Sundbrei nedre gnr. 125 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sundbrei nedre gnr. 125 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre (eller søre) Sundbrei. Garden Sundbrei er nemnt i jordebøker frå 1577 med årleg skatt 2 kalvskinn. Frå 1588 var årleg skatt auka til 4 kalvskinn og 1 album i frelse. (frå ein annan skatt.)
    I 1616 var Reinton underbruk til Sundbrei med årleg skatt 2 skinn. Bonden hadde bygsla sjølv.
    Namnet Sundbrei tyder søre Breie og vert uttala Sumrei. Truleg er både Sundbrei (og Sandåker) kome unna Breie i gamal tid.
    Sundbrei vart skattlagt som fullgard med ei landskyld på 24 laupsbol.
    Det var to åsete på Sundbrei på 1600-talet, sjølve delinga i nedre og øvre garden skjedde i 1723. Kvar gard har 12 1/2 laupsbol.
    Tunet ligg truleg på opphavleg stad. Oldfunn???
    Plassar og underbruk: Perstølen (); Sundbreihaugen; Storemyr (1944), Breiskårr.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 50 mål. Avling 19 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 62 mål, anna areal 34 mål, produktiv skog 620 mål, 1000 mål anna utmark. 55 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1960, 2 hallingstugu 1920 og omkr. 1840, eldhus omkr. 1810, låve med dyrerom 1951, restaurert 1989 og 1993, stallar og trev frå 1840-åra.
    Til garden ligg også bnr. 6 (Kleivehaugene skog, der husmannsplassen Storemyr (bnr. 22) ligg (2 små hus, låve, stall, skåle).
    Stølar: Storestølen (Rødungen) fråselt 1915, men med evigvarande (?) bruksrett. Heimstølen på Gryvset er nedlagt. Stølar: Gryvset, Storestølen, Veslestølen og Kjærbusetteren (1772)
   
{6712} År: 1772
Rike-Sjugurd, dvs. Syver Olson Skrattegard Breie kjøpte Sundbrei i 1772. Han selde garden til sonen Svein i 1788 for 798 rd. Sjå meir om Syver på Breie, gnr.
{6713} År: 1788
Svein Syverson Skrattegard Sundbrei 1770-1850
Foreldre: Syver Olson Skrattegard Breie og enkja Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Margit Knutsdtr. Skottebøl Sundbrei 15.09. 1771-1856
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Kristi Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Syver Sveinson Sundbrei 30.06. 1793-
G 1816 m Haldis Aslesdtr. Strand. Sjå år 1772 og Øvre Sundbrei, gnr. 127/7..
2. Ola Sveinson Sundbrei 12.10. 1794-1824
G 1816 m Margit Sandersdtr. Slettemoen. Sjå øvre Sundbrei, gnr. 127/7.
3. Kristi Sveinsdtr. Sundbrei Rudningen 16.10. 1796-1870
G 1828 m Ola Sveinson NerolsRudningen i Hol 1802-1875. Barn: Ola 1829-1848 ug.; Svein 1830-1905 gm Torand Olsdtr. Kvammen (Hol) (9 barn); Lars 1832- ug. til Nærøy; Syver 1833-1878 til Am. gm Margit O. Kvammen; Ola 1836-1888 til Am. gm Karen Martine Strømbo, Eiker; Knut 1838- sjukleg, døydde i 30-åra. (1414 og Hol III s 839)
4. Knut Sveinson Sundbrei 11.11. 1798-1850f
Knut var ugift, men hadde to barn med Anne ... ... (Jfr. E. B.): Birgit 1825 , Ola ....- . (?Anne Mikkelsdtr. Sandåker: Knut Knutson f. 1840?)
    Knut reiste til Nærbødalen på Vestlandet kring 1830. Han drog vidare til Lofoten og omkom der før 1850.
5. Guri Sveinsdtr. Sundbrei Tangane 11.11. 1798-1878
G 1838 m Mikkel Olson Breiehagen Tangane, gnr. 127/3.
6. Margit Sveinsdtr. Sundbrei Rimejordet 11.11. 1798-1870
G 1844 m enkjemann (etter systera) Torkjell Gjermundson Rimejordet, gnr. 115/3.
