Perstølen gnr. 125 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Perstølen gnr. 125 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Perstølen eller Perplassen låg opphavleg til Breie. Perstølen grensar til Venedokken i aust og til Skriu i vest.
    Namnet kjem av rudningsmannen Per som overtok stølen i 1736. Men truleg var her noko åker alt før den tid. Namnet har også vore Perplassen. (M.a. i matrikkelen.)
    Perstølen vart eige bruk med 1 1/2 laupsbol landskyld.
    Frå 1812 vart Perstølen liggande under nedre Sundbrei, der plassen vart matrikkulert 1838 under gardsnummer 125.
    Tunet ligg truleg på opphavleg stad.
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, naturleg eng 12 mål. Avling 2 1/4 tunne bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 17 mål og anna areal 64 mål som vert leigd bort til beite, produktiv skog 69 da, anna utmark 441 mål.
    Husa på garden er to stugu, ei frå fyrst på 1800-talet, ei frå omkring 1750, flytta frå søre Breie i 1960, rosemåla innvendig 1797 av Kristen Aanstad, kårhus i lafta tømmer 1994, låve med fjøs 1883, stolphus omkring 1890.
    Perstølen var i bruk fram til ...., sidan feriestad.
    Stølar: Turrhaug, Strupen og Steinlien. Kva skjedde med dei???

{6726} År: 1756c

Ola Person Sandåker Perstølen 1720.-1783
Foreldre: Per Olson Tune Sandåker og Sigrid Aslesdtr. Logsengard.
Gm Guro Eilevsdtr. Strand Perstølen 1718-
Foreldre: Eilev Olson Amundsgard Strand og Ingebjørg Nilsdtr. Halvorsgarden Strand.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Sandåker 06.09. 1750-
Guri vart fyrst heimedøypt av ein "meget gammel og ærlig mann" Ola Olson Strand, - men sidan dåpen vart gjort utan vatn, så vart det ny dåp i september.
2. Sigrid Olsdtr. Sandåker 02.07. 1752-
3. Guri Olsdtr. Perstølen Langeland 1753-
Gm Torstein Knutson Øyen Langeland, sjå neste hushald.
4. Sigrid Olsdtr. Perstølen 11.04. 1757-

Ola stod offentleg skrifte i 1747 for å ha "besovet" Guro Eilevsdtr. Strand. Han var soldat 1748.
    I 1753 selde Ola unna 6 hus og åkeren Larsbakken på Sandåker til Nils Knutson Breie for 50 rd i 1753.
    Sigrid født 1757 vart døypt som Perstølen. Perstølen var kome unna søre Breie vart det opplyst i 1765.
    I 1764 selde Ola eit jordstykke på omlag eit mål til Knut K. Tangen i 1764 for 9 rd.
    Truleg var det Ola som vitna 1773 som 'O. P. Viken imot 60 år.' Kring 1730 gjætte han for mor si som budde på Tune.

