Tunehagen søre gnr. 124 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tunehagen søre gnr. 124 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Tunehagane var husmannsplass under søre Tune 1794.
    Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 26 mål. Avling 5 tunner bygg og 4 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål, produktiv skog 100 mål.
    Våningshus og låve bygde omkr. 1660, fjøs 1915.
    Ingen stølar. Tunehagane var sjølvstendig bruk fram til 1964 då bruket vart lagt under søre Tune.

{6682} År: 1794

Birgit Eivindsdtr. Holto Tunehagen 16.02. 1766-1844
Foreldre: Eivind Tolleivson Breie Holto og Anne Nilsdtr. nordre Holto.
Gm Svein Eilevson Granhagen Tunehagen 13.03. 1757-1852
Foreldre: Eilev Sveinson Gunhildgard Noss Sundbrei Larsgarden Strand Granhagen og Anne Knutsdtr. Grevsgard.
*Barn
1. Anne Sveinsdtr. Strand 02.07. 1786-
2. Eilev Sveinson Strand Tunehagen 06.07. 1788-1834
G 1814 m Åse Olsdtr. Kaupang. Sjå neste hushald.
3. Kari Sveinsdtr. Strand Holshagen 26.09. 1790-1822
G 1822 m Ola Knutson søre Holshagen.
4. Anne Sveinsdtr. Strand Dal 07.10. 1792-1841
G 1809 m Ola Gunvaldson Dal i Hol 1781-1850. Barn: Barbro 1810- gm Torstein Sand, rosemålaren; Birgit 1813- g 1843 m Anders Embrikson Nestegard Gjermundhaugen; Gunvald 1815- ; Gunvald 1818- 1900 bonde på Dal, g 1843 m Sigrid Eiriksdtr. Sausgard (6 barn); Rønnaug 1820-1882 til Grevsgard; Svein 1823- på Hellehaugen, gm Kari Sveinsdtr. ... ; Kari 1825- til Amerika, g 1853 m Per Herleikson øvre Hognerud - Sindrol; Anne 1829- gm Jon Nilsson Velstad-eie Skatvedt-setra i Sigdal.
    Ola og Anne hadde garden Dal frå 1805 til sonen Gunvald overtok i 1842. (Hol VI s 276)
5. Eivind Sveinson Tunehagen Kolbjørnstølen 28.09. 1794-1883
G 1823 m Birgit Olsdtr. Gjivsjord. G 1830 m Turid Levorsdtr. Lå. Sjå Kolbjørnstølen, gnr. 98/1.
    NB. Eivind røva Birgit, sjå Villandane s 111.
6. Birgit Sveinsdtr. Strand 29.01. 1797-1798
7. Ola Sveinson Strand Tunehagen 03.03. 1799-1863
G 1826 m Anne Olsdtr. Bakketeigen. Sjå Skjølet, gnr. 122/18.
8. Birgit Sveinsdtr. Strand Sindrol 18.05. 1800-1886
G 1829 m Vebjørn Mikkelson Solheim Tunehagen Sindrol (Hol) 1791-1859. Barn: Mikkel 1826-1915 gm Guri Embriksdtr. Settungsgard. (Sjå vidare under Settungsgard.)
    Birgit reiste til Amerika saman med sonesonen i 1878. Døydde i Am.
9. Svein Sveinson Tunehagen Halingstad 24.10. 1802-1871
G 1839 m Anne Olsdtr. Strand. Barn: Tolleiv 1839- ugift landhandlar i Hol; Kristi 1840-1847; Birgit 1843- gm Ola Olson Kjoseslåtta Hallingstad; Ola 1845- til Am., gm Guro Persdtr. Sindrol (7 barn); Svein 1847- ugift på søre Hallingstad, sidan til Am.; Kristi 1850- til Am. gm ... .... (4 barn); Lars 1853- birøktar i Amerika, g 1873 m Guri Grangard (6 barn); Anne 1856- til Am., gm Eivind Guttormson Torjushagen (10 barn); Knut 1859- til Am. gm ... ... (9 barn). (Hol III s 684)
    Presten bemerka at dåpen for Tolleiv fyrst vart halde 26. januar 1840 medan han var født 30. sept. 1839. Svein var skulehaldar i Hol frå 1821. Han kjøpte Halingstad i Hol for 425 spd i 1849.
10. Tolleiv Sveinson Strand 22.06. 1806-1827
Ugift.
11. Anne Sveinsdtr. Strand Tunehago 22.06. 1808-1894
G 1838 m Mikkel Tolleivson nordre Solheim i Hol. Barn: Tolleiv 1839-1893 ug.; Svein 1842-1927 til Dal, gm Birgit Olsdtr. Årset; Vebjørn 1845-1880 til Helle (Hol) gm Anne Halvorsdtr. Helle; Mikkel 1850- til Am. gm ... ... ; Eilev 1853-1932 ugift, overtok Solheim i 1894.
12. Anne Sveinsdtr. Strand 03.12. 1810-