7. Ambjørg Sveinsdtr. Sundbrei Rimejordet 03.07. 1803-1841
G 1840 m Torkjell Gjermundson Rime Rimejordet , gnr. 115/3.
8. Ola Sveinson Sundbrei Strand 11.06. 1811-1834
G 1831 m Birgit Olsdtr. Halvorsgard Strand. Sjå Holtegarden Strand, gnr. 123/16.
9. Anne Sveinsdtr. Sundbrei Grøvo 13.03. 1816-1862
G 1849 m Knut Knutson Skaro (Sudndalen) Grøvo, gnr. 32/23.
Svein og Margit gifte seg 1792. Svein kjøpte Sundbrei i 1788 for 798 rd.
    I 1792 kjøpte han dessutan Tangane og Nedrestølen for 244 rd. Same år kjøpte han også Persplassen med Turrhaug og "Strulsen" for 140 rd.
    Svein var i forlikskommisjonen 1801 med Knut Larsson Sundbrei som hadde overfalle han. Dei vart samde om å setja opp eit steingjerde seg i mellom. (1407) s 37
    Svein kjøpte også øvre Sundbrei i 1807. Sønene Syver og Ola fekk kvar sin del av øvre Sundbrei.
{6714} År: 1795c
Knut Larsson Noss Sundbrei 26.12. 1768-
Foreldre: Lars Knutson Torkjellsgard Noss og Ambjørg Larsdtr. Rime.
Gm Margit Øysteinsdtr. Devegge Sundbrei 1768-
Foreldre: Øystein Knutson Sevre Devegge og Barbro Halvorsdtr. Devegge, Nes.
*Barn
1. Barbro Knutsdtr. Sundbrei 1791-
2. Ambjørg Knutsdtr. Sundbrei Veme 1793-
Gm Anders Veme, Sokndalen. (Båe døde utan arvingar før 1859.)
3. Sissel Knutsdtr. Sundbrei 1795-
4. Lars Knutson Sundbrei 1796-
5. Guri Knutsdtr. Sundbrei 1801-
Gm Torstein Torgeirson Kvale. Sjå år 1840.
Knut Larsson Torkjellsgard Noss hadde ein del i Sundbrei utan heimel. Han vart kalla Nos'en på Sundbrei, og var noko av ei slåstkjempe.
    Ei ugift syster, Astrid Øysteinsdtr. og sonen Øystein budde på Sundbrei i 1801. (Astrid vart gift med Lars Knutson Leksvol.)
    I 1809 kjøpte Knut og Margit bruket Bjørge i Fåvang. (Sevre-slekt s 278)
    Dattera Guri og mannen Torstein overtok Sundbrei 1840 hjå Svein Syverson.
{6715} År: 1810c
Syver Sveinson Sundbrei 30.06. 1793-
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Haldis Aslesdtr. Strand Sundbrei 01.03. 1789-1869
Foreldre: Asle Olson Aslegarden Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Guri Syversdtr. Sundbrei 25.09. 1816-1913
G 1843 m enkjemann Lars Pålson Trøo. Sjå år 1845c.
2. Svein Syverson Sundbrei BreieEikro 08.04. 1820-
G 1840 m Birgit Syversdtr. Breie. Sjå BreieEikro, gnr. 127/2.
3. Asle Syverson Sundbrei BreieEikro 24.04. 1828-1877
G 1853 m Sissel Syversdtr. Breieeikro, gnr. 127/2.
Syver og Haldis gifte seg i 1816. Syver hadde vore ute i krigen 1807-14.
    Syver har brukt ein del i Sundbrei frå omlag 1810.
{6716} År: 1839
Svein Syverson frå Øvre Sundbrei kjøpte halve nedre Sundbrei 1839. Han selde gardeparten til Torstein Torgeirson og kom sidan til Øvre Breie.
{6717} År: 1840
Guri Knutsdtr. Sundbrei 1801-
Foreldre: Knut Larsson Torkjellsgard Noss Sundbrei og Margit Øysteinsdtr. ... .
Torstein Torgeirson Kvale kjøpte halve nedre Sundbrei i 1839. Han var gift med Guri Knutsdtr. Sundbrei f. 1801.
{6718} År: 1845c
Guri Syversdtr. Sundbrei 25.09. 1816-1913
Foreldre: Syver Sveinson Sundbrei og Haldis Aslesdtr. søre Strand.