{6727} År: 1778

Guri Olsdtr. Perstølen Langeland 1753-
Foreldre: Ola Person Sandåker Perstølen og Guro Eilevsdtr. Amundsgard Strand.
Gm Torstein Knutson Øyen Langeland Perstølen 03.11. 1748-
Foreldre: Knut Olson Sundre Langeland og Margit Torsteinsdtr. ... .
*Barn
1. Guro Torsteinsdtr. Perstølen 24.10. 1773-
2. Margit Torsteinsdtr. Langeland 16.08. 1778-1780
Margit vart gravlagt på Kongsberg 1780. Truleg hadde ho vore hjå doktor.
3. Knut Torsteinson Langeland Øyen 16.08. 1781-1859
Barn: Eirik 1801-1802 m Birgit Sevatsdtr. Granhagen. (1. lm)
    G 1808 m Ambjørg Henriksdtr. Gjivsgjord, Hol 1781-1816. Barn: Anne 1807- ; Torstein 1809- gm Mari T. nordre Kaupang, Hol.
    G 1817 m Birgit Olsdtr. Vestre Øyen, i Hol. Barn: Guri 1817- gm Syver Arneson Tangane Teigestugu i Hol; Ola 1819- gm Randi Eiriksdtr. Breiehagajordet, Ål; Ola 1826- til Ømundplassen, gm Kari Mikkelsdtr. nordre Holshagen, gm Barbro Tomasdtr. Trageton; Knut 1832-ung.
    Knut kom til bruket RensleØyen under nordre Slettemoen i Hol. (Hol III s 168)
4. Ola Torsteinson Langeland Asgrimplass 15.05. 1785-1834
G 1817 m Åse Eivindsdtr. Stranden. Sjå søre Asgrimplass, gnr. 122/4.
5. Ola Torsteinson Langeland Granhagen 28.10. 1787-1814
Ola gjekk arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
    Han var ute i krigen 1807-14. Truleg død som "O. T. Holo" i 1814.
6. Eilev Torsteinson Langeland 13.06. 1791-
Eilev gjekk arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid 1809. (Hallingdølen 18.02.95) Han budde hjå mor si i ei stugu på Strand.
    Truleg vart Eilev kalla More-Eilev. (Sjå systera Guro Torsteinsdatter.) More-Eilev laga viu-spenningar for sal. Prisen var 1 mark for 100. (1644)
7. Guro Torsteinsdtr. Langeland Morehaugen? 11.05. 1794-1861
Barn m/Knut Holgeson Vangen: Ola Knutson 1824-1873 Morehaugen.
    Guro hadde fattigstøtte i mange år. Sjå Holmen og Morehaugen, gnr. 123/16c.

Torstein og Guri gifte seg i 1778, men fekk barn før dei kom så langt. Torstein Perstølen selde skyldgods i Amundsgard Strand 1778 på hennar vegne. (Arv etter bestemora Ingeborg Nilsdtr. Strand.)
    Torstein og Guri var truleg på Tangane i 1785, elles vart dei skrivne for Langeland. På Langeland var det mykje folk på den tida, truleg budde dei på plassen Holmen eller Morehaugen under Langeland.
    I 1780 selde Torstein Perstølen for 98 rd til broren Ivar Knutson. Sjå neste hushald.
    Torstein og Guri levde i 1801, men er ikkje funne døde i Ål.

{6728} År: 1780


Ivar Knutson Langeland Bjella (1751-1839) kjøpte 1780 Perstølen for 98 rd hjå broren Torstein Knutson. Heimstølen Strupen og langstølen Turrhaug fylgde med.
    Seljaren skulle kunne halde fram med bruk av plassen i 8 år mot å betale renter av kjøpesummen. Og Ivar plikta å ta imot kjøpesummen, om Torstein eller arvingane skulle bli i stand til å innløyse dei 98 rd. (1206) s 31b
    Ivar kjøpte Pletten i 1780 og myljo Bjella, gnr. 104/2 i 1799.
    Ivar gifte seg i 1784 og budde i Pletten den fyrste tida. Om lag på denne tida hadde Aslak Knutson Strand makeskifta til seg Perstølen med stølane Turrhaug og Strupen.