Svein og Birgit kjøpte Larsgarden Strand i 1789. Svein kjøpte også Tunehagen i 1794. Borghild Eiriksdatter Strand stevna på odel og fekk stadfesting i høgsterett 1800. Svein og Birgit flytta til Tunehagen, gnr. 124/6 kring 1801.
    Svein kjøpte to stølar 'Hølene' hjå Tolleiv Varaberg i 1805.
    Svein og Birgit gifte seg 1786. Dei vart plaga av mykje spøkri. Var det slik at Svein var lite snill med kona, og at skyldfolket hennar hevna seg på han? (Ål II s 155-158) Eller hadde spøkriet noko med odelssaka å gjera?
    I 1825 kjøpte sonen Ola garden Helling i Hol på auksjon. Svein og Birgit flytta då opp til sonen i Hol. Men då byrja spøkriet mest like ille der. (Sjå Hol II s 559).
    I Hallingen for 1927 står det: 'Spøkriet på Tunehago er oppklart'. Lars Gjeldokk hadde motteke eit 'skriftemål' frå ein utvandra åling som hadde arrangert spøkriet for moro skuld. Vedkomande var død før 1927, og var ein 'mand som ingen vilde troet noget slikt om'.
    Lars Hallingstad skriv at Birgit hadde ei syster kalla Helge eller Helga. Ho vart bergtaken då dei buførte heim att ein haust. Sjå Søgnir og Dølaminne 1919 og 1927. NB. Nokon Helga står ikkje i kyrkjeboka.

{6683} År: 1827

Eilev Sveinson Strand Tunehagen 06.07. 1788-1834
Foreldre: Svein Eilevson søre Strand og Birgit Eivindsdtr. Tune.
Gm Åse Olsdtr. Kaupang Tunehagen 1786-1868
Foreldre: Ola Olson Nerolsmoen-Nordre Kaupang og Jørand Eiriksdtr. nordre Nerol, Hol.
*Barn
1. Jørand Eilevsdtr. Tunehagen 06.12. 1815-
2. Birgit Eilevsdtr. Tunehagen 16.01. 1818-1839
3. Ola Eilevson Tunehagen Kaupang 29.09. 1820-1872
G 1856 m Sigrid Olsdtr. øvre Slåtta, Ustedalen 1822-1856. Barn: Sigrid 1856- gm Ola Gunvaldson Aslakhaugen-Lauvrud.
    G 1859 m Birgit Olsdtr. Vestreim 1841-1880. Barn: Eilev 1860- til Am.; Ola 1862- til Vestlandet ... .
    Ola overtok nordre Søre Kaupang etter mora i 1847. Økonomien svikta og Ola selde unna, og selde garden i 1863. Ola døydde i legd, og Birgit og dei to ungane flytta heim att til Kløvsteinhaugen.
4. Jørand Eilevsdtr. Kaupang Tunehagen 13.03. 1823-1903
G 1841 m Herleik Syverson Trageton Tunehagen. Sjå år 1855. (Hol VI s 309)
5. Kari Eilevsdtr. Tunehagen **.06. 1827-____

Eilev og Åse gifte seg i 1814. Dei var på nordre-søre Kaupang i Hol frå 1815.
    Eilev kjøpte Tunehagen i 1827. Åse selde frå stølane 'Hølene' til Håkonsgardhagen i 1842. Åse sat som enkje på Kaupang til sonen Ola overtok i 1847.

