Sundbreijordet gnr. 125 bnr. 9
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sundbreijordet gnr. 125 bnr. 9-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Sundbreijordet vart frådelt øvre Sundbrei i 1863. Ein kjenner ikkje til at det har vore nokon husmannsplass her tidlegare.
    Areal 1865: 4 mål dyrka jord, naturleg eng 3 mål, utslått 3 mål. Avling 4 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: Innmark 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 125 mål.
    Våningshus bygt 1987, hallingstugu bygd omkr. 1860, gamle uthus omkr. 1860.
   
{6760} År: 1863
Anne Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Sundbreijordet 19.07. 1834-1918
Foreldre: Eivind Sveinson Sundbrei Tunehagen Kolbjørnstølen og 2.g Turid Levorsdtr. Lå.
Gm Ola Larsson Sandåker Sundbreijordet 11.10. 1834-1913
Foreldre: Lars Knutson Sandåker og Birgit Sveinsdtr. Reinton (Hol).
*Barn
1. Lars Olson Sundbreijordet 27.01. 1858-1883
Ugift. Utvandra til Amerika 1879. Busett Black River Falls, Wisc. Lars arbeidde på farm, han begynte preste-studier ved universitetet i Minnesota.
2. Eivind Olson Sundbreijordet Jorde 30.03. 1862-1934
Gm Karen Vestrie, Ålesund 1874-1941. Barn: Louis ....- ; Theodore ....- ; Alton ....- ; Melville ....- gm Zeta ... (3 barn); George 1901-1963 g 1931 m Alice Braaten (4 barn), Karl ....- ; Elaine ....- ; Anette ....- ; gm ... Remme; Even Ford ....- .
    Eivind fekk utflyttingsattest 1881. Farmar i Drayton, ND. Han skreiv seg Even Jorde.
3. Svein Olson Sundbreijordet 01.09. 1865-1931
Gm Ellen Waayl, Molde 1866-1956. Barn: Oscar 1889- ; Albert 1891-1918; Elmar 1891- ; Sven 1896-1987 farmar, gm Isabella Maryann McPhederan (7 barn); John 1902- ; Agnes 1905- gm ... Johnson; Edwin 1908-1983 farmar, gm Agnes Torkelson (7 barn); Clara 1911- gm ... Rosonola.
    Svein reiste til Am. 1884: Grafton (Drayton?), ND. I 1911 flytta han til Canada og vart farmar ved Lake Alma i Sackatchewan.
4. Birgit Olsdtr. Sundbreijordet 19.02. 1868-1870
5. Levor Olson Sundbreijordet 14.02. 1870-1931
G 1910 m Gro Olsdtr. Reinton. Sjå neste hushald.
6. Birgit Olsdtr. Sundbreijordet 05.10. 1873-1874
7. Ola Olson Sundbreijordet Jorde 13.10. 1875-1952
G 1906 m Kari Larsdtr. Sandåker. Barn: Oluf 1907- farmar, g 1931 m Margaret Bakke (6 døtre); Ed 1908-1991 sagbrukseigar, gm Kathleen McTavish 1917-1989 (4 barn); Melvin 1910-1998 sagbruk og butikk, gm Leone Blackmore (3 barn); Anton 1912-1978 sagbrukseigar, gm Martha Heinrich (3 barn); Ivan 1918-1976 sagbruk, gm Mary Montgomery (4 barn); Kenneth 1920- lastebilsjåfør, g 1947 m Betty Bostock (2 barn); Helen 1923- gm Clarence Lyons (8 barn).
    Ola reiste til Am. 1892: Alberta, Canada. Han arbeidde i møbelhandel / gravferd-byrå før han tok seg land ved Wetaskivin i Canada våren 1902. Ola arbeidde mykje hjå andre, han hadde m.a. eit mobilt treskeverk. (952)
    Ola var heim att ein tur i 1914, då kjøpte han med seg m.a. ein primkjel. Det var uråd å koke prim i jarngryte. Hjå mor si fekk han ei fele som han hadde mykje hygge av. Dei skreiv seg Jorde.
Ola og Anne gifte seg 1862. Ola kjøpte Sundbreijordet 1863 for 250 spd hjå Svein Eivindson Sundbrei.
    Ola Larsson var gardbrukar og fiskar i 1891.