Gm Lars Pålson Trøo Sundbrei 07.10. 1811-1893
Foreldre: Pål Torson Isungset og Ingrid Embriksdtr. øvre Bakkegard, Hol.
*Barn
1. Syver Larsson Sundbrei 05.01. 1844-1885
Gm Margareth ... (fransk/indiansk). Ingen barn.
    Syver tente i 15. Wisconsin Regiment under borgarkrigen 1862-1865.
2. Turid Larsdtr. Sundbrei Berg 04.10. 1845-1937
G 1860 m Ole K. Flatland 1831-1865 (død i borgarkrigen). Barn: Carl 1861-1861?; Serena Caroline 1862-1887; Guri Olena 1865-1886.
    G 1867 m Torstein O. Berg, Valdres. Barn: Olaf Martinius/Martin 1867-1928 gm Christina Peterson (4 barn); Lewis Edward 1869-1933 gm Helen Johnson ( 6 barn); Emma Christine 1872-1896 ug. ; Henry 1874-1921(tvill.) gm Mary Myhrum (3 barn); Oscar Zacharias 1874-1940 gm Edna Augusta Pion; Clara Johanna 1876-1901 ug. ; Syver Arthur/Art 1879-1894 ug. ; Samanta 1883-1928 ug., i mote-butikk; Serena 1888-1976 ug., i mote-butikk. (1418)
    Turid reiste til Amerika 1857: Estherville, Iowa.
3. Pål Larsson Sundbrei Larsson 13.07. 1849-1908
G 1880 m Ingeborg Hellerud 1856-1922. (Datter til Andrew og Turid Hellerud i Northfield, MN).
    Barn: Lewis 1880-1911; Albert ....- ; Gustav ....- ; Tilda 1885-1909; Ole 1887-1969 farmar i Grafton, ND, g 1914 m Mabel O. Sander (3 barn); Eli ....- ; Julius 1891-1892; Emma 1896-1966.
    Pål utvandra til Am i 1857: Esterville, Iowa. Han var farmar ved Grafton, Walsh Co, ND og skreiv seg 'Larsson'. Pål dreiv eit treskeverk.
4. Guri Larsdtr. Sundbrei Groth 06.02. 1852-1940
Gm Hallstein K. Groth, Clayton, Iowa. Barn: Henrietta 1877-1960 g 1907 m Carl O. Peterson (2 barn); Rose 1879-1973; Carl Ludvig 1884-1945 gm Amy Henrietta Halvorson (4 barn); Helene Genevieve 1886-1967 g 1925 m Carl Johan Naglestad (1 barn).
    Til Am. 1857: Estherville, Iowa, var i Minneapolis i 1927.
5. Svein Larsson Sundbrei 04.10. 1854-1857
Svein døydde på Atlanteren.
Lars og Guri gifte seg i 1843. Lars var enkjemann etter Turid Sandersdtr. Øyo 1811-1840. (Ingen barn. Ho fraus ihel på fjellet. ) Lars hadde eit barn med Ågot T. Raggsteindalen: Birgit 1842- .
    Lars og Guri brukte Sundbrei utan heimel. I 1857 reiste dei til Amerika med huslyden. Dei farma i Emmet Co., Estherville, Iowa. Fekk skøyte på 120 acres land i 1870. (1418)
{6719} År: 1854
Eirik Hallgrimson (Knutsgarden) Noss kjøpte Sundbrei på auksjon i 1854. Han makeskifte garden til Eivind Eirikson i 1857.
{6720} År: 1857
Eivind Eirikson Mehus Sundbrei 02.06. 1821-
Foreldre: Eirik Olson Nerol Mehus og Gro Eivindsdtr. Mehus, Hol.
Gm Margit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Sundbrei 02.12. 1822-1906
Foreldre: Eivind Sveinson Tunehagen Kolbjørnstølen og Birgit Olsdtr. Gjivsjord, Kvisla.
*Barn
1. Ola Eivindson Sundbrei 23.08. 1841-
Til Am saman med foreldra og sysken. (794)
2. Gro Eivindsdtr. Sundbrei Mehus 26.02. 1844-1909
G 1864 m Svein Syverson/Sjugurdson Kvamen Mehus i Holet. Barn: Torand/Tea 1865- gm George Gylnquist; Syver 1866- ; Torand 1868- til Am. gm ... Gylnquist; Syver 1870- til Am. ; Eivind 1889-1957 farmar, gm Margit O. Myhre ; Olav 1882- ug. fotograf/postmeister, han skreiv i Hallingen.