{6729} År: 1798c

Syver Olson Storedal Perstølen Glomsletten 08.06. 1756-1823
Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Eilevmoen (Gol).
Gm Torand Torkjellsdtr. Hagen Perstølen 06.01. 1762-1813
Foreldre: Torkjell Syverson TorpeHagen og Ingrid Olsdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Margit Syversdtr. Skjerping Haversgård 11.01. 1784-
G 1810 m Lars Helgeson Bråten under Roen, Flå. Barn: Lars 1811- ; Torand 1814-1894 g 1835 m Helge Fingarson Stupa Brattested; ..... ....- (Jfr. Petter Hermundgård si bok: "Slekta Vår"
    Margit og Helge budde på 'Haversgård plass' dvs. Bråten i Haugaplassane i Nes.
2. Anne Syversdtr. Skjerping Bomberud 26.11. 1786-1858
Gm Lars Mikkelson Bomberud, gnr. 32/9.
3. Torkjell Syverson Skjerping Haugen 1790-1866
Gm Sissel Eiriksdtr. Brattegard. Sjå SkjerpingHaugen, gnr. 12/14.
4. Ola Syverson Skjerping Bøkko 23.06. 1793-1867
G 1831 m Guri Øysteinsdtr. Grogard. Barn: Syver 1831- til Am.; Øystein 1834- til Am.; Lukris 1837- gm Arne Pålson søre Grøvo (Hol); Torand 1840- til Am. gm Ola Dokken.
    Ola og Guri budde i Bakkane ova søre Mørk. Det vart seinare kalla Skjerpingbøkko. (Sjå Hol IV s 91)
    Han var ein spøkefugl. Det vart fortalt at han fekk seg avbiti nasen under eit slagsmål ein gong, og for dette måtte gjerningsmannen bøte 5 spdr.
    Seinare vart Ola spurt: "Kor mykje fekk du for nasatippen? ", og han svara:" 5 spdr". "Det var no billigt, det" svara hin. "Ja", sa Skjerpingen, "men det va prisen den tie!"
5. Eilev Syverson Skjerping 19.02. 1797-
6. Halvor Syverson Perstølen 14.09. 1800-
7. Ingrid Syversdtr. Skjerping 19.08. 1804-

Syver Olson Storedal var husmann i Perstølen frå 1798 omlag. Før den tid var Syver innom Skjerping i 1784 og Bråten Nyhus 1797. Truleg var han i Torpebråten i 1804.
    Syver var gift med Torand Torkjellsdtr. Hagen.
    Syver vart attgift med Birgit Eilevsdtr. Strand i 1815 og kom så til Glomsletten, gnr. 54/6.

{6730} År: 1812


Handelskaren Lars Tolleivson Noss Skottebøl overtok Perplassen omlag 1810.
    Svein Knutson Skottebøl på Øvre Sundbrei fekk Perplassen i 1812 i byte med øvre Gunhildgard.

{6731} År: 1829

Eirik Eivindson Tangeviken Venedokken ...... 1782-1842
Foreldre: Eivind Eirikson Bekkestad Tangeviken og Barbro Knutsdtr. Tangane.

Eirik Eivindson Venedokken bygsla Venedokken frå 1816. Eirik og kona Birgit Knutsdtr. Sandåker hadde 10 barn. Sjå meir om familien deira i Venedokken, gnr. 127/35.
    I 1829 fekk Eirik skøyte på Perplassen og Nedrestølen. Sonen Eivind overtok Perplassen på skiftet etter Eirik.
    Eirik var ute i krigen 1807-14. Eirik var ein kjempekar, men likte ikkje å slost. Ein gong kom han ut for nokre alkefantar i eit bryllaup, dei ville terge han opp. Og det greidde dei, men då dei var mange så fekk han sju knivstikk. Eirik vart sengeliggande etter dette og døydde til sist. (1496)
   

{6732} År: 1850

Knut Eirikson Venedokken Perplassen 13.01. 1822-1900
Foreldre: Eirik Eivindson Venedokken og Birgit Knutsdtr. Sandåker.

Knut kjøpte Perstølen i 1850. Han var ugift.
    I 1865 budde også mor hans og brorsonen Lars hjå han. I 1875 budde brorsonen og handelskaren Lars Eivindson hjå Knut.
    Knut selde Perstølen for 1600 kr i 1878. Han budde sidan i eit uthus som han flytte nordpå jordet. Knut delte hus med nokre geiter dei siste åra.

