Olsdtr. Underberg.

Ragnhild tok Tune på odel, fekk skøyte 1897, men selde att 1899 og budde seinare hjå broren Ola på Underberg. I 1900 dreiv ho med handarbeid.
    Ragnhild var ugift. Ho og sonen kjøpte garden Tune attende i 1927.

{6649} År: 1899


Ola Sevatson Råen (1844-1933) hadde Tune frå 1899 til 1902. Sjå Holtegarden, gnr. 123/16.