    Det gjekk ut med Svein på Søre Mehus, og garden vart selt på tvangsauksjon 1880 saman med Kaslehaugen. Kjøparane Eivind Eivindson Sumbrei og Tolleiv L Breie over Kaslehaugen til Svein i namnet til sonen Syver/Sjugurd og då vart Kaslehaugen skilt ut frå Mehus under namnet Kløvsteinhaugen.
    I 1882 var han og kona inderstar på Søre Mehus, men sidan budde dei på Kløvsteinhaugen og dreiv dette bruket. Sonen Syver kjøpte Kløvsteinhaugen i 1886.
    Frå 1889-1892 reiste tre av borna til Svein og Gro til Amerika, bl.a. Syver i 1892 og i 1894 reiste Svein og Gro etter saman med yngstebarnet Olav (f. 1882) altså 12 år gamal då han vart med til Amerika.
    Gro og Svein budde i Kløvsteinhaugen i Hol siste åra, før dei drog etter ungane til Am. i 1894.
3. Eivind Eivindson Sundbrei 29.03. 1846-1924
Gm enkje Anne Johannesdtr. søre Berg, Hol. Sjå neste hushald.
4. Birgit Eivindsdtr. Sundbrei Gjivsjord 25.01. 1848-....
Barn m/Nils Olson Strand: Ola 1874- sjå barnebarn. Barn m/Asle Kitilson Rygg: Birgit 1878- gm John Knutson.
    Birgit reiste til Kr.ania i 1871 for å tene. Birgit vart kalla "Gjivsjord-jenta" etter at ho hadde søre Gjivsjord i Kvisla frå 1876 til 1895.
    I 1895 omlag reiste Birgit til Amerika saman med barna Birgit og Eirik. Der borte vart ho gift med Knut Eirikson Sagen 1840-1915. Barn: Eirik 1879-1949 farmar ved Minot, ND, overtok farmen etter Ola Nilsson Sundbrei. Hadde Eirik familie???
5. Eirik Eivindson Sundbrei 28.03. 1850-1930
Eirik var ugift. I unge år fekk han ein sjukdom, han kom seg att, men vart litt for seg sjølv. Sume kalla han Galne-Eirik. (Hol III s 597)
    Lenge budde Eirik hjå broren på Sundbrei, men då denne døydde, byrja han å vandre rundt i bygda. Eirik ville gjera nytte for seg der han kom, han brukte ta med seg eit vedafangand inn når han kom til ein gard.
    Eirik hadde ein frodig fantasi og fortalde mykje soger. Ein gong skildra Eirik korleis han ramla ned i eit hol i isen på Strandafjorden og gjekk sørover på botnen. Komen til søre Breie var det så mykje fisk at Eirik laut bruke ålbogane for å koma fram!
    Eirik var til stor plage for samferdsla. Han rekna at han hadde rett til halve vegen, så bilane kom ikkje fram. Postmann Skrien prøvde seg ein gong, men fekk sitt pass påskrive: "Dessa elendige biladn som køyre knappadn or kledo på folk!" freste Eirik.
    Han plukka med seg ymse metall-ting der han for. Då nye-vegen vart arbeidd, fann dei ei heil samling av småting i ei røys på Sundbrei.
    Ein gong Eirik var i pengeknipe gjekk han til Aksel i banken og bad om lån. "Har du kafsjona?" spurde bankmannen. "Ja, eg har han Sveidn Huse og eg tru eg ska få tak i ein te," svara Eirik. Men då Aksel fekk høyre at lånesummen var 50 øre, grov han fram ein 50-øring som Eirik fekk. (1018)
    Ei tid hadde fattigvesenet plassert Eirik hjå to lauskarar på ein gard. Då folk spurde kva matstell det var der, svara Eirik berre: "Å, du veit dei ha kji gris!"
    Eirik hevda veg-retten sin utan noko atterhald, og det gjekk no på eit vis, lenge.