{6684} År: 1851


Vebjørn Mikkelson Sindrol og Syver Olson Kvammen frå Hol kjøpte Tunehago i 1851. Dei selde neste år til Knut Olson Strand. Han selde til Herleik Syverson i 1855.

{6685} År: 1855

Herleik Syverson Trageton Tunehagen 26.02. 1814-1881
Foreldre: Syver Arneson nordre Trageton og Helge Herleiksdtr. Bakkegard-Lio i Hol. (Hol VI s 143)
Gm Jørand Eilevsdtr. Kaupang Tunehagen 13.03. 1823-1903
Foreldre: Eilev Sveinson Tunehagen Kaupang og Åse Olsdtr. Kaupang frå Hol.
*Barn
1. Syver Herleikson Tunehago Klyvset 25.08. 1841-1915
G 1866 m Ingebjørg Knutsdtr. Tune. Sjå neste hushald.
2. Åse Herleiksdtr. Tunehago Ødegaard 13.08. 1843-1870
G 1867 Ål m Andreas Olson HoleØdegarden i Norderhov 1845-1926. Barn: Birgit 1866-1931 gm Olaus Pedersen, Norderhov; Jørgine ....- ukjent. (981)
3. Helge Herleiksdtr. Tunehagen Ekern 11.03. 1846-
G 1872 m Embrik Eirikson Breieeikrene f. 1847. Barn: sjå barnebarn.
    Til Am. i 1877: Northwood, ND. Dei skreiv seg Ekern.
4. Birgit Herleiksdtr. Tunehagen Strand 14.03. 1848-1932
G 1879 m Ola Torsteinson Dengerud vesle Gjerdnes. Sjå Fetagarden Strand, gnr. 123/
5. Birgit Herleiksdtr. Tunehagen 19.02. 1851-
...
6. Guri Herleiksdtr. Tunehagen Christiansen 23.10. 1853-
Gm ... Christiansen. Busett Northwood, ND. Guri reiste til Amerika omlag 1879.
7. Jørand Herleiksdtr. Tunehagen 26.06. 1856-
Barn: Eilev 1882-1882; Eilev 1889-1962 (far: Anton Pedersen Dikemark, Asker) ug. skreiv seg "Ellef Davidson" budde i Alberta i Canada. (1266)
    Jørand reiste til Am. med sonen i 1903: Northwood, ND.
8. Kari Herleiksdtr. Tunehagen Hago 10.08. 1860-
Kari reiste til Amerika i 1903, kom heim att og busette seg i Drammen.
    Kari dreiv med baking. Eit jentebarn døydde som liten i Amerika.
9. Anne Herleiksdtr. Tunehagen Pukerud 29.09. 1863-
Barn m/Knut Øyno: Lars 3. mai 1890. (ukjent lagnad.)
    Gm enkjemann Anders nordre Pukerud, Hol. Ingen barn.
    Til Am. i 1903. Då Anders døydde, reiste ho attende til Noreg. (Jørand, Kari og Anne Tunehagen kom til Am. med kvar sin unge.)
*Barnebarn
1. Margit Embriksdtr. BreieEikro 05.06. 1871-
Til Am.
    Foreldre: Embrik Eirikson Breieeikrene og Helge Herleiksdtr. Tunehago.
2. Herleik Embrikson BreieEikro 11.05. 1873-
Foreldre: Embrik Eirikson Breieeikrene og Helge Herleiksdtr. Tunehagen.
3. Jørand Embriksdtr. BreieEikro 24.10. 1874-
Til Am. 1878: Northwood, ND.
    Foreldre: Embrik Eirikson Breieeikrene og Helge Herleiksdtr. Tunehagen.