{6733} År: 1878

Per Olson Sundbreihaugen Perstølen 01.05. 1847-1923
Foreldre: Ola Asleson Sundrebråten Sundbreihaugen og Haldis Olsdtr. Bergsgard.
Gm Margit Tolleivsdtr. Bekkestad Perstølen 30.10. 1853-1941
Foreldre: Tolleiv Ellingson Bekkestad og Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud.
*Barn
1. Ola Person Perstølen Solbakken 26.11. 1877-1969
G 1912 m Dortea Kaspersdtr. Høyholm. Sjå eige hushald.
2. Tolleiv Person Perstølen 16.01. 1880-1950
Ugift. Sjå neste hushald.
3. Asle Person Perstølen 06.08. 1882-1929
G 1928 m Anna Ivarsdtr. Synnes, Vigra 1900-1985. Barn: Aslaug 1929- gm Karl Tveiterås, busett ved Bergen, sjå barnebarn.
    Asle var forretningsførar, dreiv m.a. vedhogst (og vedhandel i stor stil) og tjørebrenning. Han var deleigar i og styrar for tjøre-fabrikken i Sangelia i 1930-åra. Der var 3-4 store tjøreomnar og eit sidespor frå jernbanelina.
    Etter at fabrikken vart nedlagt var Asle styrar ved sjukekassa i Ål. Anna og dottera reiste attende til Vigra på Sunnmøre. (1819 s 41)
4. Haldis Persdtr. Perstølen Romslo 01.11. 1884-1961
G 1910 m Jens Mortenson Romslo. Sjå Kirkevoll, gnr. 110/15.
5. Ragnhild Persdtr. Perstølen Ødegaard 10.10. 1886-1970
    Halvard var konduktør. Dei budde på Vossevangen.
6. Erling Person Perstølen 25.05. 1889-1982
Gm Margit Olsdtr. Hallingstad 1901-1991. Barn: Kristi 1930- bondekone i Springgard, gnr. 58/5, gm Ola E. Hagen (7 barn); Målfrid 1932- til Vegusdal, gm Gunleiv Verpestad (5 barn); Ragnhild 1933- til Kongsberg, gm Olav Larsson Lien, Voss (4 barn); Guri 1936- til Bergen, gm Reidar Berge, Bergen (3 barn); Per 1938- bonde i Reinton, gm Astrid Johanne Slettemoen (1 barn), g 1969 m Borgny Huus (3 barn); Oddbjørg 1942- arbeider på sjukehus i Oslo, sbm Einar Nedreberg.
    Erling gjekk på snikkar- og treskjærarskulen til Magnus Dagestad på Voss. Han dreiv Perstølen ei tid. Erling kjøpte øvre Reinton i 1924 og har bygd garden godt opp.
7. Nils Person Perstølen 11.08. 1891-1903
Nils var gjætar i Randedokken i 1903.
8. Olaf Person Perstølen 26.09. 1893-1894
Olaf døydde etter koppevaksinasjon.
9. Kristi Persdtr. Perstølen Helleve 24.08. 1895-1966
Gm Torstein Helleve 1891-1935, Voss. Barn: Aslak 1929- bonde, gm Sofie Aasland (5 barn); Margit 1930- handarbeidslærar, gm Olve Flakne (4 barn); Ingjerd 1933- grunnskule-lærar, gm Åsvald Solheim (5 barn). (1244)
    Kristi og Torstein dreiv garden Helleve på Voss.
10. Margit Persdtr. Perstølen 21.03. 1898-1936
Ugift. Margit byrja som sjukesyster-elev ved Ullevål, men vart sjuk og måtte slutte.
*Barnebarn
1. Aslaug Aslesdtr. Perstølen Tveiterås 08.03. 1929-
Gm Karl Tveiterås, Haus 1923- . Barn: Ingjerd 1955- gm Per Ove Hansen (2 barn); Audhild 1958- gm Haldor Fosse, (han vaks opp på Torpemoen, 2 barn); Asle 1961- sbm Berit Storaker. (1501)
    Aslaug var bibliotekar, Karl sosialsekretær, busett i Indre Arna.
    Foreldre: Asle Person Perstølen og Anna Ivarsdtr. Synnes.

Per og Margit gifte seg i 1876. Per kjøpte Perstølen i 1878 for 1600 kr.
    Per var skreddar og ein av dei fyrste som kjøpte seg symaskin i bygda. Starten av maskinsyinga vart kommentert slik: "Han e so staut, han Per, han tek ikkje til med banning og støy!"
    Per var aktiv i ungdomlaget Vårvon i Breie. 'Ein Isrealitt som det ikkje var fusk i.' (1819 s 37)