Tunehagen nordre gnr. 124 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tunehagen nordre gnr. 124 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Tunehagane eller Tunehago var husmannsplass under nordre Tune fram til 1900.
    Vanleg buskap omlag 1960: 2 kyr og nokre sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål, skog 25 mål.
    Det opphavlege tunet var litt ovanfor noverande tun. Ei liten gamal stugu stod oppunder ei urd ovanfor innmarka.
    Stugu (frå Krosshaug?) bygt 1740; loft omkring 1840; garasje omkring 1980; låve frå Sundbreihagen bygd 1740 og fjøs frå 1930-åra.
    Våningshuset med tomt vart halde attende 1990 då uthusa og jordvegen vart overteke av Svein Olaf Eikra, sjå Breie-Ekrene (gnr. 127/10).
   
{6674} År: 1860c
Knut Sveinson Reinton Haugerud 29.09. 1813-1899
Foreldre: Svein Knutson Reinton og Birgit Olsdtr. Tangane.
Gm Anne Torsdtr. Langeland Haugerud 29.03. 1807-____
Foreldre: Tor Larsson Bakketeigen Langeland Haugerud og Ågot Eilevsdtr. Bakka Strand
*Barn
1. Ågot Knutsdtr. Tunehago 08.10. 1841-1855
2. Svein Knutson Tunehago Bakko 14.04. 1846-1920
Barn: Ågot f. 1868 m/ Ågot Kitilsdtr. Turrhaug.
    G 1872 m enkje Lukris Persdtr. Jonset Strand. Sjå Breiebakko, gnr. 127/1b.
3. Kari Knutsdtr. Tunehago Teigen 14.12. 1851-1935
G 1879 m Halvor Olson Teigen. Sjå Syversteigen, gnr. 127/31.
Knut og Anne gifte seg i 1840. Knut fekk dattera Kristi f. 1839 med Ragnhild A Gudmundsrud.
    Knut og Anne var inderstar i Reinton og så i Haugerud. Frå omlag 1860 var dei husmenn i Tunehagen.
{6675} År: 1900
Knut Tolleivson Sandåker Thune 23.07. 1855-1921
Foreldre: Tolleiv Larsson Sandåker og Kari Larsdtr. Kvinnegard.
Gm Ragnhild Olsdtr. Reinton Thune 06.08. 1877-1906
Foreldre: Ola Olson Reinton og Birgit Syversdtr. Teigestugu, Hol.
*Barn
1. Tolleiv Sandåker Thune 22.06. 1900-1935
Ugift. Han var vanfør. Rosemålar.
2. Klara Thune Johanson 24.04. 1902-1997
Barn: Rudolf Almersen 1920- død ugift.
    Gm Karl Edstrøm, Sverige 1873-1950. Barn: Arne 1927-1972 gm Ingrid Svanteson (2 søner); Ingemar 1928- gm Lillian Gustavson (2 barn); Sune 1930- ugift; Lisa 1934- sbm Sixten Larson (2 barn).
    Gm Anders Johanson, Sverige 1887-1957. Barn: Britta 1944- 'vårdbitrede' (?) gm Sune Raldin (1 son) ; Eva 1944- 'underskøterska' gm Mats Haglund (2 barn).
    Klara budde i Sverige. (993), (1376) 585
3. Olav Sandåker Thune 19.12. 1904-1964
Ugift. Sjå neste hushald.
Knut reiste til Am. 1873: Blue River Falls. Kom sidan til Black River Falls, Jackson Co, Wisc. Knut dreiv ei forretning der borte. Han gjorde ein heimtur i 1894 og møtte Ragnhild. Ho sa ja til han, men nei til Amerika. Knut reiste difor attende og avvikla forretninga. (A. Mehlum skreiv 1902 at ein doktor påla han å reise heim att for helsa si skuld. )
    Knut kom heim i 1898, gifte seg og budde på Sundbreihaugen til 1900 då dei kjøpte nordre Tunehago for kr. 1200. (1553)1902
    Ragnhild gjekk tidleg bort. Knut hadde hushalderske medan ungane var småe.