Herleik og Jørand gifte seg i 1841. Dei flytta frå Hølun i Hol til Tunehagen i 1855. (Hol VI s 309)

{6686} År: 1877


Lensmann Falck kjøpte Tunehago i 1877. Falck selde vidare i 1901 til landhandlar E. T. Sorteberg i 1881 for kr. 2088.
    Sorteberg selde bruket vidare til Lars Larsson Pletten f. 1853 i 1884. Tunehago vart selt på auksjon til Lars Syverson for kr. 1400 i 1894.

{6687} År: 1890

Syver Herleikson Tunehagen Klyvset 25.08. 1841-1915
Foreldre: Herleik Syverson Trageton Tunehago og Jørand Eilevsdtr. Kaupang (Hol).
Gm Ingebjørg Knutsdtr. Sundrelien Klyvset 13.01. 1839-1938
Foreldre: Knut Halvorson Granhagen Holgeplassen og Ingeborg Knutsdtr. Sundrelien.
*Barn
1. Herleik Syverson Tunehagen Klyvset 16.09. 1866-1873
2. Jørand Syversdtr. Tunehagen Sand 05.10. 1868-
Gm Tor Sveinson Sand, Hol 1841-1923. Barn: Amanda 1888- gm ... (kjøpmann i Sande); Svein 1890- til Sande; Sam 1892- farmar i Montana; Henry 1894- i Am.; Ingvar 1896- , farmar ved Northwood; Klara 1899- til Sande; Helga 1902 ... til Sande; Ingebjørg ....- gm ... (kjøpmann i Drammen); Torleif ....- til Sande. (1496)
    I 1900 var Jørand og Tor gardbrukar/sjølveigar på Gulsrud i Heggen på Modum. Dei reiste til Amerika og farma i Northwood ND. Kom attende og var busette på Jahren i Sande 1902.
3. Lars Syverson Tunehagen Klyvset 09.05. 1871-1924
Barn: Syver 1894-1894 m Gunhild Olsdtr .. Kolbotnen 1867 tj.pike Begges 1. lm
    Til Am. Kjøpte Tunehago i 1894 og budde der i lag med foreldra. (1376) 578
    Lars var flink til å spela fele, men var ikkje lett å få til å låte. (1451)
4. Herleik Syverson Tunehagen Klyvset 01.09. 1873-1874
5. Herleik Syverson Tunehagen Klyvset 01.08. 1875-1951
Gm Margit Slettom, Rukkedalen 1860-1915. Sjå år 1925.
6. Ingeborg Syversdtr. Klyvset Tunehago 01.02. 1879-1970
G 1902 m Ola Olson Magnhildøyen, Hol 1875-1958. Barn: Ola 1902- ; Ingeborg 1904-4; Ingeborg 1905- ; Sverre 1908- ; Gudrun 1910- .
    Dei budde på Tunehago til omlag 1920. Då overtok dei Magnhildøyen og flytte til Geilo. (Hol VI s 726)
    Foreldre: Syver Herleikson Tunehagen Klyvset og Ingebjørg Knutsdtr Tune.
7. Guri Syversdtr. Klyvset Tunehago 03.07. 1884-
Gm Ola Eilevson 1879- . Ingen barn.
    Guri reiste til Amerika og gifte seg der med 'syskenbarnet sitt'. (?) (1376) 578

Syver og Ingebjørg gifte seg i 1866. Same året fekk Syver eit barn med Sissel Larsdtr. Randen (Hovet): Sissel 1866- ugift, budde ved skulehuset i Hovet. (1323) s 350
    Syver og Ingebjørg budde på heimstølen Klyvset omlag 1880 - 1891. Ingebjørg gjekk på arbeid nede i bygda. Det kunne vera baking og klesvask. Alt måtte berast på ryggen. Men ho klaga aldri. Deretter forpakta dei Tunehagen.