    Så ein vinterdag skulle Eirik vitje skyldfolk i Hol. Det var tafsent føre etter vegen den dagen så han la likså godt i veg etter jarnbanelina. Det gjekk som det måtte, toget kom og Eirik vart påkøyrt.
    Doktor Bruun vart bodsendt, og Eirik vart frakta til stasjonen på Ål. "Toget ville ikkje svinge," sa Eirik til Bruun.
    Men det var ikkje stort doktoren kunne gjera for pasienten. "Jasso, e e dau no?" var det siste Eirik sa.
    Liket vart frakta opp på bygdaheimen der Eirik budde. Då kom det turt frå kameraten Daniel-Ådne: "Detta kunna gjingi mykji verre!"
6. Astrid Eivindsdtr. Sundbrei Heggedalen 13.02. 1853-
Gm Ola Olson Nedrejordet til Heggedalen 1851-1936. Barn: Margit 1870- til Canada, gm Svein Olson Gullstein; Ola 1881- ugift, til Canada i 1901; Birgit 1883- g Gulbrand Solberg, gardbrukar på Øvre Eiker (6 barn); Sissel 1885- til Am. gm Anders Miller (13 barn); Elling 1888- ugift farmar i Canada; Eivind 1891-1918 ugift; Olav 1893- bonde i Heggedalen, gm Åsta Vestgård, Tjøme; Hermann 1895-1965 ugift bonde i Eirset; Margit 1901- gm Knut Pålson Grøt, gm em Kristoffer Østrud, Øvre Eiker.
    I 1881 vart Nedrejordet seld på auksjon, og Astrid og Eivind flytte til plassen Nybu under Øvrejordet. Dei forpakta Hansehaugen ei tid og kjøpte så Heggedalen i 1890. (Hol V s 128)
7. Ola Eivindson Sundbrei 07.07. 1855-
Ug. Til ... i Sverige der han arbeidde som skogsstyrar.
8. Eilev Eivindson Sundbrei 27.07. 1857-1858
9. Eilev Eivindson Sundbrei 08.03. 1859-1859
10. Svein Eivindson Sundbrei 26.05. 1863-1900c
G 1888 m Anne Syversdtr. Logsengard 1857-1922. Barn: Eivind 1892-ung; Syver 1894-1965 gm Haldis Eiriksdtr. Brattegard, sjå Stavejordet, gnr. 114/7.
    Svein og Anne hadde myljo Mehus i Hol. Svein vart sjuk og døydde kring 1900. Anne vart attgift 1905 m Ola Hansson Klemma eller Billebråten, på Ransedokken i Gol. Dei selde ut garden Mehus og flytta til Gol. (Hol III s 620 og 628)
11. Ola Eivindson Sundbrei 04.10. 1865-
Til Am. i 1893:
*Barnebarn
1. Ola Nilsson Sundbrei 07.06. 1874-1913
G 1910 m Guri Olsdtr. Breiehagen. Sjå år 1910.
    Foreldre: Nils Olson Strand (Bakka) og Birgit Eivindsdtr. Sundbrei Gjivsjord. (Hol VI s 51)
Eivind og Margit gifte seg i 1843. Dei skøytte nedre Sundbrei til dottera Gro og mannen hennar i 1867. Eivind og Margit hadde myljo Mehus 1869-80, men leigde bort garden.
    Eivind gjekk konkurs i 1879, men buet var likevel på 4928 kr. Husdyr: 3 kyr, 4 kviger, 1 okse, 13 geiter, 2 sauer og 1 hest.
{6721} År: 1878
Eivind Eivindson Sundbrei 29.03. 1846-1924
Foreldre: Eivind Eirikson Medhus Sundbrei og Margit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Anne Johannesdtr. Berg Sundbrei 24.07. 1857-____
Foreldre: Johannes Halvorson søre Berg og Sissel Sveinsdtr. Sletto, Hol.
Eivind kjøpte Nedre Sundbrei i 1878. Han var auksjonarius i 1891.
    Anne var enkje etter lærar Ola Olson Slettemoen. Eivind selde garden 1910 til systersonen Ola Nilsson for 16000 kr og kår.
    Eivind Sundbrei møtte opp på eit heradstyre møte i 1923 og overrekte ei bankbok med 6000 kr til eit legat for dei som 'agter at utdanne seg som jordbrukskyndige.'